Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Eg har sjølv eit par teleskopstavar fra Gipron, og låsemekanismen i desse fungerer, i motsetning til slike stavar ein vrir for å stramme. Men teleskopstavar er unødig tunge, og eg ville aldri tenke på å ta med desse tunge stavane på fjelltur. Ettersom eg bare går på snaufjellet, har eg aldri hatt behov for store trinser. Derfor har fyrstevalget mitt sidan seint på 80-talet vore solide skøytestavar av aluminium og med racingtrinser og korkhandtak. Korkhandtak har den fordelen at det ikkje trekk fuktigheit som skinnhandtak gjer og vert kalde å halde i ved nullføre. Dette er ekstra kjekt på overnattingsturar når stavane står eller ligg ute i snøen om natta.
  2. Og eg trur den ubevisste forskjellen er i hovudet til den som vert spurt
  3. afe

    Tullejakt

    Eg er ikkje interessert i noko program som ikkje er redigert. Men ein skal vera klar over at eit redigert program ikkje kan vise heile virkelegheita.
  4. afe

    Tullejakt

        Nei, det viser ikkje virkelegheita. Utfra kva eg såg, gjekk opptaka over fleire dagar. Dette er så redigert ned til underkant av ein time. Det er opplagt at det ikkje kan vise heile virkelegheita, og at produsenten i klyppinga både har moglegheit til, og må gjera valg som påverkar inntrykka sjåarane sit att med.
  5.     Eg trur mykje ligg i dette. Og ein variant av det samme er korleis guttar og jenter høyrer advarslar og spørsmål. Når jentene oppfattar ei kritisk røyst i spørsmålet om det ikkje er farleg å gå åleine, oppfattar gjerne gutane ei oppmuntring og annerkjenning i akurat det same spørsmålet, stilt på akkurat same måte frå akkurat same personane. Den som kjem med desse spørsmåla og advarslane har gjerne tenkt det ein plass midt i mellom. Det skal de jenter vite, at sjølv om eg er gutt har eg har i alle høgste grad vorte stilt dei same spørsmåla om det ikkje er farleg, einsamt, skummelt, kjedeleg osv å vera aleine på tur. Og det er særleg gamle tanter som stiller meg slike spørsmål.
  6. RRS BH-40. Eg valgte nett dette hovudet pga den låge profilen. Det hjelper sjølvsagt ikkje på høgda til stativet som er lågt sjølv på det høgaste, men det gjer at eg kjem tettare på bakken i tilfeller som i bildet over. Dersom eg bare skulle tenke lettvekt, ville eg kanskje valgt eit enno lettare hovud, men då går det raskt på ytelsen laus. Stativet med hovud er i underkant av 1,2kg og har ingen problem med å halde 300mm/2,8 med stort DSLR stødig. På bildet over er det riktignok bare ein svak vidvinkel på kameraet.
  7. Bilde av stativet mitt i bruk på Aurlandsfjellet:
  8. Til turbruk har eg gode erfaringar med Berlebach mini. Lite, lett, billig og stødig. I alle fall på snaufjellet kan greie seg godt med eit lite stativ.
  9. Ludvig-sekken er god på ryggen så lenge han ikkje er for tung. Og på grunn av fasongen på sekken, er han veldig godt eigna til å ha bærspann i. Fotposane er nevnt. Eg har dei sjølv, men brukar ikkje sko i dei. 2-3 lag med filtsålar nedi, så brukar eg dei som leirtøflar. Etter ein lang dag med halvfuktige skistøvlar, er det herleg å få av seg støvlane, på med tørre sokkar og fotposane. Losluva er også ein av dei millitære artiklane eg sett stor pris på. Det finnst kanskje like gode luver i sportsbutikkane, men i så fall til ein heilt annan pris. Luva brukar eg i uvær i fjellet, og i kulde nede i bygda. Dei nye millitære vindvottene er også langt overlegne alt eg har sett på den sivile marknaden dei seinare åra, og er derfor fast innventar i sekken i tilfelle uvær. Når det gjeld Optimus 111, som eg lærde å kjenne i millitære i stillebrennarversjon, har eg veldig blanda følelsar. I millitære var det bare trøbbel med dei brennarane me fekk utdelt, og eg er i dag overbevist om at forsvaret hadde hatt mykje meir glede av ein enklare og meir robust primus, td Primus 210, eventuelt i ein litt forsterka boks. Etter eigne, dårlege erfaringar med ein Phoebus 625 (som eg har forstått vert brukt av enkelte utanlandske millitære avdelingar), har eg slått meg til ro med at det er stillebrennar som er problemet for min del. Eg har derfor ein 111 bråkebrennar som fast vinterprimus. Men det kjøpet satt veldig langt inne, med feilkjøpet av Phoebusen og fleire hundre kroner i deler til den før eg fekk tak i ein lett brukt 111 bråkebrennar. Med unntak av grafittpakningen, har ikkje denne primusen svikta meg, men eg har fortsatt tilgode å få full tillit til han. I ein annan tråd på forumet har det kome fram at dette problemet med grafittpakninga forhåpentlegvis er eit innkøyringsproblem for primusen min sin del. Eg satsar derfor på at dette løyser seg i løpet av sesongen. Real turmat vart eg så realt lei i millitæret at eg har ikkje greidd tanken på eit slikt måltid sidan. Eg hadde lenge ein pose i sekken som nødproviant, men denne er anten kasta eller lagt att ein eller annan plass. Til tross for at noko av utstyret er brukandes, og i nokre tilfeller også svært bra, står eg for det eg skreiv i den andre tråden om at eg tar det som ei åtvaring når noko vert marknadsført med at det vert brukt av millitæret. For meg er det ei påminning om at det gjerne er laga for noko anna behov enn det eg har. Men når eg vurderer produktet og finn at det er bra nok til mitt bruk, kjøper og brukar eg det gjerne.
  10. 1998   Det er eg fullstendig klar over, og det er ein av grunnane til at eg er skeptisk til ting som vert reklamert med at det vert brukt av forsvaret. For meg er slike formuleringar i reklame og produktomtale ei påminning om at det truleg finnst andre produkt som passer betre til mine behov Når det gjeld mitt personelge inntrykk av forsvaret, vil det naturlegvis for alltid vera prega av korleis mine eigne opplevingar var då eg sjølv var ein del av det.
  11.     Dersom det er slik at folk i større grad får interesser på tvers av foreldrene sine interesser, vert det også mindre av den nedarva kunnskapen. Dei som ikkje vaks opp med eit aktivt liv i fjellet og må ta til seg kunnskap i vaksen alder, har begrensa moglegheiter til å ta til seg nedarva kunnskap. Dei har ikkje valget om dei vil ha gammel nedarva kunnskap eller ny kunnskap. Dei må ta seg til takke med det som lar seg lære. Då vert det gjerne ei blanding av kva ein kan lesa seg til, kva ein kan erfare sjølv og det er gjerne lett å ty til dyrt utstyr. Eg kan ikkje sjå at det er noko gale i det. Det einaste alternativet er å ikkje reise på tur. Oss som har vakse opp delvis på fjellet og med aktive fjellfolk som foreldre og besteforeldre har eit heilt anna utgangspunkt når det gjeld nedarva kunnskap. Slik er det bare, og eg bytter ikkje ut denne nedarva kunnskapen sjølv om det ligg ein gps i sekken. Det går faktis an å kombinere ny og gammel kunnskap.
  12.     Uansett kven som har skulda i dette tilfellet, er det ikkje fyrste gongen forsvaret har soveposar som ikkje fungerer. Eg hugsar godt korleis soveposen eg sjøv fekk tildelt i fyrstegongstjenesten var, han nådde med oppunder armane. Seinare fekk eg same type sovepose i heimevernet, denne posen vart ikkje pakka ut før han vart levert inn att etter endt tjeneste. Den fint pakka soveposen min vart kommentert ved innlevering
  13. Det er heilt normalt at forsvaret skaffar seg ubrukelege ting, ja. Eg har alltid teke det som ein advarsel når noko vert reklamert med at det vert brukt av forsvaret.
  14. afe

    Tullejakt

        Programskaparane gjer ofte ein for dårleg jobb. Når redaktøren må gå ut og seie: "Det er noen som reagerer på at jentene gikk med tilsynelatende ladde hagler i programmet. Programskaper Hans Børge Hartvigsen kan fortelle at jentene går med uladde våpen, men at de ikke knekker kolben når de er på jakt alene, kun når de møter andre. De lader først når hundene tar stand på fugl." er programmet for dårleg på viktige punkt. NRK har eit stort ansvar overfor både sjåarane og deltakarane i programmet.
  15. Luftinga i toppen er effektiv. Så kondensproblema er minimale når ein forstår korleis ein skal lufte riktig.
  16. Eg har brukt Soulo på enkle overnattingar på seinvinteren, i forbindelse med orrfugleik ol. Men eg kjem aldri til å ta det med meg på ein ordentleg vintertur, der eg må lage mat inne i teltet, og gjerne har vil fyre litt for å halde varmen. Då er teltet altfor trangt for meg. Det er strangt tatt for trangt til å få plass til bare meg og ein vintersovepose.
  17. Eg har brukt buksa bare vintertid, så den store utfordringa med tanke på vanntettheit, har ho ikkje fått. Ho har i alle fall ikkje vorte våt i våt snø. Vindtettheita er det ingen ting å seie på. Glidelåsane i sida går opp fra ca kneet og er tovegs, så luftinga er bra. Eg har jakka også, men den var meir skuffande. Ho er ganske kort, i alle fall på meg. Dvs ho når meg bare midt ned på baken. Det er også dårleg med lommer. Hetta er derimot den mest forseggjorte fjelljakkehetta eg nokon gong har prøvd. Jakka fungerer altså dårleg til vinterbruk, etter mine krav. Og hetta er så gedigen, at eg heller ikkje likar jakka til sumarbruk. Hetta er rett og slett i vegen når ein ikkje har planar om å bruke ho. Men det er sjølvsagt bare mi personlege vurdering av jakka.
  18.     Med tanke på krav til ytterklede, er det ikkje store forskjellen på ein tur i norske vinterfjell og ekspedisjon til Antarktis eller Grønland.
  19.     Dette går med dei aller fleste telt.
  20. Det er den buksa eg brukar på fjellskiturar, så eg kan ikkje påstå at buksa er for tung til det. Denne buksa i bomull ville vera svært nær den perfekte buksa for mitt bruk. Til dine krav, kan det nevnast at det er (uttagbare) puter på knæa. Det gjer det behagleg å stå på kne i snøen og andre kalde underlag. Eg tenkte i utgangspunktet å ta desse ut, men der har eg ombestemt meg. Dei er ikkje i vegen, og dei gjer ein god jobb som isolasjon på knea i motvind.
  21.     Det finnst ikkje dødareal i Soulo. Når eg har pakka ut soveposen og kledd av meg, er kvar einaste cm² golvareal brukt. Med sekken og støvlane i forteltet, er også det arealet brukt opp. Soulo er kjempetrangt. Styrken til Soulo er styrken i dei kryssande bogane kombinert med eit lite arealbehov på bakken. Altså eit ordentleg høgfjellstelt.
  22.     Nei det er ikkje lett. For min del synest eg det er viktigare at detaljane er riktige enn at jakka er laga av eit bestemt materiale (så lenge materialet er greit nok). Når eg finn ei jakke som er lang nok, har dei riktige lommene på riktig plass og ei velfungerande hette, skal eg vera fornøgd. Eg reknar med å slite ut fleire jakker av både bomull og membranlaminert stoff innan den perfekte jakka dukkar opp. No bruka eg ei bomullsjakke frå Norrøna, den jakka har ubrukandes lommer, men er ellers bra. Eg har også ei jakke (med membram) fra Plussminusnoll, den har heller ikkje lommer som er noko å skryte av, og jakka er for kort til at eg kan anbefale ho, men hetta er suveren.
  23. I sterk sidevind er det i alle fall betre å gå med pulk enn med stor ryggsekk Når ein er på telttur i fjellet, må ein vera forberedt på det meste, men det er sjølvsagt lurt å moderere seg når ein veit at vermeldinga melder vind ein ikkje er komfortabel med. Når du fyrst er på hyttetur i vinden, kan det vera lurt å nytte sjansen til å få deg erfaring med å slå opp og ta ned teltet i vinden også. Det er langt trivlegare å trene på dette når ein veit at ikkje livet står på spill om ein ikkje får det til.
  24.     Dette høyrest ut som beskrivelsen av buksa fra plussminusnoll: http://plusminusnoll.se/sv/produkter/vara-produkter/skal/minus-3l-pants.html
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.