Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Det er fleire som har argumentert for at pyramidetelt takler vind serdels godt. Bare tenk på teltet som stod på Sørpolen og venta på Scott
  2.     Eg har ikkje Omnifuel, men eg har liggande ein Multifuel som var forgjengaren til Omnifuel. Pumpa mi er metall, men med plast i forbindelse med einvegsventilen i botnen av pumpa. Med forbehold om at eg hugsar feil, meiner eg at Omnifuel vart levert med same pumpe dei fyrste åra. Nova-pumpa mi har ikkje anna plast enn den tynne slangen som skal fange opp brennstoffet. Denne slangen har ein tendens til å ramle ut, men pumpa fungerer like godt ved å la flaska stå på hovudet.
  3.     Det er tydelegvis mange måtar å tolke teksten på. Når eg les, i alle fall det fyrste svaret, konkluderer eg med at det er ein konstruksjon som er dømt til å svikte før eller sidan, og som ikkje er reparerbar. Korleis det kan vera for å unngå å svikte tilliten til produktet, forstår ikkje eg. Eg vart meir skeptisk til denne pumpa etter å ha lese dei to svara frå Primus, enn eg var etter bare å ha lese om problemet til trådstartar, og eg er glad eg ikkje har ei slik pumpe sjølv.
  4. Svea 123r har i alle fall ikkje pumpe som kan lekke. Utover dette har eg ikkje mykje erfaring med bensinbrennarar. Eg foretrekk parafin når det er pumpe på tanken.
  5.     ...på grunn av plasten. Det ser ut til at det er same grunn til at denne Primus-pumpa sviktar. Tidlegare pumper frå Primus var ikkje av plast. Eg ser ingen grunn til å gni seg i hendene over andre si ulykke. Og for kvar gong eg les om pumper som lekk, vert eg meir og meir overbevist om at bensin og pumpeprimus ikkje er nokon trygg kombinasjon.
  6. Mjølkeliteren skal vegast med javne mellomrom under tappinga. Så den er nok rimeleg god så lenge internkontrollen på meieriet fungerer. Men eg går ikkje rundt og hugsar kva vekta på dei ulike mjølkekartongane skal vera.
  7.     Kva folk i debatten gjer, kan neppe kallast juks, så lenge det ikkje er ein konkurranse Men det er eit kjent faktum at enkelte produsentar juksar med vekter, og det er eit problem når ein skal spare vekt. Helsport er kjent for konsekvent å oppgje for låge vekter. Mange produsentar av klede og sko/støvlar er små i storleiken for å få låg vekt på ein bestemt storleik (det er ofte oppgjeve vekt for storleik M)
  8.     Dersom du trur du er uenig med meg i dette, har du overtolka innlegget mitt. Innhaldet i pakklistene er heilt greit å diskutere, det er jo nettopp her nykkelen til lettpakking ligg. Å lage kunstige totalvekter og samanlikne desse har derimot lite for seg, i alle fall slik eg ser det. For å bidra til tråden, kan eg tipse om at eg aldri har hatt bruk for lykt i den lyse årstida (i fjellstroka sør for Jotunheimen). Min filosofi er at ein sparar mest vekt på det ein ikkje tar med seg, derfor har eg heller ikkje med meg nokon form for lykt sumarstid (før reinsjakta startar).
  9.     Det er dette som gjer at eg ikkje føler meg heime i slike trådar. For meg handlar lettpakking kun om å ha ein lett sekk på ryggen. Det handlar ikkje om å samanlikne pakkliste med andre, som om det er ein konkurranse. Vidare vil eg argumentere for at valg av mat også har betydning for valg av anna utstyr i sekken. Eg kan velge å ta med meg ferdig påsmurte brødskiver for heile turen (for tur med 1 overnatting er dette realistisk) då kan eg droppe å ta med meg kokeapparat. Dersom ein ikkje tar mat med i vektreknskapen, får ein klart lettare sekk på denne måten. Men for å faktis vurdere kva som gjev ein lettast sekk, må ein ta hensyn til at maten er tyngre enn tørrmat. Eg er også av den formeining at klede ein har på seg, må vera med i vektreknskapen. Dersom det er varmt i været, ender mykje av dette raskt i sekken. Dersom jakka er av det tunge slaget, vert sekken også tung i dette tilfellet.
  10.     Eg har alltid med meg ei tom flaske i sekken. Den er kjekk til å transportere vatn det aller siste stykket til der ein vil ha pause, når ein vil ha litt utsikt i pausa og derfor ikkje sett seg ned i vannkanten. Kaffikjelen gjer ikkje heile nytta til dette, for eg vil ha litt kaldt vatn i pausa også.
  11. Snøfritt kan du bare glømme. Mai er skimånad i fjellet, men føret kan vera usikkert år om anna.
  12. Eg ville ikkje føle meg trygg med bensin og ei pumpe som er reparert på meir eller mindre tvilsom måte. Parafin kunne eg fyre med så lenge reparsjonen viser seg å vera tett,. Men eg ville uansett ikkje stole på ein slik reparasjon til tur der eg er avhengig av at primusen fungerer for snøsmelting og matlaging.
  13.     Det var bra funksjonalitet for brukererfaring i det gamle forumet. Men både denne funksjonaliteten og dei fleste brukererfaringane forsvann i moderniseringa av forumet for ei tid sidan. Dagens brukererfaring er klønete både å legge inn og lese, derfor vert det heller ikkje brukt.
  14.     Seilbåt har eg tru på. Fordi det truleg er enklast å finne mat i sjøen, ein stoppar ikkje opp om det vert litt smalhans nokre dager, det er ikkje den store kraftanstrengelsen som krev mykje mat, det vil ikkje ta veldig lang tid. Ein har også kapasitet til å ta med seg noko sikringskost (truleg nok mat til heile turen) i båten. Dersom prosjektet går ut på å leve av naturen, er det bare å droppe det siste punktet.
  15. I tillegg til det som allereie er nevnt, er det mykje å hente på smalare feller også. Og mohair-feller har langt betre gli enn nylonfeller. Eg har erfaring med dei madshus-fellene som er linka til lenger oppe i tråden. Mi erfaring er at dei ikkje gjev betre feste men dårlegare glid enn smøring på dei føre. Det einaste føret eg har funne dei formålstjenleg er på gjennomvåt snø, men då fungerer dei veldig bra. Det er ikkje feste bak på Åsnes-kortfellene, kun lim. Men ein runde med sportstape fungerer utmerka som bakfeste på alle typer feller.
  16.     Skal ein vera skeptisk til alt ein har hatt dårleg erfaring med, kjem ein ikkje langt. Eg har opplevd at 75mm-skiskosåle har knekt, det var ikkje noko kjekt. Eg har opplevd binding som låsna frå skia. Kva type binding det var, er utan betydning, problemet er at bindingen må festast til skia med skruar, og desse kan misste taket. Eg har også opplevd at ski knekk der skruen til bindingen sitt. Eg vel likevel å fortsatt ha binding på skia, fordi alternativet er dårlegare. Det finnst ingen perfekt skibinding. Ein må gjera eit valg, og så er det bare å lære seg å takle dei småproblema ein eventuelt får.
  17. Dunjakka har eg alltid utanpå. Det er to grunnar til det. Eg ynskjer ikkje å kjøle meg ned ved å ta av meg vindjakke og eg ynskjer ikkje å klemme saman duna. Skal eg ha noko under vindjakka, brukar eg ull.
  18.     For å legge inn N50-raster¹ i qgis, er det bare å trykke på 'legg til rasterlag', finne rasterfila og trykke OK. Det er ikkje vanskelegare enn å få garmin-gps-kart inn på pc'en. Sjølv om programmet er avansart på den måten at det har mange moglegheiter, er det ikkje vanskelegare å gjera enkle ting. Hadde eg derimot nevnt eit program som ikkje er avansert, ville snart ein eller fleire kommentert at det programmet ikkje kan gjera ditt og ikkje datt. Dersom du er fornøgd med begrensingane i Mapsource og Basecamp, er det jo greit. Men for dei som vil ha betre kart på pc'en og for utskrift, er det faktis langt betre alternativ lett tilgjengeleg. ¹N50-rasterfilene er allereie georeferert. Dersom ein måtte georeferere dei sjølv, hadde eg aldri anbefalt det i denne tråden.
  19. Oziexplorer kjenner eg ikkje meir enn av omtale. Det same gjeld forsåvidt også mac Når det gjeld grass, vart det ein liten feil frå mi side. Det skulle stå QGIS http://qgis.org/en/site/ . Eg brukar grass også, men ikkje akkurat til denne bruken.
  20.     Det er til pc-bruk eg anbefaler dei nedlastbare karta frå kartverket. Til gps'en er det enklast å bruke dei karta som er laga til gps'en. Poenget er å bruke dei beste verktøya til det er er best til. GPS-kart til gps'en, ordentlege kart (anten nedlasta eller wms) til pc-skjerm og papir. Eg har ikkje prøvd å legge N50 inn på gps'en, ettersom eg ikkje har behov for det. Men eg har lagt fkb-data (altså meir detaljerte data, men ikkje nedlastbare) og ledningsnett inn på garmin-gps. Det er ingen enkel øvelse, og resultatet (når eg gjer det) vert ikkje veldig fint, men det fungerer til sitt bruk, og dei som bruker desse gps-ane er fornøgd.
  21.     Ettersom kundane samanliknar vekta og antal gram er einaste utvalgskriterium for mange, kuttar produsenten der ein kan kutte. Litt snau her og der, og små i storleikane er enkle måtar å både halde pris og (tilsynelatande) vekt nede. Ved å sjå litt utanfor dei aller lettaste, finn ein raskt jakker som dekker baken, har betre hetter osv.
  22. Eg er heilt einig i at det er greit med ok kartgrunnlag på pc'en. Og etter N50 har vorte tilgjengeleg for alle, er ikkje gps-kartet eit ok kartgrunnlag. Dersom Garmin BaseCamp ikkje evnar å vise andre kartformat, vil eg anbefale å sjå seg om etter eit anna kartprogram. Det finnst mange program som både kan vise kart i forskjellige format og organisere ruter, spor og vegpunkt til gps og mykje meir. Oziexplorer er anbefalt av mange. Sjølv brukar eg Grass.
  23.     Etter Kartverket sitt frislipp av N50, ser eg absoultt ingen grunn til å vise gps-kartet på pc-skjermen.
  24.     Eg har ein slik Gipron-stav som eg brukar ha med meg på fottur. Eg går ikkje med stav, men det er kjekt å ha ein til vading ol. For nokre år sidan var eg uheldig på eit vått berg slik at eg måtte halte heimatt. Då var staven kjekk støtte, og i løpet av den heimturen på 3½ dagsetappar, vart piggen rund.
  25. Støvelvalget har alt å seie for korleis stabilitet og svingegenskapane er. Med gode støvlar er BC like godt som 75mm (utan wire). Til å gå med utan ski, er derimot 75mm-støvlar langt overlegne BC-støvlar. BC-støvlane er laga for å bruke med ski, medan 75mm bare er ein modifisert fjellstøvel
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.