Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Kva som er kjent for deg, er ikkje nødvendigvis kjent for alle andre. Utfra åpningsinnlegget ditt, trudde eg at temaet for konkurransen var "årstiden man sender inn for" og at årstidene var "Vinter, Vår, Sommer og Høst". I det siste innlegget ditt, ser det ut til at temaene har endra seg til "månedene desember - januar og februar" og "månedene mars- april og mai". Det er ikkje enkelt å delta i ein konkurranse der reglane endrar seg kontinuerleg. Det virkar rett og slett useriøst og lite gjennomtenkt ut.
  2.     Det er sjølvsagt god tid til å ta vinterbilder før påske, men likefullt er det i påska at flest er i fjellet, og då synest eg det er synd at bildene frå denne veka ikkje kan vera med i konkurransen. Sjølv om eg synest at innsendingsfristen for vinterbilder er feil, bør du ikkje endre denne no når han alt er annonsert. I låglandet er det sikkert vår i påska, men er ikkje dette fjellforum? Ja, eg meiner at vårbildeavstemminga ikkje bør finne stad før det har vorte vår i fjellet. Etter mitt syn, vil det vera bom på temaet å stille med eit vinterbilde når temaet er vår. Eg ville ikkje tenke tanken å bruke eit påskebilde i ein vårbildekonkurranse, og eg ville heller aldri stemme på eit typisk påskebilde i ein slik konkurranse. Innsendingsfristen for vinter burde etter mitt syn ikkje vera før etter påske. 22. april ville vera greit i denne samanhengen, altså bare ei veke seinare enn fristen som er satt. Om datoen hadde vore 1. mai, ville det likevel vore god til til avstemning før vårkonkurransen. Men fristen er allereie satt og bør ikkje endrast no. Frist for vårbildene har du jo eit godt forslag på sjølv. Startdato for vårbildene treng jo ikkje vera same dato som avslutningsdatoen for vinterbildene, så den som er i stand til å ta vårbilder i påska, bør få lov til å stille med dette i vårbildekonkurransen. Sumarbildefristen kan ver ein gong sist i august. For haustbildene, må det i alle fall vera lov å stille med bilde fra 20. august. Innsendingsfristen for haustbildene må sjølvsagt tilpassast for å rekke avstemning tidsnok for etterarbeidet før 1. desember.
  3. 96'ern virkar veldig spinkel under det tunge vaffeljernet (nesten 4kg), så det trur eg ikkje skjer. Men det kan nok verte nokre kaffikok på han. Då eg fekk 96'ern, var han ikkje tett verken her eller der, så både tanklokkpakningen og blypakningen under brennaren er bytta. Men eg greier ikkje å få blypakningen tett mot blindpluggen, så nokon turprimus vert det nok ikkje.
  4. Det ser unekteleg rart ut at ein ikkje kan delta med bilder fra påskehelga i kategorien vinter. Det neste er vel at fristen for vårbildene vert før våren kjem til fjells.
  5. No har eg akkurat hatt den aller siste testfyringa av Primus 96. Endringa sidan sist, er at eg har lagt litt ekstra messingnetting i det aller ytterste laget, slik at denne tar opp varmen frå litt meir enn heile høgda av brennerklokka. Den andre endringa er at eg gjorde testfyringa i fullt sollys (noko eg forresten knapt har sett sidan før jul). Det var litt gule flammer i vindkasta, men ellers var flamma så godt som usynleg. No fungerte han også godt utan kjele. Etter nokre minutt på full guffe, rydda eg han bort att, for eg hadde heilt andre planer for ettermiddagskaffien i dag. Høvik Verk'en venter fortsatt på ny dyse, så han har fått stå i ro. Men i mellomtida vann eg ein QXL-auksjon på eit vaffeljern som var beskrive som både rusta og skittent. Slikt kan sjølvsagt bety mykje arbeid, men når vaffeljernet vart pakka ut av postpakka i går, såg det slett ikkje så ille ut. Ein del fastbrent fett var det, men ikkje noko rust. I går gjekk altså tida med til skuring og innsetting med feitt. I dag var det altså duka for vaffelsteiking. Radiusen fekk oppgåve som varmekilde. Den fyrste plata vart rituelt ofra til naturen før jernet var ordentleg varmt. Med primusen på full guffe, nådde jernet etterkvart høveleg arbeidstemperatur og vaffelplatene vart steikt i rask rekkefølge. Når rørebollen var tom, var det bare å setje over kaffien. Akkurat no går sola ned bak Hallingskarvet og eg har trekt meg inn med kaffien og vaflaane. Dagens konklusjon er at elektriske vaffeljern med teflonbelegg ikkje kan reknast som noko framskritt. Feite vaflar frå ordentleg varmt støypejern har ein heilt annan smak, og den er ikkje dårlegare for å seie det slik Og det går mykje raskare å steike på varmt jern.
  6.     Små tannkremtuber har eg aldri sett til salgs, så den moglegheita var eg ikkje klar over at eksisterer. Sjølv legg eg alltid tannkremtuba til sides når det nærmar seg tomt. Då har eg alltid ei nesten tom tube til å ha med på tur. Det er sjølvsagt mange gram for tungt for til å kallast lettpakking, men det er ein enkel måte å spare nokre gram i forhold til å ha ei nesten full tube. Men når ein byrjar å rekne i skritt-tonn, er det sjølvsagt meir å hente for dei som tar kortare skritt enn det eg gjer.
  7. Min erfaring med slikt tennstål, er at det er like greit å vente på at lynet skal slå ned. Eg har aldri opplevd at fyrstikkene mine har svikta fordi dei har vorte våte, og likevel har eg med meg to vatntette olabeger med fyrstikker og rissepapir i lokket. Og sjølvsagt byr eg fram fyrstikkene dersom eg ser nokon prøver å tenne bål med slikt tennstål, og sjølv om det er motvillig av stakkaren og det kan ta litt tid, har aldri fyrstikkene vorte avvist
  8. Slik ser det ut rett ovanfor Prestholtseter eit år (2012) med meir sol og mindre snø enn det er akkurat no.
  9.     Med bare austavær heile vinteren, ligg også snøfennene på andre plassar enn normalt.
  10. Eg brukte netting av messing, kjøpt inn for formålet. Dersom eg gjer fleire forsøk, skal eg prøve litt breiare enn den som sitt i brennaren no.
  11. Eg hadde eigentleg forkasta heile Primus 96. Men etter å ha grubla litt over varmeoverføring i helga, valde eg å eksperimentere litt med innmaten i brennaren. Inne i brennaren er det ein samanrulla messingnetting. I tillegg til filtrering, er det varmeoverføringa i denne nettingen som skal føre til at parafinen fordampar. Nettingen som var, nådde nesten heile lengda av brennaren, det vil seie langt lenger enn det brennerklukka kan tilføre varme. Etter nokre forsøk med litt smalare netting, fekk eg endeleg primusen i gang. I går var flammene veldig gule, så Radiusen måtte fram att. I dag prøvde eg litt breiare netting enn i går, og no fekk eg endeleg nokonlunde greie flammer. Litt for gule etter min smak, men utan vidare ambisjonar for brennaren, får det gå for denne gongen. Primusen gjekk bra så lenge kjelen stod på, men utan kjele, virka det som det vart i minste laget av varme ned i brennaren. Primusen har ikkje tillit hjå meg, så han vert nok ståande som ein kuriositet. Hugsar eg på det, skal eg fyre han opp att om 12 år, då er han nemleg 100år. Kaffivatnet vart kokt i ein kjele som tidlegare har vore brukt på bål av brisk, så lukta var slettest ikkje prega av dårleg forbrent parafin. I dag vart det kakestykke til kaffien Neste prosjekt er ein Primus 210, lisensprodusert av Høvik Verk, altså eit lite stykke norsk industrihistorie. Etter å ha bytta pakning i lokket, viste fyrste prøveoppfyring at flammene var veldig gule, omlag som Phoebusen min, og langt gulare enn 96'ern på sitt beste. Eg er ikkje heilt sikker på korleis eg skal angripe denne brennaren akkurat no, men eg har stor tru på at eg skal få til denne. 210'ern var i utgangspunktet billig, så eg har mykje å gå på før han vert like dyr som 96'ern.
  12. Det var jo ei naturleg forklaring Eg har aldri forstått kvifor blogginlegg skal inn i forumet. Nokre gonger, som no, fører det riktignok til ein debatt. Men som oftast er desse blogginlegga bare støy, som i mange tilfeller heller ikkje har noko som helst med fjellforum å gjera. Dersom moderator synest dette innlegget er så OT at han fjernar det, er det heilt greit. Då har i alle fall moderator lese innlegget mitt og veit kva eg synest om desse blogginnlegga. Men eg er ikkje interessert i å lage ein ny tråd av dette.
  13. Dette er i ferd med å bli ein årleg tradisjon Mars 2012: http://www.fjellforum.no/topic/22611-hvor-mye-vann-skal-til/ April 2013: http://www.fjellforum.no/topic/27100-hvorfor-ikke-drikke-f%C3%B8r-du-blir-t%C3%B8rst/ No er det visst mars att. Sjølv drikk eg akkurat når eg sjølv føler for det, og akkurat så mykje eg sjølv føler for. Vinterstid vil det seie før og etter turen. Sumarstid vil det seie når eg passerer drikkevatn.
  14. Og for dei som vil lesa meir om farvatna rundt Svalbard, er den norske los nedlastbar¹ frå kartverket: http://kartverket.no/Kart/Nautiske-hjelpemidler/Den-norske-los/Den-norske-los-7/ ¹Det gjeld forøvrig heile norskekysten
  15. Desse bildene minner meg om ein tråd her på forumet for kort tid sidan: http://www.fjellforum.no/topic/29556-pumpa-til-omnifuelen-lekker/ Dersom det er nok med eit støt mot pumpa for at denne skal bli øydelagt, ville eg tenke nøye over korleis eg pakkar pumpa, særleg i ein pulk. Eg har alltid tenkt at pumpa er beskytta i flaska, men det ser ikkje ut til å vera nok i dette tilfellet.
  16.     Det er verdt å merke seg at skumapparat ikkje tåler frost, så det er eit dårleg alternativ på ei hytte.
  17. Eg vil ikkje anbefale nokon å gå utanom merka skiløyper på Ustevatnet og Sløddfjorden, men det er heller ikkje nødvendig. Det er nok løyper å velge mellom, og skulle det vise seg at isen ikkje er sikker i påska, vil løypene bli lagt om eller stengt. Og det raude på NVE sitt iskart, er ikkje forholda p.t., det er statiske kart som viser kvar det alltid kan vera utrygg is. Det er sjølvsagt nyttige kart å ha med seg i kartmappa dersom ein går i område med regulerte vatn og vassdrag.
  18. afe

    Nordisk tent ?

    "A true mountain companyon" http://www.nordisk.eu/bred/products/tents/tents-detail/type/tents/categories/trollheimen-2/product_model/si/ "aerodynamic construction for windy conditions" og eit symbol for at det ikkje skal tåle meir enn 15m/s, vitner ikkje om spesielt høge ambisjonar.
  19. OK. Den aller siste gongen var eg nok nære, og utfra denne beskrivinga, var det bare utålmodig pumping som øydela. Men ein primus som må forvarmast fleire gonger før han er varm nok, er ikkje ein primus for meg. Då kan eg likesågodt fyre bål. Utan spiritburner.com, hadde eg nok ikkje kome så langt som eg kom Manaslu lagar heilt sikkert bra primusar, men når prisen er 4 gonger kva eg betalte for Radius'en, er det heilt greitt å gjera bomkjøp som Primus 96 også. Med den større brennaren, er nok Manaslu 96 noko større enn Primus 96. Og Radius'en er ikkje all verda stor den heller. Nedpakka tar Optimus Nova større plass enn Radius 21! Det står bare att å finne ein betre boks til oppbevaring enn den orginale blikkboksen. Allerhelst skulle eg hatt ein tett plastboks som fangar opp eventuelt parafinsøl. Dersom Optimus 111 måtte monterast før bruk, hadde eg aldri hatt han. No må eg lære meg å ikkje gløyme å stenge lufteskruven på denne også, men det skal nok gå bra. Brennaren ville ikkje slutte heilt å brenne ved å bare sleppe ut trykket. Eg reknar med at det er på grunn av at dysa er så lågt i forhold til tanken. Eg kjem derfor til å stenge med dysa, og så sleppe ut trykket. Då er det enkelt å bare lufte litt før eg stenger att ventilen att med ein gong. Før eg fekk tak i Optimus 111, gjorde eg eit forsøk med Phoebus 625, som også kan transporterast ferdig montert. Men den brennaren fekk eg heller aldri til å brenne reint, så han var heilt uaktuell til å bruke inni teltet. Den brennaren har heller aldri gjort nyttig arbeid for seg, som å koke ein kopp kaffi, sjølv om han teknisk sett nok ville greie det, men med noko soting som resultat. Den gongen skulda eg på at Phoebus 625 var stillebrennar. Eg har tilgode å oppleve ein stillebrennar som brenn reint, så Phoebus'en føyde seg fint inn i det mønsteret. Etter å ha gjeve opp Primus 96, har eg innsett at kanskje den indirekte forvarminga også kan føre til utfordringar både for Primus 96 og Phoebus 625, sjølv om eg har 10 år med bare gode erfaringar med Optimus Nova som også har indirekte forvarming. Phoebus'en mangla også transportkasse og hadde nokre usedvanleg slarkete kjelestøtter, men ettersom heile raklverket enda som kjellarfyll, betyr det mindre.
  20.     Ein tilfeldig medisinboks eg fann på kjøkkenet. Det står "SECURITAINER UK. PAT. N° 1246971" under.
  21. Eg har allereie pakka 96'en vekk og teke han fram att mange nok gonger. Eg tenkte at den siste gongen, som vart redda av at snø ikkje brenn, skulle vera den aller siste åtvaringa om at dette utysket er direkte farleg. Men du kan vera inne på noko med ulik parafinkvalitet. Det kan hende eg tar han ut at ein gong, og prøver med ein annan parafin, men det vert ikkje i kveld. Eit ekstra forsøk vert i så fall bare for å gjera enda eit forsøk på å få han til å brenne som han skal, og eventuelt få kokt opp den eine eksklusive kaffikoppen (noko Phoebus 625 aldri greidde). Med ettermiddagens nestenkatastrofe i bakhovudet, er tilliten broten for alltid, så 96'en min vert aldri ein bruksprimus. Eg greier ikkje å sjå eit smykke i ein primus som ikkje fungerer. Men dersom eg bare hadde fått han i gang ein einaste gong, kunne eg setje han på hylla til pynt. Som kompaktbrennar har eg Svea 123r, så eg er ikkje avhengig av Primus 96 for storleiken. Men det er fortærande å ha brukt så mykje peng på noko som ikkje fungerer
  22. Når det er pulkføre, brukar eg Optimus 111, denne oppbevarar seg sjølv Sumarstid har eg ein Svea 123r som eg har i ein plastboks som passar akkurat oppi kjelen med varmeribber under (utgått (?) modell frå Primus).
  23. I mildveret i ettermiddag, hadde eg bestemt meg for primuskaffi i snøhaugen på verandaen. Eg har brukt alt for mykje peng på ein Primus 96 som eg har prøvd å få i brukande stand. Etter fleire prøvefyringar, bytting av pakningar, smøring av pumpelær osv dei siste vekene, vart dagens konklusjon at primusen er håplaus. Eg greier rett og slett ikkje å få han til å brenne stabilt og reint, og det vert bare verre og verre for kvart forsøk. At det tredje og siste forsøket i dag ikkje enda i katastrofe, kan eg takke snøen for. Eg får bare ta nestenulykke som eit hint og stoppe før det går gale. Primusen ender altså i selskap med Phoebus 625 på lista over sterkt overprisa skrapmetall (men heldigvis langt frå så dyrt som Phoebusen). Eg hadde allereie bestemt at det skulle bli primuskaffi, så det var bare å finne neste primus. Den langt billigare Radius 21 vart fyra opp og overbeviste som vanleg. Eg vert stadig meir glad i Radiusen for kvar gong eg fyrar han opp. Radius 21 er enkelheita sjølv, med ein effektiv og reintbrennande brennar. Reguleringa er kjempeenkel med lufteskruve i tanklokket for å redusere trykket på tanken. Sleppe ut litt trykk for å redusere effekten, pumpe litt for å auke effekten. Etter ei rask tilvenning, fungerer dette veldig presist. Før kaffivatnet var varmt, kom eg på at eg har tilgode å friskmelde grafittpakningen på Optimus 111. Det var altså bare å ta av kaffikjelen, nyte synet og lyden av Radiusen litt, før eg sløkte han og henta Optimusen. Før eg fyra opp Optimusen, bytta eg tanklokket med tanklokket frå Primus 96 (med lufteskruve), for den vraka Primusen har ikkje lenger bruk for verken tanklokk eller splitter ny tanklokkpakning. Optimus 111 er ein grei vinterbrennar med tanke på at primusen er ferdig montert, så det bare er å ta han fram og fyre opp. Eg likar at ting er enkelt når ein slår leir og kanskje er både sliten og kald. Det var også det viktigaste kriteriet då eg kjøpte han, etter å ha gjeve opp den dyre men akk så håplause Phoebus 625. Eg misslikar sterkt heile regulatoren på Optimusen. Etter mitt syn, er det ein alt for skjør detalj på ein ellers solid primus. No såg det riktignok ut til at eg endeleg har fått grafittpakningen tett, får bare håpe at eg ikkje har stramma for mykje så heile grafittgreia går i oppløysing etter ei tid. Ettersom regulatoren ikkje tåler at nykkelen står i, må ein fikle med denne for å entre den vesle tappen på brennaren kvar gong ein skal justere flammen litt. Dette er både irriterande og tar tid. No kan eg derimot bruke lufteskruven frå den gamle Primusen for å redusere trykket på tanken. Det fungerte veldig greit, men ein kan sjølvsagt ikkje gjere dette dersom ein har bensin på tanken, men det har eg heller aldri tenkt å ha. Reguleringa var like fin som det eg er vane med på Radiusen. Og på låg effekt brenn det også finare med lite trykk på tanken og spindelen heilt åpen, enn høgt trykk og stryping med spindelen. Frå no av, skal eg bare bruke spindelen til å rense dysa og stenge og åpne brennaren. Og eg treng ikkje lenger irritere meg over den skjøre spindelen kvar gong eg skal justere effekten litt mellom snøsmelting, matlaging og teltfyring. Ryggmargrefleksen med tanke på heile 111'ern er diverre fortsatt prega av dårleg erfaring frå millitæret, så eg har langt att før eg stolar fulllt på Optimusen, men det går rette vegen. Konklusjon av dagens testfyring vart altså at Primus 96 var ei særdeles dårleg investering. Optimus 111 fungerer godt med gammaldags trykkregulering som flammeregulering (sjølvsagt bare med parafin på tanken). Og kaffien smakte heilt ypperleg.
  24. Vegen er brøytt til Hallen, altså omlag 1,5km.
  25. Det går rutebuss mellom Kongsberg og Geilo. http://bk.reiseinfo.no/ruter/t/420.htm
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.