Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. I følge linken, er det vera bare 220g gass i boksen. 345g er med boksen.
  2. Bruk den parafinen du har (i alle fall dersom det ikkje er farga parafin). Men det kan vera lurt å filtrere parafinen før bruk for å unngå ureiningar i filter og dyse på primusen. Bruk gjerne eit kaffifilter.
  3.     No har eg ikkje Omnifuel, så dersom det er ein dårleg brennar, kan påstanden kanskje vera riktig. Men parafin sotar ikkje ved bruk i ein god brennar. Eg har i alle fall aldri opplevd soting frå ein primus i god stand. Angåande valg av bensin eller parafin i brennar med pumpe, har eg vorte meir og meir overbevist om at parafin er det rette valget. Historier som denne: http://www.fjellforum.no/topic/30665-lekkasje-i-omnifuel-pumpe/ og liknande tilfeller, har gjort meg skeptisk til å ha eit så lettflyktig brennstoff som bensin på tanken. Ein lekkasje ved eller gjennom pumpa kan verte svært kritisk.
  4.     OK, eg gjorde den feilen at eg trudde dette var meir av ein hobby og fritidssyssel, og at tecno-frikinga var av rein teknikkinteresse til tross for kostnadane, og ikkje ein næringsveg. Når det er sagt, tar installering av qgis, og oppsett av ein eller to wms-kilder kortare tid enn å gå til turistkontoret (dersom dette kontoret ikkje ligg i umiddelbar nærleik av heimen din).
  5.     Den påstanden har eg høyrt utallige gonger av personar som ikkje vert plaga av mygg. For oss som vert plaga av mygg, stemmer påstanden veldig dårleg.
  6. Dei mjølkebøndene eg kjenner brukar ikkje pulver, men det er ein annan sak. Skylle godt etterpå må ein uansett
  7. Det var du sjølv som kalla deg "techno-frik" Rutenett i kart du skriv ut sjølv, er den enklaste ting når du styrer programmet sjølv. Det var også derfor eg skisserte løysinga med å bruke eige program på eigen pc til utskrifta i staden for å foreslå kartklientar på nett (som også kan vera utfordrande når det gjeld målestokk). Og når det gjeld beskyttelse mot vatn, er kartmappe tingen. Ortlieb har vasstette kartmapper med innsyn på begge sider.
  8.     SOSI er den nasjonale standarden for utveksling av geodata, så det ville vera søkt å ikkje bruke formatet. Geodata er eit heilt eige fagområde, så å tru at den vanlige mann i gata skal ha full nytte av desse dataene, vil vera å tru på julenissen og påskeharen. Kartverket har riktignok eit eige program for å sjå på sosifiler SOSI-vis som du finn på http://www.statkart.no/Standarder/SOSI/Programmer-og-verktoy/ men det er ikkje med teiknereglar for N50, så du vil bli skuffa over kva du får på skjermen, men programmet er ein utmerka wms-klient. Dersom du ikkje greier å tolke sosi, lastar du heller ned raster, då slepp du jobben med å lage teiknereglar også. For teiknereglar er ikkje del av dataene, og det er ingen enkel jobb å lage fine kart sjølv om alle kartdatene er tilgjengeleg.
  9.     Eg brukar å ha med meg trugar (med gode stegjern) for dei brattaste motbakkane. Eg synest det er langt betre å gå med enn ski med langfeller når eg drar pulk. I tillegg har eg trugane som sikkerheit i tilfelle skiknekk i løpet av turen.
  10. 1:50000 karta er den mest detaljerte kartserien som dekker heile landet. Så enkelt er det. Det finnst meir detaljerte kart. Men desse vert ofte gjeve ut lokalt, og derfor er vanskeleg å finne ein heilheitleg oversikt over. Lokale butikkar og turistkontor er derfor den beste kilda for å finne desse karta. Orienteringskart er laga for formålet, og har masse detaljar som er betydningsfulle for framkomst og orientering, men karta dekker små områder. Dei mest detaljerte karta (fkb) har derimot kommunene (i dei fleste tilfeller i samarbeid med Kartverket med fleire), men dette er i ikkje fyrst og fremst eit papirprodukt. Men ettersom du er "techno-frik" har du nokre moglegheiter til å lage dine eigne kart basert på fkb. Finn deg eit kartprogram som støtter wms (sjølv brukar eg qgis, men eg er ikkje veldig begeistra for korleis utskrift vert håndert i det programmet), bruk wms-ar frå kartverket http://status.kartverket.no/tjenester/openwms.py Særleg topo2 og toporaster2 er greie utgangspunkt. For å skille mellom skog, dyrkmark osv, kan du også legge på nokre lag frå Skogoglandskap http://www.skogoglandskap.no/kart/temaer/WMS Når du skal på langtur lagar du deg tilsvarande kart med mindre målestokk, anten basert på wms, eller nedlasta N50-data frå kartverket http://data.kartverket.no/download/
  11.     Eg har gått Myrland-Iungsdalen-Myrland på dagstur, så ein veg greier du på nokre få timar. Det er litt stigning opp lia frå Myrland, deretter er det kjedeleg flatt den siste mila langs vatnet. Etappa frå Iungsdalen til Geiteryggen går i langt meir inspirerande landskap. Heller ikkje denne etappa er spesielt lang. Frå Geiteryggen via Raggsteindalen til Myrland att, er det noko kuppert landskap i starten. Frå Raggsteindalen går løypa flatt på sumarvegen til Stryknesdammen. Så er det meir kuppert att gjennom skogen til Myrland. Dersom du bare skal bruke to dagar, overnattar du på Kongshelleren. Men då kan det bli lange dagar dersom du har langt å køyre til og frå. PS: Iungsdalen skrivst med I, ikkje L.
  12. Det er meir enn bare ytterdukens rivestyrke som er avgjerande for om teltet tåler vinden. Korleis heile teltkonstruksjonen oppfører seg i vinden, bestemmer kor store krefter duken må tåle. Saumane kan også vare svake punkt, heilt uavhengig av rivestyrken til duken. Ein svakheit ved konstruksjonen til Helsport-telta, er at stangkanalane ligg på innsida av duken. Dersom ei stang knekk, kan denne gjera stor skade på ytterduken. Om dette har skjedd i dette tilfellet, har eg ingen grunn til å vite.
  13.     Det viser i så fall kor farleg den skredfareskalaen er, og kor verdilaus varsom.no er. Eg trur rett og slett ikkje at varselet på varsom.no hindrer skredulykker, men eg fryktar at varselet fører til ulykker. Det er alt for lett å ikkje gjera eigne vurderingar når ein har varsom.no som sovepute.
  14. afe

    Vintertelt

        Idealet er sjølvsagt lite vindfang utvendig, men stor høgde innvendig Vintertid er dette mogleg å kombinere, ved å grave seg ned i forteltet. Ståhøgde er kanskje i meste laget, men eg brukar i alle fall å grava meg ned så eg kan stå oppreist med bøygd nakke. Sitteplass vert det i innerteltåpningen.
  15.     Eg blir i alle fall våt i fue. Mi erfaring er at spruttrekket fungerer veldig dårleg. Alt vatn som renn av åra, blir liggande oppå spruttrekket og renn sakte men sikkert ned i båten. Spruttrekket leder veldig lite vatn utover kanten av båten, så det aller meste ender nedi båten etter kvart. Eg har tatt av spruttrekket og sparer heller denne vekta, då vert det også mykje enklare å kome nedi og ut av båten. Det er også enklare å tømme ut vatnet
  16.     Han er nok ikkje aleine der. For å vera nøktern, kan eg innrømme følgane: Eg har aldri sett Lofotveggen, så eg veit ikkje om eg ville kjenne han att dersom eg såg han. De syv søstre har eg ingen aning om korleis ser ut. Torghatten har eg sett bilde av, og ville kanskje kjenne han att, dersom eg såg holet gjennom fjellet. Utan å sjå gjennom holet, har eg ingen grunn til å tru at eg ville kjenne att fjellet. Hurrungane kjenner eg, men det er bare fordi eg har budd eit halvår i Årdal. Før det, hadde eg ingen forhold til Hurrungane, til tross for at det er toppar eg ser frå heimefjell. Gaustadtoppen kjenner eg, men bare frå nord og frå vest. Snøhetta har eg vore på, men det har ein anonym profil som eg ikkje vil påstå at eg ville kjenne att verken på avstand eller på eit bilete. Landemerke er bare landemerke for den som kjenner det.
  17.     Eg håpar virkeleg, for Monsen si eiga skuld, at han totalt sett likar det han driv på med. Det er i alle fall hans eige valg. Så må eg virkeleg unnskylde det eg har skrive i denne tråden, og unnskylde at eg tydelegvis har tråkka mange på tærne ved å banne i denne kyrkja. Dersom moderator finn at eg har brote $10 i reglementet for forumet, står han fritt til å slette det eller dei innlegga der han meiner eg har brote denne paragrafen. Eg legg meg flat og innrømmer at eg har vore naiv. Til tross for at eg har vore på forumet i 7 år, har eg tydelegvis ikkje fått med meg kva det aller mest heilage er, og at det ikkje er rom for å diskutere dette på forumet. Eg beklager på det djupaste, og lovar at det aldri skal skje att.
  18.     Det er utruleg at janteloven vert nevnt tvert når nokon vert kritisert. Sjølv om eg ikkje har noko til overs for stilen hans, er eg imponert over korleis han har greidd å gjera det til levebrød. Mannen har vore flink med konsekvent marknadsføring av seg sjølv gjennom ei årrekke, og kan høste av dette. Han har valgt sitt publikum (som eg ikkje er ein del av) og vore trufast til denne gruppa.
  19. Det ser ut til at eg må minne om kva eg skreiv tidlegare i tråden.     Det eg skreiv i seinare innlegg, var svar på direkte spørsmål til meg, og basert på korleis Monsen har profilert seg tidlegare, og på korleis han har bygd seg sjølv opp til den mediamann han er. Og sjølv om eg ikkje har tv sjølv, såg eg deler av det fyrste programmet, utan at det gav meg lyst til å sjå meir av serien.
  20.     Seier "filme når du er i ferd med å dø" deg noko? Eg hugsar ikkje nøyaktig ordlyd, men det er Monsen sjølv som har sagt at han fekk dette rådet frå Vi menn, og at det er dette rådet som har ført han dit han er i dag. Det er denne heltedyrkinga av seg sjølv eg har vanskeleg for å finne underholdande. Eg har langt meir til overs for dei fokuserer på naturenopplevingane, og heller tonar ned sine eigne prestasjonar.
  21. TV'en forsvann då dei analoge signala vart slått av (altså 2008 eller deromkring). Og det har ikkje vore noko sakn. Basert på kva eg har lese av og sett av Monsen tidlegare, er ikkje han noko sakn heller. Men utfra korleis han er forguda i denne tråden, håpar eg at han har endra seg, for slik han framstod tidlegare, var det ikkje mykje underhaldning å rope hurra for. Eg gav opp tidleg i Alaska-boka. Så prøvde eg eit lite come-back med Kanada på tvers på tv, der gav eg opp etter halvannan episode. Det vart altformykje for mykje vi-mennpreg på heile greie for meg.
  22.     Fuktigheit utanfrå vintertid er stort sett begrensa til rim som ramlar ned (eller smeltar og drypp ned) frå telttaket. Dersom ein ikkje greier å kontrollere dette, kan soveposen bli våt. God lufting i teltet gjennom natta er viktig for å få minst mogleg rim på teltduken, dette vil også gjere at luftfuktigheita er låg i teltet, og mindre kondens/rim i soveposen. Det er også viktig å passe på kvar soveposen er om morgenen når ein fyrer opp primusen, eller sola kjem på teltduken. Å bare stappe soveposen vekk i eit hjørne på teltet når ein står opp om morgonen, er ein sikker måte å få soveposen våt. Dersom ein passar på at posen ikkje ligg mot teltveggen, eventuelt legg soveposen ut i sola dersom veret er eigna for det, medan ein ordnar seg om morgonen, sparer ein seg for mykje fuktigheit i posen.
  23.     Sjølv brukar eg qgis.
  24. Med dei nedlastbare karta frå Kartverket, er det ein enkel sak å skrive ut kart frå eige kartprogram med akkurat det rutenettet og den målestokken ein sjølv vil ha. Å kombinere med nokre wms-kilder, er det også enkelt å legge på skredfarekart og usikker is og anna interessante tema på same kartet. Moglegheitene er uendelege.
  25. Påska har nok langt meir i seg enn at Jesus vart hengt på korset. Påska er feiring av at lyset seirar over mørkret. I denne feiringa er det to ting som skjer, og som begge har med forholdet mellom lys og mørke å gjera. Dagen har vorte lenger enn natta, dette skjer etter vårjamdøger. Det andre er at det er fullmåne, altså sjølv nettene er lyse. Attpåtil feirer mange av oss denne høgtida i den lyse snøen
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.