Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1.     Kva noko er verdt, er veldig personleg, og derfor finnst det så mange merker og modellar. Dei som ikkje synest dei dyre merkene og modellane er verdt det, kjøper dei billigare. Ettersom du ikkje trur Hilleberg er verdt den høge prisen, reknar eg med at du heller ikkje har Hillebergtelt. Eg meiner dei er verdt det og har derfor brukt pengane mine på Hillebergtelt. Og det er ikkje fordi eg trur dei billigare telta ikkje tåler bruken min. Det er ein heilheitsvurdering av telta der vekt, volum, form og masse små detaljar tilsaman gjer dei verdt det, for meg.
  2. Pustande membraner fungerer både i laboratorium og i friluft. Eg erfarer sjølv at sekken vert fuktig mot ryggen, og det skjer ikkje dersom jakka er diffusjonstett. Og all mi erfaring seier at eg vert raskare og fuktigare med tett regnjakke enn pustande membranjakke, sjølv med alle glidelåsane att. Men pustande membran, og vindtette stoff generelt, pustar ikkje nok til å unngå kondens når aktivitetsnivået er for stort. Heller ikkje vindtett bomull er noko mirakelstoff i denne samanhengen, sjølv om bomull pustar betre enn membranane. Lange, bratte motbakkar ein kald haustmorgon er nok til at ulltrøya mi vert fuktig sjølv om eg ikkje har jakke på meg, men det er ikkje fordi Miloen har tetta porene. Glidelåsane er til for å brukast, og dette gjer at dei fleste membranjakker fungerer minst like godt som mange vindtette bommulsjakker som ikkje er like godt utstyrt med luftemoglegheiter. Når det gjeld vasking, har eg alltid brukt vanleg vaskemiddel for farga tøy, og tørking på snor ettersom det ikkje finnst tørketrommel i huset mitt.
  3. Det er køyrbart til forbi Ossjøen. Det er bompeng, men det kostar ikkje mange kronene. Få deg eit kart. Der finn du fiskevatna ved å sjå etter dei blå flatene. Nattetemperaturane er ned mot 0. Er det klarvær, kan det kaldare. Er det overskya er det varmare. Motsatt om dagen
  4. Eg har stor forståelse for at dei har produksjonen i utlandet. Kvalitetsmessig kan det nok også vera ein fordel at det ikkje vert sydd av late nordmenn. Men eg likar dårleg marknadsføringa som heilt spekulativt forsøker å gje inntrykk av at opprinninga er noko anna enn det det er. Det er ein heilt bevisst ordbruk som skal forlede forbukarane utan å verta teke i løgn, for det står jo ikkje at det er produsert i Noreg. For den som leiter godt nok, er det jo ikkje vanskeleg å finne ut kvar ting er produsert, så Bergans (og dei andre) har ikkje noko problem med å forsvare seg med at dei er åpne om det, sjølv om forbrukarar flest er lurt til å tru at det er produsert ein heilt annan stad. Bare sjå på Dag som har hatt sin eigen boikott av Kina. Eg reknar med at han har vore meir enn middels oppteken av opprinnelseland, og likevel vart han lurt i dette tilfellet.
  5. Eg skulle gjerne klikka på "Liker" her, men eg kan jo ikkje like at nokon vert lurt. Og Bergans er direkte spekulative ved å kalle seg "Bergans of Norway" når det bare er historia og eit "hovedkontor" som er norsk. Og Bergans er ikkje aleine om denne type merkevarebygging.
  6. Det er nok enkelte som meiner det er sært å reise på tur aleine, og eg har møtt påstanden sjølv. Men ettersom eg kjenner så godt dei som arbeider i dei (det er 2 av dei) lokale sportsbutikkane, har eg ikkje hatt problem med å forklare at eg er ein slik særing og har alltid møtt forståelse for det. Etter alle år med einmannstelt, er eg også av den formeining at eg ville valgt kvar sitt einmannstelt, dersom eg skulle reise på telttur i lag med nokon. Det er mogleg det også er sært.
  7.     Misjonering er heilt greit så lenge du bare er nyfrelst, og det ikkje er skjult reklame for eigen næringsverksemd. I forhold til det opprinnelege temaet for tråden, kan du kanskje kommentere korleis teltet ditt fungerer i vind og dårleg vær, dersom du har erfaring med det.
  8.     Så boikotten din er over altså? http://www.fjellforum.no/topic/30128-%C3%B8delagt-st%C3%A5lkant-p%C3%A5-fjellski/#entry274650
  9.     Bare eit spørsmål ettersom du er så ivrig på å reklamere for Shangri La, er det også noko du sel og derfor har økonomisk gevinst av? Anten privat eller i jobbsammenheng? Eg forstår at me aldri vert enig om storleiken til Ringstind. Mi erfaring er at teltet er romsleg og du synest det ser lite ut. Dei som er interessert i Ringstind har fått den informasjonen dei treng, så det har ikkje noko for seg å diskutere lenger.
  10. Den høgaste toppen har vel ikkje vore så viktig for andre enn dei som samlar på dei høgaste toppane. Er det andre toppar som har fungert som landemerker, er det også desse toppane som har fått navn. Det er mange eksempel på at høgaste punktet ikkje har eige navn, men lågare, gjerne markerte detaljar har navn.
  11.     Til tross for at tala kan sjå små ut, er teltet romsleg. I alle fall for meg som bare måler 190cm. Eg har plass til å legge frå meg klede og andre ting både i hovudenden og fotenden, utan at det går utover liggeplassen. Eg har ikkje med meg stol, så eg må sitje på bakken, og då er telthøgda stor nok til å ikkje vera i vegen for skallen. At det finnst større telt, er ein heilt annan sak, men denne tråden handla om Ringstind, og då er det Ringstind eg forheld meg til     Å fyre primus utan å passe på, vil eg fraråde på det sterkaste. I alle fall inne i teltet, men også utanfor teltet.
  12.     Mitt Ringstind 1 er romsleg nok til at eg kan gjera det på akkurat same måte Meir plass har eg ikkje bruk for. Og når det gjeld å finne teltplass, er eg glad for at teltet ikkje tar for stor plass.     Dei utvendige dimensjonane kan gje ein peikepinn på innvendig plass, men ikkje på praktisk bruk. Skråveggar er ein typisk ting som kan gjera at eit telt ser stort ut utvendig, men det likevel er kjempetrangt innvendig. Mitt gamle Hilleberg Nammatj er eit godt eksempel på eit telt som er stort utvendig men trangt innvendig. Når det gjeld praktisk bruk, kan smådetaljar som korleis inngangen er er plassert og utforma bety mykje for korleis ein får utnytta plassen. Ringstind-teltet mitt er slik utforma at det passar veldig godt mitt bruk. Sjølv om det meste av golvplassen vert brukt, kan eg ha det ryddigt der alt er lett tilgjengeleg, og der eg ikkje må krabbe over sekken for å koma meg inn og ut. Derfor vert totalinntrykket at det er romsleg, sjølv om det ser lite ut utvendig.
  13. Omtrent på same måte som du brukar han. I tillegg registrerer eg dyregraver og andre interessante ting på gps'en.
  14. Då får setje deg inn i det tekniske og gjera jobben med å konvertere dei nedlastbare kartdataene frå Kartverket sjølv. Legg du dette inn i openstreetmap-prosjektet, kjem det andre til gode i neste omgang.
  15. Eg har ingen erfaring med den aktuelle panna, men eg har brukt mange andre panner med tynn botn, og alle oppfører seg på denne måten. Det er ikkje anna å vente med så tynn botn. Skal du ha ei panne som er plan over lengre tid, må ho ha tjukkare botn. Med tjukkare botn, vil også varmefordelinga bli betydeleg betre. Men ei slik panne er sjølvsgt litt tyngre.
  16.     Det er stor forskjell på storleiken til Ringstind 1 og Ringstind superlight. Og Ringstind 2 (som det vert referert til fleire gonger i denne tråden) er enno større. Men det som bestemmer om eg synest eit telt er romsleg eller ikkje, er korleis eg får plass til meg og mitt inne i teltet, og ikkje korleis det ser ut ved sidan av eit anna telt. Og eg har god plass til meg og mitt i Ringstind 1.
  17.     No er det litt forskjell på kor stor teltdukskrekk forskjellige har. Men eg har aldri hatt problem med dette i mitt Ringstind 1 (så lenge det ikkje er for mykje vind, og også då er teltdukkontakten bare kortvarig). Eg reknar liggelengda som rikeleg, og eg har god plass til å legge klede i begge endane av teltet, men så reknar ikkje eg meg for å vera lenger enn 190cm heller. Eg har heller ingen erfaring med vintersovepose i dette teltet, ettersom eg reknar teltet for å vera totalt ueigna til vinterbruk. Det som derimot er heilt avgjerande, er å ikkje ha for tjukt liggeunderlag. Du skal ikkje så mykje over bakkenivå før liggelengda krympar veldig.
  18. Ettersom dette er lettvektsteltet mitt, har eg ingen planar om å gjera det tyngre. Eg vurderte å sy på bardunar der for nokre år sidan, men eg kom fram til det uansett aldri kunne bli noko vindtelt. Så da kjøpte eg heller eit telt som var laga for å takle vind, både bærekonstruksjonsmessig og med tetting mot bakken og betre regulering av lufteventilar. Eit litt tyngre telt med dårlegare plass, men med langt betre komfort i vind, både at det står stødigare i vind utan at duken slår, og at det er mindre trekkfullt. Det er nok også stor forskjell på vindfanget på 1-manns- og 2-manssteltet, noko som gjer desse bardunane meir viktig på det store teltet.
  19. Altså 3 fleire enn på teltet mitt. Særleg dei to nede på duken er eit sakn, ettersom desse ville hjelpe mykje for å unngå at duken slår. Den øverste på stanga har eg aldri sakna, men så er det også eit mindre vindfang på 1-mannsteltet enn på 2-manns.
  20.     No veit ikkje eg kva ende du kallar hodeende. Teltet mitt som er 1-mannsversjonen frå 2005 har 5 bardunar totalt. 3 av bardunane er i enden med den låge, vertikale veggen med lufteventil. Desse bardunane er festa i knekkpunktet der den vertikale veggen gå over i skrått tak. Eg har bare dårlege erfaringar med å ha denne enden mot vinden, så denne enden må vera på leside. Den midterste bardunen fester eg naturlegvis rett fram i forlenginga av teltretningen. Dei to bardunane på hjørnene gjer jobben best dersom dei står litt på skrå ut til kvar si side, men ikkje så mykje som 45°. Dei to siste bardunane er på stangkanalen, ganske langt oppe. Desse gjer best nytte for seg om dei står rett ut til kvar si side. Då hjelper dei teltet å stå oppe, dersom eg set desse på skrå mot vinden, slår teltduken meir og teltet kan finne på å legge seg ned av vinden. Med tanke på kva teltet tåler best, er det godt mogleg at det siste er det beste. Men eg bardunerar med tanke på at eg skal bu i teltet, og då vil eg at det skal stå oppe.
  21. Eg har ikkje brukt Ringstind i storm, og håpar eg ikkje får oppleve det i dette teltet. Men eg har gjort meg mine erfaringar med Ringstind i vind. Ringstind er rett og slett ikkje nokon god plass å bu i når vinden herjar, sjølv om teltet greier seg. Å vakne av at teltduken fikar til ein i ansiktet, er ingen behagleg måte å vakne på. Derfor har eg eit anna, litt tyngre og litt trangare telt for turar der vind er eit tema. Valg av telt handlar om kompromiss og prioritering av eigenskapar. Ringstind er både lett og romsleg i forhold til vekta, og er eit veldig bra telt til sitt bruk. Dersom ein er ute etter telt med betre eigenskapane i sterk vind, må ein rekne med å bæra litt tyngre og/eller ha litt dårlegare plass.
  22. Vindstyrkeforklaringa på http://om.yr.no/forklaring/symbol/vind/ stemmer godt med mine erfaringar frå fjellet (med unntak av beskrivinga av sikta, den kan vera langt dårlegare enn i beskrivinga). Det går ei praktisk grense mellom sterk kuling og liten storm. Denne grensa har eg kjent på kroppen fleire gonger vintertid, og dei gongene viser vindmålaren min stabilt rundt 20m/s, av praktiske grunnar måler eg ikkje over 10 minutt, og heller ikkje 10 meter over bakken. Sumarstid er det sjeldnare at eg opplever slik vind, men det hender på utsatte toppar.
  23.     Gratulere. Det er ein av Hardangarvidda-klassikarane. Dahl skreiv også ei bok til om vidda "Drømmen om vidda" (1953). Den siste er ikkje så lett å få tak i.
  24.     Det overraskar meg ikkje. På satelittbildene kan ein tydeleg sjå røyken halvvegs til grensa: https://earthdata.nasa.gov/labs/worldview/?switch=arctic&products=baselayers,MODIS_Aqua_CorrectedReflectance_TrueColor~overlays,arctic_coastlines_3413&time=2014-08-04&map=2005984,-2062224,3138528,-1316752
  25.     Uansett kva teori ein trur på, skal det vera interessant å høyre om du får brennaren din til å sløkke raskare. Sveaen min har i alle fall hatt heilt uendra oppførsel på denne restflamma sidan brennaren var ny. Og det er ingenting som tyder på at brennaren ikkje er tett. Det er bra trykk på tanken så lenge tanken er varm, og det er bra undertrykk på tanken etter at han har vorte kald og eg er nede i bygda att, også ei veke etter bruk.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.