Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1.     Nei det har eg ingen tru på. Ved større innkjøp er det enkelt å få ein god rabatt, og denne rabatten kjem då på alt. Ved å leite etter gode enkeltkjøp, får ein redusert pris på enkeltting, kanskje betre pris enn storinnkjøpet. Men ein ender garantert opp med å kjøpe masse småting til full pris (i alle fall dersom du har tenkt å få tak i alt før vinteren er omme).
  2.     Eg har lese heile tråden, og har fått med meg alt du har skrive om den nye versjonen. Men når eg vert spurt direkta kva grunn eg har for at _eg_ ikkje har funne Ringstind brukbar på snø (ein påstand eg hadde i ein bisetning i eit tidlegare innlegg der eg kommenterte regneigenskapane til teltet.), må eg svare utfra mine eigne erfaringar med mitt eige telt. Og teltet mitt er 9 år gamalt og har ingen måte å lukke ventilen over inngangen.
  3.     Det var sjølvsagt ein heilt subjektiv påstand frå mi side. Med teltduk som ikkje gjer noko som helst for å tette mot bakken, i tillegg til ei lufteventil som ikkje går å stenge, er mi erfaring at teltet er trekkfullt og blir etter kvart snøfullt. Mine erfaringar er basert på ei natt (i juli), og eg har ingen planer om å gjera meir utforsking av snøeigenskapane til Ringstind. Eg har telt som er langt betre eigna til bruk på snø, derfor er det lett for meg å konkludere på denne måten. Dersom du er fornøgd med teltet ditt i snøen, er det bare å oversjå mine erfaringar
  4.     Så blander du sjølv, og får ei blanding av akkurat det du sjølv ynskjer, altså for ditt tilfelle heilt rosinfritt.
  5.     Eg brukte å blande tørrmjølka rett i grynblandingen i mange år. Men no har eg droppa tørrmjølka. Når grynblandingen er god nok (nok frukt), går det greit med bare vatn;) Kaldt vatn i den varme årstida, og varmt vatn i den kalde årstida.
  6.   Eg tar ikkje av meg yttertøy ute dersom det regnar, og eg tar ikkje med vått yttertøy inn i forteltet. Dersom det er regnvær, tar eg av meg yttertøyet på veg gjennom forteltet, så her handlar det nok mest om ulike måtar å gjera det på, der eg har funne ein måte som fungerer for meg. Eg har det så tørt i innerteltet, at eg ikkje ville ha nokon betenklegheiter med å oppbevare dyr elektronikk der. Eg har riktignok aldri med meg fotoutstyr for meir enn femsifra beløp, og det ligg i vanntett fotobag i forteltet, så det bekymrer meg ikkje.   Det er heilt riktig. Og i tillegg til lettvekt, er einmannstelta sin store styrke at det er lettare å finne teltplass som er stor nok.
  7.     Vind er den store svakheita eg ser ved Ringstind, og det var ei natt i teltet i vind at eg bestemte meg for å kjøpe eit anna einmannstelt for vindutsatte turar og årstidar (altså haust). I tillegg til at eg ikkje finn teltet eigna til å bruke på snø. Eg har også svært dårleg erfaring med teltstanga, men teltet mitt er frå tida før Helsport byrja å bruke stenger frå DAC. Og eg har desverre ingen gode erfaringar med å klage til Helsport, i motsetning til mange andre på forumet. Eg ser meg ikkje som nokon hardnakka forsvarar av Ringstind. Men eg ser heller ingen grunn til å kritisere detaljar som eg aldri har sett som problematiske. At eg påstår at eg ikkje har noko problem med å halde innerteltet tørt, er fordi eg aldri har hatt problem med at det vert vått. Og tanken at det skulle vera eit problem, har heller ikkje streifa meg. Eg har ingen problem med å legge att våte ytterklede i forteltet medan eg sjølv krabbar tørr inn til dunsovepose og anna. Og eg har plass til fjellstøvlane mine, som eg trur bare er str 46, ved sida av fotobaggen i åpningen, medan sekken ligg i den delen av forteltet som ikkje er åpning. Det er sjølvsagt riktig at forteltet ikkje er noko opphaldsrom, men det er det heller ikkje i nokon av dei andre telta mine.
  8.     "uten fortelt"??? Mitt Ringstind 1 har fortelt. Og det har alle også andre Ringstind eg har sett (det begrensar seg riktignok til svogeren min sitt Superlight). Eg har heller ikkje påstått at eg ikkje vert våt dersom eg er ute i regnet Men innerteltet har eg ingen problem med å halde tørt.
  9.     Eg gjer tydelegvis ting på ein annan måte når eg går inn og ut av teltet mitt. Etter 10 års erfaring med Ringstind 1 har eg aldri tenkt tanken at dette skulle vera eit problem.
  10. Eg glemte jakka i bilen ein gong eg var på skitur med overnatting. Det kunne godt ille, men heldigvis holdt godværet seg til eg kom heim. Eg har også lagt att posen med teltpluggane på leirplassen ein gong, men til alt hell var det siste morgonen på turen, og det vart ikkje oppdaga før eg skulle pakke ned teltet etter å ha tørka det etter turen. Grøn teltpluggpose er ein utruleg ide, og alle teltprodusentar som legg slikt med telta, burde skamme seg. Etter denne turen har eg alltid brukt ein raud pose til teltpluggane.
  11. afe

    Sølete skallbukser

        Men det er få plassar det er så sølete, som i ein godt opptrakka stig, type T-merka.
  12. afe

    Sølete skallbukser

        Fordelen med litt impregnering der det er størst behov for det, er at ein kan ha ei forholdsvis luftig bukse som likevel er godt vannavvisande på framsida og innsida av leggane, og kanskje står mot nokre regndråpar på framsida av låra. Grønnlandsvoksen til Fjällräven er veldig godt eigna til å ha på akkurat der ein sjølv vil ha litt betre vannmotstand, og akkurat så tjukt lag som ein sjølv ynskjer.
  13. afe

    Sølete skallbukser

        Det vert nok vaska vekk litt voks, men ikkje alt. Eg gjorde den feilen etter fyrste vask av den fyrste voksimpregnerte buksa mi. Buksa var godt impregnert før vask, og eg tenkte at eg måtte impregnere like grundig etterpå. Den buksa stod av seg sjølv No har eg på litt voks når eg ser at det er behov for det. Og slettes ikkje etter kvar vask.
  14.     Dette er eksempel på fornuftig bruk av teknologien.
  15.     For 25 år sidan høyrde eg, i forbindelse med å ferdast mest mogleg sporlaust, at speiderleir vart brukt som skrekkeksempel på korleis ein ikkje skal ta seg til rette og la det sjå ut etter ein. Så dette er på ingen måte noko nytt. Dersom du tar eit initiativ for å gjera dette betre, er det sjølvsagt topp.
  16.     Her syndar eg visst på ca 6 punkt Men ein ting gjer eg aldri, og det er å reise på langtur med ny støvler. Eg prøver alltid ny støvlar på kortare turar fyrst, så går eg stadig lengre turar etter korleis eg føler eg stolar på støvlane. Dette krev sjølvsagt at ein skaffar seg ny før dei gamle er heilt utgåtte. Dette er ei utvida tolking av ein av fjellvettreglane: legg ikkje ut på langtur utan trening.
  17.     Det er vekta på trøya mi. Det med å kle seg riktig, og kle på og av seg til riktig tid, er ein kunst som ein bare lærer seg ved erfaring. Ved å prøve seg fram, vil du snart finne ut kva du må ha på deg for å nesten byrje å fryse etter ein lengre stopp, og som heller ikkje er varmare enn at du kan gå kortare perioder med plagget på. Det finnst ikkje noko trylleplagg for dette, men dersom du har 2-3 ulltrøyer i ulik tjukkelse, har du fleire variasjonsmoglegheiter å prøve deg fram med.
  18. Det viktigaste er å ta på og av seg ved behov. Då betyr det ikkje så mykje kva slags plagg du har. Til tross for at du har avskrive ull som for tungt, vil likevel tipset mitt vera ei mellomtjukk ulltrøye. Eg har sjølv ei ullfrottetrøye med glidelås i halsen, til slik bruk. Vekta på den er 255g. Ull er i alle fall det som er minst fuktsensitivt, og derfor det einaste materialet eg stoler på i det kalde og våte haustværet.
  19. afe

    Telt vs. Lavvo?

        Eg har aldri forstått dette med at teltet må delast opp for å fordele vekt på fleire sekkar. Er det ikkje like greit at den som tar teltet, tar litt mindre av alt anna som skal vera med, slik som mat, kokeutstyr, klede mm?
  20. Ser ut som flammespreiaren til ein propanbrennar (oppned).
  21.     Før var det meir frysing pga våte klede. Det var meir klestørk, noko som gjorde det råare og mindre triveleg i hytte og telt. Og det var mykje meir kvieleg å koma seg ut i dårleg vær. Alternativet var pvc-regnklede som ein ikkje kan rekne som særleg behagleg å bevege seg i, og våt vart ein dersom ein var i aktivitet. Må ein? Det kan sjølvsagt diskuterast. Men det gjer at ein kan ha eit langt meir aktivt liv ute!
  22. Eg har brukt stormsure med hell på både klede og støvlar.
  23.     Skal eit sauekadaver bli registrert som rovdyrtatt, skal det bekreftast at det er tatt av rovdyr og kva slags rovdyr. Når sau vert tatt av hund er det ikkje noko problem å bekrefte at det er hund, og då vert det ikkje registrert som tatt av rovdyr. Laushundar, eller rettare hundeeigarar som ikkje tar ansvaret det er å ha hund, er eit stort problem, både for saueeigarar og for mykje vilt.
  24. Har akkurat no ikkje kjøpt ein Radius no 43. Vinnarbudet var over det dobbelte av kva eg var villig å betale
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.