Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1.     Ja. For redigering, men ikkje for organisering som denne tråden handlar om.
  2.     Treng og treng. Eg har primus så eg treng ikkje bål. Men det er ikkje det dette handlar om, er det vel? For å knekke greiner og for å felle tynne busker, er ei lita øks veldig grei. Hald greina eller buska i litt spenn, og eit lite hogg med øksa så knekk det tvers av. Langt raskare enn å bruke sag. Sjølvsagt kan ein gjera det same med ein samekniv. Men ein treng jo ikkje samekniv når ein har øks. Kvar sin smak og kvar sine behov og ynskjer bestemmer. Eg har i alle fall ikkje bruk for kløyveøks på tur, den står ved hoggestabben heime. Men ei kvass, lita øks i sekken kan likevel vera kjekt på tur dersom eg er i nærleiken av skog.
  3.     På bileta lenger nede på sida til aliexpress, ser det ut som høgda samanpakka er 6,3cm, og høgda oppslått er litt over 12cm.
  4. Bare pass på å få bensin for 4-taktsmotorar. 2-taktsbensin er oljeblanda, og det vil du ikkje ha i primusen
  5. Ja, det var dine dimensjonar som langt overstig all bålved eg har fellt. Nedfall har eg nok kanskje brukt opp mot dine minimumsmål. Men så er ikkje eg ein slik som brukar mykje tid i grov skog. Tråden handlar om øks, og eg brukar ikkje Leatherman som øks. Leatherman er tang og skrujern, noko eg normalt ikkje tar med meg på tur.
  6. Primus eitelleranna på 1 liter, med varmeribber under. Kjelen var ein del av eit sett med gassbrennar, men eg fekk aldri nokon godfølelse for den gassbrennaren. Svea 123r er rein bensinbrennar.
  7. Enklare i bruk, brennaren treng jo ikkje monterast og demonterast for kvar gong. Alltid full tank før avreise. Billig brennstoff. Fungerer også i låg temperatur. Det siste betyr jo ikkje så mykje på varmaste sumaren, men det betyr mykje no om hausten. Det som derimot har vore avgjerande for min del, er pakkbarheita. Dersom eg ikkje hadde hatt ein kjele som brennaren passa så godt nedi, med ein plastboks i mellom for å beskytte belegget i kjelen mot slitasje og mogleg bensinsøl, hadde eg ikkje hatt det same forholdet til Svea'en min.
  8. Det finnst bensinbrennarar som ikkje er multifuel. Eg brukar ikkje noko anna enn Svea 123r sumarstid (inkludert full tank, oppbevaringsboks og literkjele som passar nesten perfekt utanpå denne, er pakka rett under kiloet) .
  9.     Eg har brukt ein pipekjele litt, og deler av fordelen er den same, altså at ein kan få varme ut av ved som er for liten til å lage bål av. Men mesteparten av turlivet mitt foregår for høgt til å finne ved nok til å kunne stole på ein slik, så Svea 123r har vorte fast følge for meg. Bål fungerer best i lågareliggande område og i skogen.
  10. Så grov skog har eg aldri fellt for å lage bål. Så behovet er tydelegvis veldig forskjellig, og då vert valget av utstyr forskjellig også.
  11.     Dersom bildet fra 9. juni var eit sumarbilde, er det heilt feil å stille med det i konkurransen som hadde vår som tema. Så lenge det er tema for konkurransen, må ein forvente at både dei som stiller med bilde, og dei som stemmer, tar hensyn til temaet når ein vel ut sitt favorittbilde.
  12. Den diskusjonen har me hatt før. 15. juni var eg på skitur i det eg kallar vår. 15. september er i mitt auge haust. Det betyr for min del at heile sumaren er innanfor grensene, så slik sett skal eg vera fornøgd, i motsetning til kva eg var for rammene for vinter- og vårkonkurransen.
  13.     Skal du spare vekt på mjølk, skal du gå for dei feitare variantane, der er literen lettare
  14.     Eg ser ikkje på det som paranoia. Men derimot som ein moglegheit for å faktis sikre vktige minner dersom ein skulle vera så uheldig at huset brenn. Det gamle lysbildearkivet vil derimot i stor grad (noko er skanna og sikra som resten av dei digitale bildene) forsvinne i ein slik brann. Når ein har laga seg rutinene, er det veldig lite ekstra arbeid å ha denne ekstra sikkerheita.
  15.     Det var for å vite kor mykje gass ein har i boksen før ein reiser på tur. Eg har verken med meg gass eller kjøkkenvekt på tur. Eg veit faktis ikkje kor mykje kjøkkenvekta mi veg, og eg har ikkje nokon vekt for å finne det ut, men det er i alle fall langt under kiloet. Det ekstrakiloet har eg nesten 4 av i fotoveska.
  16.     D300/D700 fungerer heilt greit med vindvottene mine, og er på ingen måte verre enn større kamera (eg brukte D1X tidlegare). Fokus er på det store hjulet på objektivet, blenderen på det vesle hjulet. Lukkertida er på eit lite hjul på kamera, det går også heilt greit, men eg brukar som oftast lukkerautomatikk, og då brukar eg dette hjulet til eksponeringskompensasjon (utan å måtte trykke på eksponeringskompensasjoneknappen samtidig). Dei fleste knappane går greit, sjølv om ein sjølvsagt ikkje har den same følelsen som med bare hender. Men ein lærer seg nokre triks med åra. Det viktigaste er kanskje at betjeninga av kameraet kan tilpassast, slik at dei funksjonane kvar enkelt har bruk for, er lett tilgjengeleg. Menyane vert aldri brukt medan eg er ute. Det einaste eg slit med å gjera med vottene på, er å få opp batteriluka, og det er det eit stort behov for i kulda.
  17.     Dersom det ikkje kan betjenast med votter med vindvotter utanpå, er det ikkje noko eg vil ha i vinterfjellet.
  18.     Det er ikkje verre enn å setje den nye gassboksen på kjøkkenvekta og skrive vekta på boksen med sprittusj. Då er det enkelt å sjekke kor mykje gass som er brukt, og altså kor mykje som er att.
  19. Dyrevelferdsloven §15 seier: "Bygninger, gjerder og andre mindre innretninger skal utføres eller oppføres og holdes ved like slik at dyr ikke utsettes for fare for unødige påkjenninger og belastninger. Det skal ikke brukes piggtråd i gjerde for å regulere dyrs ferdsel. Den som er ansvarlig for bygningen, gjerdet og innretningen, skal føre nødvendig tilsyn med disse og gjennomføre nødvendige tiltak for å kunne oppdage, forebygge og avhjelpe fare for unødige påkjenninger og belastninger. Kongen kan gi nærmere forskrifter om bygninger, gjerder o.l., herunder om forbud mot og fjerning av slike, samt om unntak fra forbudet mot å bruke piggtråd i gjerde." Forurensningsloven har også ein §28 som regulerer forbudet mot forsøpling. Så gjerderestene på bildet er opplagt ikkje etter loven.
  20.     Det med at lasta vert for høg, er eit stort problem, for det ender med velt, velt og atter velt. Det er utruleg irriterande. Derfor anbefaler eg ingen å kjøpe for liten pulk. Teltstengane er det bare å dele i 3 (2 som er så lange som mogleg, og så ein tredje og ytterste del for resten., så det problemet er bagatellmessig.
  21.     Dersom det er staten sitt gjerde, skulle sjølvsagt reinegar ha erstatning. Men eg tviler både på at det er staten som er ansvarleg i dette tilfellet, og at reineigar hadde fått noko dersom så var tilfelle.
  22. Eg har til gode å finne jakker som har for lange ermer, og eg driv ikkje med fjellklatring. Så dersom nokon kan tipse om produsentar som har dette, ville eg vera glad. Fjällräven og Norrøna er allereie prøvd, og etter mi erfaring har ikkje desse særleg lange ermer, i alle fall ikkje for lange.
  23.     Eg er litt usikker på kva det er som er knot med kaldt vatn om vinteren. Primusen står nå der og smelter snø og vermer vatn til å ha i termosen som eg brukar i løpet av dagen. Så ved å forsyne meg til rett tid, får eg vatn i akkurat den temperaturen eg vil ha. Når det er sagt, fyller eg termosen om kvelden også, dette vatnet brukar eg til frokosten slik at eg kan starte etinga medan snøsmeltinga pågår. Eg brukar varmt vatn på frokostblandinga om vinteren, kaldt vatn om sumaren.
  24. Sjølv brukar eg eigenkomponert frokostblanding. Og det har eg gjort dei siste 25 siste turåra, men blandingen har endra seg gjennom åra. Eg kunne virkeleg ikkje tenke meg å starte dagen med verken havregrynsgraut eller risengrynsgraut.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.