Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1.     Men utluftinga som får fuktigheita ut, er langt meir effektiv dersom det er litt trekk. Dersom ein brukar ein fora fjellduk for å få meir isolasjon, har eg langt meir sansen for å ha ein sovepose som er varm nok. Men kvar si lyst.
  2.     Men er det mykje vind, plasserer ein jo ikkje teltet på spesielt utsatte stader. Det skal ikkje store steinen til å få ly for å spare teltet for betydelege vindbelastningar.
  3. Det er ofte fint vær i fjellet også, eg har hatt fleire netter under åpen himmel over skoggrensa enn under skoggrensa. Og aldri med nokon form for soveposeovertrekk. Men eg dreiv å pønska ut eit bomullsovertrekk for mange år sidan, men det har aldri vore med på tur. Men vintertid er det nok enklare og meir komfortabelt å gjera det i skogen.
  4. Eg fekk meg ein aha-oppleving ei vinternatt for mange år sidan. Då eg fortsatt hadde telt med skråvegg i enden, hadde eg høyrt tipset om å legge jakka (som beviseleg var pustande) rundt enden av soveposen for å beskytte denne mot teltduken. Fotenden av soveposen min har aldri vore så våt som han vart den natta. Å ha ei kondensfri natt med vanntett, pustande trekk utanpå soveposen, er rein utopi. Fora fjellduk fungerer ei natt eller to, eller fleire avhengig av tørkemoglegheiter, men det er fordi kondensen vert liggande i foret og dermed held soveposen turr. Mange er fornøgd med denne løysinga, og det er fordi det fungerer. Men dersom ein ikkje tar høgde for at foret vert metta etter ei tid, kan ein få seg ein ubehagleg overrasking dersom ein legg ut på langtur. Sjølv overnattar eg utan telt bare dersom det ikkje er veldig sannsynleg at det vert opphaldsvær, og då greiere eg meg fint utan nokon form for utanpåtrekk. Sjølv om eg hadde ei litt ubehagleg natt ute i vind og nysnø i fjor vår. Men med unntak av snø i ansiktet, var det ikkje noko fuktproblem (då trur eg at eg hadde ein sovepose med ytterstoff av bomull, noko som fungerer godt både med tanke kondens og bålglør).
  5.     Eg har ikkje nevnt superundertøy. Alle trøyene mine er av ull, og ingen av dei er så trange at dei ikkje fint går utanpå ei anna trøye. Sumarstid går eg med ei tynn t-trøye av ull dersom det er varmt nok for det. Midtvinters går eg med opptil 2 lag ulltrøyer under vindjakka. I alle temperaturar mellom dette, brukar eg ein mellomting. Nybyrjaren får sjølv prøve seg fram for å finne ut kva som passar for hans behov, aktivitetsnivå og klima. Tjukk ullgenser brukar eg bare når eg sitt stille i jakta om hausten. Var det meir detaljar du ville ha?
  6. Manaslu 96. Ikkje det at eg har behov for ein, men eg hadde så lyst på ein. Ein veit jo ikkje kor lenge slikt er å få tak i, og då er det like greit å kjøpe før det er for seint.
  7.     Dei fleste ulltrøyene mine fungerer akkurat like godt som innerste lag og som mellomplagg. Så eg ser ingen problem med å anbefale eit plagg du reknar som undertøy, som mellomplagg. Eg tar heller med meg to litt ulike trøyer som kvar kan fungere både som undertøy og mellomplagg, det gjev meg 3 ulike kombinasjonar (tynn, tjukk og tynn+tjukk). Dersom mellomplagget ikkje kan brukast rett mot hud, gjev to trøyer bare to ulike kombinasjonar (bare undertrøye og undertrøye+mellomplagg). At ikkje alle innlegg held seg 100% til spørmålet i det fyrste innlegget får ein bare leve med, ellers ville forumet vera ein kjedeleg plass som snart ville forsvinne i glemmeboka.
  8. Når trådstartar ber om erfaringar og innspill, bør desse erfaringane vera basert på erfaring og ikkje bare objektive mål. Kva eg har sett av Lanullva, har eg ingen problem med å anbefale det for den som treng eit varmt ullplagg. Men det behovet har eg ikkje sjølv. Eg har tynnare ullplagg som ikkje er så varme, og som derfor kan brukast oftare. Og det er langt meir fleksibelt med fleire tynne lag enn eit tjukt. Og når eg treng ein tjukk ullgenser, har eg mange av dei liggande, inkludert ein Ulvang Rav. Dersom eg ikkje hadde hatt tjukk ullgenser fra før, og derfor skulle kjøpt meg ein tjukk ullgenser i dag for å ha med i sekken, vill eg kjøpt Lanullva på grunn av at denne er meir luftig og derfor lettare og meir komprimerbar for same isolasjonsevna enn andre tjukke ullgensrar. Kunsten med påkledning er å ha på seg passe mykje i forhold til aktivitet og vær, det er rett og slett ikkje noko som er objektivt best. Og om noko er verdt prisen, er veldig personleg og avhengig av både behov og eigen økonomi
  9.     Kondenseringa skjer i like stor grad (dette er dokumentert av Jerven). Men det er ikkje noko problemet¹ før foret er så rått at det vert ubehagleg. Derfor fungerer dette godt til ei natt eller to, men dårleg over tid dersom ein ikkje får turka foret. ¹Med unntak av vektauken som er målbar etter fyrste natt. Og så vektbevisst dette forumet har vorte, må det også reknast som eit problem. Men for dei vektbevisste er vel ein fora fjellduk heilt uaktuelt uansett.
  10.     Det er mange ulike idear om korleis opptenningsveden skal leggast i ovnen. Nokon fyller ovnen med ved. Det er ikkje noko godt utgangspunkt for den som skal fyre opp neste gang. Sjølv likar eg å legge i sjølv, derfor legg eg heller ikkje i før eg forlet ei hytte (altså forlate hytta slik ein sjølv ynskjer å finne ho). Men eg fyller _alltid_ vedkassa og legg opptenningsved lett tilgjengeleg ved ovnen. Og eg passar alltid på at det ligg fyrstikker lett tilgjengeleg. Slik at eg reknar ovenen som klar til oppfyring.
  11.     Min variant er å gå på det same fjellet kvar månad (noko eg har gjort sidan 2003). Eg føler meir for å få eit personleg forhold til eit bestemt fjell, enn å samle på flest mogleg toppar der eg aldri vert ordentleg godt kjent.
  12.     Ikkje bare private hytter. Fjellstyrer og Statsskog med fleire har også åpne hytter. I mange av desse betaler ein heller ikkje for seg, og då er det all grunn til å respektere oppmoding om å spare på brenselet når det er mogleg. Og eg har til gode å besøke ei slik hytte der det ikkje er rimleg reint (med unntak av hytter med jordgolv). Så det fungerer nok stort sett greitt. Der det erfaringsmessig ikkje har fungert, er det vel løyst med oppslag om at det skal vaskast uansett;)
  13.   Ettersom trådstartaren ikkje har nevnt DNT (eller lokale turistforeningar) i fyrste posten, har eg også basert innlegget mitt på åpne hytter generelt. Og DNT sitt hyttereglement har eg aldri sett i ei hytte som ikkje er tilknytt ei turistforening. Eg har nok ikkje sett den ordlyden. Men eg har ofte sett ulike variantar av at det skal sjå ordentleg ut etter ein, men der ordet "vask" ikkje nevnt, nettop fordi oppvarming av masse vatn er unødvendig sløsing av brennstoff. Når det ikkje er nødvendig med vask, og transport av ved og gass er ein kostbar affære (noko det er for dei fleste veglause hyttene i fjellet). Heilt utan å vurdere slikt sjølv, baserer eg meg på kva som står av oppslag i hytta. Dersom det står at ein skal spare på veden, og det ikkje er nevnt at ein må vaske for kvart besøk, prøver eg å spare på veden og lar vera å vaske eit ganske reint golv.
  14.     Der regelen er at det skal vaskast, skal det sjølvsagt vaskast. Det er hytteeigaren som bestemmer reglane, og som dermed har gjort vurderinga av kva som er naudsynt og ikkje. Den som ikkje vil godta reglane, kan gå ein annan stad. Men det er ikkje alle hytter at den regelen eksisterer, og det med god grunn. Det er i mange tilfeller rein sløsing av ved eller gass å varme opp vatn for golvvask. Og i dei tilfella er golvvask noko som bør gjerast kun ved behov. Og så lenge alle besøkande tar av seg uteskoa, kan det vera nokre overnattingar med bare oppsop av golvet mellom kvar vask.
  15. Det er kombinasjonen Firefox (eg har ikkje prøvd i andre nettlesarar og har heller ikkje tenkt å prøve) og Paypal som ikkje har fungert på den nettsida for min del. Men så er eg heller ikkje rakettforsker.
  16.     Kjekt for deg. Eg har aldri greid å bestille derfra, bestillingssidene deira fungerer rett og slett ikkje på arbeidstasjonen min.
  17. Eg har ei slik Devold-netting-trøye. På avstand ser ein ikkje at det er netting. Basert på erfaringar med andre nettingplagg, både frå Aclima og Brynje, har eg tru på at denne skal vera meir slitesterk enn vanlege ullplagg. Tida vil vise om eg vert fornøgd eller ikkje.
  18.     Når eg les dette, vert eg litt nysgjerrig på kva du har gjort med Phoebusen din som gjer han så spesiell. Eg har nemleg ein heilt standard Phoebus 625 med parafindyse, og den er totalt umogleg å få til å brenne reint uansett kva parafintype (inkludert Shellsol D60 og fleire ulike tennvæskemerker som alle fungerer ypperleg på Nova og 111) eg prøver.
  19.     Uranostind er allereie bekrefta. Til venstre for dette ser du også såvidt i Falketind. Utanfor bildet ditt, til venstre for Jukleeggi skal du også sjå Store Ringstind og Austanbotttindane. Eg ser at bildet ditt ikkje er høgaste toppen, men litt lenger søraust, så det er mogleg desse ikkje er synlege derifrå.
  20. afe

    Urevassnuten

    Bratt men det ser du jo på kartet. Det er fin parkeringsplass rett utanfor tunnelen. Ein annan bratt variant du kan vurdere, er opp langs Tyrvla (frå Sveingardbotn), der er det i det til og med stig opp lia.
  21.     Eg har ikkje høyrt noko som skulle tyde på at det er noko konstantert, reelt problem lokalt, så eg reknar med at det er ei generell åtvaring ettersom det er mykje lemen for tida.
  22. afe

    Urevassnuten

    I motsetning til DNT, har eg ikkje sansen for å oppgje turlengde i timar. Forskjellen i gangfart frå person til person er for stor til det. Eit rask blikk på kartet viser at det er 600 høgdemeter, 7-7,5km og mykje stein, så får du vurdere sjølv.
  23. afe

    Urevassnuten

    Dersom du ikkje vil ha ein så bratt tur som turen rett opp fra Urevassbotn, kan du køyre til Vestredalen (romsleg parkeringsplass omlag midvegs langs vatnet) og gå via Rossdalen. Eit endå flatare alternativ som også kan kombinerast med kano eller packraft, er å køyre til Nyhellerdammen og gå eller padle derifrå. Dersom ein padlar, vert det ei lita bæring frå Kongshellervatnet til Langavatnet. Begge desse rutene kan også brukast vintertid. Men vegen opp til Nyhellerdammen er ikkje brøytt, så då må du parkere inne i Finndalstunellen (bildet viser tunellåpning sett utanfrå). Høgare kjem ein ikkje med bil vinterstid her til lands. Då er det finast å gå Finndalen (i staden for å følge vegen opp til dammen).
  24.     Eg ser kva du skriv, men mi erfaring er at slike klede faktis er regntette. Eg har aldri vorte våt av vatn utanfrå med membranklede som ikkje er utslitt. Og eg har heilt slutta å bruke andre regnklede fordi membrankleda fungerer ypperleg til formålet. Eg har også brukt membranbukse, hardt stramma rundt skaftet på fjellstøvlane, for vading utan å verte våt. Det ville ikkje fungert dersom membranen ikkje var tett.
  25. Eg har ikkje denne modellen, men eg har ein annan Garmin-gps med berøringsskjerm, og mi erfaring er at det berøringsskjermen er frykteleg irritande med votter på. Eg er i alle fall langt meir fornøgd med knappe-GPS til slik bruk.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.