Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1.     Det er 2 fleire enn kva som er i sekken min. Det er nettopp å la vera å ta med unødvendige ting eg har brukt for å halde vekta på sekken nede, heller enn å kjøpe dyre, slitesvake alternativ for å spare vekt. Og det har eg tenkt å fortsette med.
  2. Kva er vits med ungar, dersom dei ikkje skal vera med på tur. Nei, han folkehøgskulelæraren burde finne seg eit anna yrke der han ikkje får anledning til å fortelje ungdom at ungar ikkje skal vera med på tur.
  3. Eg hadde planer om å skaffe den. Når ein likevel har med seg parafin til primusen, ville det vera lettvint med same brennstoff i lykta. Men etter kva eg las dengong, var det ikkje å anbefale å transportere den parafininnsatsen med parafin i, og då vart det mindre interessant. Etter eg fekk tak i ledlykt som fungerte langt betre, både sikkerheitsmessig og lysmessig, har eg ikkje sett på dette som interessant lenger.
  4. I forhold til kva som virkar til å vera trenden på dette forumet, er eg ein ordentleg tungvektspakkar. Men i forhold til kva eg møter i fjellet, er eg nok ein lettvektspakkar. Dette kan nok ha fleire grunnar. I den grad lettvektspakkarane er meir oppteken av utstyret sitt, både å diskutere og fortelje om det, vert det sjølvsagt meir fokus på akkurat dette utstyret. Og så er nok ikkje fjellvandrarar flest medlem på forumet her, så kva som faktis vert brukt i fjellet av folk flest, er noko heilt anna enn kva dei utstyrfikserte på forumet er oppteken av. Når det gjeld vekta på sekken, trur eg alle, også dei som ikkje pakkar lett, er enig om at det er kjekt med lettare sekk. Kunsten for å oppnå lettare sekk og fortsatt ha ein vellukka tur, er å spare på dei tinga som betyr lite (feks glassflasker), og behalde det som betyr mykje. Kan ein spare mykje på ting som er mindre vesentlege, kan ein attpåtil ta med meir av det som betyr noko på den aktuelle turen, som fiskeutstyr, fotoutstyr, mat etc.
  5.     "veldig ren parafin" er veldig feil. Men som primusdrivstoff fungerer det sikkert godt dersom ein ikkje har noko anna, i alle fall ute i friluft.
  6.     Eg har ikkje greie på smarttelefon-formatet. Men det må vera ein enkel sak å lese av ei CD-plate for å få overført lyden til ein smarttelefon, eller er kanskje ikkje desse telefonane så smarte lell?
  7.     Eg hadde ei slik for mange år sidan, og mi erfaring var at dette var totalt ubrukeleg. Med den minste trekk, altså litt lufting i teltet, byrja stearinen å renne. Og med rennande stearin i mekanismen, fungerte ikkje matinga. Då var det bare å plukke heile lykta frå kvarandre og renske. Lykta vart kasta etter fyrste turen, og utan at det fyrste lyset var brukt opp. Sidan den gong, har lysdioda vorte brukbar som belysning, og eg ser ingen grunn til å bruke levande lys til slikt meir. Men så er eg heller ikkje ute etter koselys.
  8. Eg har ikkje hatt med meg brød på tur sidan tidleg på 90-talet. Eg greidde meg godt utan samekniv dengong, og eg har greidd meg godt utan i alle år seinare. Med unntak av å hogge ved som er grøvre enn det eg normalt brukar til bål, fungerer ein mindre kniv minst like godt, og i dei fleste tilfella mykje betre enn ein samekniv. Før denne tråden dukka opp, trudde eg faktis at samekniv gjekk av moten rundt 1990, for etter den tid kan eg ikkje hugse å sett samekniv i bruk, og eg har aldri savna han. Men no forstår eg at samekniven fortsatt er i bruk i enkelte miljø.
  9. Så lenge pumpelæret ikkje er øydelagt, kjem du truleg langt med å gni inn litt olje. Prøv det fyrst. Dersom læret er øydelagt, må du bytte det ut med eit nytt.
  10.     Forskjellen på om plagget er godt impregnert eller ikkje, merkar ein ved at eit godt impregnert plagg turkar mykje raskare etter regnet, og eit tørt plagg pustar betre enn eit vått plagg. Så i vekslande vær, vert ein mindre våt av sveitte i eit godt impregnert plagg. Til tross for dette, har eg aldri brydd meg om å impregnere eit membranplagg. Eg tar det heller av meg dersom det vert for klamt.
  11. Så vidt eg hugsar, må ein skru av slangen også, for å få brennaren ut av huset med føttene. Når det gjeld forvarming med parafin, har eg gode erfaringar med det på Nova. Men Nova er også den einaste brennaren eg har gode erfaringar med forvarming med parafin. Det er synd at Nova har fått så dårleg rykte, for det var ein veldig god brennar på alle måtar.
  12.     Dei fleste andre (i alle fall alle anvisningane eg har lese) anbefaler stryking eller tørketrommel. Eg har ikkje brukt nokon av delene, så eg har ingen erfaring med om det hjelper på noko som helst.
  13. Det er ikkje verken tilfeldig eller overraskande at bladet knekk akkurat der produsenten har laga ein kjempesvakheit i bladet. Kniven er jo laga for at dette skal skje.
  14. Eg bles også opp liggeunderlaget med munnen. For meg er det langt viktigare at liggeunderlaget fungerer når eg brukar det enn at det skal overleve mange år. Og utan å blåse det opp, er det verdilaust etter mitt syn.
  15.     Dette er langt frå korrekt. Det er ikkje alle kartdata som er gjort fritt tilgjengeleg. Det er bare kartdata for målestokk 1:50000 og mindre som er gjort tilgjengeleg, i tillegg til terrengmodell (10m), veg og stadnavn. At resten av Europa har frigitt alle kartdata fleire år tidlegare, er heller ikkje riktig.
  16.     Problemet med skråvegg i forteltet slik som Nammatj har (og grunnen til at Nammatj-teltet mitt er førtidspensjonert) er at snøen legg seg oppå ytterteltduken som vender mot vinden. Dette presser over tid duken ned mot bakken, og innerteltet som er under ytterteltduken, vert sjølvsagt også pressa ned, og slik vert teltlengda, som er knapp i utgangspunktet, effektivt redusert. For meg var dette eit reelt problem i løpet av ei eller fleire netter på samtlige vinterturar. Einaste måten for meg å få plass til å ligge i det teltet, var å stikke føttene ut i forteltet, og ligge med hovudet mot skråveggen som vart pressa ned av snø og vind, og så aka meg meir og meir ut i forteltet i løpet av natta. På grunn av gropa eg alltid har i forteltet, kunne eg ikkje ligge med hovudet i den enden. Når det gjeld stormmatter, har eg aldri savna det på Hillebergtelta mine. Telta er rett og slett konstruert for å fungere utan stomrmatter.
  17. Eg har hatt fotposar til bruk som leirtøfler i fleire år. Og mitt valg har vore å ha posar som er passe på foten når eg ikkje ha på seg skistøvlar. Det vil seie så små at det ikkje er plass til skistøvlar eller andre sko nedi. Då har eg fotposar som er gode å gå med, og langt frå så poseaktig som det vert dersom fotposane skal vera store nok tol å ha på seg støvlar nedi. Så slepp eg at det kjem snø nedi når eg har på meg skistøvlane, noko som gjer at sokkane vert våte når eg ikkje har på meg støvlar. Og, ja. Det er svært behagleg å få av seg skistøvlane etter ein lang dag, og ta på seg tørre sokkar og fotposar.
  18.     Keron 2 gjekk ut for fleire år sidan
  19. Dersom du er ute etter dei meste data som ligg i vanlege 1:50000 kart, finn du det fritt nedlastbart på kartverket.no Så får du gjera eigne analyser for å trekke ut den informasjonen du er ute etter. Meir komplett datasett over norske fjelltoppar av alle høgder og med koordinatar, er det vanskeleg å finne.
  20.     Spør du meg? Eg meiner ein skal unngå både teltbrann og mat/drikke-mangel. Vintertid er begge deler like viktig, ettersom det kan eine kan vera like fatalt som det andre. Og korleis ein skal greie det, står i det forrige innlegget mitt.
  21. Sikrare på den måten at ein kan stole på å få brennaren til å fungere i kulda. Når det gjeld sikkerheit, er det akkurat like viktig å kunne få seg mat og drikke for å fullføre turen, som å hindre teltbrann. Det siste kan ein greie uansett brennar, bare ein er forsiktig. Med gassbrennar i kulda, kan ein risikere å stå der med snø i gryta og ein brennar som ikkje vil fungere pga av gassens eigenskapar. Bensin/parafin-brennarar med pumpe som kan sikre ein å ha bra trykk, og følgeleg full effekt, uavhengig av temperatur, det er kva eg meiner er betre enn gass. Med ein gong ein må til å snu gassboksen og andre triks for å få gassen til å fungere, meiner eg at bensin/parafin er enklare enn gass. Sjølv brukar eg bensin om sumaren også, fordi ein superenkel bensinbrennar er like enkel å bruke som ein gassbrennar som må monterast på gassboks før kvar bruk.
  22. Skal ein rekne på kva som lønner seg vektmessig, må ein samanlikne vekt. 1,3 liter parafin veg ca 1kg
  23. Grunnen er at trykket vert mykje høgare, noko som gjer at ein må ein meir solid gassboks. Ein meir solid gassboks veg meir, mykje meir.
  24. Fordi det finnst betre, enklare og langt sikrare alternativ. Konsekvensen av å ikkje få smelta snø til drikke og matlaging, kan vera stor. Og det er når det er kaldast, og behovet er størst, at gassen vil svikte. Men kvar si lyst.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.