Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1.     Dersom ein må transportere brennaren med trykk på tanken, er det ei lita katastrofe som ventar på å skje. Når det oppstår ein lekkasje, vil det lekke mykje, ettersom det er trykk på tanken. Eg lar det heller ikkje vera trykk på tanken når eg søv. Då eg brukte slangebrennar, hadde eg aldri festa flaska til plata, rett og slett fordi eg såg på det som uhensiktsmessig, og unødvendig. No brukar eg brennar med fast tank, og lufteskruve på tanklokket.
  2. Ulempa med gass er at boksen vert kaldare ved bruk, og trykket er direkte avhengig av temperaturen på boksen. Effekten vil altså avta under bruk, og dette merkast best med lite gass att på boksen. Du får nok varma pølsene dine, men dersom du har tenkt å fyre i teltet, kan du få ein kjedeleg overrasking, kanskje også medan du smeltar snø. Og jo kaldare det er, jo raskare vil gassen misste effekten. Men så lenge du kjenner til begrensinga, og tar hensyn til det, vil du nok få det til å fungere. Eg har ingen forståing for kvifor du vil deg så vondt, men så diggar eg ikkje gass heller.
  3. Sjølvsagt greier dei flest av oss å lage kvar vår ultimate primusplate. Men ettersom ynskja og behova er ulike, vert også løysingane ulike.
  4.     Men det er ein effektiv måte å spare vekt på. Og lav vekt er heile poenget med dette teltet. Dei fleste ventilasjonsløysingane tilfører vekt. Men å spare så mykje stoff i underkant, reduserer vekta. Men det er sjølvsagt heilt rett at dersom ein vil ha eit trekkfritt telt, må ein ha regulerbar lufting. Og det finst heldigvis mange telt som tilbyr dette, men det er tyngre telt.
  5.     Ettersom mange av oss er villig til å bruke fritida vår til jakt, er det ikkje behov for profesjonelle jegrar. Sjølv jaktar eg for å regulere bestandane etter bestandsmål vedtatt av politisk valde viltnemder og villreinnemder.
  6.     Men Kaitum er konstruert for å tette mot bakken også, i motsetning til Anjan som er diskutert i denne tråden.
  7. Eg ville vera svært betenkt på å fylle bensin på, pumpe trykk og tenne på ein ukjent dings utan navn. Det hjelper fint lite at han liknar på noko som er velkjent. Det er godt mogleg at dingsen fungerer, men eg ville ikkje ta sjansen på at det motsatte er tilfelle.
  8. Det er ikkje jakt dette dreier seg om. Det er korleis viltforvaltninga skal finansierast. Frp skal redusere skatt, så dei går ikkje til valg med at noko skal finansierast over skatteseddelen.
  9. Om du ikkje brukar han til strykejernet, er han i alle fall fabelaktig til vaffelsteiking. Ettersom det ikkje er regulator på brennaren, eignar han seg ikkje for å transportere med brensel på tanken, så det er ingen turprimus. Og for oppbevaring må du hugse å la lufteskruven vera åpen, ellers vil endring i lufttrykk føre til parafinsøl.
  10. Basert på bilder på nettet, skal teltet senkast med mykje meir enn 1 cm for å få det nokonlunde tett mot bakken.
  11. Og viltforvaltning er også ei samfunnsoppgåve. Kvifor skal landets bestemødre vera friteken frå å betale for det? At den praktiske utføringa kan utførast av frivillige på hobbybasis, må ein rekne som ein bonus, både for samfunnet og for den den enkelte jeger. Jegeravgifta er ikkje ei avgift for å finansiere tiltak for jegrane, det er ei avgift for å finansiere vilttiltak.
  12.     Ikkje meir urettferdig enn at det vert drive barnehagar av mine skattepengar. Poenget med forslaget var jo at viltforvaltninga er ei offentleg oppgåve og ikkje bare til nytte for jegrane. At jegrane gjer den praktiske jobben i forvaltninga, betyr ikkje nødvendigvis at det er jegrane som skal finansiere resten av viltforvaltninga. Ei av dei ivrigaste på elgjaktlaget eg er med på, er forresten bestemor
  13.     Eg har ikkje det aktuelle teltet, så det er fullt mogleg at eg har missforstått både det eine og det andre. Men teltet er faktis konstruert for at det skal vera ei stor glipe under ytterteltduken. Dette er den einaste ventilasjonen utanom åpningen. I sumersola er fungerande ventilasjon viktigare enn fråver av trekk. Ved å kappe stengene, vil ein heilt sikkert få senka ytterteltet ned til bakken, men det vil også senke innerteltet slik at det vert slakt både her og der. Skal ein ha eit telt som kan gjerast trekkfritt ved behov, men også fungere i finvær, får ein velge eit telt som har regulerbar ventilasjon. Eller hadde du kanskje tenkt å ha to sett med teltstenger slik at ein kan bytte til dei orginale ved soloppgang?
  14. No går det nok greit med stein. Men om 2 månader når alle steinane ligg under 1 meter snø, er nok flaska ganske mykje enklare i bruk.
  15. Sjølv forlet eg aldri teltet med åpen ild innenfor. Så stearinlys utgår for min del.
  16.     Eg er ingen tilhenger av teleskopstavar. Det vert unødvendig tungt. Men skal du fyrst ha teleskopstavar, er Gipron ein av få produsentar som har ein låsemekanisme som faktis fungerer.
  17.     Sjølv ein roleg refleks vil blinke når ein sveiper hovudlyktlyset forbi
  18. afe

    Oppvarming av sko

        Dei posane var definitivt ikkje eigna for oss som var lenger enn gjennomsnittet. Posen rakk meg til oppunder armane, og ettersom det ikkje var plass til å vera påkledt i posen, og eg var avhengig av å ha klede på overkroppen, var den einaste måten eg kunne få ordentleg søvn å ligge utanfor soveposen. Eg bad om å sleppe å bera med meg soveposen på øving, men dette vart naturlegvis ikkje godtatt. Derfor måtte eg bera med meg desse kiloane til ingen nytte. Det var mykje dårleg utstyr i militæret, men soveposane var kanskje av det aller dårlegaste.
  19.     Eg meiner at den største fordelen med fortelt vintertid, er at ein kan lage akkurat så stor takhøgde som ein ynskjer og derfor gjer teltlivet langt romslegare enn sumarstid. Då eg hadde vintertelt med bare eit fortelt, oppbevarte eg sekken i innerteltet, ettersom forteltet gjorde betre nytte for seg som arbeidsrom.
  20.     Eg har desverre til gode å finne ei jakke som er lang nok til å bruke i kombinasjon med lårings.
  21. Eg har dei på telemarkskia. Men på ski til å gå anna enn rett opp for å løype nedatt, er dei alt for tung og stiv, i alle fall etter min smak. Hadde dette tilbodet vore i nærleiken av meg, skulle eg kjøpt, for eg har behov for ein ny venstrebinding.
  22. Sjølv har eg ein vår/haust-pose som skal halde meg varm i 1-sifra kuldegrader og ein vinterpose som skal halde meg varm i alle aktuelle vintertemperaturar. Vinterposen tar sjølvsagt noko plass, men det er mange år sidan eg slutta å pakke han i sekken, pulk er til for å få med seg volumiøst vinterutstyr.
  23. Det viktigaste for å overleva, er etter mitt syn å unngå å koma opp i kritiske situasjonar. Då vert ikkje slike program særleg imponerande. For meg illustrerer slike program bare idioti, og ikkje overlevelseskunst. Skal eg kaste bort tid på å sjå TV, skal eg sjå meir interessante program, og då vert det program som ikkje har nokon som helst relevans til dette forumet.
  24.     Den same impregneringa fungerer like godt på rein bomull også
  25.     Eg greier meg godt med bare ullundertøy og vindjakke, så du greier deg nok godt med det same pluss fleecejakka. Men ta av deg fleecejakka _før_ du vert sveitt. Den enklaste og sikraste måten å finne ut kor mykje klede ein treng i ulike situasjonar og værforhold, er å prøve. Det er så enkelt som å ta av eller på seg eit ekstra plagg dersom ein bomma litt i utgangspunktet.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.