Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1.     Eg har ingenting mot ein lettare sekk. Og eg har god kontroll på vekta på sekken min, sjølv om eg ikkje kan kallast lettpakkar på dette forumet. Når mjølkesyregrensa vert brukt som argument, forstår eg at diskusjonen om lettpakking eller ikkje, er langt utanfor kva eg driv med. Ærleg tala, eg er aldri i nærleiken av nokon mjølkesyregrense når eg er på tur, heller ikkje når eg har 40kilo kjøtt i sekken. Skal de bruke tid på å misjonere lettpakking overfor oss som har andre mål for turen enn bare vekta på sekken, får det brukast reelle argument.
  2.     Altså ikkje kinavare. Japan har vore kjent for god kvalitet i fleire tiår no. Ettersom nesten alt vert produsert i Kina no, er det mykje bra også. Men merkelause kinavarer er stort sett heller dårlege greier. Sjølv om det er billig, er det ikkje alltid verdt prisen.
  3. Eg kjenner fleire som har opplevd at apparatet ikkje har tetta mot boksen på slike punkteringsboksar. Då er det bare å kaste boksen, og passe på å ikkje ha nokon anntenningskilder i nærleiken.
  4.     Dersom andre er som meg, så er nok ein viktig årsak at dei yngre ikkje er så interessert i å gå tur i lag med ein gjeng eldre.
  5. Det viktigaste er at støvlane passar føttene dine. Og det er eigentleg det einaste viktige. Dette er det bare du som kan sjekke, og du må prøve støvlane godt før du kjøper dei.
  6.     Dersom det er meg du sikter til, så har eg heller ikkje påstått at det ikkje har nokon betydning.
  7.     Det skjer nok ikkje så lenge det er parafin eller bensin å få kjøpt. Eg ser absolutt ingen grunn til å velge eit dyrt brennstoff som fungerer så dårleg og usikkert i kulda, når ein har billige brennstoff som fungerer langt betre og er enklare i bruk. Ja, eg meiner faktis at det er enklare med ein parafinbrennar, der det bare er å pumpe litt i ny og ne for å sikre trykk på tanken og full effekt på brennaren.
  8.     Det er større propanandel i gassfasen enn i væskefasen, dette gjeld uansett temperatur. Så når ein tar ut gassfasen frå ein boks som står den riktige vegen, vil ein ta ut meir propan, slik at propanandelen i boksen vil avta. Men ettersom det er så lite stoffmengde i gassfasen i forhold til væskefasen, sjølv i ein nesten tom boks¹, vil blandingsforholdet i væskefasen halde seg så godt som konstant, når ein brukar av væskefasen, altså ved med boksen opp ned. Dersom ein tømmer heile boksen opp ned, vil blandingsforholdet vera så godt som det same når boksen nærmar seg tom som det var då boksen var full. Det vil riktignok endre seg litt heilt på slutten, altså dei siste dråpane. ¹Hugs at tettheita til væskefasen er langt større enn gasfasen.
  9. Med boksen den rette vegen, skjer all fordamping i boksen, og boksen vert avkjøla, noko som fører til at trykket vert redusert, og med det effekten. Trekkpapirer på innsida av den nye boksen, vil hjelpe til at gassen fordampar raskare, slik at trykket held seg nærare likevektstrykket. Men under kokepunktet til gassblandinga, vil det uansett ikkje vera noko overtrykk til å drive gassen ut i brennaren. Med boksen oppned, vert væskefasen ført fram til brennaren og fordampar der, på same måte som med ein bensin/parafin-brennar. Dette gjer at gassboksen ikkje vert avkjøla, og effekten vert ikkje redusert på same måte. Men ikkje tru at ein sparar propanen til slutt. Dersom det er 20% propan i boksen, er det 20% propan i væska som endar i brennaren også. Etter kva eg forstår av omtala på primus.se, er det bare isobutan og propan i denne "vintergassen"
  10.     Eg har slutta å bruke trøye med høg hals. Eg brukar heller ein laus hals (buff), det er endå meir fleksibelt ettersom det er lett å ta av og putte i lomma.
  11. Innmaten som skal hjelpe til raskare fordamping, misstar i alle fall funksjonen når ein snur boksen og lar fordampinga foregå i brennaren. Men fysikken er jo ellers den same, så oppnedboks vil nok vera det beste for dei som svergar til gass i kulda. Men med tanke på kva ein slangebrennar for gass kostar, er det lite å spare i forhold til ein ordentleg brennar for bensin eller parafin.
  12. Den store sledereisen av Knud Rasmussen Tusind dage med Sirius av Peter Schmidt Mikkelsen og Sirius gennem 50 år av diverse Sirius-deltagarar.
  13. Så lenge CO ikkje er noko problem, altså ute i friluft, er kjeler med varmeribber veldig effektiv. Men det sett også krav til at brennaren kan justerast kraftig ned dersom ein skal småkoke. Inne i telt, sjølv med god lufting, bør ein bare bruke kjelar med flat botn.
  14. Gass har uansett sine svakheiter i kulda, det er bare grensene som vert forskyvd. Gassen vil svikte når det er kaldt, og ein treng eit fungerande kokeapparat mest. Uansett kva Primus prøver å fortelje, vil eg aldri anbefale gass i kulda. Men ein kan forvente at det er eit godt alternativ for dei som ikkje har anna enn gassbrennar, og som vil ha betre ytelse vår og haust.
  15. Det har vore der heile tida. Men det har aldri fortalt meg noko eg ikkje kan finne ut ved å sjå ut i tillegg til ein titt på temperaturvarselet til yr.no.
  16.     Det fungerer bra så lenge du ikkje tar ut for mykje gass på for kort tid. Jo mindre gass det er att på beholderen, jo raskare går nedkjølinga, så det som fungerer med ein full beholder, fungerer ikkje nødvendigvis med ein halvfull beholder.
  17. Ein tjukkare duk isolerer betre, og ettersom bomullsduk må vera tjukkare for å ha tilstrekkeleg styrke, vil ein bomulllavvo isolere betre. Men kun fordi duken er tjukkare.
  18. Det er jo ikkje lange turen frå parkeringsplassen heller. Men hadde du tenkt turen med tunge nedoverski, forstår eg at det er mindre freistande.
  19. Vinterstengt. Var nok siste moglegheit for å køyre der i går. Frå Leveldsida er det brøyt opp til parkeringsplassen rett under skoggrensa.
  20. Trykk er avhengig av temperatur og blanding, ikkje av volum.
  21. Hugs at det ikkje er same blandingsforhold i gassfasen som det er i væskefasen. Men det ser ut som enkelte trur at væskefasen er rein butan og gassfasen er rein propan, og dei har fortsatt att litt å lære.
  22. I dag vart det sesongens fyrste tur på Reineskarvet. Eg tenkta meg ein tur skarvet på langs men måtte snu ved Eitrejuvet då skodda kom veltande. Skiføret var bra, sjølv om eg var borti ein og annan stein på veg nedatt.
  23.     Neidå, propan og butan blandar seg svært godt.
  24.     Sjølv om det er -15°C når du startar, tar det ikkje lang tid på full effekt før gassboksen er på full fart mot -30. Så lenge du ikkje har forstått korleis gass fungerer, vil du få kjedelege overraskingar. Og når du har forstått dette, diggar du ikkje gass lenger.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.