Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1.     Alle teltpluggar bør stå på skrå.
  2. Skrågåing på hardt underlag er kva eg likar minst med pulk. Då sklir pulken og veltar ved den minste ujevnheit som kan bremse skliinga. Men kvar kvistinga går, bryr eg meg mindre om når eg har alt eg treng i pulken.
  3. Vart ein skitur på Reineskarvet i dag. Fyrste turen dit i år, 5. for sesongen.
  4. Normalen for min del er smørte ski. Eg brukar feller kun i lange, bratte motbakkar (minst 150 høgdemeter), og eg fjernar ikkje smørningen før fellene vert lagt på.
  5. Det var nok ingen bløff, men det var nok bare for ein begrensa periode i forbindelse med sanering av 3 sjukdomar som har vore vanleg blant norske geiter. Når dette er gjort, skal beitebruken vera som før. http://geithelse.tine.no/friskere-geiter/
  6. Dei som brukar smarttelefon med GPS, kan enkelt laste ned N50 frå kartvdreket og bruke dette på telefonen. http://www.statkart.no/Om-Kartverket/Nyheter/Hele-norgeskartet-pa-mobilen/
  7. Eg har brukt ein kombinasjon av programma GPSMapEdit og cgpsmapper. Det er nokre år sidan eg satte meg inn i dette, så det er godt mogleg det er andre og enklare alternativ i dag. Last ned skredkarta som shape-filer som går rett inn i GPSMapEdit.
  8. 25cm lang spiker? Det høyrdest både langt og tungt ut. Dersom bakken er så hard at vanlege teltpluggar ikkje kan brukast, held det med langt mindre dimensjonar av spiker.
  9. Ja. Det gjev dårleg glid og mykje bråk. Når det er kuldegrader, er smøring ein enkel sak, og det gjev dei beste skia. 0°C og fallande snø er vanskeleg å smørje på, og det er dette føret, og bare dette føret at smørefrie ski har nokon som helst fordel. Dersom ein opplever slikt føre ofte, kan det vera lurt å ha eit par smørefrie ski til å bruke akkurat desse dagane, og ordentlege ski resten av vinteren. Men som einaste ski, er smørefrie ski "heilt på tryne å kjøpe".
  10. Det aller viktigaste er at støvlane passar føttene dine. Eg har aldri betalt over 2000kr for eit par skistøvlar, og eg greier meg godt.
  11. Der har eg allereie fotoveska Med tung sekk bak, hjelper det godt på ballansen å ha litt tyngde framme også.
  12. Skredkarta er nedlastbare som vektorar også, så det er ein smal¹ sak å lage gps-kart av det. Eg har laga kart til Garmin-gps, men ikkje akkurat desse kartdataene. ¹I den grad det er ein smal sak å lage kart til gps. Men det lar seg i alle fall gjera.
  13. I mangel av noko betre, er det greit med lause sidelommer. Men desse heng og sleng, så fastsydde sidelommer er å foretrekke. Men utvalget av sekkar med ordentlege sidelommer er så godt som ikkjeeksisterande.
  14.     Om soveposen også er isolert med dun, betyr det mindre om eit eventuelt dunplagg er inni soveposen og vert fuktig, eller om det er utanpå soveposen, så det er soveposen som vert fuktig.
  15.     Men så var det sumarbruk som var temaet for denne tråden.
  16.     Mi erfaring er at ullnetting er langt meir slitesterkt enn vanlege ullplagg. Forklaringa er nok så enkel som at nettingen er av tjukkare trådar.
  17.     Ettersom spørsmålet var om mellomlagsplagg, er svaret mitt det plagget eg kan ta på meg når det eg går med vert for lite. Trøya er ei relativt vanleg ulltrøye ja, men noko tjukkare enn kva eg går med til vanleg, også vinterstid. Så eg har gjerne ei tynn ulltrøye med lange eller korte ermer under ja. Men dersom denne er våt, kan eg sjølvsagt ta ho av og bare ha på meg reservetrøya. Ull er i alle fall uendeleg meir behagleg mot bar hud, enn kva plastikfleece er.
  18. Dei einaste gongene eg treng noko mellomlagsplagg sumarstid, er når det er vått. I slike forhold stoler eg bare på ull. Og ulltrøya som vert brukt til dette veg 255g. Dun er i alle fall heilt uaktuelt for min del, ettersom eg ikkje har bruk for plagget når forholda er slik at dun kan fungere.
  19. No er det allereie sprekk i ein av stålkantane, og dette har ført til ei blemme i sålen, så eg kan diverre ikkje seie at Åsnes har fått løyst problema sine.,
  20. Bamse er eit av dei hardaste liggeunderlaga. Isolasjonsmessig er det bra, for då oppstår det ikkje kuldebruer. Mange av dei tunnare liggeunderlaga er meir behagleg å ligge på.
  21.     Gløm desse generelle tankane dine, og legg heller vekt på lokale vindforhold. Du kan fortsatt planlegge mange dagar framover, og du må fortsatt ta hensyn til forholda når du er der.
  22.     Heile landet vert ikkje justert like mykje. I følge figuren på http://www.statkart.no/Documents/Om%20Kartverket/Geovekst/nn2000-stort.jpg er det omlag ingen endring på Finse.
  23.     Stormkjøkkenet funger utmerka i kulde. Men det har liten effekt og veldig begrensa brenntid, så snøsmelting tar lang tid og treng gjerne påfylling av sprit undervegs. Men du må aldri fylle sprit på ein varm brennar. Trikset for å halde stormkjøkkenet i gang over lengre tid, er derfor å ha to brennarar, då har du ein full brennar å setje i gang når den andre er tom. Dersom du skumpar borti stormkjøkkenet, er det stor fare for at det vert raudspritsøl som kan brenne med usynleg flamme. Derfor må du aldri bruke stormkjøkkenet inne i teltet. I fortelt med snø på bakken er det ingen fare med søl, men pass på å ha god nok klaring til telttaket. Dersom du tenker å fyre i teltet, bør du derfor velge noko anna enn stormkjøkken.
  24. Netting stenger ikkje ute mykje snø¹, så det er ikkje så interessant for vinterbruk. Spørsmålet er om ventilane kan stengast. ¹Dette fekk eg enkelt demonstrert i Nammatj-teltet mitt som har både tett, men ikkje heilt lufttett duk og myggnetting i ventilane. Då eg lot begge delane vera att i ventilen mot vinden, la det seg eit tjukt snølag mellom nettingen og den tettare duken.
  25.     Så lenge nordmenn forventar anstendig lønn for alt arbied og nær gratis mat, er det faktis ikkje mogleg å kombinere med ein så radikal auke i gjeting som dette forslaget vil kreve. I tidlegare tider då barnearbid var heilt vanleg, og mesteparten av arbeidsinnsatsen til heile familien gjekk med til å skaffe seg mat, var slik gjeting vanleg her i landet. Og rovdyr drap ein og annan mindreårig gjetar i ny og ne. Er det slik du vil ha det, så lykke til.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.