Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1.     Er det varmt i _lufta_, kan ein lufttørke.
  2. Ferja frå Gudvangen til Kaupanger går innom Frønningen når det er nokon som skal dit. Rutetidene for ferja (riktignok 2014 i skrivande stund, så sjekk på nytt når det nærmar seg avreise). http://www.ruteinfo.net/RuteinfoIISStaticTables/Tables/ruter/t/14-155.htm
  3.     Den einaste erfaringa eg har med lettveksttelt av amerikansk modell er eit telt frå Golite. Det havarerte i vinden heime på plenen ved fyrstegongsoppsetjing. Etter det har i alle fall eg slått frå meg alle tankar om å reise til fjells med telt av så skjøre materiale.
  4. telt: 1,7kg sovepose i vanntett pakkpose: 1,5kg liggeunderlag: 0,5kg Etter eit bomkjøp av lettvektstelt av amerikansk modell, er det heilt uaktuelt for meg å reise til fjells med den type telt. Så 1,7kg reknar eg som nær grensa for kor lett eit telt kan vera for å ha plass til meg og sekken min. For den som ikkje er så lang, er det litt å spare i endå mindre telt, og det er tildels mykje å spare på kortare sovepose. Det er i alle fall langt betre utvalg av lette soveposar for korte personar. I tillegg må du ha mat og utstyr for å tilberede maten. Og litt ekstra klede, i alle fall dersom det er vær så ein har lite på seg.
  5. Nokre gonger kjøper eg ting eg verkeleg ikkje har bruk for. I dag kom det ein Optimus 8r i posten.
  6.     Instrumentet mitt er håndsmidd munnharpe frå Setesdal. 60g inkludert vakkert treskrin.
  7.     Til å gå med i laussnøen, ville eg valgt 30. På fjellet brukar eg 25, men der er snøen mykje hardare enn i skogen.     Det skal vera bratt før hælløfter har stor betydning, og hugs at du skal nedatt også. Å gå med trugar i bratt nedoverbakke er direkte j...     Det finn du enklast ut ved å prøve.
  8. Packraften sin fordel er på land Lett å bæra, men også rask å gjera sjøklar.
  9. Det er ikkje rivestyrken til duken på Ringstind Superlight som er svakheita med det teltet. Teltet er betydeleg mindre, det aleine gjer teltet uaktuelt for mange. Teltduken er tynnare, og har derfor dårlegare slitestyrke, det vil bety at teltet har kortare levetid. Alle andre løysingar på teltet, slik som pluggfeste, bardunfeste, glidelås osv er også langt spinklare. Saumen kan også vera eit svakt punkt, men det er ikkje noko eg har forutsetning for å vurdere utover at eg veit at saumen er eit svakt punkt på mitt Ringstind (ikkje superlight). Dersom Ringstind Superlight vert utsatt for vind som teltet ikkje tåler, trur eg det er pluggfeste eller bardunfeste som ryk. Teltduken kan så revne som følge av behandlinga teltet får på i fri fluk. Men den som ligg inni teltet, vil ha det særdeles ubehagleg, både med slag i ansiktet og vedvarande støy, lenge før dette skjer.
  10. Det spørs om du vil ha mest oppover- eller nedoverbakkar.
  11.     Det vert gjerne litt ulike turar. Eg hadde sjølv ein fleirdagers padletur i fjor. Og ettersom turen starta og enda på same plass, hadde eg spart masse tid på å bare rusle ein runde rundt bilen og køyre heim att. Men det er ikkje alltid målet med tur er å spare mest mogleg tid eller koma lengst mogleg. Eg kom meg i alle fall til plassar eg aldri hadde vore før, sjølv om eg har gått veldig mykje i det same området tidlegare. Og eg tok meg lett fram på vatn der strendene vert rekna som uframkomlege. Stig er i alle fall heilt fraverande. Det var også ein opplevelse å sjå det kjente landskapet frå ein, for meg, heilt ny vinkel. Og ettersom pakkraften er så lett at det går an å bera med seg i sekken, kunna eg legge turen over fjellvatn som det truleg aldri har vore båt i nærleiken av før. Og bæreetappene kunna gå i bratt lende der det er heilt uaktuelt å bæra med seg ein kano. Til sumaren har eg nye planer gjennom eit område som bare delvis er tilgjengeleg til fots, og der det i alle fall ikkje er mogleg å gå gjennom utan båt eller med mykje klatring. Men ein kan sjølvsagt spare masse tid på å gå ein heilt annan plass, eg er ikkje uenig i det. Men det vert også ein heilt annan tur.
  12.     Eg har Denali Llama, og det er definitivt ikkje plass til ein person til i båten min. Eg har knapt plass til meg sjølv, og med spruttrekket på plass, er det temmeleg stramt over knea. Eg ser ikkje heilt for meg korleis ein 8-åring skal få plass på dei 25cm'ane heller, i alle fall ikkje i kobinasjon med oppakning.
  13. Dei fleste lysløypene har langt brattare bakkar enn løypa mellom Finse og Hallingskeid.
  14. Dersom du festar ei snor til filla, kan du skuve ho inn med stanga, og dra ho ut att med snora.
  15.     Men dette kan ein med eit fastsydd topplokk også, det er jo stramming med lange reimer i bakkant. Forskjellen er at topplokket ikkje ligg i vater når sekken ikkje er full. Eg har to sekkar som eg på det meste har hatt meir enn 45kg i, og som fungerer like godt tom. Begge har fastsydd topplokk og eg har aldri savna å kunne justere høgda topplokket i framkant på desse sekkane.     Det er der erfaringa mi ikkje er den same. Det er i kraftig snødrev når sekken ikkje er stappfull, at eg har erfart at snølåsen ikkje fungerer. I dei same forholda dekker eit fastsydd topplokk veldig godt i framkant, og i bakkant ligg lokket godt nedover sekken. Med topplokk som er festa med reimer, kjem det inn snø i framkant, og snølåsen ligg som ei trakt nedi sekken dersom ein ikkje er veldig nøye med korleis ein pakkar. Med sekken stappfull, fungerer nok snølåsen. Men ettersom eg likar å ha lett sekk, er det ofte eg ikkje bryr meg om å fylle sekken til randen. Då er eg brått attende til fleksibiliteten over, der erfaringa mi er at fastsydd topplokk gjer sekken meir fleksibel, fordi dette fungerer betre uavhenig av kor mykje eg har i sekken.
  16. Så det skal vera vansklegare å stenge snøen ute av sekken Eg har dårleg erfaring med snø og topplokk som er festa med reimer. Eg foretrekk derfor fastsydde topplokk, men diverre ser det ut til at stadig fleire sekkeprodusentar ikkje har forstått dette.
  17. Modningsprosessen for min del, har gått delvis motsatt veg. Bensin er eit bra brennstoff, men det er svært få brennarar som eg meiner er eigna for bruk med bensin. Eg har vorte meir og meir skeptisk til bensin i kokeapparat med pumpe. Så for min del er bensin kun aktuelt i sjølvtrykksettande kokeapparat som Svea 123 ol. Eg har også vorte meir og meir skeptisk til slangebrennar, både pga potensielle lekkasjar, og pga at dei faktis er ganske tungvinte i bruk. Eg har både Optimus Nova og Primus Multifuel, der den fyrstnevnte fulgte meg på tur i omlag 10 år utan nevneverdige problem (fyra med parafin), men no brukar eg bare brennarar utan slange.
  18. Sumar og haust: Svea 123r og kjele som brennaren passar nedi. Ettersom brennaren ikkje må monterast ved bruk, reknar eg han som enklare å bruke enn gassbrennar. Og han fungerer uavhengig av temperatur, så det same oppsett fungerer både sumar og seinhaustes. Halvtomme gassboksar er heller ikkje noko tema med bensinbrennar. Vinter og vår: Etter mange år med Optimus Nova, bestemte eg meg for å få meg ein brennar som ikkje måtte monterast før bruk, altså enklast mogleg handtering frå pulken til full fyr. Etter eit bomkjøp av ein østerisk stillebrennar som ikkje var reintbrennande nok til å bruke i telt, fekk eg tak i ein Optimus 111 bråkebrennar som fungerer heilt greit. Eg har med ein stor kjele for snøsmelting og ein mindre for matlaging/vasskoking. Dersom eg ikkje har med meg pulk, så alt må i ryggsekken, tar eg med meg ein lettare brennar. Sist dette skjedde, falt valget på ein Radius 21. Neste gong det skjer, trur eg det vert Manaslu 96.
  19.     Etter kva eg har forstått, er det relativt omfattande å nøste opp dette snøret, i likheit med å hekle det saman. Dersom eg har forstått rett, er det langt enklare å ta i bruk snøre som ligg i eit enkelt nøste i sidelomma i sekken. Det betyr noko dersom det er reelle bruksområde. Dersom det bare er potensielle bruksområde, kan nøste like godt ligge heime.
  20. Ja, V-form. Det står vist DAC på dei. Interesant nok i desse lettvektstider, er desse pluggane 2g tyngre pr plugg enn dei som fulgte med Hilleberg Nammatj for snart 20 år sidan. Det var pluggfester midt på kvar langside også. Men det er heller uinteresant no. Teltet stakk før eg rakk å bardunere det. Rett og slett for stort vindfang kombinert med altfor skjøre materiale, altså ikkje noko fjelltelt.
  21. Aluminium reknar eg med. Heilt like dei pluggane som var med Hilleberg Soulo for nokre år sidan.
  22.     Det er derfor ein skal kjøpe 50 stk. Då er det bare å finne fram ein ny, istadenfor å hekle dei saman att. Dersom du har 25 stk på kvar arm, er det bare ein fordel å bli kvitt nokre av dei.
  23.     Etter denne diskusjonen, bestemte eg meg faktis for å skaffe meg eit Shangri-La 3. Planen var ikkje å bruke teltet på turane høgast til fjells, for eit stort telt treng stor teltplass. Men på enkelte turar ynskjer ein gjerne betre plass og er villig til å bruke litt meir tid for å finne ein større teltplass. Teltet fekk eg ikkje tak i før snøen kom, så eg har ikkje fått teke det i bruk. Med det kraftige mildværet dei siste dagane, har det derimot vorte bart ein så stor flekk på plenen at eg tenkte eg i alle fall skulle prøve å setje opp teltet, for å få eit inntrykk av korleis teltet fungerer. Fyrsteinntrykket vart ikkje kva eg hadde håpa på, og det er kanskje like greit. Det fulgte bare med 6 pluggar til teltet, og det innsåg eg på førehand at var for lite. Teltet treng i alle fall 6 bardunar i tillegg, og før eg rakk å få på plass den fyrste av desse, kom eit vindkast og brått låg bare teltstanga og pluggane att. Fillene kunna eg hente i eit tre i nærleiken. Eg er veldig glad at ikkje fekk oppleve vind med dette teltet på fjelltur. Eg har hatt mange netter i Ringstind med langt meir vind enn dette, og fleire kjem det til å bli. Sidan denne tråden var aktiv og eg kjøpte teltet, har Golite gått konkurs. Det er kanskje ikkje så rart.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.