Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1.     Når ein skal halde ein diskusjon i gang etter over 150 innlegg, der det enkle svaret på spørsmålet i tittelen er: "for å ha ein behagleg lett sekk", må ein rekne med enkelte kommentarar kan overraske enkelte. Og enkelte kommentarar er også direkte retta mot tildegare kommentarar, noko som kanskje kan vera vanskeleg å få full forståing for dersom ein bare skumles gjennom heile tråden. Eg er ikkje mot innovasjon, men eg er ikkje alltid enig i at det siste nye er betre enn tidlegare variantar. Men ser ein både nytt og gamalt, vert i alle fall mangfoldet større. Ikkje minst når innovasjonen har hovudfokus på vekt, er det andre eigenskapar som må vike i utviklinga. Kor langt ein vil strekke seg for å redusere vekta, er noko kvar enkelt må ta stilling til. Sjølv om eg ikkje er mot lettpakking, har eg turerfaring nok til at eg ikkje er villig til å ofre alt for å få lettare sekk. Ettersom eg har svært dårleg erfaring med telt med for tynn og skjør teltduk, er det heilt naturleg for meg å ikkje ta sjansen på å gå i same fella ein gong til. Det har eg rett og slett ikkje råd til. Dersom eg kunna, utan å betale for det, hardteste masse lettvektstelt for å finne eit som fungerte for meg, hadde eg sjølvsagt kunna hatt ei anna innstilling til det. Men den moglegheita har eg ikkje. At ein held seg til løysingar som ein har god erfaring med, og veit at fungerer, og er meir skeptisk til løysingar som ein bare har dårleg erfaring med, bør ikkje overraske nokon. Kommentarane mine kan nok tilsynelatande sprike i alle retningar, avhengig av kva eg kommenterer. Når eg kommenterer eit innlegg som går mykje lenger i retning ekstrem lettvektspakking enn kva eg sjølv har forståelse for, kan kommentarane mine få det til å sjå ut som eg er mot lettvektspakking. Og når eg kommenterer eit innlegg som går mot lettvektspakking, kan eg virke som ivrig lettvektspakkar. Begge inntrykka kan vera like feil. Dette er ein dynamisk debatt, ikkje ei avstemning. Eg er ikkje mot lettvekstpakking i den forstand at eg ikkje vil ha lett sekk, men vekt er langt frå det einaste kriteriumet eg har for valg av turutstyr.
  2. Og dersom du ikkje vil investere i ein ølboks, brukar du brennaren frå stormkjøkkenet og steinar som kjelestøtte og vindskjerming. Steinane finn du sjølvsagt på staden, så dei tynger ikkje i sekken.
  3.     Eviglange turar kan gjerast i Noreg også, utan telt. Det norske systemet er basert på hytter og det einaste ein treng ha med seg er kart, kompass og lakenpose. Det er ein eigen medlemsorganisasjon som står for mykje av den kommersielle tilrettelegginga. Det er faktis veldig mange som nytter seg av systemet, og som har gjort dette i årtider, så dette er ikkje noko nytt.
  4. Dei fleste går dagsturar og hytte-til-hytteturar fordi det er alternativ som enkelt kan gjerast med lett sekk. Av alle som går fleirdagsturar i fjellet, er det eit relativt fåtall som baserer dette på teltovernatting. Og at mange teltarar har altfor tunge sekkar, er nok fyrst og fremst fordi dei har med seg mykje dei trur dei har bruk for. Dette er i stor grad på grunn av manglande erfaring. Og dei det gjeld, får styggtunge sekkar sjølv om kvar enkelt ting i sekken er av superlettkategorien. Og basevekta som lettpakkarane diskuterer, kan også imponere dei som ikkje kjenner stammespråken, og kan virke veldig uoppnåeleg. Ettersom me andre ser på vekta av heile sekken, og ikkje bare litt av det. På ein 7-dagers tur, har eg med meg over 5kg mat noko som gjer sekken min minst 5kg tyngre enn basevekta som vert oppgjeve av lettpakkarane. Dette er det mange utanforståande som ikkje får med seg i diskusjonane.
  5. Pyramidetelt kan i utgangspunktet fungere veldig godt i vind, og har vorte brukt og er i bruk i polare strok. Men når stoffet vert for skjørt, går det gale. Produksjonsfeil eller ikkje, endrar ikkje det faktum at teltet ikkje tålde sjølv den enklaste testen. Med så tynn duk, vert marginane veldig små, også for variasjon i produksjonen. Eg har gjort mine erfaringar og er ferdig med all utprøving av utstyr med så små marginar. Eg ber gladeleg med meg litt tyngre teltduk for å sikre nattesøvnen på tur.
  6.     Sjølv om materialet er det same, er både rivestyrke og slitestyrke også avhengig av tjukkelse på stoffet. For å lage lette telt, vert det brukt tynnare stoff, som følgeleg også er mindre sterke. I dette tilfellet var det rivestyrken som var for dårleg. For telt som er gode nok for å brukast, er det den reduserte slitestyrken som gjer at slike lettvektstelt har kortare levetid enn telt med tjukkare duk. Teltduken revna og teltet reiste med vinden før eg rakk å setje det opp ordentleg. Men det er sjølvsagt langt betre at det er så dårleg at det stryk på denne aller fyrste, og relativ enkle testen det er å bli satt opp heime på plenen, enn at det skulle svikte seinare på tur.
  7.     Det er ein fordel når ein skal ta dei av i kulde og blåst, og ikkje vil ta av vottene
  8.     Det var Golite ShangriLa 3. Eg reiser nok aldri på tur med telt med så skjør teltduk.
  9.     Det har du god grunn til. Sjølv var eg så dristig at eg kjøpte eit lettvektstelt av amerikansk merke, og det tålde ikkje vinden heime på plenen ved fyrstegongsoppsetting.
  10. afe

    plusminusnoll

    Dersom hukomelsen min er riktig, er buksa mi snart ferdig med den 3. sesongen no. Litt slitasje på innsida av knea og i skrittet, ellers har eg ingenting negativt å seie om ho. Glidelåsene i sida gjer lufting effektivt, noko som gjer at buksa fungerer over eit stort temperaturområde. Jakka har fått langt mindre bruk. Ettersom hetta ikkje kan takast av, vel eg andre jakker om sumaren, og om vinteren brukar eg bomull. Men jakka har fått nokre turar i ordentleg uvær vintertid, og mykje haustvær. Det er dårleg med lommer, men det har eg inntrykk av at det er på alle jakker no til dags.     Hetta er den beste eg har prøvd nokonsinne, med god margin. Fungerer utruleg godt både i haustregn og snøstorm. Men så brukar eg ikkje hjelp heller.
  11. Skareføre og anna isføre kan hogge temmeleg hardt i klisteret, så å kalle det godt klisterføre, er eg ikkje enig i. Feller er derimot langt frå noko betre alternativ på slikt føre. Men er dette skareføret heilt slett, då skal eg vera enig i at klister kan gjera ein veldig god jobb. Det einaste føret som feller fungerer til anna enn bratte motbakkar, er når snøen er grovkorna og ordentleg gjennomblaut. Men fellene må vera av mohair.
  12. Etter 300km på hard snø må ein nok rekne med betydeleg slitasje, noko som sjølvsagt fører til dårlegare feste.
  13. Alle telta mine har vanntett golv i innerteltet. Så å bæra med ein ekstra botn, har aldri vore noko tema. Ettersom eg alltid sett opp teltet ein plass der eg har planer om å ligge godt, har eg heller aldri tenkt tanken at bakken skal øydelegge teltgolvet.
  14. Av alle fellene eg har, er det bare Åsnesfellene som har mista mista limet sitt etter kort tids bruk, så du er ikkje den einaste som har opplevd dette. Men det er jo bare å legge på nytt lim, og dersom du gjer ein betre jobb enn dei som laga fellene, kan det halde lenge neste gang.
  15. Og ikkje gløym gode, tørre sokkar.
  16. afe

    Ny rifle 30-06

        Krag/Jørgensen er ikkje godkjent for storviltjakt med krav om anslagsenergi, men det er ikkje på grunn av kaliberet, men fordi låskassa ikkje tåler kraftig nok ladning. 6,5x55 har ikkje vore forbudt.
  17. afe

    Ny rifle 30-06

        Då eg var fersk jeger og bare jakta rein, savna eg aldri laust magasin. Eg fylte magasinet om morgonen og gjekk åleine heile dagen. Magasinet tømte eg att før eg la meg om kvelden. Men då eg byrja å jakte elg, og jakta i lag med andre, vart det tømming/fylling av børsa mange gonger kvar einaste dag. Då er det kjekt med laust magasin.
  18.     Skal du ha glid, kan du ikkje gå med feller.
  19.     Det er ikkje eit par kuldegrader som er kaldast, det er regn og temperatur nedmot null som er kaldt. Kork er veldig behagleg, eg brukar det sjølv, altså når eg går på ski.
  20.     Dersom du har problem med vonde kne, anten når du går eller etterpå, og desse problema vert redusert eller eliminert med bruk av stavar, så er det i alle fall eit poeng i å bruke stavar.     Det er heilt avhengig av kva ein gjer med hendene når ein ikkje brukar stavar. Sjølv puttar eg dei nedi varme bukselommer. Skulle eg gått med stavar, måtte eg bruke hanskar eller våtter i litt hustrigt vær.
  21. Ettersom åra har gått, har det skjedd mykje på kartfronten. Kartverket har ei oppskrift på korleis ein kan laste ned N50 for deler av, eller heile landet for bruk på mobile einingar med iOS eller Android: http://kartverket.no/Documents/Kart/Gratis%20illustrasjonskart/Brukerveiledning_n50_kartdata.pdf
  22.     Sverige¹ kjem endeleg etter og frigjer kartdata opp til målestokk 1:50000 frå 1. januar 2016, omlag etter same modell som Noreg og Danmark har gjort tidlegare. ¹Sverige er del av resten av Europa, og skulle etter påstanden over, ha gjort dette for mange år sidan.
  23.     Dersom hugsen min er riktig, var det i 2013 dei bytta til DAC. Og ettersom den tillinka omtala var datert 1. april 2013 etter knapt 200 døgn erfaringsgrunlag, reknar eg med at dei problematiske stengene ikkje var frå DAC.
  24.     Helsport var berykta for dårlege stenger, Ringstind-stanga mi knakk to gonger før eg bytta ho ut med stang frå Hilleberg (Easton). Det stod ingenting, som eg såg i alle fall, om desse stengene med såkalla produksjonsfeil var dei gamle Helsport-stengene, men eg antar det utfrå brukstid for teltet og publiseringsdatoen for omtala. I så fall har Helsport bytta produsent etter dette (det var vel rundt årsskiftet 2012-2013), og brukar no ordentlege teltstenger.
  25.     Akkurat for lettpakketreffet er vel vekt alt. Men i praktisk bruk, kan det likevel vera grunn til å unngå dei aller tynnaste snørene til bardunar. Det er strengt tatt lite vekt å spare, og det er langt enklare å få opp att knutar på litt grøvre snøre.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.