Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Unødvendig vekt. Det er i alle fall mi meining. Det er sikkert greit nok på ein kampingplass, men det er ikkje noko du tar med i ryggsekken.
  2. Hydrogen er lettare, og kan brukast som brennstoff til matlaging (for den som tar med seg mat).
  3. Å hekte ned deler av innerteltet, er ein fullgod erstatning for yttertelt for matlaging¹. Ytterteltet i Soulo er også så trangt, at eg ikkje vågar å fyre primus der utan å hekte ned deler av innerteltet. ¹Vintertid då ein gjerne lagar ei djup grop i forteltet for å ha ekstra god plass, er det ei dårlegare løysing å gjere dette der ein vil ha innerteltet til natta;)
  4.     Det er nok å åpne lokket, snu sekken oppned og riste litt forsiktig. Då vert alt du hadde med deg frå kysten, bytta ut med lett fjelluft. Jo meir du hadde i sekken, jo meir vekt er det å spare på denne teknikken.
  5. Det kan vera verdt å vurdere Unna¹. Vekta er ubetydeleg lettare enn Soulo. Ettersom det er eit "stort" rom, i staden for to små som i Soulo, kan det vera lettare å utnytte all plass til fulle. Eg ser for meg at du ligg langs eine sida, og har hunden og sekken langs den andre sida. ¹Eg har ingen erfaring med Unna
  6. UV er ein av faktorane som reduserer levetida. Og derfor står det også i bruksanvisninga at ein ikkje skal lagre teltet i direkte sol. Og eit telt som står oppe over lang tid, vil også bera preg av det. Slitasje ein annan faktor som kan vise seg etter mykje bruk. Blafring av teltduk mot stein kan bety mykje slitasje over kort tid. Dette gjeld alle teltdukar og bør ikkje koma som nokon overraskelse på nokon. Når teltduken er tynn i utgangspunktet, tålast det mindre slitasje før det vert hål. Og når rivestyrken er låg i utgangspunktet, skal det mindre til at denne vert redusert slik at duken revnar i eit uheldig augenblink. Med fornuftig lagring (tørt og UV-fritt), er det nok få som slit ut teltet sitt, og det gjeld nok lettvektstelt også. Det er gjerne hundeklør, snubling i bardunar¹ og liknande ting som sett teltet på dei verste prøvene. Og det som kanskje eit sterkare telt tåler, kan øydelegge eit lettvekstelt. Litt påpasselegheit har aldri skada, og det gjeld fortsatt. ¹Når bardunen er knytt fast i eit tre eller ein stein, er det bardunfestet i teltet som må gje etter dersom ein snublar i bardunen.
  7. Ja det er kjempeurettferdig. Sjølv er eg 1.9m og føler derfor at eg er forhindra frå å drive med lettpakking™. Det er særleg sovepose eg merkar det på, fordi utvalget av lange nok, lette soveposar er svært begrensa. Men det går ann å pakke lett likevel, og så får ein trøste seg med at ein har betre utsikt enn desse små lettpakkarane.
  8.     Sjølv om kameraet tåler det, synest eg det er greit å kunne ta opp kamera og ikkje trenge starte med å tørke dogg eller regndråpar (eller rim og snø) av linse og søkar før det kan fotograferast. Men kvar sin smak.
  9. Ludvig-sekken er som Gnukk_og_ute skriv, heilt grei med moderat vekt. Og det er ein av få sekkar som er godt eigna til transport av bærspann.
  10.     Eg er mindre oppteken av kva andre reknar på, så eg gjer det slik eg synest passar best for meg. Og for meg er det totalvekta som betyr noko. Om kleda er på kroppen eller i sekken, er avhengig av været, og eg gidd ikkje operere med ulik pakkevekt om det er shortsvær eller regn på starttidspunktet. Totalmengde klede er bare avhengig av årstida. Så det som ikkje er på kroppen, er i sekken. Maten reknar eg også med, ettersom dette er ein betydeleg del av startvekta. Og det er startvekta som også er maksvekta på dei fleste turane. Når sekken vert lettare av at maten vert eten opp, betyr også vekta mindre. På jakt er det derimot omvendt. Då kan maksvekta vera vekta på veg heim, men det er ein annan sak. Men ettersom eg ikkje følger reglane, kan eg sjølvsagt ikkje seie at eg driv med lettpakking™.
  11.     Klipsopphenget til Hilleberg fungerer veldig greit. Det er enkelt å setje opp aleine i sterk vind og med votter på, også om ein er litt i halvsvime. Det kan ikkje seiast om alle kuppeltelt med stangkanalar i kryss. Telta med klipsopphenget tar derimot litt lenger tid å setje opp enn eit enkelt tunneltelt med utvendige stangkanalar. Det ser kanskje knotete ut, men det er ikkje riktig ord å bruke om korleis det fungerer i praksis. Dersom det er vind, kan ein starte med å plugge alle hjørnene, då er teltet sikra. Så sett ein stengene på plass i kvar ende og resten er plankekøyring. Tilslutt snurrar ein bardunane ein gong rundt respektive stang for maksimal stabilitet, samtidig som ein fordelar belastninga frå bardunane. Soulo er supertrangt. Eg fyller i alle fall absolutt heile innerteltet. Og sekken fyller absolutt heile ytterteltet, og då bular det ut på utsida. Dersom ikkje hunden din ligg oppå deg, er det ingen plass til både mann og hund i det teltet. Men det er et telt som er lett å plassere, ettersom det er så lite, og relativt uavhengig av gode pluggfester. For å stramme det opp, må det bardunerast, men bardunar er enkelt å flytte litt rundt for å finne jord til pluggane.
  12.     Dersom du har tenkt å bruke det undervegs, kan du i alle fall ikkje ligge i sekken. Sjølv brukar eg ei vasstett fotoveske frå Ortlieb, hengande i sele på brystet. Då er kameraet godt beskytta mot elementa, men likevel alltid lett tilgjengeleg.
  13. Når det fyrst har vorte eigen tråd, kan eg skrive litt meir. Alle kamera på marknaden i dag har massevis god nok bildekvalitet, så det er ikkje noko stort tema. Det viktigaste kravet mitt då, særleg i forhold til turbruk, er ergonomi og system. Systemet vart valgt for fleire tiår sidan, og jo meir utstyr ein har, jo meir styr er det å eventuelt bytte system. Så dersom eg skal bytte system nokongong, må alternativet vera betydeleg betre enn kva eg har no. Ergonomien må vera (dette er eit absolutt krav) slik at alle dei viktige funksjonane er lett kontrollerbare utan at eg treng ta av meg vindvottene. Dei viktigaste funksjonane er fokus, blender, lukkertid (alternativt eksoneringslås og eksoneringskompenasjon når eg brukar blenderprioritert automatikk) og sjølvsagt utløyserknappen. Dei største kamerahusa prøver eg å unngå ettersom dei vert altfor stor for min smak. Eg har hatt eit slik, og eg er glad den tida er forbi. For å forenkle arkiveringsjobben og attfinningjobben, har eg kobla gps til kamerahuset. Så tar eg med meg nokre små objektiv og puttar alt i ei vatntett fotoveske frå Ortlieb og heng denne i sele på brystet. Fotoutstyret er då alltid lett tilgjengeleg. Etter kva eg har forstått, er ikkje dette ein del av basevekta, ettersom det ikkje er pakka i sekken. Vintertid prioriterer eg lysstyrke med 24mm/2, 35mm/2, 85mm/1,8 og ein 200mm/4 for å ha ei litt lenger brennvidde. Sumartid prioriterer eg nærgrense med 2 makroobjektiv og minst ein vidvinkel som fungerer godt på kort mellomring (eg har med både 5,6mm og 8mm mellomring). I tillegg til 200mm/4 sjølvsagt. Stativet er allereie nevnt. På fjellet er det høgt nok.
  14.     Du skremte meg litt no. Men heldigvis var det ikkje antydning til råtten snø i dag, så eg fekk meg ein rask tur på Reineskarvet før disen vart for tett. Det var 23. turen denne sesongen, så det ligg godt an til ny pers.
  15. Når ein bare finn eit system ein er fornøgd med så er det ingen sak. Turstativet mitt er Berlebach mini. Det er lett og stødigt, men ikkje så høgt.
  16. Dersom du reknar det stativet som fullverdig, forstår eg at du har UL kamera. Eg kjøpte hakket større modell for nokre år sidan, og fann det heilt ubrukeleg til kameraet mitt.
  17.     Skal du fyrst lage definisjonar, må du unngå sirkeldefinisjonar. Her skriv du jo at friluftsliv bare skal brukast om ein del av friluftslivet. Då vert det snevrare og snevrare for kvar gong ein les definisjonen.
  18.     Men det har ikkje vore slik i så veldig mange år. Den regelen kom i god tid etter eg hadde passert 16.
  19.     Eg trollar ikkje. Eg gjorde bare ei oppsummering for å avslutte min deltakelse i debatten. Beklager dersom eg missforsto kva du meinte i innlegget ditt. Eg har lese innlegget ditt oppatt fleire gonger, og greier diverre fortsatt ikkje å forstå innlegget ditt på nokon annan måte.
  20.     Eg forstår at me lever i kvar vår, totalt adskilte verd. Eg har lenge hatt ein misstanke, men eg har i det lengst prøvd å fornekte det, om at dette lettvektsgreia var ein konkurranse. I så fall er det sjølvsagt heilt riktig at det skal vera klare reglar, akkurat som i friidrett. Eg er ikkje med i denne konkurransen, og bryr meg derfor heller ikkje om reglane. Akkurat det same vil eg seie om eg skulle finne det for godt å springe ein tur, det vil ikkje skje, men om det skjedde, skulle det ikkje vera på bane, og heller ikkje ein etablert friidrettsdistanse. Dette kan eg gjera, ettersom eg ikkje er med i konkurransen.
  21. Unna er litt tyngre enn Ringstind, men forskjellen er ikkje så stor som dei oppgjevne vektene frå hhv Hilleberg og Helsport skulle tilseie. Eg har Ringstind 1, og det var ei vindfull natt i det teltet som førte til at eg seinare kjøpte Hilleberg Soulo. Og før eg bestemte meg for Soulo, var Unna ein av kandidatane. Eg har aldri hatt sjansen til å vurdere Unna anna enn i katalogen, så om eg valgte rett den gongen, veit eg ikkje. Men av erfaring veit eg at Soulo er supertrangt, i motsetning til Ringstind 1, som eg reknar som eit romsleg 1-mannstelt.
  22.     Dersom du hadde lese heile tråden, hadde du visst kva eg meiner om dette evindelege maset om definisjonar. Lett er relativt, altså i forhold til noko. Dersom ein byrjar å pakke lettare, må det vera fritt fram å kalle seg lettpakkar. Dersom ein pakkar betydeleg lettare enn turkompisen, må det vera fritt fram å kalle seg lettpakkar osv. Når eg pakkar sekken, er eg meir oppteken av korleis han vert å bera på min eigen rygg, enn kva den bestemte vekta kvalifiserer til på amerikanske nettforum.
  23. Det er dumt på same måte som om ein må klatre minst 2 taulengder for å kalle seg klatrar. Eller som om ein må padle minst 7 timar for å kalle seg kanopadlar.
  24. &amp;amp;nbsp; &amp;amp;nbsp; Det er her eg, og truleg mange andre, dett av lasset. Det er greit nok med lett sekk, men denne trangen til definisjonar og regler gjer heile greia totalt uinteressant. Eg går ikkje rundt og hugsar at lettpakking er definert som <bla-bla>, og eg er heller uinteressert i kva sekken veg utan mat, drikke (noko eg ikkje har med meg i sekken sumarstid) og brensel. Det er korleis sekken er på ryggen som betyr noko.
  25. &amp;nbsp; &amp;nbsp; Men det er veldig mykje veg som er langt meir enn 3-4 mil frå næraste daglegvarebutikk. Og skal eg gå 2-3 veker i fjellet, unngår eg tettstader fyrst og fremst fordi det ikkje finnst tettstader på fjellet.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.