Eg har hatt Nova sidan 2000, og har vore godt fornøgd med den. Aldri noko problem. Brenn kontrollert utan stikkflammer. Brukar parafin.
Eg har også ein Primus multifuel, forløparen til omnifuel, med effektjustering bare ved pumpa. Multifuelen bråkar meir, og under forvarminga får eg høgare flammer enn Novaen og meir sot. Nettop dei låge og kontrollerte flammene under forvarminga gjer at eg føler meg meir komfortabel med å fyre opp Novaen i gropa i forteltet. Multifuelen manglar også slik risterensenål. Korleis Omnifuel er i forhold til multifuel på desse punkta har eg inga erfaring med.
Kjelestøttene og føttene til Primus (både multifuel og omnifuel) er noko vidare enn Novaen, slik at brennaren står stødigare, men samanpakka er Novaen overlegen med tanke på kompaktheit. Vinterstid fester eg Novaen på ei passe stor sponplate slik at det uansett er stødig nok, og kjelane mine er ikkje breiare støttene på Novaen så det er heller ikkje noko problem.
Mine erfaringar er i alle fall at Novaen er ein mykje betre primus enn multifuel, og derfor har multifuelen nesten ikkje vorte brukt, men så har eg heller ikkje betalt noko for han. Eg fekk han faktis av Primus, men det er ei anna historie.