Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Eg har sett litt meir på teltet mitt no. Ja, reima er sydd fast, men det er jo som nevnt bare å bruke kva som helst snor med ein stangkopp i kvar ende. Ein må nok improvisere litt med pluggfester også, for det var ikkje hemper, bare spenner. Men det er bare å knyte ei snor med ei lykke på reimane som er til å feste innerteltet til ytterteltet. Desse snorene kan ein la henge på innerteltet når ytterteltet også vert brukt. Stanga trer ein gjennom strikken som er mellomstykke mellom inner- og ytterteltet, så trengst det ein bardun for å halde toppen oppe. Dette vert akkurat likt med Hilleberg Akto. På bildet til Hilleberg, er denne bardunen snurra rundt stanga og festa i enden av denne.
  2. Eg har ingen av telta, men eg har eit eksemplar av Ringstind 1. Eg har brukt det på snø ein gong, og det var nok for meg. Teltet tettar ikkje godt nok mot bakken, så her vil det kunne blåse inn mykje snø. Dette kan sjølvsagt rettast på med snømatter, men då forsvinn fordelen med låg vekt. Ventilen mot vinden, kan ikkje stengast, slik at det vil kunne blåse inn snø her dersom det er snødrev. Dersom du lagar stangkoppar som dei Hilleberg lagar, eller kjøper desse frå Hilleberg, skulle det ikkje vera noko problem å tilpasse Ringstind til å kunne setjast opp med bare innertelt. Du treng ein bardun på toppen og 2-3 stutte bardunar i den enden som har ein låg vegg og ei snor mellom stangkoppane for å halde stanga oppspent. Det er mogleg du kan bruke reima som held saman ytterteltet, dersom denne ikkje er fastsydd (eg hugsar ikkje sikkert korleis denne reima er festa.)
  3. Eg skal ikkje svare for kva essem brukar, for det har han svara på sjølv. Men eg brukar den største aqua-cam'en til ortlieb. Denne er vasstett (og sjølvsagt snøtett) så eg kan ha han hengande på magen uansett vær. Brukar beresele slik at veska heng stødigt på magen. Om veska tåler kulde, ja. Eg har i alle fall ikkje opplevd så sterk kulde at eg ikkje har fått rulla opp og att åpningen. Det er nok batteriet i kamera som er den virkelege flaskehalsen i kulda. Krokane til bereselen kan riktignok vera litt plundrete å få opp med vindvotter, men det går. I den veska har eg plass til kamera (stor dslr utan moglegheit til å fjerne vertikalgrepet) med 80-200mm eller 180mm/2,8 i tillegg til 3 små objektiv (normal og 2 vidvinklar) og ekstra batteri.
  4. Værstasjon Geiteryggen: http://vegklima.vegvesen.no/enkeltstasjon.aspx?maalepktnr=M305&namn=Rv50+Geiteryggen
  5. Raud klister og liknande i kombinasjon med turrsnø i høgda, vil som regel gje eit tunt, glatt islag. Heilt utan feste. I slike tilfeller er det nok best å skrape vekk klisteret, og så setje på fellene. I eit tilfelle med denne førekombinasjonen, hadde eg ikkje lyst til å setje på fellene på grunn av klisteret. Eg tok derfor av meg skiene og gjekk opp. Då eg hadde satt på meg att skiene på toppen, forstod eg raskt at eg likevel måtte skrape av klisteret, og no var det mest is som var mykje verre å skrape av enn det blaute klisteret eg hadde kunna skrapa av før eg gjekk opp.
  6. Sjølv sverger eg til racerstavar (riktignok aluminium), med tilhøyrande små og nette trinser. Så lenge eg held meg over skoggrensa, og det gjer eg aller meste av tida med ski på føttene, så er desse stavane ypperlege.
  7. Eg er ikkje kjent i Oslo eller Drammen, men dersom det er butikkar som har utstyr for padling, har dei også Ortlieb. Eg bestilte veska mi frå ein butikk på Lillestrøm, http://www.amfibi.no/display.aspx?menuid=10&prodid=2118 , etter å ha studert makan veske til ein jaktkamerat. Min aquacam har eg hengande på meg med Ortlieb sin sele, dette fungerer heilt uavhengig av ryggsekken. Må bare hugse å henge på seg fotoveska før ein tar på seg sekken. Ser av linken at 70-200mm din er 2cm lenger enn 80-200mm min, så det kan hende det vert trongt i same veska som den eg har, men dette får du prøve før du kjøper.
  8. Dette såg litt rart ut, men det skal vera eit 8-tal etterfulgt av ein sluttparantes, ).
  9. På spørsmålet om vanntett pakkpose, vil eg anbefale fotoveske frå Ortlieb. Vanntett og med bæresele slik at kameraet alltid er lett tilgjengeleg. Med den veska, har eg aldri sjeldan fotoutstyr i ryggsekken på tur. Sjølv har eg den største aquacam-modellen og får plass til kamera (modell med vertikalgrep som desverre ikkje kan demonterast) med 80-200mm + 20mm + 28mm + 50mm + 1.4 teleforlengar + lysmålar + gps + ekstra batteri og minnekort. Eg sjonglerar litt med teleobjektivet. I den mørke årstida, haust og tidleg vinter, brukar eg 80-200mm/2,8 eller 180mm/2,8. Seinare på vinteren tar eg med meg 80-200mm/4 (som er mykje lettare enn f/2, eller 180mm/2,8 + eventuelt ein kompakt 100mm/2,8. Sumarstid vil eg gjerne ta med meg 105mm/2,8 macro, då i kombinasjon med 180mm. Eit av desse objektiva må då i sekken. Dersom eg må tenke vekt, kan eg finne på å droppe zoomen og heller ta med meg 135mm/2,8.
  10. Palmehelga i fjor, gjekk eg frå fredag ettermiddag til måndag omlag kl 12 utan å sjå folk. Eg såg heller ikkje andre skispor enn mine eigne før sundag kveld. Men alle hyttefolk sitt jo bare i hytta si og spelar kort.
  11. afe

    Gammel mat

    Rabarbrasuppe med kjøtt var ein ny variant. Var det eit forsøk på treretters med minst mogleg oppvask?
  12. Eigentleg ikkje. Dei crispi-skoa frå -89 har gått av med pensjon for nokre år sidan, men dei er ikkje heilt utslitt, så det hender at dei vert brukt. Dei ligg i bilen som beredskapsstøvlar store delar av året Så til saken. Desse støvlane heng fortsatt betre på glatt føre enn alle andre fjellstøvlar eg har hatt, når dei har vore nye. Dette til tross for at mønsteret er så godt som bortslitt, og lagringsforholda ikkje har vore veldig gummi-vennlege.
  13. Eg er også lenger enn liggeunderlaget mitt. Vinterstid brukar eg to liggeunderlag, og då kan dei ligge utan heilt overlapp. Ellers er jo soveposepakkposen grei å putte litt mjuke klede i og bruke som pute.
  14. Kanskje. Ikkje heilt lik av utsjånad, men det kan sjølvsagt forandre seg med åra.
  15. Dei desidert beste fjellstøvlane eg har hatt med hensyn til glatt føre, var frå crispi og kjøpt i -89. Etter nokre ulike støvlar som ikkje var så gode på glatt føre, kjøpte eg meg nye støvlar frå crispi ein gong rundt 2000. Men då var skuffelsen stor, nettop fordi eg hadde forventa at dei nye støvlane skulle vera gode på glatt før, og det var dei ikkje. Dei var noko av det glattaste eg har hatt på føttene når ein ser bort fra skøyter ol. No står disse støvlane og støver bort i eit skåp, neten ubrukt Eg har jakta rein i lag med ein som brukte nokre støvlar, eg trur dei var av svensk opprinnelse, med utruler mjuk gummi. Han skrytte voldsomt av at desse hang på kva som helst glatt underlag. Eg har derimot aldri sett slike støvlar i nokon butikk, og eg kjem ikkje i hug kva merket heitte. Det er mogleg han hadde kjøpt støvlane sine i Sverige
  16. Vandrestav som vandrestav skal vel nå til omlag albuen, når armane heng rett ned. Når det gjeld stavar til bruk på fjelltur, er det særleg ved vading at eg ser den store nytta av stav, og då foretrekk eg ein noko lenger stav, omlag som ein skistav.
  17. Tips om bok som omhandlar fiske på vidda: Hardangervidda fiske og fjelliv av Tore Qvenild Les du den, får du sikkert idear om kvar turen skal gå også.
  18. Eg har nok vore på "vintertur" med lettare sekk enn 22kg, riktignok i juli Ikkje var det 1000m heller men 1800m. Men det var skitur og telting på snø, så då kallar eg det også vintertur! Den gongen hadde eg nok langt mindre utstyr med meg enn eg ville hatt på ein tilsvarande tur tidlegare på året. Ein lettare sovepose blant anna. Og mindre mat, for eg var ute bare ei nått. Så til fleiredagars vintertur med full oppakning. Eg har i alle fall kome til den konklusjonen at eg ikkje reiser på vintertur utan pulk. På godt vinterføre i høgfjellet merkar ein ikkje mykje til pulken på flatmark, ein tung sekk er tung heile tida. I motbakkane er pulken sjølvsagt tung å dra, men det er slitsamt å bera ein tung ryggsekk også. Bratte nedoverbakkar er eit lite helvete aleine med pulk, men med litt trening og eit godt tak i pulkdraget, går det. Ein tung ryggsekk er ikkje heilt godt å løype med heller. Eg har gått mange nok høgdemeter til at eg veit kva eg foretrekk, nemleg pulk. I laussnøen i skogen kan konklusjonen vera ein heilt annan, men det var høgfjell du spurte om. Med pulk er det lett å ta små pauser ved bare å stoppe. Med tung ryggsekk må ein ta av seg sekken, for å få avlastning på rygg og skuldrar. Du kan nok spara litt vekt på eit lettare telt. Sjølv har eg Nammatj på 3kg som er eit ypperleg vintertelt dersom ein ikkje er så lang som meg. Då er du nede på 22,5kg Og dersom målet er ein lett sekk, går det ann å basere seg på snøhole, men då går det mykje lenger tid å slå leir. I snøhola treng ein heller ikkje så varm sovepose, så ein kan spare litt vekt der også.
  19. Eg har også dårleg erfaring med vektangivelse til Helsport. Gjeld både soveposar og telt. Rekn med +10% som det står i katalogen. Det siste Hillebergteltet mitt (Tarra) som er oppgjeve 4kg i katalogen, veg derimot 4018g inkludert bruksanvisning på omlag 30g. Stor pluss til svenskane. Når det gjeld telttypen som Nammatj og Fjellheimen er problemet innerteltet som går ut i null mot vinden. Når det legg seg snø mot teltenden, vert liggeplassen altfor stutt. Det er også grunnen til at eg valde bort Nammatj-teltet mitt etter ikkje alt for mange sesongar. Når det gjeld stormmatter, har eg aldri savna det på Nammatj. No har eg riktignok ikkje for vane å telte på svaberg, og i snøen brukar eg trepluggar så forankring har aldri vore noko problem, heller ikkje i stiv kuling.
  20. Den der er i alle fall ikkje brukandes til lange kroppar. Rakk meg akkurat oppunder armane. Dei siste øvingane då eg var i fyrstegongstjenesta, pakka eg han ikkje ut eingong. Var betre å liggje i bare feltuniformen.
  21. Til opplysning så vart det dagstur til fjells den dagen også Eg har sans for bøkene til dei engelske polarforskarane rundt forrige århudreskifte. Når ein ligg værfast og les om deires lidingar, kjenner ein at ein har det utruleg behageleg likevel.
  22. Han hadde vel forstått det, og det er vel nettopp derfor ein har værvarsel, for å kunne forberede seg, og dermed gjera det beste ut av det været som kjem. Eg har i eit tilfelle, ligge værfast i 2 dagar utan moglegheit til å høyre radio (Ikkje mottaksforhold). Då eg fekk litt betre vær, gjekk eg (nesten) strake vegen heim. Dersom eg hadde hatt værmelding den gongen, hadde eg vorte i fjellet ein dag til, for været vart knallbra!
  23. Niks. Utan at eg har oversikt over resten av landet, så veit eg at øvre Buskerud skal over i EUREF no ganske snart. (i løpet av februar og fyrste halvdel av mars)
  24. Det kjem i alle fall an på kor høge og stive støvlane er. Dersom fotposane vert i minste laget, er gjerne problemet å koma nedi dei. Skistøvlane mine er ikkje høge (alpina bc 1600).
  25. Sjølv satsar eg nok på radio. Og når ein kjenner frekvensane til dei store sendarane på førehand, så ein veit kvar ein skal søke, brukar eg å få inn vervarselet dei fleste stadene eg ferdast. I 'mine' fjellområde (Nordfjella), er det Lønahorgi på vestsida og Gaustatoppen på austsida, altså 2 frekvensar å sjekke. Men det er viktig med ein god radio, og mange av dei små lommeradioane er elendige! Fordelen eg kan tenkje meg med mobiltelefon, til tross for langt dårlegare dekning, er at ein kan sjekke vermeldinga når som helst i løpet av dagen, altså når ein likevel er høgt i terrenget, og ikkje bare akkurat der ein er på dei tidspunkta det vert sendt vermelding på radio. Er det utsikt mot siviliserte strøk, er det ofte mobildekning også.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.