-
Innlegg
2 731 -
Ble med
-
Dager vunnet
17
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av afe
-
Du får til slikt med Hugin
-
Det er faktis overraskande liten forskjell på vekta til ein like stor pakkrammesekk og anatomisk sekk! Den "vesle" pakkrammesekken min veg 2,0kg. Det er ikkje lett å finne ein lettare og like god anatomisk sekk med same volum. Den store pakkrammesekken min veg 4,5kg (kontrollert på kjøkkenvekta). Dei fleste anatomiske sekkane med tilsvarande volum har tilsvarande oppgitt vekt. Dei sekkane som er lettare, manglar sidelommer.
-
Eg har kameraet i ei vanntett Ortlieb kameraveske hengande på magen. Alltid lett tilgjengeleg og godt beskytta mot været.
-
Sjølv brukar eg Hugin http://hugin.sourceforge.net/ Langt betre kontroll enn dei heilautomatiserte programma. At det er GPL, er heller ingen ulempe.
-
Eg trur standpunktet ditt er ein plass midt i vedlagte bilete, Eg synest eg kan kjenne at formasjonane i framgrunnen av biletet ditt. I så fall har du vore i nærleiken av Eldrevatnet. Då kan eg tippe på Slettind.
-
Tja. Litt avhengig av situasjonen. Dersom det er ryggen/hoftene/ekslane som har det vondast, er nok eit betre bæresystem til god hjelp. Dersom det derimot er føttene/knær som har det vondast, kan redusert totalvekt vera betre hjelp. Enkelte har også lett for å ta med seg meir dersom ein likevel har plass i sekken, slik at ein større sekk vert endå mykje tyngre. Men dette kan enkelt unngås ved å vera bevisst på kva ein tar med seg.
-
Bergans Finnmark er oppgitt til 100l sist eg sjekka, vekta skal vera 3,2kg. Sjølv kunna eg nok tenkt meg ein pakkrammesekk på 60-70l, men utvalget er ikkje akkurat stort.
-
garmin eTrex vista HCX vs. legend HCX vs. 60CSX
afe svarte på Jakobsen sitt emne i Navigasjon og elektronikk
S står for sensor, altså kompass og barometrisk høgdemålar. Om du har bruk for dette, må du vurdere sjølv. Eg har aldri hatt bruk for det. Kompass har eg jo med likevel. X står for eXtended eller noko slikt, altså minnekort (microSD). C trur eg står for color, altså fargeskjerm. Då eg kjøpte meg kart-gps, fall valget på 60Cx. S vurderte eg å ikkje ha bruk for. Ettersom eg hadde bruk for serieport (kommunikasjon med NMEA) på gps'en, fall på denne og ikkje ein etrex-modell. Etrex-modellane med fargeskjerm har bare usb. Denne serieporten koplar eg til kameraet så eg får koordinatar i biletfilene. Hadde eg ikkje hatt dette behovet for serieport, hadde nok valget falt på ein tilsvarande etrex-modell som både er mindre og lettare. Mapsource fulgte med gps'en. I tillegg følger vel mapsource med på kart-cdane. -
http://www.sportsnett.no/wsp/sportsnett/webon.cgi?func=show&table=PRODUCT&func_id=MSR8&var_1=&categorynu=P1&categorytxt=Bestikk%2Fkj%F8kkensett&produkt=MSR%20Alpine%20Utensil%20Set
-
På www er det anvisningar for å lage eigne kart til Garmin kart-gps. Litt krøkkete framgangsmåte, men det fungerer til enkle kart. Eg har sjølv gjort det i jobbsamanheng. Den framgansmåten eg har brukt, startar med shape-filer, derifrå har eg bare brukt gratisprogrammer. Fram til shape-fil, har eg tilgang til program på jobb. Dette vil sjølvsagt krevje ein kart-gps. Dersom du ikkje tar deg bryet og strevet med å tilpasse kartdataene, og går for ein enkel gps utan kart. Må du likevel ha ein gps som du kan koble til pc. Dette for å laste ned spora. Eg har erfaring med Garmin etrex. Til turgps er han utruleg tungvint å bruke, men til rein datalogging er han heilt grei. Sjølv kjøpte eg han i si tid for å koble til kamera. Ei ulempe med etrex, er at du ikkje kan justere kor tett punkta i sporloggen skal vera. Dette kan du på mange av dei langt dyrare modellane.
-
"et under"? Ja. Den siste halvannan veke har det smelta enorme mengder snø i fjellet. Men det ligg jo fortsatt att mange fenner sjølvsagt.
-
Eg har også ei slik lykt. Eg er ikkje sikker på når eg kjøpte ho, men ho har i alle fall vore med meg dei 2 siste vintersesongane, kanskje 3. I teltet heng ho oftast i taket og lyser på lågaste effekt. Det er i alle fall nok lys for meg. I starten var eg litt spent på om brytaren var slik at lykta ville slå seg på i sekken, men det har faktis ikkje skjedd. Det eg ikkje likar heilt, er glasset som er ubeskytta. Glasset på lykta mi har fått ein sprekk, og eg er ikkje akkurat overraska. Ei løysing som på desse sjølvmatande stearinlyktene hadde vore kjekt. Dette ville også gjera lykta litt mindre nedpakka.
-
Eg har aldri gått ned til Lærdal, så eg skal ikkje påstå noko om tidsbruk. Avstandane er ikkje så lange, men det ser bratt ut mange stader, så dersom du er uheldig med vegvalg, kan det fort bli lange omvegar som kan ta mykje tid. I Fødalen er det mykje sau, nokre av desse beiter innover på Flågrunnane og Djupeskard. På Øljubotnan er det også noko sau. Dette er hamn som høyrer til Iungsdalen. Vestover frå fylkesgrensa kjem du ikkje til å sjå ein einaste sau.
-
Frå Toviki til Hånosi har eg brukt snaue 2 dagar. http://home.no.net/afeten/nordfjella/2_17Opp_der_sola_g_aa_r.php Frå Frønningen til austsida av Reineskarvet har eg brukt 4 og ein halv dagar med forstua ankel. Men denne turen vart nok noko lenger enn 7 mil. http://home.no.net/afeten/nordfjella/2_19Nordfjella_p_aa_tvers.php Når det gjeld kor mange dagar du brukar, vert dette veldig avhengig av kor mange timar du brukar til å gå kvar dag. Dersom du skal ligge i telt, kan du jo gå akkurat så lenge du vil. Dersom du har tenkt å overnatte i hytter, må du nesten bestemme deg for kor langt du skal gå kvar dag. I statsallmenningane er det fleire åpne hytter. Eg ser ikkje heilt bort frå at eg er i området sjølv ein gong i løpet av august.
-
For å trene på telting i barskt vær, ville eg nok mykje heller ta turen i nære fjellområde, der eg også er kjent, når værmeldinga viser barskt vær, enn å planlegge ein tur langt vekk, og risikere å få vindstille. Når det fyrst er mykje vind, kan vel dei fleste fjellområda vera barsk nok.
-
Det kan likne Raggsteindalen
-
Reel fare for snø: Frå midten av august! Men denne vert ikkje liggande. Reel fare for snø som vert liggande resten av vinteren: Frå slutten av september. Eg veit at rv7 over Hardangervidda for få år sidan var stengt pga snø og uvær i fyrste veka i oktober. Hausten 2000 vart fylkesvegen over Imingfjell vinterstengt før siste helga i september. Sikkert skiføre er det ikkje før januar, men mange år er det godt skiføre frå november, nokre år frå tidleg i oktober. Dei årlege variasjonane er i stor grad bestemt av når det kjem nedbør, derfor kan variasjonane bli så store. Våren er nok mindre variabel mellom åra ettersom dette i større grad bare er avhengig av temperatur, men variasjonene frå stad til stad kan derimot vera veldig store. Men dersom det ikkje er snø, og værmeldinga heller ikkje melder nedbør, er det ingen fare å reise til fjells på fottur uansett kor seint på året det er.
-
Dei 400 nederste høgdemetrane er dei same, altså dei same bråe svingane, gamlevegen går derimot i slyng like opp til 1000 meter, altså nokre fleire bråe svingar i tillegg. Og ja. Vegen har absolutt noko med kraftutbygging å gjera.
-
Med unntak av stengane, er jo teltet til forveksling lik eit tunelltelt som Keron. Ankepunktet mitt med Nammatj, var liggelengda som var for kort for meg når snøen la seg mot teltenden. Det var hovedgrunnen til at eg kjøpte ein større telt. Og då stod valget mellom Tarra og Keron. Keron 2 ville gje meg litt lettare telt, Keron 3 ville gje meg litt større telt. Ettersom eg kjøpte Tarra som eit reint vintertelt, og eg brukar pulk, kunne eg sjå litt rundare på vekta. Eg har heller ingen stor tru på å få med meg nokon på telttur vinterstid, så plassen betyr heller ikkje så veldig mykje. Alle tre alternativa er store nok for meg. Dersom eg derimot skulle hatt teltet i sekken, synest eg nok at Tarra er tungt i forhold til innvendig plass. Punktet eg var mest spent på då eg kjøpte Tarra, var korleis oppsetjinga fungerte med vindvotter på og snødrev rundt øyrene. Dette fekk eg prøvd ut for alvor i påska, og eg vart imponert! Veldig rett fram og enkelt, og eg veit for ettertida at eg kan stole på at eg får satt opp teltet aleine og utan problem sjølv i sterk vind (noko eg har fått inntrykk av at ikkje er like enkelt med alle kuppeltelt). Ettersom ein kan feste pluggane i alle hjørnene, før ein monterer stengane, vert det veldig lite blaffring medan ein slår opp teltet. Men i forhold til eit tunelltelt, der ein kan ha stengane ferdig i kanalane, brukar eg relativ lang tid på å få opp teltet, meir enn dobbelt så lang tid som eg brukar på Nammatj. Men så er Nammatj, med bare 2 stengar, utruleg rask å så opp. Ettersom teltet står av seg sjølv, kan eg enkelt grave ut fotgrop i forteltet før eg spenner ut forteltet. Dette gjer at eg kan spare inn att litt av tida eg tapte på monteringa På grunn av dei kryssande stengane, vert duken strammare enn på eit tunelltelt, vert lydnivået mykje meir behagleg i vinden. Men fortelta vil ha lett for å blaffre litt, så øyreproppar er fortsatt kjekt å ha for å få nattero. Takventilen gjev bra utlufting i innerteltet, og det kjem heller ikkje inn så mykje snø der som det gjer gjennom gavlventilane (særleg den mot vinden og snødrevet) på Nammatj (og Keron). Men eg saknar likevel gavlventilane, kanskje mest for den fine utsikta det var gjennom dei. Men dette er vel også eit spørsmål om litt vekt, og truleg også litt aerodynamikk. Det virkar som om vindtrykket mot den ventillause gavlen på Tarra, er betydeleg mindre enn kva tilfellet er for Nammatj (og Keron). Når været likevel tillet det, er det jo bare å dra glidelåsen i åpningen litt på gløtt, både for utsikta, og for ekstra utlufting. Klaffen over åpningen er også slik, at han stoppar nedbør frå å koma inn dersom glidelåasen står litt på gløtt. Alt i alt er eg veldig godt fornøgd med Tarra, men eg veit også at eg hadde vore fornøgd dersom valget hadde falle på Keron.
-
Eg har både Nammatj og Tarra, og vinterstid lagar eg alltid maten i forteltet. Riktignok i ei høveleg djup fotgrop. Sumarstid brukar eg eit mindre og lettare telt, og då er eg meir tilbøyeleg til å lage maten ute.
-
Det siste er nok ein bløff ifrå DNT i forbindelse med ein navnestrid for nokre år sidan, der DNT hardnakka måtte forsvare eit nytt navneforslag på eit fjellområde som hadde eit godt innarbeidd navn frå før. At fjellrupa vert kalla skarvrupe er fordi ho held til der det er skarv, og har derfor fått navnet sitt frå leveområdet og ikkje omvendt. Eg kjenner ikkje til eit einaste skarv som kan ha fått navnet sitt frå anna enn at det faktis er eit skarv.
-
Dei gongene eg har laga meg slikt, har det vore akkurat når eg har hatt behov for det, det vil seie fyrst på sumaren når dyr skal til fjells. Og då av det treslaget som er nærast og beinast, det vil seie osp. Utan at eg skal gå god for at det er det beste valget for ein meir langliva stav. Eg har alltid kasta han etter bruk.
-
Truleg det som på bokmål heiter lunch.
-
Å orientere etter kart på barmark er ingen vanskeleg kunst. I god sikt, er det vel ingen som har bruk for kompass og GPS, så stjernehimmelen er nok ikkje nøkkelen her. Det er i dårleg sikt det kan vera utfordrande. Men det er tross alt bare å følge linjene i terrenget/kartet. Særleg vasskanten kan vera til hjelp, både for å lede ein fram og for å finne ut nøyaktig kvar ein er. Sjølv ein liten pytt kan vera attkjennande på kartet etter ein runde eller to rundt pytten. Og dersom ikkje pytten er sirkelrund, har ein også moglegheit til å orientere kartet gnaske nøyaktig. Det kan riktignok vera omstendeleg og tidkrevande i enkelte tilfeller, og vegen kan verta lang. Men når ein i tillegg er godt lokalkjent kan ein også kjenne detaljar som ikkje er på kartet, ein liten varde, ein spesiell stein osv. Å gå beint i forhold til vindretninga kan gå bra over lange avstandar, men ein kan også verta grundig lurt av svært lokale variasjonar på grunn av terrengformasjonar. GPS kan sjølvsagt raskt fortelje deg kvar du er, og kompasset kan vise deg kor den beinaste vegen er, men kartet og tålmodigheit er faktis nok på barmark.