Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Dersom ikkje ein leiteaksjon går under "medføre nevneverdig skade eller ulempe".
  2. ?? I så fall er det endå eit argument for at goretex ikkje har noko som helst i støvlar å gjera!
  3. afe

    Pakking av telt

    Har testa det og kome fram til stikk motsatt resultat, i alle fall for vinterteltet mitt. Når _eg_ rullar vert det surr i bardunane når eg skal sette opp att teltet. Og når _eg_ stappar, glir teltet fint ut av posen att og er klar til å setjast opp med ein gong. Dess meir det bles, dess raskare legg teltet seg ut. Med tunelltelt og stengane delt i to og klar i kanalene, har ein derimot ikkje noko valg, då må ein rulle. Sumarteltet mitt har ein litt annan oppførsel når eg tar det ut av posen i stappa form. Dette teltet kunna kanskje med fordel rullast for å vera raskare å setje opp. I alle fall når det er vindstille når det skal setjast opp att. Men skal eg greie å rulle dette teltet og attpå til få det nedi posen, må eg bruke stengane til å rulle rundt. Og stengane pakkar eg ikkje nedi teltposen, så derfor må det stappast.
  4. afe

    Pakking av telt

    Sitat frå monteringsanvisning til Hilleberg: "Vik och rulla ihop tältet kring stångpaketet, eller ”knöla” ner det i packpåsen." Ikkje akkurat svar på spørsmålet, heller eit teikn på at teltprodusentane (i alle fall Hilleberg), ikkje ser det eine som meir riktig enn det andre.
  5. Med eit speilkompass, kan ein sjå ned på kompassnåla (via speilet) og fram i terrenget samtidig. Kombinert med eit sikteskur, får ein dermed noko betre nøyaktigheit i kompassskursen. Som andre har vore inne på, har dette begrensa nytte ved vanleg turbruk. Men for å identifisere objekt i synsranda, kan speilkompasset i kombinasjon med kart, vera svært anvendeleg. Og slik kan det i enkelte tilfeller vera med på å gjera naturopplevelsen større.
  6. Kanskje fordi det er ganske så brukbare støvlar. Eg har sjølv hatt 3 par og vert meir og meir glad i dei med åra. Om ein kan finne andre betre eller dårlegare støvler til same pris, avheng sjølvsagt av kva pris ein får feltstøvlane for. Det paret eg faktis har kjøpt, fekk eg også til ein slik pris at eg ikkje har vore i stand til å finne betre støvlar til same prisen! At sålen sprekk og smuldrar opp, kan vera eit problem med nokre eksemplar, men eg har heller ikkje opplevd andre, langt dyrare, fjellstøvlar som ikkje får sprekk i sålen etter eit år eller to. Det hjelper fint lite med støvler til over 2000kr med 3mm lær, goretex og gummikalosjering når vatnet fossar inn gjennom sålen.
  7. Dersom ein frys dei ned kontrollert i ei form som passar i kjelen, så slepp ein i alle fall å bryte dei nedi.
  8. Bare bann i veg for min del Sjølv brukar eg aldri graut på tur, nettop fordi eg ikkje får i meg nok energi på den måten. Det er bare rummegraut som det går ann å ete seg ordentleg mett på så det held over lang tid. Men folk er forskjellig, og enkelte greier seg faktis på graut også. Til og med havregraut er enkelte som et.
  9. Hjemsted: Øvre Hallingdal Fjell: Alt over skoggrensa. Ås: Ein rygg mellom to dalar, men også området frå øverst i lia innover til ein møter fjellet. Vidde: Fjellområde utan alt for store høgdeskilnader og derfor gjerne er dominert av mange vatn og hovder. Berg: grunnfjell i dagen.
  10. Eg har ein slik, men han er lite brukt, for eg har ein Optimus Nova også, og den er betre på alt anna enn å brenne gass. Og til å brenne gass, er det uendeleg mange andre brennarar som er betre enn multifuelen. Til tross for dette, kom han ut som testvinnar i dei fleste testane i si tid, men det var nok utelukkande på grunn av _moglegheita_ for å brenne gass. Til fyring i telt, er den største forskjellen mellom Primus multifuel og Optimus Nova, flammehøgda under forvarming. Novaen har ei fin, låg flamme, medan multifuelen har høge blaffrande flammer. Ferdig opptent, er lydnivået på multifuelen også MYKJE høgare enn Novaen. Å gje meg den brennaren, var altså ikkje det aller beste reklametrikset Primus har gjort Kjelestøttene er vel dei same som omnifuelen, vide og stødige. Hadde det ikkje vore for at Novaen er så kompakt samanpakka, hadde eg vurdert å tilpasse kjellestøttene frå Primus til Novaen. Solid er han riktignok. Den lause rensenåla er nok det svakaste punktet i så måte.
  11. Sjølvsagt kan du fyre med gass, men det kan vera verdt å vera klar over ein ting. Den store forskjellen mellom gass og bensin/parafin, er at bensin/parafin fordampar i brennaren og får varmen som skal til frå flamma, medan gassen (som under trykk ikkje er gass) fordampar i boksen og får dermed temperaturen i boksen til å synke, og med det synk også trykket og effekten. Så jo lenger du fyrer med gass, jo lågare vert effekten. Eit tips i dette tilfellet, kan vera å setje gassboksen oppi ein kjel med vatn (ikkje for varmt), då vil du ha meir varmekapasitet å gå på.
  12. Eg har ein primus som ingen får meg til å skryte av, sjølv om han var testvinnar i dei fleste testane han var med i den gongen han var ny. Den primusen har for det meste ligge urørt. Det gjeld ikkje Novaen, den kan eg skryte av.
  13. http://www.statkart.no/IPS/filestore/cd2003/std/hoyde/hoydesys.pdf på side 24 er det eit fint kart som viser geoidehøgde for heile landet.
  14. Lykt er ikkje nødvendig før i slutten av august.
  15. Voksen kan anbefalast på feltbuksa. Eg brukar det sjølv, og uavhengig av mine erfaringar, har eg fått det same anbefalt av folk som har brukt feltbuksa som arbeidsantrekk.
  16. Til buksa kan eg anbefale voksen til Fjellräven. Gni ekstra godt inn det du veit det vert mest eksponering for vatn.
  17. afe

    Pakking av telt

    Eg har alltid teltet nesten på toppen i sekken. Mat og anna som eg skal ha tak i i løpet av dagen ligg over teltet. Alt som ikkje skal ut av sekken før teltet er slått opp, ligg under teltet. Stengane ligg ikkje i teltposen, men står opp og ned i ein hjørnet av sekken, mot ryggen. Då kan du forme teltposen heilt etter korleis plassen er i sekken. Dette med vektfordeling i sekken, betyr ikkje så mykje. Alt av tekstil, telt, sovepose og klede, vert nokonlunde likt samanpressa, så eigenvekta vert omlag likt. Så det einaste ein kan justere vektfordeling, er å justere forma på sekkeposen med kompresjonsreimar.
  18. Og følgeleg er faren for forfrysningar også større dersom ein søler bensin på fingrane.
  19. Eg har Nammatj, og kan skrive under på at skråveggen er noko herk. I snødrev vil det legge seg snø mot teltveggen og presse denne saman, slik at liggelengda raskt vert redusert. Det er kanskje ikkje noko stort problem for den som ikkje er spesielt lang, men for meg var det nok til at eg har kjøpt meg nytt telt med rette veggar. Vindstabiliteten har eg i alle fall ingenting å seie på, og Keron er så pass likt konstruert, så der er det ingen grunn til å tvile. Det kan nok bråke litt i sterk vind, og Keron GT med si ekstra lengde, vil nok det bare forsterke seg, men det gjeld alle telt, sjølv om tunelltelt kan ha ein tendens til å bråke meir enn kuppeltelt.
  20. Nuten til venstre er Hornsnipa. Snøvegen skimtast midt i biletet. Mitt tips er Tarven(1703moh).
  21. Langs rv50 i Aurland er det fleire åpne anleggsvegar som fører deg vekk frå riksvegen og tildels høgt til fjells. Mange moglegheiter for småturar og teltplass nær bilen, utan sjenerande trafikk forbi. Vegen over fjellet mellom Aurland og Lærdal har også mange fine turmoglegheiter. Her kjem du ikkje vekk frå hovudvegen med bilen, men trafikken om natta er ikkje stor, så du får nok sova her også.
  22. Med tanke på at sovepose likevel ikkje skal vera så varm, vert jo mesteparten av vekta i stoff og glideslås. Så kva slags materiale det vesle fyllet er i, spelar minimal rolle. Det er fyrst når ein skal ha ein lett sovepose som også er varm, at fyllmaterialet betyr noko.
  23. Dersom eg ikkje hugsar feil, står det trykt på den gule posen som trangiabrennaren ligg i, at ein aldri skal fylle på ein varm brennar. Trikset er å ha med seg to brennarar, så er det bare å bytte når den eine er tom. Brennaren vert kald nok til å fyllast før den andre er tom.
  24. Sjølv brukar eg nok 40-50%. Når det går fort og håndholdt, vert det veldig på slump. Ofte er det nok over 50% også, slik at det er overlapp over 3 opptak. I mine tilfeller har ikkje dette vore noko problem, men her kan nok dei ulike programma skilje ein del, og i så fall kan det vera nyttig å kunne overstyre automatikken. Når ein har parametrane for objektivet frå før, er det strengt tatt nok med så pass overlapp at ein kjenner at detaljar i overlappen. Likevel kan det vera fornuftig med noko meir overlapp for å kunne skjera vekk kantane som aldri vil vera like skarpe som sentrum.
  25. Nei. Hugin kan du bruke med mac, linux eller windows, og sikkert mange andre også. Sjølv brukar eg linux. Med autopano eller liknande og enblend, kan alt automatiserast. I motsetning til enkelte andre automatiske panoramaprogram, kan ein derimot gå inn og overstyre automatikken undervegs for finjustering, og så la automatikken overta at etterpå. Mi erfaring er at autopano er unødvendig. Ved å legge kontrollpunkta i bakgrunnen, vert resultatet bra sjølv med få punkt, og då er det enklast å gjera det manuelt. Då brukar eg kjente parametrar for objektivet, slik at eg ikkje treng masse punkt for å rekne ut desse. Enblend gjer ein veldig god jobb med å jevne ut forskjellar på lysnivå på dei ulike opptaka. Sjølv med identisk eksponering, vil det verta forskjellar på grunn av vignetering og strølys, sjølv med det beste opptaksutstyret. Det finnst andre program som gjer akkurat same jobben på akkurat same måte som hugin, men eg har litt vanskeleg for å fortså kvifor nokon vil betale masse peng for det når hugin er GPL.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.