Gå til innhold
  • Bli medlem

Tykjen

Aktiv medlem
  • Innlegg

    51
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Om Tykjen

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

Tykjen sine prestasjoner

Explorer

Explorer (4/14)

  • Dedicated Sjeldent
  • Collaborator
  • First Post
  • Conversation Starter
  • Week One Done

Nylige merker

20

Nettsamfunnsomdømme

  1. Har støtta kineserane og bestilt på ali express, såg bra ut den der
  2. Takk, akkurat det eg såg etter
  3. Nokon som har eit tips til kjøp av dette?
  4. Har prøvd bioetanolen til å forvarme min gamle Msr Whisperlite Internationale på parafin nokre gongar no, merkar ingen forskjell frå raudsprit. Denne primusen er heilt på grensa for å takle parafin.
  5. Sikkert nokon som har erfaring med begge. Er det nokon fordelar med Bioetanol? Samme varme, men mindre sot? Eller?
  6. Prioritert rekkefølge dersom du skal fyre i telt: 1. Alkylatbensin 2. Parafin med lite lukt (tennvæske, fritidsparafin, varmeolje men ikkje lampeolje) 3. Parafin med lukt (fyringsparafin, white spirit) 4. Blyfri bensin 5. Diesel
  7. Tusen takk! Har fått tak i ein lite brukt GK frå 1981 som eg skal lage nye kjelestøtter til. Denne er utan reinsenål og går an å køyre på lavare effekt enn dei ned reinsenål. Blir artig å prøve i felten.
  8. Nokon som har desse som kan poste dimensjonane slik at det bli lettare å få det riktig?
  9. Kjøpte ein brukt militær versjon billig på finn.no. Ja, effekten er ca som bensin på GK.
  10. Fekk tak i XJ-dyse for XGK EX. Synest at flammen er mindre gul i tuppane når eg fyrer med parafin enn med GK dysa. Effekten er også lavare, meir i same området som bensin på GK-dysa. Tippar den er 2,5-3 kW, altså normal. Foretrekker bensin til MSR primusar, men no var det kun tennvæske å få kjøpt i Varangerbotn før turen min.
  11. Det ligg ei god og detaljert turskildring for strekninga Bjørnfjell-Sulitjelma gjennom Noreg på internettet ein stad men eg fann den i farten ikkje. Kanskje du kan finne den ved å leite i lista på norgepaalangs.info. Han hadde med ekstremt lett packraft og det fungerte bra. Slapp å gå oppom Blåmannsisen med den risikoen det vil medføre. Elles så vil eg slå eit slag for å ikkje tenke førehandsdefinerte mat- og utstyrsdepot på Norge på langs. Kva du har lyst å ete i starten av turen er lett å vite, men mot slutten har du heilt andre behov. Ha eit depot hjå ein medhjelpar med kart (dersom du likar papirkart), ekstra kle og utstyr som kan sendast ved behov. På dei ubetjente hyttene i Nord-Norge kan du fort finne ein del mat som tidlegare gjestar har sett igjen slik som havregryn, ris etc. Kanskje ein halv gassboks og nokre knekkebrød? Om du tar med deg slike skattar og det i tillegg klaffar med fisket så har du meir armslag enn om du må slavisk følge ein detaljert plan. Og lurt å velge ein type kokeapparat der du er sikker på at du finn noko du kan koke med når du handlar på eit lite samvirkelag i inste Bygdenorge.
  12. Der kom det faktisk ei god og truverdig forklaring. Så den lærer nok av eigne feil.
  13. Chat gpt evner å ta sjølkritikk om ikkje anna
  14. Det store spørsmålet for alle seriøse friluftsfolk er jo kva primus som er best. Så då tenkte eg å puktere diskusjonen og få fasiten frå KI.
  15. Einig med Kristoffer der, moderne primusar fungerer best på alkylatbensin. Samme historie med Nova. Brenn parafin lett, men flammen har mykje gult i seg. Eg skaffa meg ein gammal Whisperlite Internationale frå 1994 med metallslange, men utan shaker jet. Mest for moro skuld. Den er lett i vekt, stille, brei flamme til steiking av fisk og lett å stille til småkoking. Og kan være fin reserveprimus på vintertur. Med parafindyse brenn den heilt blått og er lett å tenne med Blåtind tennvæske, men den slit med å forgasse Blåtind fritidsparafin. I datablada står det at tennvæska er C10-13 og fritidsparafin er C11-14, altså lenger karbonkjeder og dermed høgare flammepunkt og forgassingstemperatur i fritidsparafin. Mogeleg at det er det som slår inn. No vil jo denne bli brukt mest på alkylatbensin, men om det blir ein ny langtur med proviantering på eit lite samvirkelag i dalstroka innafor er det fint å kunne kjøpe seg ei 1 liters flaske med tennvæske før eg slit meg opp dalsida.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.