Gå til innhold
  • Bli medlem

Øyvind Hellenes

Passivt medlem
  • Innlegg

    127
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Øyvind Hellenes

  1. Slik det står i den annonsa så seie dei jo berre at liggeunderlaget ikkje blir øydelagt på 40 kalde. Det skulle nesten berre mangle, hehe.
  2. Eg svergar til Helle. Her er kniven min: http://www.helle.no/products/knives/helle-gt/ Einaste minus er at slira kanskje er litt for romsleg. Mogeleg ein produksjonsfeil.
  3. Takk, greit å vite. Har iPhone 6 sjølv så kanskje på tide å oppgradere då
  4. Greit nok at mobilar i dag er støyt og vassikre, men det største problemet for meg på tur er at dei skrur seg av når det blir kaldt. Eg tar gjerne imot tips til deksel som beskyttar godt mot kulde.
  5. Har sjølv Windrider 2400 og er veldig fornøgd med den. Det sagt, skal du oppgradere mykje utstyr så vil eg anbefale deg å kjøpe sekk til slutt. UL-sekkar fungerar ikkje særleg godt dersom resten av utstyret ditt er relativt tungt.
  6. Er dette verkeleg nødvendig dersom ein søv med ull/polyester-undertøy?
  7. Eg vakna opp slik i dag: Har alltid med meg telt, men under enkelte værforhold syns eg det er bedre å køyre cowboy-stil. I natt var det mild temperatur, skyfri himmel og ein del vind som held myggen unna. Perfekt for ei natt under stjernehimmelen! Når det i tillegg er vanskeleg å finne ein god teltplass i ly for vinden så er valget enkelt. Eg orkar ikkje kave med å sette opp telt i vinden berre for å kunne høyre på blafring i teltveggen heile natta, hehe.
  8. Jotunheimstien stoppar jo akkurat når det byrjar å bli skikkeleg rå natur, hehe.
  9. Sikkert lurt med mest mogleg midnatssol i nord tenkjer eg. Trur det er mykje det same kva veg du går, men eg ville avslutta i den enden eg er minst kjent, altså i nord. Planlegg du å finne turstiar heile vegen eller har du tenkt å gå mykje på asfalt?
  10. Nett gått til innkjøp av eit Zpacks Duplex telt. Kjøpt lett brukt i frå bargain bin på nettsida til Zpacks. Kom på 4750kr totalt inkludert frakt og toll. Tok omlag 5 min å sette opp på første forsøk. Førsteinntrykk veldig bra.
  11. Gjekk Årdal - Fondsbu gjennom Utladalen i sommar og det var ein veldig fin tur. Blir det for kort kan du gå vidare til Gjendesheim via Gjendebu. Usikker på kor kaldt det blir inni der i Oktober, men sikkert ikkje noko å kimse av. Vil du ha eit litt mildare klima er nok kysten eit bedre alternativ. Stongfjorden - Førde er til dømes ein nydeleg tur.
  12. Ja eg teltar berre i hagen faktisk 😉
  13. Nei då pakkar du saman teltet, går heim og legg deg i ei god og varm seng. Er du i eit miljø der du kan stryke med om teltet sviktar så er ikkje ein gong eit “pro” telt forsvarleg spør du meg.
  14. Ikkje heilt einig her. Kjøper ein eit superlett telt og det knekk i to så veit ein at den type telt ikkje passar til sitt bruk. Kjøper ein derimot eit såkalla "pro" telt så vil ein truleg aldri vite om ein kunne greid seg med eit lettare telt.
  15. Det lure eg også på. Oslo Sportslager er dei einaste eg har sett som har dei inne, men i begrensa utvalg av størrelsar. Edit: Tok kontakt med Fjellsport som har ein del Altra inne allereie: Merkeleg. Eg trudde Lone Peak var den klart mest populære modellen deira.
  16. Ja det syns eg òg. Eg tar alltid med pose som er så varm at eg forventar å være komfortabel berre med undertøy. Er ikkje meininga at dunjakka skal være fast inventar i posen, men eg ønskjer fortsatt å være førebudd om det skulle bli 5-6 grader kaldare enn planlagt.
  17. Det er nok korrekt. Tvilar ikkje på at ein fleecepose er varmare. Her trur eg du missforstår litt. Ein kjøper ikkje klær primært for bruk i sovepose. Poenget er å ha utstyr som kan dekke fleire bruksområder og på den måten spare vekt og plass. Dunjakke har eg til dømes med meg på tur uansett så kvifor ikkje bruke den som ein del av sovesystemet også?
  18. Veit at Fjellsport har ein quilt i frå Rab: https://www.fjellsport.no/rab-neutrino-quilt-200-lz.html?___store=fjellsport_no_nb&nosto=nosto-page-product1 Eg bestilte mi i frå Enlightened Equipment i statane. Ingen importavgift så veldig greit sånn sett. Einaste er at dei brukar litt tid på å lage sjølve quilten. Levering tok omlag 5 veker.
  19. Viktig med godt underlag ja. Har Thermarest Xtherm med R-verdi på godt over 5 så skal ikkje stå på det. Har ikkje brukt fleece-liner, men har litt erfaring med lakenpose av bomull. Problemet er vel berre at posen er såpass tynn samanlikna med ein genser. Kan difor lett oppstå kuldebru. Eg tviler ikkje på at den har litt effekt. Har berre ei aning om at tjukke klær på kroppen isolerer bedre.
  20. Takk for fleire gode tips. Skeptisk til lakenpose og ekstra sovepose blir nok litt overkill når eg tenkjer meg om. Trur eg går for eit fjerde alternativ. Har nemleg to lette dunjakker så då tar eg med meg begge og brukar den eine på beina. Har generelt god erfaring med klær i soveposen så det er eg ikkje bekymra for. Syns den Anna-buksa virka fin, men er skeptisk til kor mykje plass den tar i sekken. Ser ikkje særleg komprimerbar ut. Det samme gjelder vel for fiberpels vil eg tru?
  21. Hei! Eg har ein -6 quilt, noko som betyr at eg sikkert er komfortabel ned til og med 0 grader. Eg skal på ein litt lenger tur i Oktober og då skulle eg gjerne hatt 5 ekstra grader i posen for å være på den sikre sida. Vekt og volum er viktig. Eg har komme fram til 3 alternativ: 1. Dunjakke og dunbukse combo. Jakka har eg med uansett så då må eg eventuelt gå til innkjøp av ei dunbukse ala det her: http://www.outnorth.no/western-mountaineering/flash-pant?utm_source=prisjakt.nu&utm_medium=productlinks&utm_term=Flash+Pant&utm_campaign=friluftsbyxor#|XS 2. Lakenpose. Ser at Sea to Summit reklamerer med 8 grader boost her: https://www.rei.com/product/705534/sea-to-summit-reactor-thermolite-mummy-bag-liner Men det trur eg lite på.. 3. Eksta lett sovepose/quilt. Syns den her ser fin ut: https://www.xxl.no/haglofs-l-i-m-down-1-sovepose/p/1112798_1_style Alternativ 3 gjer nok mest varme for pengane, men er også alternativet som veg mest og tek mest plass i sekken. Kva ville de valgt?
  22. Alle veit jo at ein ikkje treng meir enn 40-50L sekk til nærmast all bruk. Gitt at ein har sovepose, telt og liggeunderlag til 15k.. Mitt tips for folk med litt mindre erfaring er å kjøpe (gjerne brukt) ein sekk som har rett under den kapasiteten du trur at du treng. Kjøp 70L dersom du heller mot 80L. Då tvinger du deg sjølv til å pakke smartare.
  23. Er sjølv veldig glad i mitt chair kit. Har følgande i frå Sea to Summit: https://www.fjellsport.no/sea-to-summit-air-chair-hvilestol-medium.html Eg brukar det med Thermarest Xtherm som vist på bilete. Veldig digg å ha god ryggstøtte når ein skal kokkelere eller lese bok. Komforten er lett verd vekta spør du meg.
  24. Exped Camp Slippers. Beste kjøpet eg har gjort på ei stund. Lette i sekken, deilig å ha på i campen og varmar godt i soveposen.
  25. Har Fjellreven Keb, men syns den er litt for tung, spesielt når den blir våt. I det siste har eg gått heilt vekk i frå tradisjonell fjellbukse og heller berre tatt med Houdini MTM Liquid Rock Pants i staden. Veg berre 160 gram og pustar så godt at vent zippers ikkje er nødvendig. Når eg går i lett regn så tørkar buksa så fort at den ikkje rekk å bli våt. Er det kaldt så tar eg berre på meg stilongs under. Trur kanskje eg har kjøpt mi siste turbukse.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.