-
Innlegg
127 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Øyvind Hellenes
-
Turtips? Vestlandet, fjordutsikt fjellski, telt
Øyvind Hellenes svarte på northern_fov sitt emne i Fjellvandring
4-5 timar ein veg er jo ein ganske lang tur. Når det i tillegg skal vere slakt og med bra fjordutsikt så kjem eg ikkje på så alt for mange bra alternativ. Indre Sogn har nok av spektakulære toppar, men der inne blir det fort bratt. Ein veldig fin tur i nærleiken av der eg bur er denne: https://www.ut.no/tur/2.8132/ Om du startar i frå Reset brukar du ca 3 timar til toppen av Fauskevarden. Her har du kanonutsikt over Førdefjorden og ut i havet. Har overnatta i området fleire gonger og det kan verkeleg anbefalast. Om du ønskjer deg ein litt lenger tur kan du starte i frå langrennsløypa på Langeland og følgje Langelandsvatnet ned til Halbrendstøylane. Mogleg det er fleire flotte turar på sørsida av Sognefjorden, men eg har diverre ikkje så god kjennskap til det området. -
Eg har ikkje kjennskap til teltet eller produsenten, men er jo ein relativt vanleg konstruksjon. Tilsvarande Hilleberg Saivo og Tarra. Det eg kan seie er at eg ville vore skeptisk til luftinga. For meg ser det ut som den ventilen lett kan klappe saman med moderat nedbør. Ellers låg eg merker til at strekmenneskja hadde lagt seg feil veg i teltet. Eg håpar for deira del at det er lenger i andre retninga..
-
For dei som ønskjer å lære endå meir om syntetisk isolasjon kan eg anbefale den nye podcasten til Backpacking Light. I første episode snakkar dei mykje om haldbarheita til syntetisk stoff versus dun: https://backpackinglight.com/podcast-001-synthetic-insulation/ Dei bekreftar blant anna Thomas E sin erfaring med at syntetisk fyll over tid blir svekka av komprimering.
- 8 svar
-
- 1
-
Har du sett! Då gjekk eg vist berre rundt å surra på taket då, haha. De lyte sette opp eit skilt ned til inngongen
-
Når ein stort sett alltid har med ekstra skumunderlag på vintersturar så ser eg ikkje heilt poenget med å ha liggeunderlag som har komfort-temp på -40.
- 36 svar
-
- 1
-
Er veldig fornøgd med at eg kom meg ut på fjellet kvar dag denne påska. Skulle vel eigentleg berre mangle med det vêret vi har hatt. Uansett, her er nokre høgdepunkt: Teltur til Fløgen i Flora. Med solnedgangen rett i havet er det fort ein av dei aller flottaste plassane eg har slått leir. På veg opp Bolsetnipa. Fjellet med kanskje den beste utsikta over Jølstravatnet. Pause på Storfjellet i Viksdalen (Gaularfjellet). Vinden endra stadig retning og då var det greit å ha med tarp. Siste dag av påska fekk vi fantastisk køyring i puddersnø ned i frå den mektige Syskarnipa. På bilete ser ein nabofjellet Kvitsvornipa.
- 4 598 svar
-
- 19
-
Nei, inngangen var kollapsa og orka ikkje grave, hehe.
-
Mykje areal, men ikkje nødvendigvis volum
- 7 svar
-
- 1
-
Pyramidetelt er jo ganske vanleg i USA verkar det som. Her er ein modell eg har sett litt på: https://mountainlaureldesigns.com/product/duomid-xl/ Veldig lette og enkelt oppsett. Skal visstnok vere egna for vinter, men vanskeleg å seie om dei passar godt for norske forhold.
-
-
Har ikkje testa det, men syns det ser veldig bra ut. 105cm i takhøgde på eit så lett telt er jo luksus.
-
Her er Anjan i opp mot 20/ms: https://www.youtube.com/watch?v=0axQk_kopR8 og på vintertur: https://www.youtube.com/watch?v=Jn_mOZ7j2vM Ein skal ikkje kimse av Yellow-label serien til Hilleberg. Eg ville ikkje tatt Anjan med om eg viste det skulle bli slike forhold, men det ser likevel ut til å fungere heilt greit. Har du planar om å reise på slike turar i ny og ne ville eg valgt Nallo GT. Viss ikkje hadde eg valgt Anjan. Nallo utan ekstra yttertelt syns eg verkar litt stusseleg på vinterstur.
-
Hei! Basert på dette høyrast det ikkje ut som du treng eit heilårstelt. Dei fleste 3-sesong-telta klarar seg heilt fint i litt snø. Eg ser ikkje poenget med å kjøpe heiltårstelt "just-in-case". Spesielt ikkje når du seie at du er oppteken av vekt og plass. Då ville eg heller valgt Hilleberg Anjan i staden for Nallo. Alternativt Lofoten SL i frå Helsport. Telt er dyrt ja, men kjøper du brukt så bør du ikkje ha store problem med å selge det igjen dersom du skulle angre
-
Dette stemmer ikkje heilt. 2.5m^2 er berre for innerteltet til Unna. Med å nytte barduner på langsidene får ein mykje meir plass i Unna en det ein skulle tru. Om ein klipsar av begge hjørna langs døra får ein faktisk også veldig god plass til arbeidsgrop. Som vist på bilete: Eg kan laga gropa så brei at eg får plass til ein 65L sekk med ryggen ned. Og i frå innsida: Sjølv om ein tapar litt plass i innerteltet med å klipse av begge hjørna så har eg framleis minst 70cm i bredda å klare meg med til soving. Dessutan kan eg også nytte tilsvarande ytterteltareal på baksida. Her får ein i alle fall plass til sko og kanskje ein liten sekk. Ellers trur eg ikkje det er noko tvil om at Soulo er meir stabilt i dårleg vêr. Begge telta har sine styrker og svakheiter, men når det kjem til plass så meiner eg at Unna er best
-
Kul idé syns eg, men det sit langt inne å gjere noko slikt. Uansett, eg hadde ikkje takka nei til å prøve eit Unna-telt på skitur med 2/3 bunnduk.
- 19 svar
-
- vintertelt
- innertelt
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Rago - Ny soveposeserie fra Helsport
Øyvind Hellenes svarte på whistler sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
Kjøpte meg ein Rago Winter i frå Intersport Lillehammer til 2799. Førsteintrykket mitt av posen er i grunn veldig bra. Med mine 181/182cm er passformen nærast perfekt, men ville difor vore litt skeptisk til om posen er lang nok dersom ein er 185. Det verkar også som ytterstoffet er svært holdbart og bør beskytte godt mot fukt. Eg syns dette er veldig digg, spesielt med tanke på bruk utafor teltet. Mine to andre posar (RAB Ascent 700 og EE Revelation 20) slepp eg helst ikkje i nærleiken av ei barnnål. Med Rago skulle eg fint rulla meg i ei maurtue. Noko anna eg likar godt med designet er kragen/hetta. Den er kompakt og komfortabel med mykje dunfyll. Veldig enkelt å regulere opninga etter temperatur. Ellers har eg berre rukke å testa posen ei natt. Det var under ein tarp i cirka 13-14 minus. Då var det litt kjølig i plankestilling, men så fort eg fekk krølla meg litt saman så gjekk det heilt fint. T-Comfort på 10 grader stemmer nok fint. Før Rago-serien kom så vurderte eg å kjøpe Warmpeace, men var veldig usikker på om eg skulle gå for Viking 900 eller 1200. Sånn sett var Rago Winter ein god mellomveg med T-comfort grense midt i mellom 900 og 1200. I tillegg veg den jo faktisk mindre enn Viking 900 også. -
Kor får ein kjøpt tørrmelkpulver eigentleg?
-
Nei det må du ikkje gjere! Har sjølv både Zpacks Duplex og Hilleberg Unna og syns det er to telt som utfyller kvarandre veldig godt. Unna er perfekt i frå November til April, mens Duplex er perfekt i frå Mai til Oktober. Sånn cirka. Duplex er eit råbra telt, men blir fort litt for luftig når tempen bikkar ned i det blå.
- 38 svar
-
- 3
-
Storehesten Opp og Ned. Forholda er bedre litt lenger inn i landet, men det er noko heilt spesielt med snødekt kystlandskap.
- 4 598 svar
-
- 19
-
Kanon. Skal sjå etter an neste gong eg er på ski i området!
-
Tøft! Det var litt av ein størrelse må eg sei. Kor ligg den hen?
-
Har vore fantastiske forhold i Sunnfjord dei siste to vekene. Stabilt kaldt vêr har gjort at snøen helde seg fersk og fin. Eg har diverre ikkje vore flink nok til å nytte dagane til teltturar, men det håpar eg vil endre seg fram mot påske. På veg opp Steinheia med månen og Tindefjellet i bakgrunnen: Utsikt ned til Jølstravatnet på veg opp til Høgefjellet. Ein kort og relativt ukjend tur som er ein personleg favoritt: Solnedgang på Smådalsnipa i Naustdal: Eikåsnipa med Storehesten og Blegja i bakgrunnen: Nett passert igloen på veg opp Tindefjellet:
- 4 598 svar
-
- 22
-
Rago - Ny soveposeserie fra Helsport
Øyvind Hellenes svarte på whistler sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
Tenker sjølv å kjøpe Rago Winter, men skulle gjerne høyrt litt i frå nokon som har erfaring med den. Så vidt eg kan sjå så er det heller ingen testar som ligg ute på nettet?