Gå til innhold
  • Bli medlem

Øyvind Hellenes

Passivt medlem
  • Innlegg

    127
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Øyvind Hellenes

  1. Eg likar friluftsfilmar som eg lærer noko av. Då kan ein jo prate eller vise, men helst begge deler. Lengda bryr eg meg ikkje så mykje om. Eksempel på innhald eg syns er heilt topp:
  2. For dei som måtte lure så testa eg Unna med bunnduk i frå Oookworks på Josten no i helga. Fungerte heilt topp. Vekta kom på 1,6kg.
  3. I dårleg vêr entrar eg teltet med den øverste glidelåsen som vist på bilete (berre med litt mindre opning). Då tar ein det meste av regnet i ryggen før ein elegant glir inn Men som du påpeikar så er nok den beste løysinga å ta av eit klips i hjørnet samt stenge innerteltet før ein går ut. Det er nesten påfallande kor mykje ekstra rom ein får i Unna berre med å ta av eit feste, og det kjem jo sjølvsagt av at teltopninga er på langsida. Foto: Bengt Larrson
  4. Ja det stemmer. Eg kan ikkje tilrå det før eg har prøvd, men det verkar jo som eit godt alternativ for å spare vekt.
  5. Eg har kjøpt eit 70x220cm bathtub golv til mitt Unna i frå: http://oookworks.com/oooktubs.html Har ikkje fått testa det endå, men sparar vel rundt ein halv kilo i vekt vil eg tru.
  6. Ser at Rago Superlight har ei T-comf grense på -2. Det er heilt i grenseland for kva ein kan kalle ein 3-sesongpose etter mi meining. Altså, for to dagar sidan var det 10 minus i Jostedalen liksom.. Når Superlight winter med t-comf på -10 er 500kr dyrare så er det nesten ikkje noko å lure på spør du meg. Ellers er eg veldig nøgd med Rago Winter. Den har eg klart meg fint med i 13-14 minus. Litt tyngre sjølvsagt, men til gjengjeld har den eit meir robust og vassavstøytande ytterstoff. Då slepp ein å vere så forsiktig med posen for å halde den tørr og det syns eg er digg.
  7. Veldig kult med norsk selskap som lagar DCF-telt! Håpar dei prøver seg på eit tunnel eller kuppeldesign etterkvart. Eg er heilt einig med Ryan Jordan i frå Backpacking Light når det gjelder dei typiske DCF-designa til 3-sesong bruk: https://youtu.be/0l9clCKq2zg (37:25 og utover) Eg veit DCF er vanskeleg med tanke på stangkanalar, men kva med eit kuppeldesign som Unna med fibraplex stenger og klipsfester ala Hilleberg Soulo?
  8. Ein kompis av meg har Shape 3 og eg syns det verkar som eit knallbra telt, men ser ikkje heilt korleis Abisko-serien tilsvarer Red Label i styrke og kvalitet. Har heller ikkje lese noko om at duken til fjellreven er behandla for UV-lys på samme måte som Kerlon er? Det har jo mykje å sei for levetida til eit telt. Uansett, utan å sjå seg blind på teoretiske spesifikasjonar så kan eg sei at i praksis så kjennast dukane veldig forskjellige ut. Ikkje at det eine er bedre enn det andre, men Abisko har ein langt meir elastisk duk, mens Red Label duken er mykje glattare og «stivare». Når det gjelder Shape 3 spesifikt, så opplevde eg høgda i innertelt som litt lav. Hilleberg Unna skal òg vere 100cm i toppen, men det kjennast mykje meir romsleg over haue. Eg tenkjer kanskje dette kan ha noko med at glidelåsen til innerteltet går heilt i topp på Hilleberg sine telt. Forstår ikkje kvifor ikkje fleire teltprodusentar gjer det slik eigentleg. Syns også mindre detaljar som stangkanalar, koppar, glidelås og strammarar verkar meir robust på Red Label, men når det er sagt så meiner eg Fjellreven har lagt seg på ei veldig fornuftig linje med tanke på vekt og styrke. Hadde truleg valgt Abisko Lite over Nallo om eg var eit par centi kortare. *Eg veit at Abisko har ei stripe med 40D langs bunnen, men dette er meir ein gimmick etter mi meining. Utgjer kanskje 10% av duken samla sett og i sterk vind ser eg ikkje føre meg at duken er sterkare enn sitt svakaste punkt uansett. Eg meiner også å hugse at stengene til Shape er tynnare i enden. Stemmer det? I såfall er det òg ein litt tullete måte å spare vekt på syns eg.
  9. Hei! Eg går opp via Fåbergstølen no førstkomande Mandag. Går då ikkje innom Småttene, men kan fortsatt melde i frå om forholda dersom de er opne for å gå samme ruta
  10. Det flotte med nordiske telt er at ein enkelt kan legge igjen innerteltet når ein skal på tur. Eg likar best å ha innertelt når det er kaldt, men kanskje du syns det går heilt fint utan? Berre å prøve det
  11. Har ein tidlegare modell av denne buksa: https://www.houdinisportswear.com/no/men/pants/ms-bff-pants Meget fornøgd
  12. Hei! Eg er veldig glad i Thermarest sitt Xtherm-underlag. Ein veldig god kombinasjon av lett vekt, varme, komfort, og haldbarheit. For deg som er 1.92 ville eg råda deg å gå for Large. Det sagt, har du moglegheit så ville eg besøkt ei sportsforretning og bedt om å få testa nokre underlag. Komfort vil eg seie er den viktigaste eigenskapen og dette er trass alt ganske individuelt. Eg er til dømes ikkje så begeistra for komforten til Exped-underlaga sjølv om mange andre likar dei svært godt.
  13. Sant, men Helsport SL har større bruksområde. Duplex er først og fremst eit sommartelt etter norsk standard.
  14. Ja der tok eg jaggu feil. Har av ein eller anna grunn fått det for meg at dei var mykje større. Takk for korrigering
  15. Er du utanfor mobildekning så må du ha ei eining som kan kommunisere via satelittnettverket. Her er det i utganspunktet tre alternativ. 1. Satellitt-telefon. Stor, tung, dyr. Ikkje det du vil ha. 2. Ein nødpeilesender. Desse er svært enkle og har som regel berre ein knapp. Tykkjer du på knappen blir det sendt ei SOS-melding til eit sentralbord som igjen sender lokasjonen din vidare til næraste redningstjeneste. Deretter kjem dei og hjelper deg så fort som råd. Eg veit at dette er ein populær modell: https://www.acrartex.com/products/resqlink-plb 3. Garmin Inreach, Spot og liknande. Desse einingane fell ein stad midt i mellom. Du kan ikkje ringe med dei, men dei støttar ofte ein eller to-vegs kommunikasjon (SMS). Dei har også ein SOS-knapp. I tillegg kjem nokre modellar (Inreach Explorer) med mange ekstra funksjonar som til dømes GPS, tracking osv. Ut i frå det du skriv så tenkjer eg at Garmin Inreach Mini passar dine behov best.
  16. Soulo har ein fordel over Unna når det gjelder pitching i sterk vind. Med feil teknikk kan eit kuppeltelt (utan klipsesystem) doble som ein kite. Slik brukar eg å sette opp Unna i vind: Prøver ein å sette stengene inn med vinden blir det berre krøll, men på denne måten har eg aldri hatt store problem.
  17. Du får ikkje ta bilen min, men du må gjerne ta ein kopi og dele den med alle du kjenner.
  18. Regner det må ein lukke ytterdøra opp til regnflappen på toppen. Alternativet er som sagt å huke av delar av innerteltet og dra det litt bakover. Då får ein ly for regnet så lenge det ikkje bles mykje. Med Nallo trur eg ein kan ha heile døra open sjølv når det regnar. Det er sjølvsagt litt knot å fikle med innerteltet når ytterdøra er stengd, men når det først er huka av så får ein overraskande god plass syns eg.
  19. Einig dersom det gjelder aviser eller anna kommersiell bruk. Av praktiske årsaker meiner eg det er tullete å forvente at det skal krevjast godkjenning i frå fotograf for bruk av bilete som er lagt ut i det offentleg rom. Digital stjeling er å hevde eigarskap til noko som ikkje er ditt. Det er ikkje det same som å bruke eit bilete nokon andre har tatt. Personleg syns eg berre det er kjekt når andre brukar bileta mine. Sjølv når lokalavisa brukar bilete eg har tatt utan å kreditere meg
  20. Stavenesodden i Askvoll med nytt telt. Stas!
  21. Veldig mykje å like med Abisko-serien til Fjellreven, men Lite modellane er litt for lave etter mi meining. Ville difor heller valgt Nallo som eg syns verkar som eit kanontelt. Avhengig av kor mykje du skal bruke teltet på vinteren så kan kanskje Fjellheimen SL 2 også vere eit alternativ?
  22. Går heilt fint om ein ligger kvar sin veg i teltet, men ville aldri brukt det som eit designert tomannstelt.
  23. Eg brukar Unna som solotelt på vinteren. Får god plass til arbeidsgrop og matlaging om ein hektar av litt av innerteltet: Utan at eg kan sei det heilt sikkert så trur eg også at Unna har den beste ventilasjonen av dei tre telta.
  24. Skal ein ferdas i Noreg må ein først ta ei viktig avgjersle. Ønskjer ein å sjå på natur eller oppleve den? Mange norske turistatraksjonar i naturen er ikkje anna enn kuriositetar eller stader som er «kult å ha vært». «Sjå på den store steinen her som på eit merkeleg vis har kila seg fast i ein sprekk». Eller «Her er ein fjelltopp som liknar litt på ein katt når du ser den i frå ein spesiell vinkel». Eg spør. Har de nokon gong fått ei stor naturoppleving av å sjå på noko slikt? Er det ikkje litt som å gå på museum i grunn? Sjølvsagt kan det vere kjekt og spennande, men det er ikkje dette eg søkjer når eg er ute i naturen. Eg får ofte både frysningar og tårer i augo av ei flott utsikt, men det kjem aldri av eit enkelt element. Det har med heilskapen å gjere. Toppar, lys, himmel, vatn, skog og dalar. Det har også med min tilstand akkurat der og då. Kanskje har eg gått langt, er sliten og får plutseleg eit glimt av solskinn i horisonten. Kanskje sit eg under ein tarp i regnvêr og kokar ein lenge etterlengta kaffi på bålet. For meg er det dette som er ei ekte naturoppleving og denne lykken får i alle fall ikkje èg på eit museum. Noreg er truleg det vakraste landet i verda. De kjem til å ha det heilt topp uansett kor ferda ber så lenge de er medviten på kva de ønskjer å oppleve
  25. Godt valg Plass er viktigare en utsikt, men når det er sagt så ser det ut som ein kan rulle opp bakdelen på Fjellheimen SL. Då burde ein vel klare det same i front?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.