1. Minimalt, men litt viss undertøyet et tjukt. Eg brukar det mest for komforten sin del. Om eg vil ha meir varme tar eg på dunjakka og eventuelt dunbuksa. Så lenge det ikkje blir veldig trangt i posen vil alltid meir kle gje meir varme.
2. Det har ingen effekt
3. Eg ville ikkje gjort dette, spesielt dersom ein har spadd snø rundt teltduken. Du trenger ikkje ha full opning, men litt sirkulasjon er lurt.
4. Ja dette vil nok hjelpe. Er fordelar og ulemper med stort telt på vinteren. Ligger du ute i Keron 4 i -10 så hadde eg tippa at temperaturforskjellen med 1 og 4 personar truleg vil ligge på 4-5 grader.
Eg har sett folk som driver med mykje fiksfakseri for å få eit varmare telt, men for meg er saken eigentleg veldig enkel. Er det kaldt så trenger eg meir isolasjon. Anten i soveposen eller i liggeunderlaget. Viss du til dømes er avhengig av varmeflaske for å få ei god søvn så meiner eg du er bedre tjent med ein varmare pose.
Edit: Eg kan legge til at det er ei litt anna sak dersom ein ofte fryser i starten, men blir varm etter litt tid i posen. Det er kjipt sidan det då tar lenger tid å sovne. Et deg mett, gå på do og ta ti armhevingar. Eg fryser til dømes lett på knea og brukar ofte knevarmerar i ull for å raskare bli komfortabel i posen. Andre kan lett bli kald på nase og tær og då kan til dømes balaklava og dunsko vere digg.