Var i ferd med å spore litt av i ein annan tråd, så eg lagar ein eigen for dette spørsmålet:
Har vore og kjøpt La Sportiva Bushido II i dag. I butikken kjende eg på eit punkt under foten som var litt rart, men skoen sat så godt elles at eg landa på å kjøpe dei likevel. No har eg trakka rundt med skoa på innandørs ei stund, og punktet eg kjende på er der framleis. I forhold til det eg er van med, er skoen oppbygd litt ekstra i området rett bak storetåa, noko som kjennest litt snodig ut. Og då lurer eg på: er det andre som har kjent på dette i denne skoen? Er det evt. noko som vil jamne seg ut i bruk?