-
Innlegg
141 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
1
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Odd-Arne
-
Eg brukar Firebox Nano titanium, men er den for liten, så er Bushbox LF titanium fin. Begge to har hengslar, så dei er lettare å sette opp. Berre å apne opp, i staden for å måtte fikle med separate delar. Om du spesifiserar bruken litt meir, så kan eg vere meir spesifik. Det er ein grunn til at eg har fleire. Dei små ovnane kan godt gjere ein stor jobb. Det som kan vere eit minus er først og fremst at du må bruke mindre kvistar og mate rofte/kontinuerleg. Litt større ovnar kan gå leeeeenge med riktig brensel. Skal det brukast panne over og du vil ha litt i både pose og sekk, midt i mellom ovn liksom, så held eg ein knapp på Silverfire Scout. Bruk i så fall dei ekstra kronene på den mest solide varianten. Om dette er den primære bruken, så er det primære plusset med dei mindre effektive og åpne ovnane at du kan lettare fyre opp med litt større ved.
-
Vil du ha større kammer og lenger brennetid, så vil eg anbefale Silverfire Scout. Putt pellets i den og du kan småkoke leeeeeeeenge. Men ja, skal det berre kokast vant eller halde ting varmt ei lita stund er dei alle minste ovnane perfekte. Vil du grille i tillegg er det Firebox som er tingen. Alt til sin bruk
-
Då er det gjort. Valget fall på Crispi Besseggen. Passa foten bra og trur dei skal funke. Satsar på å skaffe meir Fivefingers til neste sommer og supplere med eit par jegerstøvlar etter kvart. Lenge sidan eg har kunna vore aktiv i fjellet, men no er eg i gang. Må verte ei hagle snart og ser ut som om ein eller annan variant av Beretta 686 fortsatt er eit godt valg om ein først og fremst berre vil ha solid funksjonalitet for pengane.
-
Må vel nesten berre pakke på ein måte som gjer at det ikkje smittar.
-
Altså, fjellsko. 😂 Er alltid barbeint npr det er mogleg, derfor fivefingers. Noko å gå i fjellet med om hausten. Sidan eg er mykje i Lom må eg vel ein tur på høgaste toppen før vinteren kjem. Typiske fjellsko, ikkje for høge, pustar godt. Presang frå familien, så skal på XXL og prøve ting på mandag. Er veldig lite oppdatert på området. Veit berre at generell passform til Scarpa, som brukte å vere det vanlege i butikkane her sist eg kjøpte sko, var heilt feil for meg. Får sikkert hjelp i butikk, men ein selger er jo stort ett ein selger.
-
Goretextelt - Nemo Equipment ALCS™ 1P SE GORE-TEX®
Odd-Arne svarte på Memento mori sitt emne i Telt og lavvo
Ok. Ville nok investert i footprint, så det går nok greit. Ser ut som det er mulig å få tak i sivilt. Black Label er jo ikkje akkurat billig eller lett det heller, så då kan ein vel forsvare prisen og vekta. Vert nok brukt mest aleine, ellers så får ein satse på ein liten partner. 😁 -
Ein kan jo berre vente litt eller så er jo eit lite beger ein kan helle i først i staden for ei full flaske ei ganske enkel og gratis løysing. I alle tilfelle, så lenge norsk lov seier at dette er det vi har lov til å bruke, så synest eg ikkje sprit er eit godt alternativ for noko. Har prøv Fin Fyr. Sotar kanskje litt mindre, men stanken er jo minst like ille. Fyr opp bål og køyr pølser og pinnebrød, som siviliserte folk. Funka fint når eg gjekk på skulen. 😊
-
Sjølv om eg antageleg er på vei til legge om til femfingra sko for det meste, så er det ikkje alltid det er best. Spesielt ikkje når veret vert kaldere osv... Har hatt de samme to para som eg deler med far min(som har lik fot) i mange mange år, men no er det på tide med nye. Er ute etter tips. Har både unormalt brei fot og høg vrist(str 42 1/2), så det er vel det som er dei viktigaste momenta. Ofte vanskeleg å finne sko generelt, men synest å huske at dei typiske støvlane eg hadde i forsvaret fungerte ok.
-
Har berre handla ein gong med dei når eg nyleg kjøpte fine første Fivefingers. Tok litt tid ja.
-
Så klart utruleg trist at eit barn vert skada, men det skal uvitenheit av dimensjonar til for at dette skal skje. Velte, søle eller mest sannsynleg helle fråden tore flaska i ein varm brenner. Not smart. Uansett ikkje veldig aktuell for meg med sprit i det hele tatt før vi kan kjøpe reinare ting her i landet. Ein seier at rødsprit er ufarleg, men eg synest både at eg vet svimmel og at maten tek til seg smak. Æsj!
-
Ja, kvifor ikkje. Definitivt min favoritt. Rødsprit stinkar, primus støyar og gas, vel er egentleg litt redd for det. Sjølv om eg har representantar for alle desse tinga, så er det klart av eg likar best ved og når ein ikkje treng varme, så er desse små ovnane fantastiske. Brukar også desse på biltur og har då litt ved, kongler og evt, og litt pellets om eg ikkje skulle finne ved. Har minste Solo Stove, Silverfire Scout og både stor og liten Firebox(G2 og Nano.) Så effektive. Total forbrenning og maks effekt. Er litt avhengig av Silverfire sine andre produkt, så brukar dei litt større ovnane heime eller på biltur når eg skal koke litt større ting.
-
Goretextelt - Nemo Equipment ALCS™ 1P SE GORE-TEX®
Odd-Arne svarte på Memento mori sitt emne i Telt og lavvo
Tanken er vel til ulike typar bruk, men noko enkelt og solid på vinter for 1,5 personar når eg ikkje vil fyre bål er relativt dekkande. Forstår det på Luke i videoen som om at det er stort nok for to når det er partner som er med. Vekt er greit, så lenge det betyr enkelt oppsett, soliditet og comfort. Har eit lite og lett Stormbreak 1 som eg brukar på fjellet og dette ser jo ut som det er like enkelt som å sette opp berre innerteltet. Sett opp stenger og heng på. Så klart, om eg brukar slike summar på eit telt skal det brukast. Meir eller mindre dagleg bruk på vinterstid, men primært berre for å sove, bruke minst mulig tid både til å sette opp og pakke ned, og gå eller køyre videre. Eg bor jo meir eller mindre i telt, men av og til er eg lat og ligg i bilen. Når eg har meir tid sett eg opp telt og enda meir tid går eg ut i skogen eller litt opp over fjellet. Pendlar og jobbar halvt i Lom, reiser opp Østerdalen av og til osv. Overnattar halvveis opp på ein topp ved sentrum i Lom, Strynefjellet, Sognefjellet, Vinstra og Rondane stort sett. Har definitivt og ein viss kjærligheit til å gjere ting på den litt militære minimale men solid utstyr måten. Vert mykje på den gamaldagse måten med bomull og bål, men det mistar litt sjarmen når vinteren kjem og ein ikkje alltid har så god tid heller. Telt, underlag, sovepose, sov. :-) -
Goretextelt - Nemo Equipment ALCS™ 1P SE GORE-TEX®
Odd-Arne svarte på Memento mori sitt emne i Telt og lavvo
Veldig interessert i å høyre meir om det teltet. Om det er holdbart og fungerar like godt over tid. Dyrt så klar, men sidan eg bor i telt halve året, så er det berre ei husleige eller tre for folk flest. Ei utgift eg ikkje har. Er du fortsatt fornøyd? Korleis fungerar den utan toppduk? -
Hva skal til for å gå Norge på langs?
Odd-Arne svarte på LinnLinen sitt emne i Generelt om friluftsliv
Høyrest ut som eit artig prosjekt dette her. Har sjølv tenkt på å gjere det ein gong når tid og økonomi er klar for det. Sjølvsagt er dette meir meiningsfyllt enn bere å ha noke å skryte av. Den som ser på ting på den måten, må ærlig talt ha eit så snevert syn på tilværelsen, at eg kan berre synest synd på dei. Tenk på mangfaldet ein vil sjå og oppleve, alle inntrykka og kor nært ein vil kome inn på alle dei små tinga i naturen vår og kva ein kan lære om seg sjølv. -
Leve av Naturen (Mat, Urter og Planter)
Odd-Arne svarte på Ivan77 sitt emne i Generelt om friluftsliv
Regnar med at du snakkar om boka til Stefan Källman. Flink mann det, men boks er veldig mangelfull når det gjelder mat. -
Det er egentleg berre dei ytterste laga på eit tre som er i live. M.a.o. er det berre snakk om å kome til den indre veden. Når først bålet er tent kan du tørke den våte veden.
-
Lars Monsen er hedret med Fjellskikkprisen 2010.
Odd-Arne svarte på larka sitt emne i Generelt om friluftsliv
Alt som gjer fleire folk interessert i naturen er flott, synest eg. -
Leve av Naturen (Mat, Urter og Planter)
Odd-Arne svarte på Ivan77 sitt emne i Generelt om friluftsliv
Grunnen til matforbruket i dag har ein heil del med kvalitet å gjere. Så og seie alt som finnast i butikken i dag er hybride, domestikerte artar som ikkje er i nærheita av innhaldet av naturlege mineral og medisinar til sine originalar, dette gjeld både plantar, dyr og dyreprodukt. Skal ein ha plantekost om vinteren må ein tørke eller fermentere, og det er jo ein kjent tradisjon det. Forøvrig er det jo med oss som med andre dyr, meininga at vi skal ta det med ro og spare på energien i mørketida. Nok fett frå eit og anna dyr med all innmat hjelp rimeleg godt med å halde varmen. No er jo tida inne for å tappe sevje også, så ein kan varme opp kroppen til fleire månadar med meir solid plantekost som vil rense systemet og gi immunforsvaret eit lite løft. Det finnast jo plantekost når det vert kaldere også, t.d. har kreftkjuke sesong tidleg på vinteren, og det er eit ypperleg supplement både fersk og som te. Ellers er det mykje dei samme plantane som gjeld, ein må berre vere villig til å grave opp rota. Det er også rikeleg med små innsekt som alle har ein temmeleg imponerande næringsprofil. Enkelte kan synast at det er litt radikalt, men eg må vel seie at eg synest at frysetørka, hormon og sprøytemiddel metta, transfett befengt og ellers generellt motbydeleg søppel i ein aluminiumspose kan ikkje ein gong dekkast av ordet radikalt. Det er berre eit eksempel på kor langt ute og køyre vi er. Den store hjerna til neanderetaleren hadde muligens sammenheng med evner som vi heilt har mista i dag. Evner som t.d. det forhatte løvetanna og skalderkålen kan hjelpe oss å bygge opp igjen. Dei er over alt i alle sine hagar. "Her er eg", sier dei. "Eg kan hjelpe." Men vi er for dumme til å lytte og velg å dynke desse fantastiske plantane med dei verste kjemikaliane som finnast. Toppen arroganse. -
Om du er villig til å betale for det er dette langt langt over en samekniv, som jeg synes handler mye mer om tradisjon en funksjonalitet. http://www.fehrmanknives.com/knives.htm Det er greit at mange synes at slikt er litt tullete, men om dette er det en liker å holde på med, en har råd til det og tar en titt på hva en har lagt i annet utstyr, så ser jeg ikke problemet.
-
http://www.fehrmanknives.com/knives.htm + ein liten sveitser, granfors turøks og ei god foldesag.
-
Flotte greier. Skal du ha noke hippere vert det ein god del dyrare.
-
Han har tatt alle rekordene til Chuck Norris jo!
-
Kniv, og tennstål.
-
Personlig så er det veldig få kommersielle barer jeg er særlig imponert over. Absolutt ingen reell næringsverdi. Om jeg ikke laget dem selv hadde jeg gått i en helsekost og prøvd litt forskjellig(Organic Food Bars produkter er visst populære) og så bare søkt på nettet etter steder jeg kunne kjøpe store mengder billig. Mennesker er ulike og optimal næring i mellommåltider er derfor ulikt. Ellers er jo smaken personlig også, og ganske viktig i et kort liv. lol Personlig foretrekker jeg en blanding av rå cacao, agave(lønnesirup ol. er også bra greier. Honning kan være godt), cacao smør og varierende blandinger av tørket frukt, frø og nøtter. Om det ikke skal stå så lenge så har jeg gjerne noen eggeplommer oppi også. Slenger gjerne litt greier som vanligvis kommer i tillskudds kategorien også. Litt salt er heller ikke feil. Nå synes jeg vel at en pose med tørket frukt og nøtter er veldig greit også. Mye enklere å lage også for den som ikke orker å gjøre seg så veldig mye bry. Som med det meste annet så er kvaliteten mye høyere og prisen utrolig mye lavere om en lager ting selv. Går kanskje på et nivå litt over normal interesse her, men du spurte om det beste.