Gå til innhold
  • Bli medlem

Odd-Arne

Aktiv medlem
  • Innlegg

    141
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Odd-Arne

  1. Devold toppen fungerar vl fint den om du er fornøyd med underdelen. Aclima har jo mange alternativ, så ein startar vel berre med det ein veit ein må ha for situasjonen og tek med eit lag til i tilfelle.
  2. Eg ha gjort det ganske enkelt når eg oppdaterte med Aclima heildress i WoolNet og WarmWool. Då er det berre å velge ein eller begge. Skal verte temmeleg kaldt for at det ikkje skal vere nok. Ser gjerne at ting pustar når eg er i bevegelse. Kan finregulere fint med kva ein har på hode, hender og handledd. Ofte er det berre litt ekstra som skal til som skal til. Bytt lua med balaklava, eit tynt laust merino lag under skall eller trikset som eg plukka opp på ei TV2 sending med Ousland som berre raskt hiv på ein tynn vest ytterst. Tynne lag som er lett å ta av og på er veldig praktisk. Sjølv det tynnaste og lettaste ekstra merino laget kan gjere ein stor forskjell. Eg brukar berre ull og skal og det skallet raskt raskt av når det ikkje er nødvendig. Viktig å halde seg tørr.
  3. Eg er ny med pulk sjølv og gjorde det enkelt og rimlege med ein Fjellpulken Transporter. Tenkte at den ville vere nyttig til ved o.l. sjølv om eg skulle oppdatere seinere. Skaffa drag, men det er mest ein kontroll ting. Ousland brukar jo det ikkje på poltur, så då må det vel gå greit uten. Trur eg ville prioritert ein god sele og spart på resten. Den kan du også bruke resten av året til dekktrening.
  4. Ein må nesten berre teste sidna der er ein variabel eller to. Som nokon som veldig nylig har bytta ut dei gamle tinga med nyere merino, så er eg temmeleg imponert over kva ein kan få ut av eit relativt tynt plagg. Men, men... No ville eg vel ikkje vurdert ein sovepose på anna grunnlag enn kva som fungerar for meg personlig. Eit skikkeleg måltid med nok fett vil sjølvsagt gjere ein stor forskjell. Får ikkje meir tilbake frå posen enn du har å gi. Karbohydratar varmar raskt, men dei vert og oppbrukt temmeleg raskt. Eg har berre sommerpose of vinterpose. Vnterpose er ein Carinthia Survival Down 1000. Når den er for varm har eg vanlegvis med ponchjo, enten Carinthia Tactical eller Thermarest Honcho Poncho der eg åpnar posen og brukar poncho til finregulering. Har ein 05 versjon a Def 4 også, men den veg ein kilo meir. Når eg no skal begynde å gå med pulk og hot tent har det lite å seie. Er mulig at svaret er så enkelt som ein litt varmere pose,m men mitt personlege valg som eg er veldig fornøyd med er desse to. https://www.aclima.no/aclima/105298/woolnet-overall-m-s-jet-black-l https://www.aclima.no/aclima/149902001-06/warmwool-overall-m-s-jet-black-l
  5. Hjelper det å ligge med stilongs og ulltrøye ? Skal ein lage kuldegrop i ytterteltet ? Skal ein stenge igjen ventilen ut til ytterteltet ? (kan ein då bli kvelt ?) Skal ein velge eit mindre telt ? Ja, denne ideen med å bruke minst mulig inne i soveposen er berre tull,. Jo fleire lag jo bedre. Om eit lag med undertøy ikkje er nok prøv to. Balaklava of pels på hodet og ein tynn bivy, om du har, vil legge til litt ekstra på posen. Alt ein har som ikje er vått. Skal godt gjerast å verdt kvelt i eit normalt telt, men lufting og kondens er jo ei kontinuerlig vurdering. Med mindre ein fyrer, så er eit mindre telt er absolutt ein fordel. Igjen ei avveiing a lufting og å få plass til sovesystem utan at det tek for mykje i veggen etc.. Har vel aldri kjent behov for varmeflaske, men hadde brukt drikkeflaska mi til det. I mitt tilfelle ein Keith canteen.
  6. Bytt til bensin og Svea 123. Kan ikkje verte så mykje mindre og enklere enn det.
  7. Mykje juleunderhaldning då. Sikkert mykje e kan plukke opp. Min eigen variant vert nok 1000 dagar halvveis ute, med vedovn.
  8. Har oppdatert det meste av klær, skaffa meg pulk, truger og ein Gamme 6. Dreg ikkje med meg det nye teltet ut før eg har fått ovn, som eg må spare til i eit par veker til. Burde nok trent litt meir med dekk, men alt dette er stor sett nye ting for meg og ein har ikkje tid og overskudd til alt. Vert nok ikkje noko langturar, meir å berre gå nokre få kilometer opp i marka og test litt.
  9. Vart tipsa av en kompis og har sett første episode på youtube. Vil skaffe abonnement og sjå resten.
  10. Takkar. Då havnar nok dei i ein pose på hylla inntil videre.
  11. Eg har Brynje Expedition Mittens 2.0 Ser ut som den korte og lange modellen er på vei ut.- Dei er litt overkill i mange samanhengar og grepet i handflate grip vel ikkje så veldig godt. Kjem nok til å plukke opp eit par frå Hestra e.l. også for når kortere skall er meir praktisk. I tillegg har eg Lars Fält handskane frå Hestra. Kan regulere mykje med kva ein har rundt handledd i tillegg til variasjon i hodeplagg, men er vel ein fordel å ha eit par lettere alternativ, for "If you sweat, you die" som Mr. Stroud seier.
  12. Nokon som veit kva som er poenget med dei to stroppene på sidene? Til å ha rundt beina eller noko slikt? Har ikkje sett nokon bruke dei.
  13. Så lenge ein slepp gyselige gule innertelt, så er det eit steg i riktig retning.
  14. Begrepet "svartkjele" har vel noko å gjere med ein kjele,,,,,,,,,som er svart. 🙃 😄
  15. Fett vert ikkje dårleg raskere om alt vatnet er borte. Talg, smult og ghee har nesten ubegrensa holdbarheit. Mykje spekemat er i dag lagra i romtemperatur i butikken. Det er lite grunn for bekymring.
  16. Ein lukka "gasifier" er like trygg som gass. Med mine ulike modellar frå Firebox, Sliverfire og Solostove har eg så langt ikkje opplevd noko deformering.
  17. Oh, dear.
  18. Elektrolytt puler t.d. LMNT.
  19. Ja, dette har vore min turmat lenge, men har komt fram til at egforetrekk smaken av spise talg og tørka kjøtt separat, så eg blandar det vanlegvis ikkje til pemmican lenger. Om ein ikkje har behov for å lagre det eit år eller to å romtemperatur, så spelar det inga rolle. Med litt buljong, så har ein og utgangspunkt for å lage ei god suppe, som er slik pemmican ofte har vorte brukt tradisjonelt, som ingrediens. Eit praktisk tips for å gjere ting litt enklere og ryddigere er å bruke sjokoladeformer i silikon.
  20. Dette er veldig enkelt for meg sidan eg er på 100% carnivore diett. Spis berre kjøtt og fett og på tur er det lett nok å ha med tørka kjøtt og talg. For kortere tur går frossent kjøtt også fint. For ferdige ting, så er tørrfisk, leverpostei også heilt fint. Om vekt ikkje spelar noko rolle, så får ein jo ting om er "ok" på boks.
  21. For ein kort tur går det heilt fint. I varmere strøk lagar ein ghee, klarna smør, og sidan vatn of melkeprotein då er fjerna held det mykje lenger. Skal vere mulig å få kjøpt ferdig i ei indisk matforretning el. Alternativt er talg, smul, bacon fett du har til overs ting som held månadsvis og t.o.m. potensielt årevis i romtemperatur. Planteoljar anser eg stort sett som rein gift, så ingen margarin på meg anna enn til å lage lys av.
  22. Tørka kjøtt og ein boks med talg ville vore min ting. Dekonstruert pemmican kan ein vel kalle det., For ein så kort tur kunne eg godt hatt med litt egg og fryst kjøtt som eg brukte etter kvart som det tina. Spekemat, tørrfisk etc.. Om vinteren er det enda enklere.
  23. Har nylig skaffa XL of Pro Air. Konseptet er ein veldig god ide, men skulle ønske at det fantest variantar i litt bedre kvalitet.
  24. Problemet med Solostove i bålpanne størrelse er at ein mistar mykje av poenget. Varmen går rett opp og den effektive reine forbrenninga betyr mest at den brukar meir ved. Ser mest ut som ein har prøvd å få mest mulig ut av "Bushbuddy" konseptet utan å prøve å tenke litt nytt og praktisk. For matlaging med panne er det ein god og relevant design. For andre ting....not so much. Om bålkos og fleksibilitet er det ein er ute etter finnast det nok mange bedre alternativ. Sjølv har eg sett litt på Snow Peak sine sammenleggbare som finnast i 3 ulike størrelsar med ulikt tilbehør.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.