Eg sit og les i Yngvar Nielsens "Reisehaandbog over Norge", trykt i Christiania i 1915, der Nielsen skildrar ei reise frå Skjåk mot Oppstrynsvatnet gjennom Viadalen. Ved Tystigbreen (Stryn sommarskisenter) skildrar han utsikta "mod Fjeldene hinsides Strynsvandet. Af disse Yngvar Nielsens Tind (1760 m) synlig over Hjellehydna."
Eg prøvde meg på eit internettsøk på dette fjellnamnet og kom over ei nettside som ikkje lenger er i bruk. Men i introduksjonen til nettsida står det: "Litt lenger øst ligger den noe mindre, men enda brattere tinden som har fått navnet etter Yngvar Nielsen."
Etter å ha sett på karta Lodalskåpa og Stryn har eg kome til at tinden må vere ein av to: Anten den som på Lodalskåpe-kartet heiter Havaldetreet (1774 m) eller det kan vere Storskredfjellet (1742) på Stryn-kartet.
Er det nokon av Fjellforum-brukarane som kan fortelje meg noko om dette. "Yngvar Nielsens Fjell" er ikkje å oppdrive på dei offisielle karta i dag. Eg går ut ifrå at han rett og slett har annektert namnet utan å ha lokal ryggdekning - og så har namnet blitt vraka av Statens Kartverk? - Leiv Arne Grimstad