Gå til innhold
  • Bli medlem

Bugten

+Støttemedlem
  • Innlegg

    68
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Bugten

  1. Denne er kanhende litt paa sida, men eg tar sjangsen sidan det handlar om nettbutikk. Har og ferske erfaringar fraa Sportsnett . Kjopte eit par briller til min bedre halvdel som bursdagspresang. Skikkelige saker til nesten 2k. Dei kom , men viste seg aa vere XL storrelse, ikkje normal som bestillt. Daa eg takka ja til aa bytte, viste det seg etterkvart at dei ikkje hadde anna str. Mistenkjer eigentleg at dette var grunnen til feil-leveransa og, men det er lov aa gjere feil og, so lengje ein ryddar opp. Blei forespeila at eg kunne faa ein returlapp for dei feilsendte, og refundert belopet. So har det vore stille ..., dei har ikkje svara paa dei 2 siste e-postane . Og telefon har dei jo ikkje ......... Haapar framleis at lappen dukkar opp, men lurer paa om eg skal tore aa returnere brillene for belopet er refundert .. Dette er vel klassiske problem for nettbutikkar, men litt spesiellt (her i landet) at det ikkje gaar aa ringje til dei. Det maa seiast at dei var veldig kjappe aa svare paa e-post (typisk eit par timar) heilt til det blei stopp, det er 10 dagar sidan. Er det kanhende nokon som har eit tlf-nr til dei ? NB: Beklagar snodig rettskriving, (det meste) skuldast engelsk tastatur .
  2. Trådstartar takkar og
  3. Vurderar fjellvandring i Østerrike, nermare bestemt i fjella rondt Gastein-dalen. I Norge er vi blitt vekkskjemde med turkart på nett frå fleire hald, f.eks ut.no . Er det nokon som veit om tilsvarande for desse områda ? Tur-erfaringar i områda mottas og med takk. Bugten
  4. Takk for tipsa ! dei skal prøvast no eg kjem heim att. Men lurer på om eg ikkje har prøva 5-56 og ..., - er ikkje sikker , skal iallefall prøve igjen ! Mvh Bugten
  5. Hei ! Har nokre småproblem med 442-en som eg kjøte av runegutt her inne. Tar det her, so kan det hende fleire får hjelp. Justeringshendelen for kor kraftig flamme eg vil ha, er litt ufølsom . Det er problem å justere ned til halv styrke f.eks. Den vil då fortsette å "skru seg ned", og tenderar til å ville slokne, -iallfall nesten. På den gamle komponent-brennaren 445 (separat flaske / brennar) er dette prima . Den andre tingen er pumpa. Har smurt forskriftsmessigt med motorolje, men likevel er der "heng" i pumpebevegelsen. Nokon fleire som har opplevd dette ? eller har forslag til betring ? Mvh Bugten
  6. På Sportsnett har dei toppmodellen Scarpa Cumbre på tilbod til 1745,- for tida (normalt 3495,- påstår dei ..) Trur den er utan membran. Vel , dei er ikkje lette , men elles oppfyller dei vel krava . Og kjempebra tilbud !
  7. ............................. opps ! denne kom visst 2 gonger ...
  8. Har ikkje prøvd dei sjølv , men Magasinet skriv sjølve dette om den du linkar til : "Dette brynet er ikke beregnet for å sette opp knivblad som er helt sløve og hakkete, men er ideell å bruke når kniven begynner å bli sløv." Trur kanhende dette er dekkande for denne type bryner, og dersom knivane dine er blitt "riktig sløve" treng du noko betre. Har sjølv prøvd eit anna produkt frå samme butikk som eg kan anbefale : http://www.magasinet.no/display.aspx?menuid=-1001&prodid=1667 Det finst ulike fabrikat , og dette er vel ikkje "originalen", men den duger absolutt !
  9. Har hatt Falk eitt år. Kjøpte dei primært til våte jaktmarker og for å teste ut om tex er liv laga i fjellsko. Dette er ein tex-sko som ikkje har (heildekkande) skinn men cordura på utsida, og kan dermed lettare tørke opp att, so då er eit stort ankepunkt mot tex i fjellsko vekke. Det andre store er korvidt texen held tett over tid ... Dei krevde litt tid på å bli gått inn, men blei veldig gode etterpå. Har brukt nokre ulike Alfa-modellar , og eg har inntrykk av at Falk er litt smalare enn dei andre over tåpartiet i.f.t. str. Første dagjen i hjortejakta merka eg at det var lekkasje i eine skoen, og då var dei ikkje meir enn eit halvt år, og pent brukte. I so måte slo dei bange anelsane til dessverre. Men no har eg fått eit nytt par av Alfa , so eg skal gje dei ein sjangs til ... Håpar første paret var eit mandagspar , for utanom lekkasjen var dei svært gode å gå i . Svært lette i.f.t. at det er høge støvlar. Solen sat godt på dei underlag eg prøvde dei på, -våt ur på Snøhetta var det mest krevjande . So no er det berre å få gått inn det nye paret ...
  10. Har prøvd både med og utan membran. Membransko er greitt det , -om membranen er tett ! Men etter mi erfaring er ikkje det fleire år. Sjekk kor lang tid dei garanterar tett membran , eg har sett at det for det meste er eitt år , nokon seier det er 2. "at membranen blir utslitt, er ikke noe argument for at en ikke skal kunne bruke det" For meg er det eit avgjerande poeng at membranen blir alt for kjapt utslitt , det er tydeleg at UlvenKolbein er av anna opfatning , men so skriv han og at han har " mindre erfaring med sko med membran". Personleg kjøper eg ikkje fjellsko for berre 1 til 2 år ! Det er jo då skikkelege fjellsko vanlegvis er på sitt beste ; pefekt tilpassa foten din . Har du då ein membransko som lek har du eit problem. Ikkje berre er du våt den dagen det er vått, men og fleire dagar etterpå sjølv om det då skulle vere tørt ! Og dette er det sjølvsagt ein god grunn til. Det er vatn mellom membranen og læret . Dette må anten ut att gjennom læret,- eller inn gjennom hola i membranen. Som forståeleg er vil dette ta tid. Til samanlikning tørkar ein rein lærstøvel til begge sider, og det blir ganske bra over natta.
  11. Hadde vore meir interessant med ei avstemming for / mot membran, -innafor læret sjølvsagt .. Rettelse: Ooops ! Leste litt vidare, og dar var den jo rett nedenunder ....
  12. Fjellduken held vatn ute, du kan skifte kle inni utan å bli våt og kald. Den kan og dekke både person og oppakning om det kjem ei byge, brukar du ei livreim kan du og forflytte deg i denne, men neppe noko og basere seg på over distanse. Av dei dukane du nevner hadde eg valt termo hunter , men eg kjøpte nett ein KingSize (termo) som Jerven har på salg til 1690 , -stor nok til to å ligge i (204 x 143), god plass til ein + utstyr. Denne kan du og lage telt av !
  13. Eg hadde samme problem, fekk jæ.....e gnagsår på begge hælar. Henrikp er inne på noko ; eg eksprimenterte med ulike løysingar, og enda faktisk opp med lavare (!) solar ... Det blei då eit heilt anna , og betre høve mellom sko og fot , -og null problem ! Men som sagt ; det er berre å prøve ulike ting.
  14. Kjøpte og den omtala dressen, men har nok ikkje brukt den so mykje som deg . Første erfaring var at det vart lett lekkasjar/fuktigheit ved "Napoleon-lommane" i front (dei med vertikal glidelås). Ved henvendelse vart eg oppfordra til å impregnere desse spesiellt. Prøvde med nikwax sin telt-impregnering her , men det fukta framleis.... Kan hende skulle eg prøvd eit større område rundt lommen ..
  15. Kjøpte og den omtala dressen, men har nok ikkje brukt den so mykje som deg . Første erfaring var at det vart lett lekkasjar/fuktigheit ved "Napoleon-lommane" i front (dei med vertikal glidelås). Ved henvendelse vart eg oppfordra til å impregnere desse spesiellt. Prøvde med nikwax sin telt-impregnering her , men det fukta framleis.... Kan hende skulle eg prøvd eit større område rundt lommen ..
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.