Gå til innhold
  • Bli medlem

Bugten

+Støttemedlem
  • Innlegg

    68
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Bugten

  1. Har gått til innkjøp av fjellsko i nubuck lær (vrangsida ut). Har smurt og impregnert sko i mange år , men lite erfaring med nubuck. So kva forslag har ekspertpanelet til Impregnering utan silikon (som bryt ned læret på sikt) ? Kan elles opplyse at skoa er utan membran .
  2. Stilig ! Første tanke var "sånn vil eg og ha ! " Har sjølv fått pimpa Ringstinden min , men berre forsterkningar . Gjer ein større "bruksglede" å nytte telt med modifiseringar ein finn på sjølv.
  3. Kjøp ei til av helsport, -og kjøp dobbel stangkopp samtidig . Det gjorde eg, då står det mykje stødigare i vind, og nemnde stenger får mindre juling
  4. Kan det være at vi snakkar om halebeinet i opprinneleg post her ? ( de to "beinklumpene" på korsryggen) - Hoftekam er vel på sida ... Elles monge gode råd å få her👍 Har skjølv vore plaga med belastnings-smerter på hoftekam (på sidene also) , og har prøvd ut 3-4 sekkar før eg hamna på ein Bora som passte for meg.
  5. Ein annan ting er at lærsko (spesiellt dei utan membran) varer mykje lengre . Har variantar av både lette og tunge sko, og dersom eg kjenner ruta og veit det er tørr sti heile vegen hender det at eg brukar "joggefjellsko". Men aldri utanfor sti , i ur , eller om det er fleire dagars tur .
  6. Eg fekk plasser den i motsatt ende av den langsida, nærme stangkanalen. Ventil i innerteltet og. Kan hende ikkje heilt i tråd med filosofien til designeren ... , men enklare å komme til for justering.
  7. So pass also 😐 . Ja-ja, litt lufting skal ein jo ha
  8. Takk for kjapt svar Kjellis Tenkte meg at dette var endra på nyare modellar, greitt å kunne "skalke lukene" i ruskever. Tenkjer å la Helsport fikse litt på dette teltet , so då kjem dette på lista . Vart det avtala pris på oppdateringa ?
  9. Har eit Helsport Ringstind 2 av tidleg modell , sikkert meir enn 10 år. På dette har ventilen ved døra kun myggnetting. Manglar lukkeduk som finst på dei fleste andre Helsport-telt. Har dette endra seg på nyare modellar ? eller er dar framleis kun myggnetting ?
  10. Veldig interessant tråd ! Har eit spørsmål angåande den nye ventilen Wilhelm Advocaat Francke , kvar blei denne plassert ? Det er ikkje so tydeleg på bildet .. Har tenkt å få sydd på storm-matter skjølv, og då blir ekstra ventil viktig. Har so langt tenkt at den blir plassert på motsett side , litt lavare. Og på andre sida av stangkanalen.
  11. Helsport har en guide på stenger til sine modellar. http://www.helsport.no/om-produktene/telt/teknisk-info/stangoversikt Ta mål av stanga og sjå om din korresponderar med nokon deira . Hvis ikkje kan du kjøpe ein som er lengre og kutte med baufil, runde kantane med fil / smergelpapir. Eventuellt kan du smi til ei trepropp til enden Men litt bøygde stenger er vel ikkje noko stort problem ? Eg har monge slike
  12. Det Sovjetunionen skriv i første post skildrar til fulle kvifor eg IKKJE kjøper fjellsko med goretex (eller anna tex for den del..) . Det er uansett eit tidsspørsmål kortid membranen gjer seg , og etter det er problemet akkurat det at dei "aldri" tørkar opp att (i alle fall 3-4 dagar). For meg er det ein sjølvfølge at fjellsko i lær skal vare bortimot 5-10 år, - alt etter bruk sjølvsagt . OG dei er best på foten etter 2-3 , då tex-en i ein membransko (om du er so heldig) er ferdig . Men som det er sagt ; det er berre å reklamere. Det som er synd er berre det at det neste paret mest truleg ikkje er betre dei heller ...
  13. Vi har Neutrino 400, ein reg. og ein kort (petal ?). Går fint å kople desse, trur glidelåsane er tilnærma like longe. Ein får då sin eigen separate "fotpose" på kvar , noko vi synest er greitt. Og om det er varmt om sommaren har vi kopla kun undersida på posane. Har so snudd dobbelposen opp ned og brukt den til dyne. Har då gjerne eit stretch-laken oppå liggeunderlaga (som er reima i hop). Då er det lett å lufte og regulere tempen .
  14. No det gjelde vind paa Bygdin er det etter sigande slik at det bles fraa vest paa morgonen og fraa aust om kvelden. Dette blei meg fortalt av ein med lokalkunnskap. Det er vel ikkje absolutt, men det stemte godt daa eg var dar . Og det med kalt vatn kan eg stadfeste Det er fint aa telte ved Torfinnsbu. Telta elles paa eit "nes"/flate under "Hoystakkane" paa nordsida ikkje so longt aust for Eidsbugarden. Fin plass om ein startar seint fraa vest. (men faar daa motavind Beklagar engelsk tastatur her , manglar nokre av dei 3 siste....
  15. Høyr på Vea ! Det han skriv er rett . Eg er 180, 80 kg og normalt byggd, har prøvd LV-varianten og må seie eg sat godt. Men vi er ulike, og hadde ikkje sittestillinga passa meg hadde eg ikkje kunne justert noko særleg. Men du er noko mindre ser eg. Med hensyn til kva for ein som er mest stabil av HV (518 og 345 liter) og LV (480 cm og 265 liter) er svaret klart LV . Punktum ! Dette gjeld dersom du har kun deg sjølv som last . Grunnen er at med 73 kg vil du utgjere ein større prosentandel av lastekapasiteten i LV-en ; du lastar den meir ned. Men dersom du lastar HV-en full er den sjølvsagt kanonstødig . Ser 2 grunnar for å velgje Hv ; 1 :Du vil ha med meir last . 2: Den er litt raskare (fart heng ihop med lengde) , men ikkje mykje. Men sia du "pakkar lett" ser ikkje pk. 1 gyldig ut. Om du padlar mest åleine fell og pk. 2 ut. Dette designet er eit kompromiss av maks last, bra fart og stabilitet. Og dei har lukkast godt ! Det tyder at dersom du padlar dei tomme er dei ikkje trimma optimalt. Spesiellt gjeld dette dei større. Har sjølv fibervarianten som er 527 og 360 liter. (10 cm/15 liter meir enn HV) Den har vindfang ! Og du sit og litt bak om midten, noko som gjer at baugen ligg høgt utan last, den vil og stampe litt i motsjø. Dette treng ikkje være noko problem . Men eg har sett uærfarne (og litt lettare) padlara som har streva med å komme opp imot vinden og på grunn av dette. Som sagt ; når eg har lasta den, pløyer den sjøane som ein fryd, og siget gjer at ein ikkje misser so mykje fart i motsjø heller. Om eg padlar han tom, legg eg to vassposar på 3 liter kvar bakerst i forre rom (antiskli under, fyller med bobleplast over) , då oppfører den seg rolegare. Konklusjon ? LV Store sjangsar for at du passar betre i LV-en. Den er og lettare å bære, og snauare å manøvrere. Det er gode pluss !
  16. Har originalen i glasfiber , den er ca 10 cm lengre. Ser den kostar 8490 no, særdeles god (mykje betre) pris det og . Eg betalte 8990 i -06. Tatt i betraktning pris i.f.t. kvalitet, fart, pakkevolum og stabilitet er dette uslåeleg vil eg påstå (kjenner kun glasfiberutg.). Og då er og dei beste eigenskapane nevnt. Kvaliteten er ikkje som dei med prislapp midt på 20-tallet sjølvsagt. Men eg har opplevd at Len Ystmark , -som står bak desse , har gjeve særdeles god service når eg har trengt oppfølgjing. (Eg hadde/har ein førstegenerasjonsbåt) Personleg er eg ikkje i tvil om at eg hadde lagt på dei knappe 2 tusen ekstra for glasfibervarianten . Ved eventuellt bruktsal vil eg påstå at den er lettare og selgje, samt at den vil holde seg betre i pris (større avslag, betre interesse). Den er og lettare å handtere, reparere osv. Ja , -det høyrest værre ut når du skrapar mot stranda, men stripene du får i plasten er værre m.h.t. fart, rep. osv. vil eg påstå. Avslaget er monaleg større og, sjølv om før-prisane såg litt drøye ut for båe.
  17. Vel, forleden henta eg ein person på denne ruta i Hemsedal, og det sto NETTBUSS på bussen i alle fall ...
  18. Nettbuss trafikkerar Førde - Oslo over Hemsedalsfjellet , veit ikkje kva politikk dei praktiserar m.h.t. dyr .... nettbuss.no
  19. Kjøpte eit par dyre sportsbriller darifrå for eit par år sidan (eller meir) , dei kom i feil str. , og det var ikkje rett str. tegjengeleg. Skulle sende dei tebakers og so få pengane igjen. Sende dei og høyrde ingjenting . På dette stadiet svara dei heller ikkje på e-post, noko som er einaste kontaktmoglegheit. Då handling var aktuellt svara dei etter eit par timar ! Til slutt sjekka eg hjå brønnøysundsregistera og fann tlf til ansvarleg person. Denne svara straks, og etter kort tid var pengane endeleg attende, etter 4-5 månader ! Dei ordna no opp, men eg har ikkje handla dar igjen endå ...
  20. Eit godt val med Hunter, sjølv har eg ein ekstrem. Ein ting ein må være nøye med når den er i bruk som sovepose er å halde all pusting utanom duken ! So unngår ein (nesten all ) kondens. Jerven som sovepose har eit stort volum å varme opp, men er paradis for dei som får klaus i smale posar. Ideellt å kombinere med ein lett sommarpose når det blir kaldare. Pass då på å putte liggeunderlaget inn i duken , so glir du ikkje av ++ . Lurt å spraye glidelåsane med silikon ofte , halverar lekkasjen der + sikrar funksjonen. Har uansett ikkje vore veldig plaga med dette Den nye "exklusive" har visst tilnærma vasstette glidelås.
  21. Bugten

    Lavvo-ovn

    Har eit eksemplar av helsport sin lavvo-ovn. Den får absolutt min anbefaling. Ser at du truleg har handla ovn allereie. Helsport sin er i rustfritt stål, og det borgar godt for varigheit. Veit ikkje om du har prøvefyrt endå, men vær klar over at overflata på ein lavvvo-ovn blir glovarm , bokstaveleg tala ! Dette er noko å tenkje på dersom ungar er med. Brannsalve kan gjerne være med uansett. Har ikkje brukt min so mykje endå, men blir fort varmt inne når ein har fyrt opp ! Det er berre ein størrelse på ovnen, men ein legg til fleire seksjonar i pipa dersom lavvo-en er større.
  22. Historia om colaflaskene er frå media , sjølv unngår eg skvipet. Ja når ein syklar og liknande ser eg poenget med dei tynne imsdal-flaskene. Forøvrig støttar eg kampanjen mot cola ! - og oppfordrar andre til det samme. Får dei først foten innafor er det første steg mot monopol.
  23. I denne samanheng finn eg det betimeleg å gjengi historia om han som kjøpte ein 4-pakning med 1,5 l colaflasker forleden . På veg til kassa var uhellet ute , og heile stasen gjekk i dørken. Resultatet var at alle eksploderte, og den uheldige stod igjen oversprøyta av 6 l cola ... So moralen må være at allt er tett , -heilt til det lekk .. Eg hadde ikkje brukt tynnvegga til drivstoff .
  24. Eg oppgradete og Beito-en min med nytt bæresystem på 90-talet, og brukte den mykje etter det. Har den endå, men etter at nokre mus modifiserte botnen av sekkeposen blei den permittert for ei stund. Men seinare har eg fiksa dette + nokre andre modifikasjonar. Noko som eg såg som eit minus / plage var at vekta kom for longt ifrå ryggjen, og at posen fleksa litt til og frå ramma ved noko tung last. Modifikasjonen gjekk ut på å montere kompresjonsreimar som var festa i ramma, noko som hjelpte mot dette, samt heldt vekta inn mot ryggjen. På min sekk som heitte Beito 2000 var lokket fastsydd mot ryggjen, og går ikkje å heve . Det dekkar då litt dårlegt om ein har mykje i sekken. Hadde planar om å modifisere dette og, noko som kanhende blir gjort. For bæresystemet er det mest behagelege eg har prøvd for hoftene mine, noko som kan være ei utfordring på dei anatomiske eg har. Bl.a. Norrøna. Bugten
  25. Etter fleire omteljingar greidde eg framleis ikkje å komme over 9 ; so amatør her og ! Men det bilete Dag, det inspirerar til fleire ! Nydeleg
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.