Eg sit og funderar på å ta meg ein telttur nokre dagar i Langsua, om det nye teltet mitt er klar for tur. Må først prøve det før eg legg ut på tur. Blir mest truleg åleine på denne turen. Ser eg kan køyre heilt til Storhøliseter, og at dette er 4 timar unna. Trur det blir maks avstand for min del. Eg har ikkje vandra så mykje i fjellet med sekk og oppakking, så må vere ein enkel tur, helst godt merka og helst ikkje for bratt terreng. Har vore ein del inne på ut.no for å finne tur, og då kom dette forslaget opp. Som ein hytte til hytte tur, merka som enkel og passande for barn. Om eg berre ser på strekning Storhøliseter- Storkvolvbua er den merka som krevjande, sjølv om det ser ut som det går samme stien.
Er det nokon som har erfaringar med denne turen? Er den ok for ein nybegynner? Eller er det andre forslag til turar eg kan gå. Ca 4 timar frå Nordfjord.