Skjønner hva du sier! Ja hvis man skal anbefale en varm sovepose, så ja kanskje Hel Sport raudfjorden, Isbjørn Jan Mayen, eller evt en av de varmere Ajungilak posene, blant annet tyin winter, en kamerat lkøpte raudfjorden og er veldig fornøyd, de andre har jeg ikke noe erfaring med, men her er en liten test jeg leste på nettet av tyin arcitc som er den samme som dagens tyin 5- sesong posen.
Testperiode: Hausten 2001 til og med våren 2006, inkludert turer på Svalbard og samtlege utandørsovernattingar under Norge på langs turen 2006.
Soveposen har ein oppgitt komfort temperatur ned til -35 grader, samt ekstremtemperaturgrense på -45 grader. Imiddlertid er dette den gamle måten å oppgi temperaturgrensene og langt frå det denne posen egnar seg til. Tilsvarande modell er idag ikkje heilt identisk, men har visse utbedringar og nye detljar. Ajungilak Arctic Tyin5-season har temperaturgrensene henholdsvis -20/-41 for menn og -12/-41 for kvinner etter den nye standarden EN13537.
Min erfaring er at posen er veldig god ned til -30 grader, men då krev det at ein har litt ekstra tøy på seg. Det er merkbart at posen no er 5 år gammal og isolasjonseigenskapane har gått litt ned. Det er viktig å tenke på at liggeunderlaget har mykje å seie for kor varm ein sovepose oppleves og for meg har det fungert veldig godt med eit dobbelt liggeunderlag; eit tynt skumplastliggeunderlag (f.eks. ridgerest) og så eit oppblåsbart thermarest orginal oppå.
Posen har halv glidelås og det synes eg ofte er fordelatig. Når det er på det kaldaste, merker ein likevel at noko varme blir tapt gjennom denne. Eit problem med denne glidelåsen er at den manglar lås øvst (kan skli opp), samt at det er vanskeleg å få den isaman igjen viss den har gått heilt opp (og du ligg i soveposen).
Det er dobbel snøring i toppen, ein indre ring som går ovanfor aksla og ein ytters. Dette er viktig for å unngå varmetap. Kvaliteten på den indre strikken har vist seg å vera dårleg. På grunn av glidelåsen er den indre ringen kopla saman med borrelås. Denne har ein tendens til å henge seg opp i soveposestoffet og har etter kvart blitt dårleg.
-
Nokre detaljar på posen har for dårleg kvalitet
Oppgitte temperaturgrenser er tvilsamme (det er endra på nye modeller)
mangler anti-skli belegg
Tåler lite nedbør direkte på posen
Glidelåsen kan gli opp og er vanskeleg å få saman igjen når ein ligg i posen.
Borrelås slit på innerstoffet
+
God passform, iallefall for meg
God isolasjonsevne
Relativt behageleg
Konklusjon:
No er dette på ingen måte ein dårleg sovepose, eg har mange gode erfaringar med denne. Likevel er det nokre detaljar å utsett. Det er også eit faktum at isoleringsevnen blir dårlegare over tid, sjølv ved rett oppbevaring.
Nytteverdi NPL: Fungerte stort sett greit, men ville nok ha hatt ein heilt ny utgåve. Det er vikig med ein skikkeleg varm sovepose og eg ville gjerne ha hatt den eit hakk varmare. Ville også ha vurdert ein dunpose, eventuelt ein kombinasjon med ein tjukk dunpose og ein tynn kunstfiberpose. Ville ha sjekka ut Isbjørn eller Nanok soveposar (kunstfiber)
Totalt: 3.5/5