-
Innlegg
54 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Strilaliv
-
Lengre nedkøyringar kunne kanskje hjulpe på. Men hytta vår ligg på 950 moh og dei høgaste toppane her er på 1064 moh. Ikkje så mykje å gå på. Men eg trur at å få bytta ut NNN med BC og skikkelege fjellskistøvlar vil hjelpa på. Stivare sko og meir støtte rundt ankelen vil gje han meir kontrol. Det hadde nok og hjulpe på om han faktisk hadde likt vinteren. Dei einaste gongane det er ok med snø, er når me går på trugetur i perioden påske-ut mai og han kan gå med shorts og t-skjorte.
-
Tusen takk for svar. Gløymde bare å kommentera det. Det blei/blir Åsnes og BC-sko. Og store mengder godteri og kun tur i fint ver
-
Eg har ein 10-åring (snart 11 som han sjølv påpeiker) som ikkje er så glad i å gå på ski. "Problemet" er at eg er glad i gå på ski og difor må jo han bli med av og til på fjellet. No treng han nye ski og eg lurer på kva eg skal gå for. Faktaopplysning fyrst. Han er 140 cm høg, og har Åsnes Mountain Race Junior med kortfeller og NNN-bindingar og vanlege skistøvlar. Han hatar å gå i oppkøyrde løyper og med smale løypeski. Han kan til nød bli med på tur i skogen her me bur der me trakkar løyper sjølve (på fjellskia sine). Det er ok å gå på ski i fjellet der me trakkar løyper. Terrenget er fint å gå i, startar på 936 meter og dei høgaste toppane me går på ski på er på 1040 meter. Han har feller men liker best at me smør skia hans. Og ikkje minst, han er typen som helst skal meistra på fyrste forsøk. Så ein del av at han ikkje liker å gå på ski er at han synest det er vanskeleg. Men, han elsker slalåm og meistrar det overraskande godt. Alternativa eg har så langt: Han arvar storebroren sine Åsnes MRJ. Desse har BC-bindingar og han får då skikkelege fjellskistøvlar som er stive Nye fjellski med BC-bindingar. Sidan han er glad i å køyra slalåm har me snakka om at han må øva litt meir på fjellski og så kan han få randonéski seinare. Ser av og til spor etter folk som ha gått på randonéski (eller telemark?) i fjellet. Ingen store toppar men fine lier så eg vil tru det kan vera kjekt å køyra ned på litt andre måtar enn slik mor gjere. Ho bremser gjerne med hovudet fyrst eller heng fast i eit tre.... Og då kjem neste spørsmål. Kan telemarkski vera noko? Eg har null peiling på telemark. Eg blei aldri biten av telemarkbasillen på 90-talet og kan til nød klara ein klønete telemarksving til venstre når eg køyrer nedover. Litt kjedeleg at eg då og må svinga til høgre av og til. Kan ein festa langfeller til telemarkski? Går det an å smøra dei for å gå oppover/bortover? Reknar ikkje med det er smørelommer på dei altså. Og viss eg går for telemarkalternativet, kor lange ski treng han? Finst det andre fjellski til born enn Åsnes?
-
Det blei den same buksa hos oss og. Så smal at han kan bruka utan belte og lang nok til å vara eit års tid. Og best av alt er at 15-åringen er fornøyd med buksa, så no slepp eg gå fjellturar med ein tenåring i olabukse.
-
På Hygglo er tinga forsikra mens dei ikkje er det på finn. Hygglo tek 20% i provisjon, finn er gratis. Eg har tenkt tanken sjølv på utstyr som ikkje er i bruk/svært sjeldan er i bruk.
-
Ganske lur løysing for å sleppa bera alt til fjells som ikkje kom opp under skutersesongen. Vil det gå å kobla pulkdrag frå fjellpulken på?
- 18 svar
-
- kanotralle
- nordmarka xl
-
(og 2 andre)
Merket med:
-
Fann du bukse til 14-åringen din, @ost? Oppdaga at turbuksa til han lange slampen min stoppar godt over fjellstøvlane, så på tide at han får ny
-
Og for å svara på det du eigentleg spurte om. 10-åringen min har Rago dame. Dameposen er som du har sett ei litt anna form enn herre. For min 10-åring er det perfekt. Han liker nemleg å krølla seg saman når han søv og har plass til å dra beina opp i fosterstilling inne i soveposen. Han fekk Rago dame fordi det var den som var på tilbod til knallpris i outleten til Helsport då han skulle ha ny sovepose. I dag hadde eg nok kjøpt syntetpose til han så hadde eg sluppe bekymra meg over søling av te eller vatn i posen.
- 5 svar
-
- 1
-
Kva med voksenpose og så snøra av nederst? 10-åringen min (140 cm) har hatt Helsport Rago dunpose til voksen i to år. Eg snører av nederste delen med strikken til liggeunderlaget slik at posen blir passe lang.
- 5 svar
-
- 1
-
Takk @torese Gregory har dei på Oslo Sportslager, så det blir ein del prøving der reknar eg med. Ideelt sett ser eg etter ein sekk som kan justera rygglengda slik at han kan voksa litt til. Han blir nok ikkje så mykje høgare enn det han er no. Det at han er så tynn lagar dei største problema - det er jo ingenting å festa hoftebeltet på. Og ein smal rygg slik at skulderstroppene går for langt ut. Det er ingen lettvektssekk når me skal på hytta - den som vil ha brus må bera det opp - så heldigvis er han sterk i både beina og overkroppen.
-
Husets tenåring treng ny sekk. No er Osprey Ace 50 for liten for han og han er alt for tynn til å bruka Osprey Xena 85/Xenith 105 Hagløfs 65 (dame, kjøpt i 2008) eller ein Lowe Alpine på 75 liter som me har her heime. Kva andre sekkar enn Osprey Ace 75 skal me sjå etter som kan passa ein lang og tynn slamp på 175 cm og 55 kg? Han har føretrekt å bruka Osprey og har hatt Ace i 38 og 50 liter. Han har prøvd Gregory dagstursekk på rundt 30 liter. Sjølv om denne passar, så liker han ikkje å gå med han. Han har nok ein Osprey-rygg og ikkje Gregory akkurat som mor... Og ja, han treng ekspedisjonsstorleik på sekken sin. Me må gå 2 km (og bæra alt) når me skal på hytta og i tillegg starter han på vidaregåande no med mykje friluftsliv året rundt. Me skal til Oslo og prøva sekka, men må ha ein plan for kva me skal sjå etter
-
Og to av tre produkt er BÅDE gluten- OG mjølkefrie! Hurra for cøliakarane og mjølkeallergikarane eg deler hus med. Det vil sei alle andre enn meg
- 186 svar
-
- 3
-
- real turmat
- drytech
-
(og 2 andre)
Merket med:
-
Tusen takk @Bjørn J og @rune1974. Då blir det Nikwax
- 10 svar
-
- impregnering
- anorak
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Den gamle bomullsanorakken min (frå -93) treng ein runde impregnering etterkvart. Kva er det beste produktet å bruka; Greenland Wax eller Nikwax? Anorakken blir kun brukt i høgfjellet på vinterstid så det er vind og snø og ikkje regn, som er ankepunktet.
- 10 svar
-
- impregnering
- anorak
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
@Kattguld JA til telttur! Det eg har gjort når eg har sove ute no eller hatt lang dag i skogen med fast base, er å sondera terrenget med ein gong me er framme. Funne ut kor eg skal gå på do. Sjekka at det er ingen greiner eller steinar å snubla i viss eg må skunda meg. Ikkje minst at doplassen er litt isolert slik at eg ikkje treng å uroa meg for at nokon ser på meg når eg er på do. Alt planlagt og med do-kittet innan rekkevidde, så er det ikkje noko krise å måtta springa i full fart. Men ja, meir planlegging (og katastrofetenking) enn det var før.
-
@Per Fredrik Loperamid skal IKKJE brukast ved autoimmun tarmsjukdom. Det er ikkje ein vanleg diaré som treng stoppast. Det er blod og puss og sår i tarmsystemet og me får ulike medikament til behandling av sjukdomen. Diaré er berre ein liten del av sjukdomsbiletet.
-
Gamal kartserie frå Buskerud - kan dei framleis kjøpast?
Strilaliv svarte på Strilaliv sitt emne i Navigasjon og elektronikk
Tusen takk @Skal bare... Då er det bare å finna ut om det er mulig å få tak i trykte variantar -
Eg har ulcerøs kolitt og har gjort meg ulike erfaringar litt avhengig av sjukdsomsaktiviteten. I sekken: Har ALLTID ein pose med ein dopapirrull, ein ziplockpose med ein pakke våtserviettar så dei ikkje tørkar ut, ein rull hundeposar viss eg ikkje kan grava ned dopapiret/avføring, og ein liten spade. Har og ei ekstra truse liggande saman med dette. Dette ligg fast i sekken min så eg slepp å hugsa på å ta det med. Eg har senka terskelen på kva som er langtur. I fjor sommar var lengste turen min på 11 km. I år har eg hatt fleire på 8 km, men ingenting som er lenger enn det. Kroppen blir sliten av aktiv betennelse så sjølv om styrke og kondisjon er bra, så orkar rett og slett ikkje kroppen like mykje som før. Eg har mista litt hemningar på det å sleppa sekken og springa bak ein stein for å gå på do. Det hjelp veldig at det er lite folk som går i skogen her eg bur. Likeeins er det lite folk i fjellet der me har hytta vår. I løpet av tre veker i sommar såg med til saman 6 stk på tur. Når det er så lite folk ute, så treng eg ikkje vera redd for å bli observert. Og når eg ikkje er redd for å bli observert, så blir det lettare å gå på tur. Terskelen for å ta ein kviledag har blitt lavare. Før måtte eg på tur kvar dag eg var på fjellet. No kan eg halda meg heime eller bare rusla ein liten tur på rundt 1 km viss eg kjenner at det er det kroppen treng. Då kan eg heller gå litt lengre neste dag. Eg er ikkje så glad i gå der det er mykje folk fordi eg då kjenner på at eg ikkje kan ha full kontroll. Var ein tur til Madonnastatuen i Trillemarka i sommar (totalt 16000 som var der i løpet av skuleferien) og det var godt med folk. Då planla eg dobesøka i detalj på førehand - og hadde ein liten tur i siste skogen før me kom opp på høgfjellet. På veldig dårlege dagar (dvs avføring minst ein gong i timen) blir eg ikkje med familien på tur. Då held eg meg heime eller på hytta. Orkar det rett og slett ikkje. Både fordi eg ikkje orkar springa til skogs/bak ein stein så ofte. Men og fordi kroppen blir så sinnsjukt sliten av aktiv betennelse at eg då søv mykje. Over tid så har eg merka at det som har vore aller viktigast for meg når det gjeld tur og friluftsliv, har vore å snakka med dei rundt meg. Dei som eg går på tur med (i hovudsak familien) forstår korleis eg har det. At forma varierer, at eg må vita kor det er do eller muligheter for å gå på do, at eg ikkje heng på utedoen vår ein halvtime bare fordi eg har lyst, at eg ikkje bare er akutt lat fordi eg ikkje orkar å gå på tur når eg orka det i går. Jo meir eg har delt av at det ikkje alltid er så lett, jo meir forståelse har eg fått for det å leva med kronisk tarmsjukdom. Men viktigaste for meg var å akspetera at turane er annleis. At ein 3 km lang tur er heilt fantastisk i staden for å tenka på at "skulle no heller gått ein skikkeleg langtur opp på den toppen der borte". Sjølv om eg har hatt diagnosen i fleire år, så er det fyrst i år eg har vorte komfortabel med å vera sjuk på tur. Tidlegare har eg droppa turen i staden for å ta med do-kit. Og så skal det jo seiast at eg ikkje hadde blitt lei meg for stomi. Litt andre utfordringar på tur men blir ikkje så avhengig av å ha do tilgjengeleg heile tida. @Kattguld- eg håper at du får fleire svar. Veit det er mange som går i fjellet eller har eit aktivt friluftsliv med MC/UK, med og utan stomi, men veit ikkje om nokon er aktive her. Eg har og søkt etter informasjon om det her tidlegare utan å finna.
-
Gamal kartserie frå Buskerud - kan dei framleis kjøpast?
Strilaliv publiserte et emne i Navigasjon og elektronikk
Er det nokon som veit kor karta i denne Buskerudserien kjem frå? Vårt er merka Stornatten BU054-5-4, målestokk 1:5000 Skulle gjerne hatt tak i dei som grenser til vårt kartblad sidan dei er så detaljerte. Det kom med hytta så me er tredje eigar av det og kan ikkje spørra han som kjøpte det. Det er heller ingen informasjon på kartet om utgjevar eller årstal. -
Tusen takk @Bjørn J Då blir det tur innom den lokale sportsbutikken til veka
-
Junior i huset har vore så uheldig å få hol i hengekøya si. Korleis reparerer eg dette best? Kan eg bruka reparasjonslapp frå jervenduk? Må eg kjøpa noko anna?
-
Rimelig tursekk til dame med kort rygglengde
Strilaliv svarte på Oksen sitt emne i Bære- og fraktsystemer
Har du vurdert Osprey sin juniorsekk på 75 liter? Ace 75 https://www.oslosportslager.no/produkt/osprey-ace-75-ryggsekk-junior-ungdom-52255.aspx Osprey sine juniorsekkar er fullgode sekkar laga for kortare personar (ungdom). -
Kondomdress til hund hindrar snøballar i pelsen. Eg har kjøpt lange sokkar på Clas Ohlson (skikkeleg syntetiske og tjukke men dei var rimelege), klipt av tåa og sydd på borrelås på tåopninga. Då får hunden min lange, varme sokkar som går frå potesokken og opp over kne/alboge. Det held ho varm og for hundar med pels på beina (min har nesten ingenting) så vil det hindra snøballar i pelsen. Pungvarmar er å få kjøpt. Då held ein pungen varm, hindrar skade frå snø og det er ikkje til hinder for urinering.
- 7 svar
-
- 1
-
Fyrstehjelpsskrin til hunden er vel slikt ein gjerne ikkje tenker på før ein har hatt ein skade og har hatt litt lite med seg. Hunden min fekk ein kuttskade på poten (frå truga mi) i fjor. Ho vart provisorisk lappa saman på fjellet men eg kom meg ikkje til dyrlegen før det vart gått over 24 timer. Ein kjem langt med kompress, sportstape og potesokk. Det er ikkje ideelt. Det er ikkje vakkert. Men det stoppar blødning og beskyttar sår til ein får kome seg til dyrlegen. No inneheld hundefyrstehjelpsskrinet - både på hytta og heime: * sterile kompress * tupfere * elastisk bomullsbandasje/gipsbandasje * blodstopp * manukahonning (medisinsk kvalitet) * elastisk sjølvklebande støttebandasje * mesoftkompress * metacam * pyrisept * saltvatn * sportstape * saks I sekken på tur er det med mesoftkompress, sportstape og ekstra potesokkar. I tillegg til kompress, plaster og strips til oss tobeinte.
- 9 svar
-
- 2