Eg var i same situasjon tidlegare i år. Ny sekk og større enn den eg hadde.
Det viktigaste for meg var at eg hadde funne ut at den gamle sekken min var for høg og smal - ingenting i vegen med han anna enn at eg ikkje likte måten han var utforma. I tillegg var 65 liter inkludert lommer i topploket og fronten så realiteten var at sekken var ein stad mellom 55 og 60 liter.
@Tessatroll testa to ulike sekker og skreiv grundig gjennomgang av dei. Osprey Xena 85 og Gregory Deva 80. Sjølv har eg ein Gregory dagstursekk og var godt nøgd med den sekken. Eldstesonen min på 12 år har Osprey (hadde 35 l og no ein 50 l). Altså hadde me positive erfaringar med begge sekkane.
Eg sjekka rundt i dei vanlege sportsbutikkane, XXL, GMax og Sport1, men fann ingen sekkar som passa ryggen min og som ikkje hadde same smale og høge utforming som den gamle Arcteryxsekken.
På Sportsnett i Oslo fekk eg testa begge dei to sekkane med både lite og mykje vekt i. Sjølv om eg bare hadde butikktest og ikkje turtest så var mykje av erfaringane mine dei same som Tessatroll sine. Og eg enda med å kjøpa Osprey Xena 85. I sommar hadde eg mange turar på 1,5 km og 200 høgdemeter med 30 kg i sekken (bar ting til hytta vår). Den begrensande faktoren der var beinstyrken min, ikkje sekken. Han sat godt på ryggen og hadde god berekomfort til trass for å vera tung og med ting festa på utsida.
Sjølv om sekken er 20 liter større enn den gamle, så er han betre å bera. Eg fekk ein sekk som er lågare og breiare slik at han ikkje stikk opp over hovudet og skaper ubalanse. Eg er 166 cm høg forøvrig. Likevel er han ikkje så brei at eg har problem med å gå på ski eller truger med full sekk. Hovudrommet er stort og rommar mykje. Utforminga er slik at det er lett å pakka og med glidelås på sida, så er det lett å finna ting utan å tømma heile sekken. Gode stropper til å stramma med og festa ting på utsida. Har og vore på dagsturar på fjellet med sekken min. Lett å bera og fylt med ull og vottar og mat og han kjenst ikkje ut som ein svære sekk.
Så eg må sei takk til @Tessatroll for den grundige sekketestinga ho gjorde. Det var til stor hjelp då eg kjøpte ny storsekk i vår.