-
Innlegg
54 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Strilaliv
-
Eg oppdaga, til min store fortvilelse, at trettenåringen i huset faktisk liker å fiska. Han sat i zenliknande tilstand i lang tid i fjellet med enkel stang med dupp og mark og hadde det ganske fint. Fekk null fisk sidan sola bestemte seg for eit uplanlagt besøk på ein regnversdag. Og det er her problemet oppstår. Eg hatar å fiska og kan derfor ingenting om det. Er god på logistikken rundt fiskaren - passa bål, koka kaffi, vera sjåfør, bera sekk. Men fisking? Absolutt ikkje mi greie. Uansett. No ynskjer trettenåringen seg stang og eg lurer på kva som skal kjøpast. Det vil nok bli mest fisking i Vansjø (hovudsakleg), Østmarka og Fjella. Og han har ein kompis som liker å fiska i Oslofjorden. Kan han ha ei stang til både innsjø og saltvatn? Og så bare bytta slukar etter kor han fiskar? Eg har forstått såpass at saltvasslukar er tyngre enn slukar til bruk i ferskvatn. Eller er det spinner i ferskvatn? Viss han ikkje kan/bør ha kombistang, så er det prioritert ferskvatnstang. Og i tillegg, er slike sluk/spinnersett greit å starta med? Med venleg helsing mor som prøver å følgja opp og leggja til rette for all friluftsaktivitet han testar ut. Håper han etterkvart kan fiska meg middag når me er på tur.
-
Tips til robust og billig utstyr for studenter?
Strilaliv svarte på manfred sitt emne i Generelt om friluftsliv
Så ofte var eg altså innom dei at eg ikkje har oppdaga at dei har forsvunne 😂 Og i snitt så er eg der ein gong i månaden trur eg. -
Tips til robust og billig utstyr for studenter?
Strilaliv svarte på manfred sitt emne i Generelt om friluftsliv
Og viss finn ikkje har noko, så har både Bergans, Norrøna, Stormberg, Haglöfs, Arcteryx, HH (og sikkert fleire) butikk på Oslo Fashion Outlet i Vestby. Norrøna synest eg sjeldan har superprisar, dei kan ein like gjerne finne på tilbod i andre butikkar. Men dei andre har gode prisar på fjorårets modellar. Bergans har og produktprøvar sydd opp i kun ein storleik kor ein kan vera heldig og gjera eit kupp. Eg bur i Vestby så eg har muligheten til å sjekka utvalg og prisar på outleten før eg kjøper nytt andre stader viss eg ikkje finn noko på outleten. Men kjedeleg å reisa og gjera bomtur fordi det er lite av det du ser etter der. Eg er veldig glad i Robens sine telt, både kuppeltelt og tunneltelt. Relativt lette og relativt rimelege og kan kjøpast både på Obs og på Speidersport. -
Eg kjøpte damevarianten, med 25% avslag på denne prisen Men lang unisex (ikkje vanleg) er og på 25% rabatt på outletpris med DNB-kode
-
Den kjøpte eg og! Har leita ei stund etter ny pose ettersom den gamle har kuldebruer og lek litt vel masse dun no, så tilbodet no var perfekt.
-
Ekstra 25% rabatt på Helsport med kode frå DNB til og 6. april. Gjeld og på varer i outlet og treng ikkje betala med DNB-kort
-
Fekk @Megalep eller andre her testa ut skomakeren i Askim? Garmont fjellskistøvlane mine delaminerte på tur i helgja og måtte gaffateipast så eg kom meg tilbake til bilen. Eg vil helst vil unngå å kjøpa nye støvlar (og dermed og ski og bindingar) så jaktar på ein skomakar som er skomakar og ikkje bare skoflikkar
-
Eg har ikkje prøvd, men vurderte å ta på slik antiskli på tube (til barnesokkar) eller antisklitape (slik til trapper) under potesokkane. Har kanskje størst tru på antisklitape av desse to. I vinter fekk eg lov å gå tur i naboen sin hage, så det blei 10 meter fram og tilbake langs vegen for å unngå isen. Lagt til: Eg har stor hund så potesokkar frå sportsbutikk eller dyrebutikk har ikkje passa. Med mindre hund så er jo utvalget større.
- 6 svar
-
- 1
-
Devold har turshortsar i ull med teknisk stoff i setet. Eg har ein slik sjølv og det er den beste turshortsen eg har i varmt ver. Eg har shortsar frå Norrøna, Bergans, Fjellräven og Stormberg i teknisk materiale eller polyester/bomullblanding og når det er skikkeleg varmt synest eg dei er heilt grusomme å gå med. Men med Devold så blei skogsturar og fjellturar i god varme ein ny oppleving. Faktisk slik at eg vurderer å kjøpa turbuksa i ull og
- 23 svar
-
- 1
-
Eg tenkte eg skulle bruka tilboda rundt omkring no med den svarte fredagen, til å sjå på vintersovepose til (snart) 13-åringen. Han har ein Helsport Rago Down damepose til tresesongs, men han treng ein eigen vinterpose. Sidan han er enno ikkje har blitt tenåring, så er ikkje ryggen hans av dei lengste. Dvs at han framleis bruker Osprey Ace 50 liter som hovudsekk og der skal sovepose, liggeunderlag, telt, stormkjøken, kle og kosedyr med. Og gjerne litt mat i tillegg. Så no lurte eg på tips til vinterpose til han. Sidan han er liten, så er både volum og vekt avgjerande og eg tenker dunpose. Han har vore på telttur no i helgja i -10 grader med min Mountain Equipment Glacier 1000. Han var varm og god og likte posen. Den posen er på tilbod med 49% rabatt, men er det andre posar eg skal ta med i vurderinga?
-
- sovepose barn
- vinterpose
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Heilt genialt! No har eg bestilt eit par slike
- 15 svar
-
- 1
-
Korleis er dei å tørka etter bruk? På hytta har me ei varmekjelde og er avhengig av at sko er enkle å tørka i varierande temperatur gjennom døgeret (22-8 grader) i god avstand frå ovnen. Eg har tidlegare sett på Skare Expedition men dei er litt ute av lista på grunn av prisen. Dei kan koma raskt inn på lista att viss dei er verdt prisen. Er det dei du har, eller ein anna Lundhagsstøvel? Eg er veldig fan av lag på lag og det å kunna ta ut innerstøvel/kartank for tørking og lufting. Varmesålar er ikkje vurdert som hyttealternativ sidan me ikkje har straum. På vinterstid er lading på eit minimum og eg er for lat til å bera opp powerbank til dette bruket. Stor sannsynlighet for at eg ikkje hugsar å ta med powerbanken ned att.
-
Eg er på jakt etter fjellstøvar til trugebruk. Dei siste åra har eg brukt fjellstøvlane mine året rundt, inkludert trugetur og leiking i snøen på hytta. Desse er Hanwag Alaska og eg frys så himla masse på beina når me er på trugetur. Dei nærmar seg sju år og eg modne for utskifting og eg vurderer å investera i (minst) to ulike støvlar. No er eg fyrst og fremst på jakt etter støvlar til vinterbruk som er varme og som er stive nok på truger. Bonus er viss dei vil fungera som skuterstøvlar. Eg har sett på dei nye Baffin Litesport og vurderer desse. Tips til andre støvlar eg kan sjå på.
-
Takk Marius Tenkte jo ikkje på at dei kunne vera laust samanrulla i pumpesekken. Enkel løysing på problemet - ny kunnskap er alltid fint
-
Junior og eg fekk oss Exped Dura tidlegare i år. Og no har det oppstått eit problem i heimen. Korleis i alle dager skal eg oppbevara desse? Det er jo dun, så bør dei oppbevarast opne med opne ventilar i ein flyttekasse frå Clas Ohlson (slik eg har soveposane), eller kan dei vera samanrulla i pakkposen sin.
-
Har du plass til å stabla flyttekassar frå Clas Ohlson i høgda? Eg har mine, og resten av familien sine, soveposar i kvar sin flyttekasse som eg stablar i høgda i eit lite kott. Stor kasse til vinterposen og små kassar til tresesongsposane.
- 19 svar
-
- 1
-
Eg kjøpte Big Agnes frå Ultralight Outdoorgear. Prøvesat ein Heilnox one og var ikkje heilt overbevist, men kjøpte Skyline UL utan å ha prøvd fyrst. Og er så fornøygd! Kroppen min, som trass alt har bestemt seg for å bli 75 år gamal til trass for at eg ikkje har dinga 50 enno, er så glad for at eg brukte ein heil masse pengar på dette.
- 4 svar
-
- 5
-
Takk for svar @Marius Engelsen. Groundchair er heilt uaktuell rett og slett fordi han er for lav. Grunnen til at eg lurer på Big Agnes er sitjehøgda, er vel 10 cm høgare enn one og zero og vekta kan samaliknast med one. Eg har gått hen og fått artrose i begge hoftene så plutselig treng eg litt meir komfort på tur for å klara slappa av når eg sit.
-
Hjortelusfluen - enda en plagsom krabat
Strilaliv svarte på tronn sitt emne i Generelt om friluftsliv
Hjorrtelusfluga er skikkeleg dritt og meir irriterande enn flåtten altså. Men eg nektar å slutta å gå i skogen desse haustmånadane fram til frosten, så eg bruker hue eller hatt og ein glatt genser/tynn vindjakke når hjortelussesongen startar. Då er det lett å bare kosta dei av kroppen når dei landar. Heimestrikka ullgenser er verst har eg oppdaga. Og så er dei veldig lokale. Enkelte stader i skogen vår er det masse av dei men bare 100 meter unna (eller mindre) nesten ingenting. Men eg har ein hund som blir veldig plaga av hjortelusfluga. Hjortehunden Nanna er stor, grå og hårete og liknar nok meir på ein hjort enn meg så ho må eg gå og kosta av kontinuerleg for å unngå at dei bit seg fast. -
Er det nokon som har erfaring med Big Agnes Skyline UL chair? Og gjerne samanlikna med Helinox zero og/eller one. Den skrale kroppen treng plutselig litt meir komfort med på tur... Eg har både chairkit og sitteplate med rygg, men treng rett og slett få kroppen litt opp frå bakken når eg sit.
-
Isolert sommertelt - noen som har tips / erfaring
Strilaliv svarte på oysteinsin sitt emne i Telt og lavvo
Den vindstyrken ja 🤣 Men det sto då det kom litt vind og stjerneteltet holdt på å ta turen over til naboen. Gruppeledaren min hadde eit slikt med på leir. Eg lånte det til å bytta i og brukte forteltet til vasketelt. Det er varmt på dagtid, men eg heng ikkje så mykje i teltet på dagtid når det er sol og varmt. Eg hadde feltseng (lav) og 7 cm Exped i det vesle fjellteltet mitt, så neste års leir reknar eg med vil bli skikkeleg lukseriøs. Ikkje minst tatt i betraktning at me vil få STORE troppsområder og ikkje små som kretsleiren hadde. -
Isolert sommertelt - noen som har tips / erfaring
Strilaliv svarte på oysteinsin sitt emne i Telt og lavvo
Landa du på Big Agnes, @oysteinsin? Eg har innsett at eg er for gamal til å sova ei veke på speiderleir i fjellteltet mitt. Så etter ei veke med litt krøkkete telting på leir, så har kjøpt mini-lavvoen til Robens som nytt speidarleiartelt til meg sjølv, Robens Green Cone. Ståhøgd, god plass til bagasje og utstyr og ting som ikkje speiarane treng tilgang til heile tida. Og ikkje tyngre enn at det faktisk går an å bera det med til fjells viss ein er to som har lyst på litt romleg soveplass med god høgd under taket. -
Fallsikringssele strammar seg automatisk når du ramler ned. Denne frå Biltema er bare eit eksempel, men det finst fleire typer der ute i ulike prisklassar og kvalitetar. Eg har ikkje brukt vanleg klatresele så har inga erfaring med det. Men ein fallsikringssele virker som han skal når du (eller eg) kløner det til og ramler ned frå hyttetaket....
- 11 svar
-
- klatring
- klatreutstyr
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Gammelt oppkomme. Bra eller dårlig vann?
Strilaliv svarte på Lofoten-Møring sitt emne i Helse på tur
I ei olle utan tilsig frå området rundt, kjem det stadig nytt grunnvatn opp. Og så sant det ikkje ligg ei dau mus (eller sau) i grunnvatnet, så er vatnet reint. Me har olle på hytta (langt frå folk men med sauer på sommarbeite) og vatnet er fritt for koliforme bakterier. Har eit sandlag i botn av olla så det blir eit ekstra filtreringslag før me henter vatnet. At ei olle har vore ubrukt har ingenting å sei ettersom det er nytt vatn heile tida. Viss du er bekymra for vasskvaliteten i olla, så er gravitasjonsfilter gull verdt. Eg har vore hyttevakt på Turnerhytten i Bergen, og der filtrerte me alt vatnet som ikkje skulle kokast, før servering. Sendte vassprøvar av filteringsvatnet ein gong i året og aldri anmerkning frå Mattilsynet. Eg er ikkje så bekymra av meg og drikk vatn over alt i fjellet så lenge det er rennande. Sjekkar litt meir viss det er i saueområder enn andre stader. Men viss eg hadde hatt valget, så hadde eg tatt ei olle før ein bekk/elv kortid som helst.- 10 svar
-
- 3
-
Er det gratisk inngang på heile messa for speidarar? Og gjeld det ledarane og viss eg kjem med skjerf?