Gå til innhold
  • Bli medlem

Strilaliv

Aktiv medlem
  • Innlegg

    54
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Om Strilaliv

  • Bursdag 14. oktober

Profile Information

  • Gender
    Female
  • Sted
    Eit steinkast frå Østfold

Nylige profilbesøk

2 139 profilvisninger

Strilaliv sine prestasjoner

Contributor

Contributor (5/14)

  • Reacting Well Sjeldent
  • Dedicated Sjeldent
  • First Post
  • Collaborator
  • Conversation Starter

Nylige merker

34

Nettsamfunnsomdømme

  1. Eg oppdaga, til min store fortvilelse, at trettenåringen i huset faktisk liker å fiska. Han sat i zenliknande tilstand i lang tid i fjellet med enkel stang med dupp og mark og hadde det ganske fint. Fekk null fisk sidan sola bestemte seg for eit uplanlagt besøk på ein regnversdag. Og det er her problemet oppstår. Eg hatar å fiska og kan derfor ingenting om det. Er god på logistikken rundt fiskaren - passa bål, koka kaffi, vera sjåfør, bera sekk. Men fisking? Absolutt ikkje mi greie. Uansett. No ynskjer trettenåringen seg stang og eg lurer på kva som skal kjøpast. Det vil nok bli mest fisking i Vansjø (hovudsakleg), Østmarka og Fjella. Og han har ein kompis som liker å fiska i Oslofjorden. Kan han ha ei stang til både innsjø og saltvatn? Og så bare bytta slukar etter kor han fiskar? Eg har forstått såpass at saltvasslukar er tyngre enn slukar til bruk i ferskvatn. Eller er det spinner i ferskvatn? Viss han ikkje kan/bør ha kombistang, så er det prioritert ferskvatnstang. Og i tillegg, er slike sluk/spinnersett greit å starta med? Med venleg helsing mor som prøver å følgja opp og leggja til rette for all friluftsaktivitet han testar ut. Håper han etterkvart kan fiska meg middag når me er på tur.
  2. Så ofte var eg altså innom dei at eg ikkje har oppdaga at dei har forsvunne 😂 Og i snitt så er eg der ein gong i månaden trur eg.
  3. Og viss finn ikkje har noko, så har både Bergans, Norrøna, Stormberg, Haglöfs, Arcteryx, HH (og sikkert fleire) butikk på Oslo Fashion Outlet i Vestby. Norrøna synest eg sjeldan har superprisar, dei kan ein like gjerne finne på tilbod i andre butikkar. Men dei andre har gode prisar på fjorårets modellar. Bergans har og produktprøvar sydd opp i kun ein storleik kor ein kan vera heldig og gjera eit kupp. Eg bur i Vestby så eg har muligheten til å sjekka utvalg og prisar på outleten før eg kjøper nytt andre stader viss eg ikkje finn noko på outleten. Men kjedeleg å reisa og gjera bomtur fordi det er lite av det du ser etter der. Eg er veldig glad i Robens sine telt, både kuppeltelt og tunneltelt. Relativt lette og relativt rimelege og kan kjøpast både på Obs og på Speidersport.
  4. Eg kjøpte damevarianten, med 25% avslag på denne prisen Men lang unisex (ikkje vanleg) er og på 25% rabatt på outletpris med DNB-kode
  5. Den kjøpte eg og! Har leita ei stund etter ny pose ettersom den gamle har kuldebruer og lek litt vel masse dun no, så tilbodet no var perfekt.
  6. Ekstra 25% rabatt på Helsport med kode frå DNB til og 6. april. Gjeld og på varer i outlet og treng ikkje betala med DNB-kort
  7. Fekk @Megalep eller andre her testa ut skomakeren i Askim? Garmont fjellskistøvlane mine delaminerte på tur i helgja og måtte gaffateipast så eg kom meg tilbake til bilen. Eg vil helst vil unngå å kjøpa nye støvlar (og dermed og ski og bindingar) så jaktar på ein skomakar som er skomakar og ikkje bare skoflikkar
  8. Eg har ikkje prøvd, men vurderte å ta på slik antiskli på tube (til barnesokkar) eller antisklitape (slik til trapper) under potesokkane. Har kanskje størst tru på antisklitape av desse to. I vinter fekk eg lov å gå tur i naboen sin hage, så det blei 10 meter fram og tilbake langs vegen for å unngå isen. Lagt til: Eg har stor hund så potesokkar frå sportsbutikk eller dyrebutikk har ikkje passa. Med mindre hund så er jo utvalget større.
  9. Devold har turshortsar i ull med teknisk stoff i setet. Eg har ein slik sjølv og det er den beste turshortsen eg har i varmt ver. Eg har shortsar frå Norrøna, Bergans, Fjellräven og Stormberg i teknisk materiale eller polyester/bomullblanding og når det er skikkeleg varmt synest eg dei er heilt grusomme å gå med. Men med Devold så blei skogsturar og fjellturar i god varme ein ny oppleving. Faktisk slik at eg vurderer å kjøpa turbuksa i ull og
  10. Eg tenkte eg skulle bruka tilboda rundt omkring no med den svarte fredagen, til å sjå på vintersovepose til (snart) 13-åringen. Han har ein Helsport Rago Down damepose til tresesongs, men han treng ein eigen vinterpose. Sidan han er enno ikkje har blitt tenåring, så er ikkje ryggen hans av dei lengste. Dvs at han framleis bruker Osprey Ace 50 liter som hovudsekk og der skal sovepose, liggeunderlag, telt, stormkjøken, kle og kosedyr med. Og gjerne litt mat i tillegg. Så no lurte eg på tips til vinterpose til han. Sidan han er liten, så er både volum og vekt avgjerande og eg tenker dunpose. Han har vore på telttur no i helgja i -10 grader med min Mountain Equipment Glacier 1000. Han var varm og god og likte posen. Den posen er på tilbod med 49% rabatt, men er det andre posar eg skal ta med i vurderinga?
  11. Heilt genialt! No har eg bestilt eit par slike
  12. Korleis er dei å tørka etter bruk? På hytta har me ei varmekjelde og er avhengig av at sko er enkle å tørka i varierande temperatur gjennom døgeret (22-8 grader) i god avstand frå ovnen. Eg har tidlegare sett på Skare Expedition men dei er litt ute av lista på grunn av prisen. Dei kan koma raskt inn på lista att viss dei er verdt prisen. Er det dei du har, eller ein anna Lundhagsstøvel? Eg er veldig fan av lag på lag og det å kunna ta ut innerstøvel/kartank for tørking og lufting. Varmesålar er ikkje vurdert som hyttealternativ sidan me ikkje har straum. På vinterstid er lading på eit minimum og eg er for lat til å bera opp powerbank til dette bruket. Stor sannsynlighet for at eg ikkje hugsar å ta med powerbanken ned att.
  13. Eg er på jakt etter fjellstøvar til trugebruk. Dei siste åra har eg brukt fjellstøvlane mine året rundt, inkludert trugetur og leiking i snøen på hytta. Desse er Hanwag Alaska og eg frys så himla masse på beina når me er på trugetur. Dei nærmar seg sju år og eg modne for utskifting og eg vurderer å investera i (minst) to ulike støvlar. No er eg fyrst og fremst på jakt etter støvlar til vinterbruk som er varme og som er stive nok på truger. Bonus er viss dei vil fungera som skuterstøvlar. Eg har sett på dei nye Baffin Litesport og vurderer desse. Tips til andre støvlar eg kan sjå på.
  14. Takk Marius Tenkte jo ikkje på at dei kunne vera laust samanrulla i pumpesekken. Enkel løysing på problemet - ny kunnskap er alltid fint
  15. Junior og eg fekk oss Exped Dura tidlegare i år. Og no har det oppstått eit problem i heimen. Korleis i alle dager skal eg oppbevara desse? Det er jo dun, så bør dei oppbevarast opne med opne ventilar i ein flyttekasse frå Clas Ohlson (slik eg har soveposane), eller kan dei vera samanrulla i pakkposen sin.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.