Gå til innhold
  • Bli medlem

Nekkoy

Aktiv medlem
  • Innlegg

    49
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Nekkoy

  1. Vurderer å kjøpe akkurat same kamera - er du fornøgd med det?
  2. Har nettopp ikkje kjøpt Silva portabel værstasjon for å ha noko å nerde med på tur - kun fordi
  3. Hehe morosamt at du nemner det! Der er eit anna museum og som heiter Galdrasýning á Ströndum som handlar om heksekunst i eldre tider. Hadde ein periode eg var veldig oppteken av folketru på Island, så eg synest det er litt artig. Mange spøkelseshistorier å finne, deriblant ein del frå Sprengisandur (vonar at fantasien ikkje løper løpsk når eg skal gå der... ). Tenkte å ha med meg galdrestaven Vegvísir, sånn kun for moro. Spørs om eg bør ha med eit trollkors og.
  4. Eg byrjar å få stortrua på desse gnagsårsokkane som finst etter tipsa her. Neoprensokkar var ikkje dumt! Har tenkt på å ha med eit par slike uansett for bruk ved elvekryssingar for å sleppe å bli så kald.
  5. No såg eg for meg to sta Islands-esel på tur. Ein blir i alle fall mange erfaringar rikare når ein legg i veg åleine! Ein skal vel vere glad for at ein ikkje er typen som let mangel på følgje stoppe seg.
  6. Tusen takk for tips! Såg den GPSen eg har bestilt ikkje sto i lista over dei man veit dei virkar på, så då blir det spennande å sjå Hehe... Sleng deg med! Trur det blir ein kjekk tur. Ekstra spennande når det blir min fyrste åleinetur, men sånn er det når ingen kan vere med! Skal ein få det gjort må ein berre hive seg rundt og gjere det. Takk for tips om frikart, der var jo veldig mange å velge i for Island så noko av det må vel vere godt nok. Kjem til å bruke kart hovudsakleg. Har ikkje noko erfaring med GPS, så den blir nok berre ei reserve om eg skulle verte i tvil så då er nok gratis kart godt nok.
  7. Ser ut til at det blir ein liten pitstop med bading også i det området, så då kan det vere eg tek ein tur innom og testar maten der. Gjer godt å få i seg noko anna enn turmat! Ser ut til at kart løyser seg, etter tips her i tråden. Eg bestilte meg ei bok no som heitte "Walking and trekking in Iceland", får satse på der står noko nyttig i den. Dei hadde rett Nomaden! Dei var rett nok tomme på lager, men om 2-3 veker skulle dei få inn att. Hehe.... Artig med litt sånne lokale spesialitetar. Eg er ikkje kresen, men tilogmed eg hadde nok rynka på nasen av slike ting. Trur i alle fall eg ikkje kjem til å vere so spenstig i matvegen når eg er der! Takkar så mykje for mange gode tips! Har allereie lagt inn ei bestilling på karta du anbefalte, dei vart visst oppdaterte i fjor såg det ut til - tipp topp! Har du noko kjennskap til om Atlaskort er greie kart? Har lest om ein del som har brukt dei karta på tur der, dei er litt mindre målestokk på. Men ein del av dei var ikkje blitt oppdaterte på nokre år såg eg. Skal ha Vonarskard i mente når eg får karta i handa.
  8. Tusen takk for alle tips! Trur nok eg skal finne noko som løyser problemet etter å ha prøvd ut alle tipsa eg har fått her. Har begynt å bruke spesialsålane uansett kva sko eg har på no, for å muligens venne føta til dei litt meir (har tidlegare kun brukt dei i ski- og fjellskoa). Ganske tydeleg at det er sålane som utløyser gnaget på eit vis sidan både fritidssko og vernesko har byrja å gnage... Så trur nok anna type såle også er ein del av løysinga her.
  9. Eg kjøpte og fekk tilpassa hos fysioterapeuten eg gjekk med for opptrening etter skade. Dei må vere såpass harde for å tvinge foten i rett posisjon går eg ut i frå. Trur ikkje me har Ortopediteknikk her i området, men det er nok ikkje dumt å sjekke ut kva som finst av alternativ!
  10. Det lovar dårleg at du opplevde gnagsår sjølv med to-sokk-metoden! Sålane er jo gnallharde og gir lite etter så kanskje det har noko med det å gjere. Sidan eg har hatt begge kneskålene ute av ledd pga føtene må eg bruke sålane for å minske sjansen for at det skjer fleire gongar. Vil heller risikere gnagsår enn kneskåler på avvegar når eg går åleine, så kjem framleis til å satse på førebyggjing.
  11. Ei henvending til dei av dykk som har vore på fottur på Island. Eg skal i sommar gå frå nord til sør med startpunkt Rifstangi og avslutning Dyrholaey. I den forbindelse er eg på utkikk etter meir eller mindre gøymde perler/ruter ein bør traske innom som input før eg spikrar noko ruteval. Eg er på eit rimelig tight tidsskjema, så nokre lange avstikkarar er det ikkje plass til i denne omgang. Tips til (passeleg ) varme kjelder på vegen slik at ein får seg ein liten dukkert mottakast med stor takk! Eg ser allereie fram til ein dukkert og mykje trengt rundvask når eg kjem til Landmannalaugar, men det hadde vore fint å vite om moglegheiter utanom det også. Ca rute vert ganske forenkla med waypoints: Rifstangi-over Melrakkasletta-Asbyrgi-Dettifoss-Myvatn-Aldeyarfoss-Nyidalur og Landmannalaugar via Sprengisandur-Thorsmörk- Skógar-Solheimasandur-Reynisfjara-Dyrholaey. Kart: Ser også det er fleire produsentar av kart på marknaden og har lest litt på nett som er for og i mot dei ulike. Nokon som har noko erfaring med kva kart som er dei mest nøyaktige/beste for fottur? Det blir nokre kartblad på denne turen så då vil eg bruke pengane mine på dei beste. GPS-kart: Skal også skaffe meg ein GPS før denne turen og lurer også på om nokon veit om gode kart til GPS for island (helst gratis)? Førebels kan det sjå ut til at eg landar på ein Garmin gpsmap 64s så det må vere kart som passar til den modellen. Bøker/ressursar: Om nokon har tips til litteratur som er verd å lese før turen så tek eg gjerne i mot tips. Det finst mykje forskjellig å finne når ein googlar, men det er ikkje like lett å vite om det er særleg relevant ut i frå eit lite utdrag av boka, så her vil eg gjerne vite kva andre har funne nyttig.
  12. Tusen takk for tips! Ser ut til at to par sokkar er ein velprøvd metode, så det får eg prøve ut! Håpar det er plass i skoa eg allereie har sidan dei per no er "akkurat passeleg". Også det å gni lipsyl på er definitivt nytt for meg, ser føre meg det blir nokre ekle sokkar etter kvart på tur - men det skadar ikkje å teste ut!
  13. Hei alle Eg har lenge perfeksjonert førebyggjande gnagsårtaping med sportstape. Førebyggjing er heilt naudsynt for min del sidan eg har meir plattfot enn Donald Duck og må bruke spesialsålar i skoa mine, som medører gnagsårproblematikk under fotsålen og i hælområdet. Eg har til mi store gru byrja å reagere allergisk på plasterlim og lim på sportstape som medføre hovne, raude bein og kløe i fleire dagar kun etter få timars bruk av sportstape/ting med plasterlim. Sidan eg skal på langtur til fots i sommar er eg difor på jakt etter alle mulige slags tips/alternative metodar for gnagsårførebyggjing! Compeed utgår sidan det er eit såpass stort område eg må dekkje. Vonar på mange tips! Har hittil kjøpt sjølvheftande, tynn bandasjesak på apoteket som skal testast ut ved fyrste høve - men sidan eg ikkje har heilt trua på det treng eg fleire ting å teste ut før eg skal langt i veg på tur.
  14. Eg skal også gå nord-sør i sommar og har etter litt forskning kome fram til at ein kan sende depot med post til postkontor ein kan gå innom på vegen (poste restante) og til hyttene ved Landmannalaugar og Nyidalur kan ein sende depot med buss.
  15. Eg er godt nøgd med mi via ferrata-sikring frå mammut: http://www.fjellsport.no/mammut-tec-step-bionic-2-black-one-size.html- den er svivel på så ein slepp tvinn på dei to sikringsslyngene. Dette er av typen som revnar ut ved fall. Det er i det store og heile ein fordel å ikkje falle på Via ferrata sidan det er høge fallfaktorar og store krefter i sving (difor er statisk utstyr utelukka sidan det kan svikte ved så høge belastningar pluss at det fører til at kreftene ved fall blir tatt opp i kroppen i stadenfor av utstyret = skade), samt utstikkande trinn ol ein kan treffe. Ein kan poitensielt falle langt før ein stoppar (ned til forrige bolt + lengda av slyngene + det som raknar ut). Difor nyttar ein eigne K-sertifiserte karabinarar som er dimensjonert for bruken (Klettersteig) og falldempar i sikringsslyngene. Godt tips om petzl sine sider, Mammut har også ei god infoside om fallfaktorar og bruk av utstyr på via ferrata: http://www.mammut.ch/store/INT/en/know-how/climbing-equipment/via-ferrata/handling(denne fyl også med sikringane dei sel). Har du klatresele og hjelm frå før så er det veldig greit å berre bruke ei viaferrata slynge i stadenfor å drive å bale med tau og sikring utanom wiren heile vegen. Eit kort heiltau, eit par slynger med karabinarar og taubrems kan vere greitt å ha med i backup for å sikre andre, evt meir usikre forbi utsette passasjar om ein riggar topptaufeste når det trengs. I Stryn går det greit å gå utan guide så lenge du er trygg på korrekt bruk av utstyret. Du skal bruke begge karabinarane når du går via ferrataen, når du kjem til stadar der wiren er mellomforankra i fjellet flyttar du over ein og ein karabin slik at du alltid er sikra. Via Ferratasikringa vil halde eit fall sjølv om kun ein karabin er festa til wiren. Det er ein god regel å kun gå ein person mellom kvar mellomforankring slik at ein ikkje dreg med seg andre om ein skulle vere uheldig og falle. Bruk sko med gode sålar!
  16. Hoho, Gopro Hero4 Silver med fester, sjølvispinne og fjernkontroll innkjøpt! Klar for å forevige komande eventyr
  17. Det har blitt litt klatreshopping i det siste, i forbindelse med å prøve meg så smått på litt på clogging: Petzl basic, Petzl micro traxion og Petzl tibloc til ein billig penge frå det store utland. Bøkene "kameratredning for klatrere" av Geir Grimeland og den nye klatreføraren for Jotunheimen frå NTK dumpa ned i postkassa mi tidlegare i dag.
  18. Sidan det er 25% på nesten alt klatreutstyr på Fjellsport, er no eit sett med ekspresslynger på veg å dumpe ned i postkassa mi. Ocun Hawk Qd Set Oppdaga også fjellforumrabatten, så eg bestilte meg nyst ein Moon Saturn Crash Pad også. Stor og god pad! Får håpe den kjem til fredag så den får blitt med på buldretur i helga.
  19. Eg har gode erfaringar med Janus sine tynne ullskjorter, som eg har brukt kvar dag året rundt i jobbsamanheng. Ganske røff bruk. Dei har rett nok vore i antiflame-utførelse (JanusPro) med 80% merinoull og 20% ProtexM så kan vere det spelar inn på holdbarheita. Gode både til arbeid og tur og toler overraskande mykje! Dei har i alle fall vart mykje lengre enn dei tynne Devoldskjortene eg har brukt og slitt ut til dei er holete og fæle. Får kjøpt den typen ullundertøy i Tess-butikkar.
  20. Mi fyrste våtdrakt frå O'Neill med hanskar, sko og hette - klar for å gå all inn på surfinga! Har også kjøpt meg stoltrekk til Exped underlaget mitt, så no er eg klar for maks chilling på tur!
  21. Det vanlege er å bruke boltar i rustfritt stål. Boltar kan også skaffast gjennom Norges Boltefond (Climb Norway) i tillegg til det som tidlegare er nemnt i tråden. NKF arrangerer boltekurs innimellom, høyr med din lokale klubb om dei har nokon som har dette kurset slik at boltinga vert forsvarleg og av god kvalitet. Klatreklubbar i NKF sitt system får to gratis kurs frå forbundet per år, så du kan jo også etterspørje at du ynskjer at dei arrangerer eit slikt boltekurs i ditt område som du kan få delta på (mogleg du må melde deg inn i klubb for å få vere med). Elles så bør ein tenkje på at boltar blir slitt, kan bli utsett for korrosjon og forvitring, og om ein brukar boltar og hengarar av ulike metall-legeringar så kan det oppstå rust som svekkjer forankringa over tid. I mitt hovud høyrest det skummelt ut med "vedlikeholdsfritt" og ting som skal vare evig i klatresammenheng då det kan gjere ein slapp på å sjekke tilstanden. Ein bør uansett halde eit auge med det som åra går for å sjekke tilstanden og eventuellt etterstramme om ein nyttar ekspansjonsboltar. Ved bolting for klatring på led kan det vere greit å ha i bakhovudet at ein bør bolte ganske tett i starten av ruta for å minimere risikoen for bakkefall, og elles tenkje fallpotensiale når ein set resten av boltane. Tenkje seg om: Kan plasseringa av ein bolt der gjere at ein får eit stygt fall, ta hensyn til klipping i normal høgd og klipping med mykje tau ute feks. Tenkje at boltar bør plasserast der ein har godt feste til hender og føter. Fjellkvalitet må ein også sjå på når ein boltar. Ein bør også renske rutene slik at det ikkje er mykje stein som kan falle ned ved klatring og utgjere ein risiko for dei på bakken. Snufeste må også monterast på kvar enkelt led-rute om ein ikkje har tenkt å nytte topptaufesta til det, og ein må vurdere type snufeste ein vil gå for. Til topptaufeste så skal det vere dobbelt opp i alle ledd, altså to boltar per topptaufeste, ikkje for langt i frå kvarandre. Mindre vinkel enn 60 grader ned frå V-en er ein god regel i alle høve. Det kan monterast fast kjetting med ring i, eller ein kan kun ha boltar med hengar slik at klatrarane sjølve monterer slynger og karabinarar. Eg vil i anbefale å ta kontakt med den lokale klatreklubben og høyre om dei har nokre andre innspel til dykk. Det høyres ut som dette er eit prosjekt som gagnar fleire, og då kan det godt vere at klubben vil vere med å hjelpe dykk med utviklinga av feltet. Legg ved nokre lenkjer som kan vere nyttige: http://klatring.no/Anlegg/Anleggute/tabid/4767/Default.aspx No veit eg ikkje om du har nokon forbindelse til NKF gjennom klubb eller liknande, men det er uansett verdt å ta ein kikk på dokumentet om bolte-etikk som dei har utarbeida. Der er ein god del moment om kva ein bør tenkje på i prosessen og litt om bolteplassering osv. Dei anbefalar som fleire her har gjort å ta kontakt med nokon som kan å bolte: http://klatring.no/LinkClick.aspx?fileticket=B4pdtaqAfps%3d&tabid=4767 NKF kan også bistå med både boltar og kyndige folk ved utvikling av nye klatrefelt: http://www.klatring.no/Klubb/S%C3%B8kemidler/S%C3%B8kombolter/tabid/5210/Default.aspx Ulykkesrapport frå sviktande ekspansjonsbolt som inneheld nyttig info: http://klatring.no/LinkClick.aspx?fileticket=Rs2lAJderhA%3d&tabid=4769
  22. nekkoy
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.