Haukeli 6. september kl 05.00. Trolltjønn ca 1250 moh. Snøbyger og liten kuling. Brått vaknar eg av at vinden plutselig kjem litt vel nær, samt ein del ekstraordinær blafring. Litt famling i blinde - så finn eg ut at teltet rett og slett har revna i front! Ikkje i saumen, men eit "clear cut" i stoffet. Blei meget overraska, for å seie det diplomatisk. Blei ikkje meir søvn den natta.
Teltet, eit Hilleberg Akto, er 9-10 år gammalt, brukt ein del men heller ikkje veldig mykje, kanskje 100-150 bruksdøgn til saman. Har aldri drøymt at det skulle ta kvelden under relativt moderate forhold. Hilleberg kaller det heilt normalt og skuldar på alder og UV-stråling og var overhodet ikkje interessert i å diskutere saka.
Andre som har opplevd liknande? Kan dette definerast som normalt?
Prøver å legge ved eit par bilder.