
hakonmar
Passivt medlem-
Innlegg
85 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av hakonmar
-
Hei! Då er nøtter, kiler etc innkjøpt. Då er det berre tau igjen. Tenkte eg skulle kjøpe halvtau sidan dei plassane eg har klatra/skal klatre ofte har sikringspunkt litt over alt. I tillegg skal eg ha eit heiltau(enkelttau) for sportsklatring/klatring på naturlige sikringar i tillegg til bolta ruter. Tenk klatring i områder som romsdalen, jotunheimen på naturlige sikringar med tanke på halvtaua. Taua eg har sett meg ut er med fokus på vekt, då nokre gram her og der blir tungt etter kvart I tillegg er eg nysgjerrig på om 8mm er for liten diameter med tanke på brems eller liknande. Har BD sin brems som skal ta 8mm, samt ascender til petzl og tibloc som og skal funke..... Lettast halvtau viss eg kan ta det.. Halvtau: Roca Migu, 8mm Roca Fanatic, 8,5mm Heiltau: Roca Tasmania 10,4mm Roca Fanatic 10mm Singing Rock Trinity 10,3 Er open for forslag frå dei som verkeleg har peiling! mvh. Håkon Martin
-
Har prøvd moonwalker V soveposen i butikken. Den på 185cm. Eg er 175 og det var ein drøm!! Har tidligare solgt ein altfor stor vinterpose for meg her inne frå ajungilak. ME er dyrare(4000kroner for moonwalker V), men når eg får råd så blir det den. Hetta er nydelig deilig. I tillegg er vekta 2,4kg og ekstremtemp på -40 eller noko i den dur. Kan hende eg går ned til IV som deg. Prøv den i butikken!! mvh. Håkon Martin
-
Du leitar etter dette teltet http://www.oslosportslager.no/produkt/exped-orion-extreme-2-manns-telt-5421.aspx
-
Så lenge det ikkje er galvanisk kontakt, så skal det gå greit å ha tennstålet ditt der, som foreksempel i ein plastikkpose, som då blir ein isolator for å sei det vitenskaplig:) Då har du løyst heile problemet. Håkon Martin
-
Vil fyrst seie at eg er ingen kjemikar, så det er ikkje sikkert at eg har forstått riktig... Meinar det er korrosjon - dvs. ein elektrokjemisk reaksjon. Det eine metallet er mindre edelt(større evne til å gje frå seg elektronar: mindre elektrodepotensial) enn det andre og vil avgje elektronar til det andre metallet. Gull er eit edelmetall - lita evne til å korrodere. I dette tilfellet du pratar om vil då oksideringa(frigjering av elektronar, anodereaksjon, oppløysing) skje ved jukkastikka, sidan den er minst edel(anoden). Katoden vil då vere stormkjøkkenet. Desse to må vere i direkte kontakt eller ha galvanisk kontakt i form av (salt)vatn eller andre elektrolyttar som ledar elektronar. Det er to halvreaksjonar som skjer i lag... Du kan seie at jukkastikka er offeranoden. I nordsjøen blir det på "subsea" installasjonar brukt sink som offeranode meinar eg. Har sjølv sett desse og der er nesten alt korrodert vekk, men sjølve installasjonen er urørt. Er plassert rundt heile som massive firkantar. Då vil oksideringa skje der i staden for på installasjonen. Smart med litt kunnskap om kjemi der som når ein har eit stormkjøkken og ei jukkastikke:) Magnesium(jukkastikka) har elektrokjemisk potensial på -E=-(-2,36V) = 2,76V Aluminium(stormkjøkkenet) har elektrokjemisk potensial -E=-(-1,68V) = 1,68V Dette vil seie at sidan magnesium har størst potensial, så vil det vere mest villig til å gje frå seg elektronar og blir soleis offeranode. Tabelle for elektrokjemisk potensial(standard electrode potentials) finn du på nettet, slik at neste gong du skal ha metall saman, så kan du sjå kva som blir vekke. Å ha ein stor katode som stormkjøkkenet vil berre auke oksideringa ved jukkastikka. Svaret blir at tennstålet korroderer som offeranode som følge av ein galvanisk kontakt med katoden, stormkjøkkenet evt. gasstingen Mitt spørsmål til kjemikarane må vere... Er det skitt eller fukt som har skapt muligheten for flyten av elektronar, altså at det er dei som har fungert som galvanisk kontakt?? Ser gjerne at ein kjemikar seier om eg er heilt på jordet!!!!! Er det andre grunnar til korroderinga? mvh. Håkon Martin
-
Er sjølv 1.75m høg og eg hadde forgjengaren til ringstind2. Sidan du er lengre=høgre(på nynorsk), så vil eg anta at du har tenkt igjennom dette. Syns det var slitsomt med tanke på å ikkje kunne sitte oppreist. Kan garantere at dette blir eit problem for deg. Lengda er bra, men vær klar over at viss du skal jobbe litt der inne, så vil du fort måtte bevege deg mot midten, som gjere at du mest sannsynleg bevegar tærne i endane. Vinterstid er ikkje teltet å anbefale. For lite og snøfokk kjem inn under, samt at det tvilsomt tåler påkjenningar som sterk vind over lengre tid. Eg solgte teltet mitt på grunn av nettopp dette, samt høgda. Fint telt på vår, sommar og tidlig haust, men ikkje vinter! For lite og veggane skråar for mykje ned! Gå opp 0,5-0,7 kg og du kan boltre deg i telt som vil gje deg mykje meir trivsel i form av større kokemulighetar, sitte oppreist og kunne jobbe utan at det blir ei treningsøkt inni teltet. Dessutan skulle mitt telt og vege 1,7kg, men det må vere utan stenger. For teltet enda opp i 2kg med stenger og pluggar. Helsport rundar kraftig nedover har eg inntrykk av:) Skal du ikkje bruke teltet på vinterstid og berre ligge rett ut, så er teltet bra. Lett vektmessig og lett å sette opp. Hadde eg vore 2,00meter, så hadde eg ikkje kjøpt Ringstind2. Mest på grunn av høgda di. Slitsomt å lese bok i Ringstind 2 For all del prøv teltet før du kjøper når du er så lang! mvh. Håkon Martin
-
Hei! Tenkte å invistere i eit sett med kamkiler. Alternativa er BD camelots C4 eller Wild country Tech Friends. Nokon som har erfaring med wild country sine. Eg har brukt BD sine og er godt nøgd med dei, men er åpen for forslag. Samt lurer eg på å kjøpe eit Hex set, men ser at nokre har slynger(wild country), mens andre har vaier(BD). Har brukt slynger og syns det fungerer fint, men kanskje nokon har synspunkt på dette. Bestemt meg for å kjøpe DMM nøtter, då desse har muligheten for å gå opp ein halv størrelse ved å snu dei. mvh. Håkon
-
Kan berre uttale meg om exped orion extreme og min opplevelse er veldig god. God plass og takhøgde med to separate fortelt. Gode tekniske løysingar. Er veldig god plass for to, og er eit kjempebra vintertelt, sidan kvar person har eget fortelt. Som sagt i tidlegare trådar er det forskjell på eit vinter og sommar/vår/høst telt. Vekta er gjerne høgare og personleg vil eg ha eit lettare telt om sommaren då det ikkje er like ekstremt vær. Exped er eit greit kompromiss for to stk, men tungt aleine. mvh. Håkon Martin
-
Kan støtte opp om Exped Orion Extreme. Tilbrakte fire døgn i det i påsken og det er eit fantastisk telt. God plass for to. Fin takhøgde. Veldig bra bardunering. To utganger som har store fortelt. Generelt gode tekniske løysingar. Eit telt som kan anbefales! mvh. Håkon Martin
-
Då trur eg at eg har fått litt oversyn på kva telt eg endar opp med. Blir enten Exped Polaris eller Nemo Tenshi. Nemo Tenshi veger jo nesten ingenting(1,8kg), står det på hiemesida, men på ei anna står det 5,5pounds(2,5kg). Må være meir riktig.... Verkar uansett som eit veldig bra telt, som i tillegg har bra plass. Lett, god lufting, fortelt. Lurte på korleis kondensduken er - anyone? Ligger den i toppen og korleis er teltet sånn generelt for dei som har brukt det? Ser at Nemo har godt vekk frå eVent membran?? Exped Polaris er uansett eit godt valg:) Dei brukar eVent membran. Er prøvd av Gunnar og det er jo eit bra telt Synspunkt om Nemo Tenshi, evt. Moki mottas med takk, men primært Tenshi. mvh. Håkon Martin
-
Faktisk er det Acongagua som lokkar, sammen med Elbrus:) Polaris verker som eit bra telt ja. Synes dei tekniske løysinga verkar betre enn på Bibler sine... Gunnar eller evt. andre: Har polaris bra rom til vannkoking, samt litt matlaging? Er det ok boltreplass i forhold til det å kle av og på seg? Korleis er det i forhold til kondens ved koking av vatn? Har og sett på primært MSR Dragonfly(fury), som er veldig lett med sine 2,42 kg fullt pakka og stor plass? Dette har ikkje membran verkar det som? Samt MSR Fury(2 duks telt). Er dette noko tess?? Alle desse telta eg spør om har eg visse kriterier for: God vindstabilitet og bardunering/fester, dvs. lite blafring. God ventilasjon, hindre mykje rim/kondens(litt blir det jo ) ; i forhold til matlaging og generell pusting. Fortelt for utstyr, samt matlaging/vannkoking. Høgde under taket for å kunne sitte(eit ork med telt der ein må ligge heile tida, for at det ikkje skal dryppe!!) Generell gode tekniske og gjennomtenkte løysingar. Ikkje alt for mykje strev med å sette opp i vinden/snøføyken. Skal ha eit telt som skal tåle ein støyt høgt til fjells og over lengre tid! Steinete underlag etc... Svar gjerne med telt og så kolon for det teltet:) Takk for alle gode svar hittil mvh. Håkon Martin
-
Nokon som har erfaring med Exped Polaris teltet? Sidan det har eVent-membran - korleis vil det være i kaldt vèr. Har lyst å ha meg eit`eindukstelt, men veit ikkje kva for eit? Må ha eit greit fortelt, for matlaging etc. Ein kamerat har Exped Orion Extreme, er prøvd og eg synest det er eit fantastisk telt, så eg lurer på korleis Polaris er, med tanke på einduks-konsept med membran, samt luftgjennomstrømning etc. Info mottas med takk om Polaris, samt andre endukstelt:) http://www.oslosportslager.no/product/2668/7776/394646/Exped_Polaris%2C_2-manns_telt.html mvh. Håkon
-
Skagastølsryggen og Styggedalsryggen
hakonmar svarte på MagnusH sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Ved å gå frå nordre skagadølstind er det ganske greit. Gjekk der i fjor sommer med tre andre. Var luftig, men sjølv om vi ikkje hadde noko særlig klatreerfaring fiksa vi det. Klatra sjølv led opp v-skaret(led for første gang i mitt liv - stolt!). Var skjerpa, men så brukte vi 36timar på heile turen i staden for dei 18timane som vi hadde estimert. Viktig å bruke tida med tanke på lite erfaring viss du er i den posisjonen. Det gjorde vi, sjølv om det var kaldt på vesle skagadølstind på natta utan sovepose:) Som tidligare sagt er V-skardet og Halls Hammer i grunn der det er litt tricky. Spesielt viss ein ikkje kan ruta heilt Bruk tida og med godt humør går det meste!! I sommar blir det å gå styggedalsryggen. Gledar meg:) Lykke til! mvh. Håkon -
Har eit par Berghaus Yeti Extreme i medium, men sliter litt med å få dei over fjellskoa mine, type Kayland Multitraction(lave). Veit at det i utgangspunktet er vanskelig å få på dei. Det eg lurer på er om medium er for lite, når eg har 42,5 i støvelen....? Takker for evt. svar mvh. Håkon Martin
-
Behovet for soveposetrekk i sekk med soveposerom?
hakonmar svarte på gaardern sitt emne i Bære- og fraktsystemer
Sea to Summit kompresjonstrekk med event membran er gode greier. Har eit som eg har brukt til Ajungilak Denali Arctic'en min. Den er på 21Liter. Kjøpte eit trekk til 30liter(det største) og er glad for det. Trengte plassen når ein står å skal stappe ned i på vinteren. Komprimerte ned til ca 1/3. Dritbra!!! Fekk den svære posen ned i rommet på sekken. Sidan det er vantett med membran slepper eg søppelpose, samt at lufta blir pressa ut porane. Var skeptisk, men det funka utmerket. Selger dei på www.sportsnett.no. -
Hadde tenkt å starte frå langen gård og gå inn i femunden der i frå. Rett øst og så sørøst. Er litt skeptisk til å gå over femunden mtp isforhold... Hadde jo vore fint å kunne kutte rett over, men ikkje noko absolutt krav. Er jo flatt nok(sett på kart...) og fint å gå trur eg. Reiser innover torsdag og blir til tirsdag. Spent på vèret. På www.yr.no viste dei i går bra vèr frå søndag av, men i dag er det snø... Spent:)
-
Kan seie meg einig om Primus Omnifuel. Kjøpte den på i Trondheim, på Lade XXL for 980kroner nyleg. Eit røvarkjøp! Optimus Nova+ som er den nye, der ein vrir på slangen for å justere gassen verkar ikkje like solid. Trur nok det er større rom for lekkasje der, noko eg fekk bekrefta då eg gjekk for å kjøpe ein ny Primus Omnifuel. Stod ein fyr der som hadde prøvd nova+, og "vri på slangekonseptet" hadde nettopp gjeve lekkasje på fjellet. Hadde vore ei kald jaktveke:) Han skulle kjøpe seg Primus Omnifuel. Kjøpte derfor Primus Omnifuel. Mykje av grunnen er at eg har hatt den gamle typen i 7år, men måtte kjøpe ny pumpe. Tenkte det var like greit å kjøpe flunka ny, då den er kommen i mykje betre versjon, med to justeringmulighetar, samt enklare dyseskifte. Smatidig stemte det bra med ca 1min til 1min30sek til den slukka når vendt på OFF. Blei imponert!! Primus Omnifuel verkar meir solid enn Nova, Nova+ i materialer og utførelse. Subjektiv meining, men prøv den!
-
Stikker inn i femunden om ei veke. Nokon som har vore der i det siste og har ein idè om snømengde etc. der no. Bør vere fint, Skal vere der ei veke, så håpar på bra med snø og trygg is:) mvh. Håkon
-
Norges vanskeligste/hardeste topp å bestige
hakonmar svarte på morom sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Gjekk nordre og storen til sist. Var i grunn hardest å gå opp v-skaret sidan eg aldri har klatra led før:) Så gjekk vi ned før sentraltind og langs vesle opp i moen skar. Vegen opp til storen var ganske lett klatring. Luftig, men deilig å klare turen med tank på utgangspunktet. Bruk av tid var viktig ja. -
Norges vanskeligste/hardeste topp å bestige
hakonmar svarte på morom sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Gjekk heile skagadølsryggen i helga som var. Vanskeleg, men det var mest fordi vi ikkje hadde noko klatreerfaring og soleis brukte lang tid:) 36timar med overnatting. Då fekk vi tatt sentraltind i tillegg til dei andre fem toppane. Var mentalt hardt å lede når ein aldri har gjort noko liknande før! -
Har hatt lundhags i fem år og det er ein kjempestøvel. Lett og om er lett sjølv om den blir våt. Om vinteren er den kald, pga. cellegummien. Har nettopp kjøpt meg isogaisa og er storfornøyd. Litt varmere. Liker begge og det kommer helt an på ka du liker.
-
Har fot som er 42,5 i str. orden og lurer på om eg skal ha 42,5 eller 43. Kva brukar du Haukeli med tanke på kva du har i fotstr.?
-
Vurderer å kjøpe meg eit par tinderangling/klatre sko som er lette og kan brukes til litt forskjellig. Er interessert i å vite om nokon har prøvd desse skoa her eller har nokre andre sko å anbefale. Vil bli brukt mest til tinderangling, klatring etc. Er Kayland eit slitesterkt produkt? Skoa kan sjåast på www.vpg.no eller direkte link: http://www.vpg.no/eshop/pub/engine.php?id=131
-
Viss eg forstår deg riktig, mener du at dtn ikkje er beskytta av stoffklaff. Har Arcteryx Alpha SV og har til dags dato ikkje opplevd noko som helst problem med dette. Sjølv om eg var skeptisk i utgangspunktet har det fungert fint, men ein veit aldri.... Har Norrøna Arch Wall og den føles meir robust ut på det området med klaffer, men det er to forskjellige jakker, så det er vanskelig å seie kva som er best. Etter eg har sagt dette skjer det vel på neste tur at det siler inn...