Etter den 8. mai er eg ferdig med 3 av mine 5 eksamenar, og då er det heldigvis langt fram til neste, so då tenkte eg at eg kunne nytte sjansen til å kome meg ut litt. Er litt lei av å sitje her i Trondheim og råtne, vil ut på tur!
Tenkte difor ein liten tur, men har ikkje peiling på kor. Planen er å finne ei DNT-hytte av noko slag, sjølvbetjent, der eg kan vere ein dag eller to og traske litt turar og berre slappe av. Det idéelle hadde vore ei hytte slik som Reinheim på Dovrefjell, men kanskje litt mindre.
Har bil, men vil helst ikkje køyre meir enn to timar kvar veg. Folk har jo nemnd Trollheimen og Sylane for meg, men ingen som veit om hytter til mitt formål.
Eg har heller ikkje skia mine her i Trondheim, so det må nesten vere mogeleg å gå til fots til hytta og i området rundt.
Har nokon tips til hytte for meg?
På forhand takk!