
vårdøl
Aktiv medlem-
Innlegg
47 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av vårdøl
-
Nokon som har erfaring med Scarpa t4? Den lokal sportsbutikken sel dei nå for 1100. Skal brukast for det meste til å gå med. Har lærsko i dag - og er litt skeptisk til plast.... Svein
-
Dersom dykk har tid til ein liten avstikkar med noko anna enn burger - prøv ein middag på Brimi Fjellstugu. Knallgod mat til hyggelege prisar. Lyngve: Fjoset (Fjosø' på dialekt) er ein ypperleg plass - diskoteket på andre sidan av vegen "Fossheimkjellaren" er lagt ned som diskotek. Det er bygt om, det er framleis servering der, men ikkje diskotek. Svein
-
Eg har ikkje lese alle innlegga her, så eg veit ikkje alt som er sagt og skreve her. Som lomver uttalar eg navna på dialekt sjølvsagt, men når eg skal skrive brukar eg vel stort sett dei navna som blir brukt på karta. Det kjennest meire naturleg for meg å skrive "brea" - uttalen vår på dialekt er "bræa". "Høi" er unaturleg for meg, vi seier "høe". Eg vil nok seie "høe" og "bræ'an" om høer og brear same kor eg er i landet, men vil nok også der skrive det som er brukt i kartverket. På same måte trur eg det ville ha vore rart dersom eg møtte ein som pratar bokmål som seier "-høe" og "-brean" - ettersom det heiter hø og bre på bokmål. Svein - (lomver ). PS! Eg er frå Garmo mellom Vågå og Lom, og det er også små forskjellar i dialekta frå Garmo til Lom. Ein lomver går på Kyrkja, medan eg går på "Kjørkja"
-
Hei - du kan nok sykle vegen, men eg vil tru den er så bratt at det ikkje er noko vits. Svein
-
Målet er nådd - alle toppene over 2000 moh, 14.08.2004
vårdøl svarte på Kim sitt emne i Turrapporter
Eg kastar meg på gratulasjonsbølja både til deg og til far din - verkeleg imponerande av dykk begge! -Og eg ser fram til nye turreferat og bilde på Bergtatt.net også i framtida. Verkeleg ein inspirerande web. (Eg ser også at forholda i Gjertvasskaret og opp på Styggedalstinden har endra seg ein del sidan eg var der for nokre få veker sidan. Var ekkel den sprekken der....) Svein -
Eg tok nokre få ljosbilete, men ikkje noko særleg frå toppane. (Hadde meir enn nok med å kvile......) Ein av turkameratane hadde med digitalt kamera, og eg skal få brent ein cd med ein del av bileta slik at eg evt. kan få lagt ut noko her. Svein
-
Vi var tre som gjekk innover Helgedalen fredagskvelden 23.7., Jan Erik, Stig og eg – 3 småbarnsfedre som skulle i vegen på vår årlege overnattings-fjelltur. Målet for kvelden var Gjertvassbui som vi hadde fått leigd av Luster Fjellstyre. Det regna litt innover, men ikkje såpass at vi vart noko særleg blaute. Sekkane var blytunge av mykje god mat og drikke, samt tau og anna sikringsutstyr. Vi kom fram til hytta ved 10-tida om kvelden, og trefte der ein sauebonde frå Fortun som også skulle bu i hytta medan han såg etter sauane sine den helga. Etter litt kveldsmat og prat gjekk vi til sengs. Vi sov litt lenge morgonen etterpå, og var ikkje oppe før klokka hadde passert 8. Skodda og skyene låg tjukk i Gjertvassdalen, men vi ordna oss på tur. Turmålet var fyrst og fremst Gjertvasstinden, men dersom veret, føret og formen (ikkje minst!) var bra skulle vi også prøve Styggedalstinden. Klokka vart nesten 10 før vi la i vegen. Vi måtte fyrst ned eit par hundre høgdemeter før vi vassa elva som kjem frå Gjertvassbreen. Etterpå gjekk vi i grov og laus ur opp eit markert drag opp på ryggen vi skulle følgje til toppen. Veret var framleis grått, men ein gong i blant letta det litt slik at det var ikkje vanskeleg å finne vegen. Det var litt småklyving opp til topp 1924, og da vi kom opp der letta skodda og veret skein skikkeleg opp. Vi såg da fint eggen oppover mot toppen med den markante snøkammen. Vi tok oss ein liten matbit før vi starta på den siste biten oppover, noko som vart ei skikkeleg kraftprøve for meg. Dei to andre som er mykje betre form enn meg gjekk greitt oppover, medan eg kjempa meg steg for steg opp den tunge snøbakken. Eg merka godt at treningsgrunnlaget var heller tynt, og at dei ekstra kiloa rundt omkring på kroppen var tunge å dra på…… Medan eg kjempa meg oppover konstaterte eg at eg måtte vere glad om eg fekk med meg Gjertvasstinden, planane om Styggedalstinden vart skrinlagt. Når eg endeleg kom opp hadde dei to andre byrja å ta på seg sikringsutstyr. Eg sa at eg heller ville sitje att å vente, men toppen var fristande nær….. Etter ein sjokoladebit hadde eg ombestemt meg – eg ville også bli med. Vi tok med litt nødvendig utstyr i ein sekk, knytte oss inn i tauet, og bevega oss forsiktig nedover den bratte snøbakken. Snøen var fast og fin, og Stig gjekk fyrst og sette sikringar, både i snø, is og fjell. Etter ein drug time var vi nede i Gjertvasskaret – klokka var da 18. 20 minutt etterpå stod vi på østtoppen på Styggedalstinden. Vi såg at eggen bortover mot vesttoppen såg grei ut, men klokka gjekk fort og etter eit lite minutt på toppen gjekk vi nedover att mot Gjertvasskaret. Vi fylgde same ruta opp frå Gjertvasskaret som vi hadde brukt ned, og kl. 20 stod vi på nytt på Gjertvasstind. Vi pakka fort i saman att, og byrja å gå. Turen nedover gjekk greitt og fort ned dei mange snøfonnene der. Vi hadde litt vanskar med å finne att skaret vi hadde kome opp, og den lause, grove urda vart litt av eit blodslit å ta seg nedover. Elva frå Gjertvassbreen vart på nytt vassa – denne gongen utan å ta av sko og bukser – dei var gjennomblaute likevel….. Dei 200 høgdemetra oppover mot Gjertvassbui att vart skikkeleg krevjande etter så mange timar, og det var godt å kome inn i hytta att som sauebonden frå Fortun hadde fyra opp god og varm for oss. Klokka var da 2330. Ein halvtime etterpå spruta regnet ute…..Turen vart feira med ein skikkeleg biffmiddag, pils og konjakk. Praten gjekk lenge utover natta – før vi gjekk til sengs. Det var tre krye og tilfredse karar som gjekk heimoveratt sundag. Takk til Luster Fjellstyre for utlån av hytte og til sauebonden frå Fortun for triveleg selskap og ferdig oppvarma hytte! Svein
-
Er det nokon som veit korleis forholda i Jervvasskaret er i år? Har planar om å gå på Jervvasstind, ned i skaret og bortpå Styggedalstind, med retur same veg. Tek gjerne imot tips om rutevalg, sikringsutstyr mm. Svein
-
Etter det eg har høyrt er Illåa flomstor og har teke brua - så da er det vel ikkje bilveg lenger enn til Geitsetra.
-
Vegen var visst brøyta heilt inn til Sletthamn i påska. Veit ikkje meir.
-
Rykta fortel at Sognefjellsvegen blir opna i helga (24.4.) eg har ikkje ringt vegvesenet for å få stadfesta dette.
-
Eg gjekk Josten på langs frå Sota til Fjærland våren 1993, og Dag Lindebjerg sitt program frå Jostedalsbreen mondagskvelden vekte svært så gode minner. Vi kom ned der Lindebjerg & Co gjekk opp, og den sommaren gjekk raset nesten heilt ned i dalen, slik at vi stod på ski nesten heilt ned i dalbotn. Vi hadde skikkeleg finver det meste av turen, og dette står for meg som noko av det finaste eg har opplevd i fjellet - sjølv om det til tider var svært mykje folk rundt oss. (Særleg i området ved Ståleskardet) Det er mange grunnar til at dette vekkjer så gode minner for meg; -Vi var ein skikkeleg fin gjeng (11 stk) som gjekk saman, og hadde det utruleg artig heile turen -Været og skiføret var bra nesten heile tida -Å kome ned til våren/tidleg sommar i Fjærland med grønt gras og blomande løvetann etter nokre dagar på snø - og ein heller grå vår i Gudbrandsdalen -Og litt spesielt; Når vi kom ned til Fjærland stod Flatbregubben sjølv, Anders Øygarden, og tok i mot oss, og vi skreiv navna våre i ein protokoll. Dette var berre 3-4 dagar før han døydde. Rart å tenkje på at vi var av dei siste som fekk helse på Flatbregubben. -Dei som kom til Fjærland for å kjøre oss attende til Lom hadde med seg turre T-skjorter, joggesko og ei halvflaske med brennevin - noko som sette ein ekstra spiss på heimreisa. Sekkane var tunge ja, 20 - 25 kg. Vi hadde med tau og litt breutstyr. Dette brukte vi opp Småttene. Vi hadde med ein del brødmat som smurde på det meste før vi reiste frå heime og pakka i pakker a 4 skiver. (Varier gjerne pålegget litt - eine kameraten min hadde med 40 skiver med salami.....) I tillegg hadde vi med til middag kvar dag, hugsar ikkje heilt men trur det var gryterettar med pølse, potetstappe og karbonader. Vi brukte fleire tuber med raudt klister - ta med nok! (Det er godt å sleppe å gå med feller heile turen) God Tur!
-
Eg er ingen språkekspert, men på mi dialekt (frå Lom) er ei lykkje ei inngjerda hamning (beite) for husdyr. Lykkja er vel da bestemt form av lykkje. Svein
-
Vegen inn til Soleggen er som regel brøyta det meste av vinteren, Steinerskulen har leirskule der. (Det er ihvertfall brøyta der nå). Inn til Solell blir det ikkje brøyta før langt på våren. Det er uansett ikkje langt å gå frå Soleggen til Solell. Som regel er det mykje betre skiføre dersom ein går frå Soleggen (og inn til Solell) enn frå Brimi Fjellstugu. Og når ein går frå Soleggen er det som regel best føre dersom ein går innover Skjennarvollane og opp Krokågjelet. Det er litt lengre å gå, men som regel mykje betre skiføre. Eg tykkjer også det er raskare å gå frå Soleggen enn frå Brimi Fjellstugu. Svein
-
Eg har høyrt Stein P sitt foredrag frå opphaldet på Svalbard to gonger i haust - ein gong i Lom og ein gong i Oslo - (eg har faktisk vore med som arrangør - banken eg arbeider i har bede inn kundane til gratis foredrag) Kan så absolutt anbefale å få med seg dette. Svein
-
Eg og to kameratar fekk skikkeleg magasjuke etter å ha drukke brevatn under toppen av Glittertind sist på -80talet ein gong. Det gjekk båe vegar - både oppe og nede....Sidan den gongen har eg hatt stor respekt for brevatn, men vanleg bekkevatn frå snøsmelting og regn er godt.
-
Eg går attende til temaet.... Min fyrste topp var Besshø ein gong tidleg på 80-talet. Eg var der fleire gonger før eg var på nokon annan topp, kvar einaste vinter etter påske. Neste var vel Kvitingskjølen. Den siste var nå i helga, Vestre Austabotntind (ettar å ha feiga ut på Store Austabotntind - glatt....) Har vel ca 80 - 90 toppar - dersom eg reknar pf 30.
-
Det var eg som var førre gjesten, gløymde å logge meg inn. (og innlegget høyrer vel strengt tatt ikkje inn under "toppturer og tinderangling", men det var her diskusjonen starta...) Svein
-
Veo går i perioder (det meste av sommaren) i tunnel til Smådalen, det er da enkelt å ta seg over elva nærast tørrskodd. Dersom vatnet ikkje blir overført til Smådalen blir det med ein gong verre å ta seg over Veo, dette er mest på haustkanten når Tesse (der vatnet blir magasinert) er nærast fullt. Det kan kanskje vere ein ide å ta ein telefon til kraftselskapet Eidefoss i Vågå - kanskje dei kan gje deg svar om Veo blir overført til Smådalen eller ikkje.
-
Et par spørsmål om turen Juvasshytta - Galdhøpiggen
vårdøl svarte på POSO sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Son min på 7 år og eg var der tysdag denne veka (29. juli) og det gjekk fint. Vi hadde også med oss ein familie der den yngste var 6 år. Eg førte over breen sjølv, og vi gjekk nok ein del seinare enn det førarane frå Juvasshytta gjorde. Eg er likevel sikker på at farten ikkje vil bli noko problem, ettersom det vanlegvis er mange yngre med i taulaga til førarane. Breen er fin (lite sprekkar), men svært blaut. Viktig med godt fottøy - bruk gjerne også gamasjer. God tur. -
Eg har i nokre å brukt eit par Crispi Jostedal - og har hatt svært store problem med at når eg går nedoverbakkar så glir eg framover i skoene, noko som medfører mykje vondt og blåe stortåneglar. Har prøvd med tjukkare sokkar og innleggsolar, men da får eg gnagsår oppå tærne. Nå orkar eg ikkje meir, og vil kjøpe eit par andre - og tek ikkje sjansen på Crispi ein gong til. Eg har sett på eit par Trezeta MtBlanc. Dei kostar ca 2100, virkar til å ha god passform og er lett. Eg brukar for det meste skoene til tinderangling og litt brevandring ein gong i blant. Det hendar også eg har med telt og dermed tung sekk. Er det nokon der ute som har erfaring med Trezeta? Dykk finn dei på www.trezeta.com
-
Hei! Er det nokon der ute som veit korleis det er å gå frå Store Memurutind og bortover eggen til austtoppen (2366), og vidare til Memuruskaret?