Hadde planar om å gå på Store Tverråtind i dag - 14 år etter at eg var der sist. Nede i bygda var det gråver og snøbyger, så vi var litt spente på veret når vi kjørte oppover Visdalen. Ved Spiterstulen var også veret grått, men ikkje verre enn at vi la i vegen.
Innover Tverrådalen var det 15 - 20 cm med nysnø, så det var veldig tungt å gå - og verre skulle det bli.Når vi kom inn på Tverråbrean var det nok 20 - 30 cm - og opp Tverråbandet var det fryktelig tungt med minst 40 cm - og det snødde fortsatt relativt tett. Dei sprekaste av oss måtte ta dei lengste og tyngste brøyteetappene.
Vi kom oss opp i Tverråbandet og forsette vidare mot Store Tverråtinden. Etter at vi hadde gått ca 100 høgdemeter frå Tverråbandet var sikta lik 0, så vi tok ein enkel avgjerd om å snu. Det var eit frykteleg blindføre som gjorde nedkjøringa i nysnøen vanskeleg. Nede på brean hadde spora våre snøa heilt vekk, vi tok opp kompasset for å ta ut riktig kurs for å vere på den sikre sida.
Nedturen gjekk forsåvidt greitt, men den tunge nysnøen gjorde at vi fekk frykeleg dårleg glid på skiene.
Uansett så var det ein fin tur i godt selskap og med mykje tullprat - så det var fire tilfredse karar som reiste ned i bygda att.
Svein