Gå til innhold
  • Bli medlem

NIH

Aktiv medlem
  • Innlegg

    45
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av NIH

  1. Det er mange gode vinterposar ute på marknaden. Sjølv har eg ein dunpose som er suveren, så lenge den er tørr vel og merke. Det er ein rein vinterpose, og lite brukande i milde sommarnetter. Alternativ til eigen vinterpose kan vere ein tre-sesongars pose suplert med fleece innerpose. Det kan auke komfortgrensa med mange grader, i følgje produsentane. Yttertrtekk er greit i ei snøhole og det vil også gi eit lite bidrag. Pluss sjølvsagt eit godt underlag.
  2. Norway - Rambles among the fjelds and fjords, Thomas Forester, London 1850. Det var andre tider for reisande og fjellfarande i Norge på den tida
  3. Helsport har ett, men det er vel strengt tatt ikkje vanntett overdel, kun vannavvisande. Har likevel halde meg tørr enkelte fuktige netter. Trur nok at Bergans sitt i dermizax er tettare. Gå inn på ebay og søk på sleeping bag covers. Dukka opp mange produkt, utan at eg kan seie noko om kvaliteten.
  4. Hardangervidda er storarta vinterstid, men utstyr deg med tanke på uvær. Legg inn tid til liggedøgn om uværet slår til. DNT sitt hyttenett er tilgjengeleg med standardnøkkel, men private hytter er eg meir usikker på. Desse er truleg stengte. Skjekk på nett. Gløym mobildekning. Den er dårleg og er dessutan eit forstyrrande element, etter mi meining. Bruk straumen til gps og kamera. Det kan vere greit å legge ruta slik at du kan svinge aust eller vest alt etter værtilhøva. Eg gjekk frå Haugastøl/Fagerheim for nokre år sidan i april/mai. Då la vi ruta i starten slik at vi kunne justere vegvalget under vegs. Hadde teknkt oss til Haukeli, men såg ann vind, og meldingar på Raudhelleren (det må ha vore ein radio der), og valgte ei austleg rute til Rjukan. Fantastisk terreng der og, men om du går den vegen ver obs på regulerte vatn når du kjem eit stykke austpå. I unge år farta eg ein del innover vidda frå Haukeli. Der låg ein del gjetarbuer/jaktbuer som var opne, men om desse er opne i dag kjenner eg ikkje til. God tur!
  5. Dersom nokon er kjende i området vil eg tru dei veit om brefall, sprekkeområder o.l. ut frå eit generelt kjennskap til brepartiet. Spådomar om snømengder om 4 mnd må eg nok stå for sjølv
  6. Er det nokon som kjenner forholda på Austre Kollebreen i Breheimen? Ser på ei muleg rute sørover frå Sota sæter inn Tverrådalen og over breen mot Rausdalshalsane. Aktuell turtid er april.
  7. Var på Trulsbu i Breheimen i månadsskiftet april/mai i vår. Eit storarta fjellområde. Særleg med fire skyfrie dagar. På hytta hang det eit oppslag om bakgrunnen for navnet Truslbu, No har eg gløymt kven Truls var. Kan nokon hjelpe med den historien?
  8. Ad. pakkeliste - så lenge sagradpiller, opium og 4 stk sportssnippar er på plass ligg alt til rette for ein fin tur, jfr. Chr. L. Jensen's pakkeliste frå 1927: Utstyr for fotturer 1927 Av Chr. L. Jensen Et godt utstyr er en betingelse for en vellykket tur. Ta ikke med for meget - sekken blir snart tung. Men ta heller ikke med for lite. Enhver som har gått fottur vil ha lært å legge tilbørlig vekt på utstyret. Han vil også ha erfart hvorledes det passer nettopp ham å utstyre sig. Et utstyr for fottur er til en viss grad individuelt. Men like viktig som å vite hva man trenger, er det å huske å få alle ting med sig. En liste over utstyret bør derfor alle ha. Listen skal man ta frem i tide. Det gjelder på forhånd å undersøke om de mange forskjellige småting er i behold, om noget trenger komplettering, om klærne behøver å repareres el. lign. Listene er utarbeidet for herrer, men en del av deres anvisninger har interesse også for damer. En stjerne betyr at gjenstanden medbringes bare av en av deltagerne, og en innklamring at den ikke er nødvendig. I. FOR SOMMERTURER A. Beklædning Lue, jakke, vest, benklær, spikerbeslåtte støvler med ekstra såler, skjorte, bomullstrøie, underbukse, lange strømper, sportssnipp med nål, slips og bukseseler. B. l lommene Lommebok med kontanter Pengepung Lommekniv med korketrekker m.m. (Tollekniv) Ur med rem Kompas med rem Blyant C. I ryggsekken (Drikkeslange) Tobakkspung Snadde Fyrstikker Lommespeil (Lommekam) (Toalettpapir) Slips Silketørklæ Votter (Mygghette) Håndklæ 6 lommetørkler Turnsko i pose Reservestøvlelisser 1. Regnslag (Lett regnhatt) (Vindbukser) 1 skjorte 1 bomullstrøie 1 underbukse 2 par lange strømper 4 sportssnipper Reservestøvelespiker Skjorteknapper Reserveknapper (Reserveselestropp) (Bukselapp) *(Skosmurning) 2. Hårbørste Tannbørste Svamp i pose Barberkost, - kniv, - sæpe Toalettsæpe *(Tannpasta) 3. Lanolinkrem (Honey jelly) (Myggolje) Bomull Gas Hjortetalg *Jod * Gummipapir * (Engelsk heftplaster) * Tykt plaster * Acetylsalicyltabletter * Kamferdråper * Opium * Sagradapiller * Borsyre * Hanskesmokk 4.* Sysaker * Saks Sikkerhetsnåler Snebriller (Brevkort) Hyssing Stormstikker Reservesnadde Tobakk Piperensere Lysestump Karter * (Kartbeskytter) * (Tog- og dampskibsruter) * (Reisehåndbok) * (Kortspill) Turistforeningskvittering * (Fotografiapparat, films og gulskive) * (Kikkert) 5.* Kaffekjele Trekopp Teskje * (Kokeapparat og fast sprit) Teholder (Matdåse av aluminium) 6. Chokolade Kjeks Gåselever * Sukker (Konjakk) * Kakao *Te (Aprikoser) (Citrondrops)
  9. Meiner Humle er inne på noko vesentleg. Ta vare på utstyret så varer det lenge. Kjøp kvalitet, men etter mi meining held ikkje alltid pris og kvalitet saman. Særleg på klesfronten er motefaktoren blitt vel tung innanfor friluftslivet også. Vi kjøper nytt fordi vi har lyst på, ikkje fordi vi treng. I tillegg har vi penger til å over-utstyre oss med allverdens duppedingsar og spesialutstyr. Mykje nyttig og kjekt å ha, men kanskje ikkje alltid nødvendig og gjerne dyrt. Det er ikkje vanskeleg å finne turgåarar utstyrt for langvarig ekspedisjonsliv i arktiske strøk på ein vanleg helgetur i fjella våre. Interessa for utstyrsspørsmål på forumet viser også til tider overdriven stor interesse for utstyr. Godt og funksjonelt utstyr aukar sjølvsagt turgleda, men vi skal heller ikkje gløyme gleda og verdien i det enkle friluftslivet. Som Humle sa, billige moraknivar varer lenge dei og, med godt stell!
  10. Denne ruta i september blir ein fantastisk tur og gir eit storarta inntrykk av variert viddenatur. Anbefaler å bruke buss/tog og evt. spe på med drosje til Dyranutevt, for å unngå lang tur tilbake til start for å hente bil. Busstilbudet frå Rjukan er bra, men er stort sett retta mot Oslo. Sjekk ruteplanleggar på nett. Krossobanen ned til Rjukan er ei perle som turavslutning. Trykk på knappen, og taubana kjem for å hente deg! Fantastisk at eit sånt tilbud eksisterer i dag. Mobilidekning er i beste fall sporadisk når du kjem innover vidda. God tur!
  11. Var innom Stordalsbu mellom Mogen og Kalhovd i fjor vinter. Lite besøkt, såg det ut til ut frå protokollen. Men fin hytte i eit storlagent landskap. Lite vidde og mykje fjell. Elles er det nok som afe seier områda rundt Saurflott som er minst brukt. Truleg sidan DNT har ei sjølvpålagt (?) freding av dette området mot hytte- og ruteutbygging. Mi erfaring er at ein som regel ikkje skal langt unna merkaløypene før ein har fjellet meir eller mindre for seg sjøl.
  12. Thank you. I have to check this out, and hope for a good winter next year also.
  13. Interesting. Do you know more about the alternative winter route from Sprongedalshytta?
  14. Det vart fire dagar sist i april i sol og fanatstisk vårføre i fjellet. Gjekk inn frå Sota, låg på Trulsbu og boltra oss i flotte fjell. Må nok tilbake til desse områda, men har etterkvart høyrt mange med dårleg erfaring frå vinterkvarteret på Nørstedalsseter. Andre som kjenner til dette?
  15. Hardangervidda vest er fantastisk variert med mektige fjell og mykje meir kupert enn mange mange som ikkje har vore der trur. Folk flest går langs rutene. Med telt i sekken er fjellområda her eit eldorado, men det er bra dekning med hytter også. Godt fiske er det også. Einaste på grensa mellom aust og vest kan været vere meir skiftande enn f.eks lenger aust på vidda. Elles - Tafjordfjella og Breheimen er også suverene fjellområder. God tur!
  16. Er det nokon som har erfaring med strekninga Sota-Sprongdalshytta-Arentzbu-Nørstedalseter vinterstid? Har aldri gått dei traktene før så litt kjentmannserfaring kan vere interessant.
  17. Kryssa vidda i fjor vår. Bur på norvestlandet og hadde vel same transportmessige utfordring med å kome seg til/frå start-/sluttpunkt, som om Dannmark var utgangspunktet. Studerte ein del på bussruter både på aust og vestlandet. Vi kom fram til at enklaste løysing var Oslo som utgangspunkt. Morgontog til Ustaoset, avgang 8.05 frå OsloS - Ustaoset 11.47. Vi skulle til Haugastøl, men morgontoget stoppa ikke der. Lokal drosje var ei kurant sak, og vi kom oss fint inn til Rauhelleren første dag. Alle avgangar stoppar på Finse. Målet vårt var Haukeli, men uvær i vest førte oss til Rjukan. Frå begge plassar går det ekspressbuss til Oslo. Sjekk www.nor-way.no Rjukanekspressen eller Haukeliekspressen. God tur!
  18. NIH

    Skjerm og sollys

    Takk for tips. Har konsentrert meg om Sony RX100 II eller Nex6 så langt. Ser det kjem ny modell i nex-rekka i april.Kan kanskje håpe på prisfall på tidlegare modellar
  19. NIH

    Skjerm og sollys

    Eg vurderer nytt kamera til turbruk i klassen avansert kompakt eller systemkamera, men er usikker på behov for søkar eller ikkje. Har ein olympus som er 6 år gamal. Skjermen der er ubrukleg i sterkt sollys vintersdag. Utviklinga på kamerafronten går fort. Er det nokon som har erfaring og gode råd om skjerm - sollys - vinterbruk på dagens kameramodellar?
  20. Normale eller unormale snømengder, eg er uansett enig i at mai er skisesong på vidda, den finaste tida om alt stemmer. Gjekk over vidda og passerte Kalhovd tidleg i mai i fjor. Prima føre og forhold, men overvatn langs land. Men fottur? Uaktuelt. Trur det var året før skiføret forsvann tidleg i mai over så godt som heile vidda, om eg ikkje hugsar feil, men bråvarme og råten snø er verken for ski- eller fottur.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.