Gå til innhold
  • Bli medlem

iverha

Aktiv medlem
  • Innlegg

    9
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av iverha

  1. Fjellheimen superlight 4 ser jo veldig romslig og fint ut, og veldig låg vekt på den. Men ja, det blir litt utafor budsjettet. Bruktkjøp er ikkje så veldig aktuelt, då eg får skrive av mva så sparer lite på det, og slipper evt styr et bruktkjøp kan medføre. Er over 20 cm lågare enn deg Tor Einar, så eg har plass til litt meir i teltet enn du har.
  2. Spørs om det blir så mange toppturer på vinterstid. Men takk for tipset. Tomannstelt er sikkert lurt.
  3. Takk for tipset!
  4. Takk for alle svar! Synes Black Diamond Hilight ser bra ut, virker jo å vere utrulig kompakt når det er pakka ned?? Og Helsport Ringstind Superlight er jo svært god vekt på. Berre å kome med fleire tips.
  5. Hei! Skal til på eit filmprosjekt, sjekk gjerne eigen tråd her: http://www.fjellforum.no/topic/30581-prosjekt-nordfjord/#entry278643 Tenker det for det meste blir overnatting på fjellet frå tidlig vår til sein haust, men hadde vore fint å hatt telt også til vinterstid. Dog ikkje på det kaldaste, men kanskje ned til noken få minusgrader. Med andre ord, eg trenge ikkje det heftigaste av isolasjon, men det bør vere ok der. Helst så lett som mogleg, gjerne rundt kiloen men opp til to kg går greit. Det er eigentleg viktigare at telt er veldig kompakt når det er pakka ned. Det er mykje kamerautstyr eg har lyst å få med i sekken, og det blir ofte trøbbel med pakkinga. Også i forhold til balanse og sjølve plasseringa i sekken, kamera og stativ bør jo helst vere lett tilgjengeleg. Her er sikkert mange med erfaring med div telt. Kjapt, kriteriene mine er, kronologisk etter kor viktig det er: 1. Kompakt 2. Vekt 3. Pris (helst under 4000kr) Takk for hjelp!
  6. Kjekt å høyre! Prosjekt Gloppen var åtte månader fulltidsarbeid. Med alle erfaringane med å lage den filmen trur eg at eg skal kome gjennom dei seks andre kommunane litt kjappare. Som du sikkert såg, så er jo lite dokumentarisk "riktig". Så det blir vel litt for å tilfredsstille alle, meg sjølv inkludert, at eg har lyst å få dekt over alt. Har søkt støtte div plassar, jobbar framleis med saken. Elles blir den nok sjølfinansiert gjennom det eg har tjent på Gloppen-filmen. Er du herifrå kommunen?
  7. Takk for det! Det har du sikkert rett i.
  8. Jada, kjenner han godt. Vi var blant anna med på denne turen, Reint Eventyr, som filmfotografar. http://www.sfj.no/cmssff/cmspublish.nsf/$all/A3CA14196A31F03CC1257B43002A2CCD?open Blir nok ein tur på Gjegnen med Hallgeir i løpet av Prosjekt Nordfjord. På Reint Eventyr gjekk vi over breen til Gjegnabu, men skodde på Gjegnen neste dag gjorde at vi heller tok vegen ned i Skjerdalen direkte.
  9. Hei! Ny på forumet her. Skal til på å lage ein naturfilm om Nordfjord i Sogn og Fjordane no snart. Reknar med denne endar på rundt ein times speletid. Det blir ein poetisk dokumentarfilm, med fokus på naturen. Filmen heiter "Prosjekt Nordfjord". Eg oppretter Facebook-side til dette prosjektet om ikkje altfor lenge, så skal linke når den er oppe og går. Tidlegare har eg laga "Prosjekt Gloppen" saman med Sondre Utheim. Denne jobba vi med på fulltid i åtte månader. Link til kortfilmen frå Prosjekt Gloppen finn du her: Facebook-sida med ein del bilete henta frå filmen her: https://www.facebook.com/prosjektgloppen Denne gongen blir det berre meg. Gloppen er ein av sju kommunar i Nordfjord, dermed har eg allereie dekt ein kommune. Dei andre kommunane er Stryn, Nordfjordeid, Bremanger, Vågsøy, Selje og Hornindal. Planen er å bu i bil og telt 24/5-6, altså ein eller to dagar per veke der eg er heime og lastar over på harddiskar frå minnekorta, ladar batteri, hentar meir proviant osv. Eg håpar å kome meg opp på høge toppar som Lodalskåpa og Skåla i Stryn, og Hornindalsrokken i Hornindal. Det er mykje kamerautstyr som vert med på turane, og der vi sist var to til å bere er det no berre meg. Som regel overnattar eg eit par netter på toppane for å filme soloppgangar og solnedgangar og stjernehimmelen. Er eg heldig blir også noko nordlys fanga på film. Byrjar no i februar, reknar med eg brukar litt over eitt år på å filme. Håpar å ha filmen klar til sommaren 2015. Kjem ikkje til å poste bilete direkte her, dei som vil kan følge med på Facebook-sida når den kjem. Tenkte dette var eit fint forum å få snakka med andre fjellfolk på. Nyttige tips og småting. I første omgang så lurer eg på anbefalinger til einmannstelt? Lett og kompakt er stikkord, det er veldig viktig. Så får heller prisen kunne strekke seg litt. Takk for tips, og spør gjerne om det er noko du lurer på ang prosjektet mitt!
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.