Nyttig og interessant tråd! Eg reiser på min første overnattingstur i marka åleine i morgon, gler meg til det. Som ein del andre her er eg glad i å vere for meg sjøl, men kanskje vert det litt leitt å ikkje ha nokon å skravle med over raudvinsglaset (eller, som er tilfellet denne gong: kakaokoppen).
Vanlegvis på tur er eg glad i å lese, skrive og teikne. Eg er ikkje noko flink til å teikne, men øver på tur. Gråblyant og ei lita notisblokk har eg med meg uansett. Eg skriv mykje frå turane, og får sjeldan så god lesero som i naturen. Bøker du kanskje aldri hadde gidda å lese til vanleg, vert kjempekjekke på tur, fordi roen er ein heilt annan. Eg tek gjerne med meg klassikarar frå litteraturhistorien som eg gjerne "skulle ha lest", men aldri har teke meg tid til.
PS: Eg er heilt fersk her, og meldte meg inn for fem minutt sidan. Det verkar som eit kjekt forum, med mange veldig fjellvante folk og ganske annleis enn det der felles-aktivitet-action-hysteriet til Turistforeningen.
Håper du får ein god tur, Kikut!