Nei til heliskiing! Nei til veg til Skårasalen! Nei til utbygging av Sætrefossen på Bjørke! Kvifor rasere kanskje verdast vakraste fjord på denne måten. Ser ingen grunn til å temme den ville naturen vi har her. La stillheita, fossane, rypene og ørna, det ville og eksotiske med Hjørundfjorden få vere i fred.
Når Trandalshatten er nemnd som heliskifjell, lurer eg på om han som står bak ideen har vore på T. hatten eller andre fjell i nærleiken. Kan ikkje fatte at dette er eit fjell for den allminnelege skiturist. Eg skjønar lite når T.hatten skal vere Hjørundfjorden sitt skifjell når vi har toppar som Randers topp, Skårasalen, Saksa, Hornindalsrokken osv. Gir ein fyrst løyve en par tre gongar no, er eg redd heliskiing kjem for å bli, for godt dessverre. Viss ikkje ville uberørte Sunnmørsalpar lokkar turistar så veit ikkje eg. Det med skibåt på fjorden som fraktar skituristar til foten av fjella, tykkjer eg er ein kjempegod idè.
La no ikkje pengane ta overhand her!