-
Innlegg
40 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
2
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av hsli
-
Hei. Eg skal gå Jostedalsbreen på langs 1ste mai helga i år. Skal gå ruta frå Fåbergstølen og nedgang Fjærland. Vurderer å ta med meg pariserpulken. Planen er å gå med ryggsekk og feste pulken på ein eller anna måte og konventere sekken+ sambuaren sin sekk til pulken når det byrjar å flata ut, for så å konventere over til sekk igjen vedankomst Flatbrehytta i sør. Er det nokon på forumet som har prøvd dette? Takknamlig for råd og tips ang dette:)
-
Tips hjelp førstereisgutt Hardangervidda på langs
hsli svarte på fiskekongen sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Gjekk på ski over Vidda no i romjula. Valde ei austleg rute(Ustaoset- Rjukan). Trur du må velja ei austleg rute for kryssinga, dette er ein vinter med mykje vestaver, og det vil nok fortsetja. Sjå elles turrapport eg har lagd inn. Ver merksam på att Heinelvi er delvis open, og att eg observerte opne partier på vatn der det er vassgjennomstrøyming. Lite snø frå eit stykke vest for Mår, frå Mår var det håplaust å gå i terreng, måtte difor gå på isen inn med land. -
Må og nemna att Heinelvi var open, den går ikkje an å kryssa no, høyrde sjogen frå ho på lang avstand. Godt at det var heilårsbru like ved Heinseter;)
-
No er turen Hardangervidda på langs gjennomført. Starta på Ustaoset stasjon kvelden 27.12. og gjekk ut av vidda 2.1. på Steinsbøle nordaust for Rjukan. Forholda var skiftande, kaldt dei fyrste to dagane, ned til 25 minus andre natta. Meir "normal" temp dei neste to, så mildt og plussgrader den neste og nedkjøling igjen dei to siste. Vind frå vest prega store delar av turen, reknar med me hadde opptil sterk kuling natt til første nyaårsdag på Syvri ved Mår. Ruta me gjekk var; Ustaoset st-Verpestølan-Tuva-Hein-nv for Geitsjøhovda-Danemannlægret-Skrykken-Mårbu-Kalhovde- Steinsbøle. Det var godt med snø fram til Danemannslægeret, etter det var det lite. Var usikker på isforholda, så holdt oss mest unna vatna, såg også opne råkar der vatn har gjennomstrømning feks ved Krossvatn aust for Danemannslægret. Grunna håplaust lite snø frå Mårbu og austover gjekk me på isen på Mår inn med land, isen verka her solid nokk, men eg såg nokre mørke partier midt utpå den store sjøen. Etter Mår gjekk me langs anleggsveg austover mot Breidsetdalen. Ved Kalhovde dekka snøen såvidt terrenget, lenger ned i dalen betra forholda seg. Me avslutta turen på Haukeliseter, tok då buss dit og fekk med oss ein tur opp mot Vesle Nup(1531). Her var det i snø i rikelege mengder, kolonne over EV 134 Haukelifjell og skikkeleg vesta-uver:) Av dyreliv såg me 3 revar, ravnar og elg på vidda nord for Hein, trudde den eine reven var ein jerv på lang avstand i Tuva- området,men fekk raskt avkrefta det når me såg spori. Neste gong vil me prøva å gå vidda på langs via Hellevassbu og Sandhaug, men forholda vest på vidda var for utrygge no om dagen med dette voldsomme vestaveret.
- 12 svar
-
- 6
-
Kvenna og Bjørno reknar eg med vert utfordrande. Konservative vegval lyt her vurderast. Det har ikkje vore noko særleg kaldt no på førejulsvinteren, men snømengdene her vest ifjellet har vore store, dette kan skapa farlege forhold med snøsørpe under store mengder laussnø på vatn som ikkje fraus skikkeleg til før snøvinteren kom her vest i nov\des. Snakka med folk på Haukeliseter, dei og meinte forhold på vatn+elvar ikkje var trygge. Dette kan gjera det ekstra utfordrande i dårleg sikt, om ver og sikt ikkje er på vår side, vil me heller gå ut av vidda via Rjukan(Krossobanen).
-
Hein er målet den dagen, så kanskje..
-
Går frå Ustaoset med pulk og telt 28.12. mot Haukeliseter via Sandhaug, kanskje me møtast:)God jul.
-
Har opplevd at glidelås i hals på Devold expedition serien lett går ut av sporet, opplevde det no i vår, kjøpte ny(litt tullete av meg:)), opplevde det same no i haust på den nye undertrøya og sendte reklamasjon,og no fått ny frå produsenten. Kanongode plagg, har testa dei ut på Svalbard, men dette med glidelås i hals er ein svakheit. Er det nokre her på forumet som har opplevd dette..?
-
Les denne. Er ikkje samsvar i info\sikkerhet ved alle brefrontar av Jostedalsbreen. Fritt fram for leik under Bøyabreen Sogn Avis.htm
-
Opplevde aggressiv fjellvåk for eit par år sidan, då var det sauer den var ute etter. Rusla langs ein anleggsveg på mine heimelege trakter i Framfjordfjella i Stølsheimen, ved eit hamralag over vegen høyrte eg skrika frå fuglen og sauebjøller, det høyrtes kanskje utruleg ut men fuglen klarte å skremma den eine sauen ut for stupet( ca 15- 20 m) og sauen let livet til. Sauen landa berre nokre få meter frå føtna mine, og det heile skjedde plutseleg, fekk varsla bonden som eigde dyret, og han sa att dette ikkje var fyrste gong slikt hende.
-
Beklager, eg såg ikkje noko mønster i det. Einaste var at bardunane i vårt telt holdt i hverfall:). Eit anna problem var at snømattene blåste opp etter at me hadde dekka og redekka dei med snø. Det var nok rett og slett ille verforhold på breen med stadig skiftande vindretningar og styrken i den saman med kulde som gjorde utslaget, vil tru det var 10- 12 minus + sterk vind. Natta før hadde me 30 minus, men i stille ver på Flichner- fonna. Vil tru at ein dobbel levegg ville kunne letta belastninga på telta.
-
Hei.Ser at redningsaksjonen på Akademikarbreen er blitt debattert inne på forumet. Det er bra. Var sjølv ein av deltakarane på gruppa som blei evakuert med redningshelikopter på Akademikarbreen. Problemet med telta var at bardunane rauk.Trur Brynjulv, Knut og assistentguide Jakob skifta eit tosifra tal bardunar grunna dei rauk fortløpande i den harde og skiftande vindretninga. Bardunane på det største teltet, som skulle vera eit såkalla naudtelt rauk alle, og teltet blei teke av vinden, heldigvis klarte me å stoppa det. Vinden var meldt at den skulle koma frå vest, difor søkte me ly nede på breen for natta, men utpå føremiddagen skifta den retning fleire gonger og vart sterkare. Dette gjorde situasjonen vanskeleg og Sysselmannen vart varsla om at ein naudsituasjon kunne oppstå og når det eine teltet flaug vart det beordra evakuering. All takk til dyktige guidar for deira handsaming av denne situasjonen, alle vart tekne under omstenda godt vare på. Turdeltakarane gjorde under omstenda ein stor innsats for å sikra leiren. Det same kan seiast om redningsfolka, dyktige folk, og me fekk på toppen av alt bruka hangaren deira til tørking og pakking av utstyr i etterkant. Makan til flotte folk! Ikkje minst Jarle som hadde eit strev med å koordinera og organisera med folk og utstyr under og i etterkant av hendinga. Kjem absolutt til å velja hans firma ved neste anledning med ekspedisjonar. Dette skjedde på søndag, allerede tysdag kveld var me på tur igjen og brukte resten av tida me hadde til rådighet i Drønbreen- området aust for Gruve 7. Fantastisk område og me fekk eit fantastisk ver. All takk til Jarle, guidane, redningsfolka og turdeltakarane.
-
Heisann. Legg ved bilete av styreskjær bak. Verkar noko klumpete nedst, men det er grunna transportsikring eg har lagt på.
- 11 svar
-
- 1
-
- paris-pulk
- strikk
-
(og 2 andre)
Merket med:
-
Heisann. Har brukt biltema orange strikk til paris pulken min, dette har fungert godt, men har bare brukt på kortare turar rundt Finse- traktene. Dere skal jo gå lengre distansar. Angåande styresystem godt å ha i til dømes skråterreng, brukar eg to styrefinner montert bak på kvar side av pulken, montert med boltar, i bakkant av styrefinnane, som er laga av aluminium, er det eit spor som gjer at eg kan justera dei nedre stiiling og oppestilling. Lukka te.
- 11 svar
-
- paris-pulk
- strikk
-
(og 2 andre)
Merket med:
-
Hei. Har planar om vårskitur, enten i april eller mai neste år. Ruta som er tenkt u,t går frå Turtagrø via Jervassdalen, opp Jervasslia og til første camp ved Botolvsnosi(1374), evt med ettermiddags\kveldstur til Jervasstind. Vidare derfrå ned i Maradalen, opp til breen, så opp til høyde 1723 ovanfor Maradalsbreen. Frå 1723 er det unnarenn ned til inngangen til Midtmaradalen, den krysses, og derfrå opp til Snørestødet(1220) og til neste camp ved Stølsmaradalen. Deretter blir Stølsmaradalsryggen følgd til Ringsskar(1800) med ein avstikkar til Store Ringstind(2124), så "heim" igjen til utgangspunktet Turtagrø. Er det nokon på forumet som har gått delvis eller heile ruta og kan gi tips?, vurderer nedgangen til Maradalen frå Botolvsnosi og Jervasslii som spesielt skredfarlig..3 dagar er denne turen på ski estimert til, er det i minste laget?Planlegger dagsetapper på 7- 8 timer + avstikkere til tinder som er nevnt.