Gå til innhold
  • Bli medlem

Gal Krokfot

Aktiv medlem
  • Innlegg

    1 067
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    8

Alt skrevet av Gal Krokfot

  1. Ikkje for å være festbrems, men om dette vert arrangert som eit løp vil også arrangørane få skulda ved eventuelle ulykker. Trur neppe nokon fornuftige folk vil ha det ansvaret... Om nokon bestemmer seg for å ta turen som ein guttetur derimot stiller det seg heilt annerleies.
  2. Gal Krokfot

    Gjedde

    Ikkje prøv å løft den etter gjellene.
  3. Tja... Han har ein signatur inne på benken i Maribu også som seier litt om vær og uvær.
  4. Mykje rognebær på Austlandet også, håper spådommen om mykje snø da stemmer. Etter denne sumaren her håper eg vi får like mykje nedbør (det vil seie snø) i vinter som vi har fått regn i sumar og haust, men eg vert nesten slått ihjel når eg seier dette på jobb...
  5. Besseggen: https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=12774&highlight=jostigen
  6. På Austlandet seies det at rogna ikkje bærer vekta si to gonger så difor kjem det ikkje mykje snø om rogna har mykje bær. Og sjølvsagt er det også dei som hevder det motsatte...
  7. Som foreksempel å fly verda rundt for å gå på fjelltopper? Skal godt gjerast å finne eit parti ein er 100 prosent fornøgd med da må ein vel danne sitt eiga parti og folk klager allereie i dag over partifloraen... Du bør iallefall bruke stemma di å stemme blankt for å fortelle at du er misfornøgd med alternativa. Når du ikkje stemmer kan det sjå ut som du er for lat til å besøke valglokalet eller for dum til å forstå valga. Stemmene til oss som stemmer vert forøvrigt meire verdt jo fleire det er som sitt heime.
  8. Tikka T3 er ei svært populær rifle som mange har gått til innkjøp av, har ikkje høyrt om nokon som er misfornøgd med den. Femskuddsmagasin kan kjøpes i tillegg for eindel hundrelapper.
  9. Veit ikkje svaret på spørsmålet ditt, men er ikkje krittøsterssoppen rekna som uspiseleg?
  10. Gal Krokfot

    Hagla på flyet

    Ta med våpenkort og ha våpenet delt og pakka i to forskjellige colli som sendes som flyfrak så har du ordna det viktigaste. Meld frå på førhand om at du har med våpen, litt forskjellig praksis frå flyselskap til flyselskap. Det er begrensninger på kor mykje ammo du kan ha med. http://www.sas.no/no/Alt-om-reisen/Bagasje/Bagasje2/Spesialbagasje/
  11. Ein tek eit tema ein ikkje har noko peiling på, synser vilt basert på dei mest ekstreme skandaleoppslaga i media og generaliserer til det ekstreme. Og voilà: Ellers er vel dette oppsummert greit av Springsteen.
  12. Gjekk ned Jostigen for nokre år sidan, fin og grei tur for litt fjellvante. Går du nedover og starter rett ligg ruta naturleg til du kjem til punkt A på bilete. Der vart råket borte for oss og vi prøvde rett ned. Anbefales ikkje... Vi gjekk oppatt, fant att råket som hadde snudd vestover og fulgte det. Cirka ved punkt B var det eit lite punkt med lett kliving på to/tre meter. Kan moglegens omgås. Er litt usikker på ruta nedover skogen men meiner at den gjekk sånn nogenlunde rett ned. Uansett var det greit å finne råke der. Jostigen er nok enklare å gå oppover enn nedover. Spesielt for dei som har litt problem med høgder slepp ein fyrste delen av turen nedover der ein har følelsen av å gå på ein bratt grusrygg som ender i stup rett ned i Gjende. Noko den forsåvidt også gjer...
  13. Det passer til episoden "King of the hill" frå sesong ni av The Simpsons. Dog ikkje heilt Disney... http://www.thesimpsons.com/recaps/season9/#episode23
  14. Korleis vil betennelse/verk sjå ut hos hjortevilt og korleis skal ein gå fram om ein er så uheldig å felle dyr som er ramma av det?
  15. Det er ikkje det som var poenget. I ditt fyrste innlegg slakta du rapporten på grunnlag av at Himalaya veks på grunn av kontinentalplater som krasjer, noko rapporten også omtaler. Ergo slakta på feil grunnlag. Skal ikkje uttale meg om teorien er dårleg eller ikkje da mine geologikunnskaper er mildt sagt tynne. Men sjølv om teorien har vært lansert tidlegare som enkelte her seier så kan rapporten likevel være nybrottsarbeid da den bekrefter ein tidlegare teori. Om rapporten stemmer vil Gunnbjørnfjeld og andre fjell som har feil høgde i forhold til beliggenhet få hard medfart dei komande millioner år. Og til kritikken mot alt det rare dei forsker på: http://www.dagbladet.no/2009/03/05/magasinet/vitenskap/helse/forskning/5150666/
  16. Dag G - Evje: Om du ser gjennom heile artikkelen vil du sjå at plateforskyvninga er omtalt som årsak til kvifor fjella veks. Det er derimot ikkje det forskninga poengterer, men kvifor fjella ikkje vert høgare. Isbreane "høvler" ned fjella i større og større grad jo nærmere polane du kjem.
  17. Det er mogleg dykk treng steggjern på Glittertind, men det kan leiast på Glitterheim.
  18. Heidalsmuen er relativt grei frå dei fleste kanter, men for å korte ned anmarsjen kan du ta bilen inn til musætrin og følge ryggen opp. Alternativt bil til Breistulen å gå frå der eller gå opp ryggen frå nord. Fin topp med bra utsikt, god tur!
  19. Det er jo ikkje langt unna Leirvassbu og Fritt vilt...
  20. Les Hargar's nest siste innlegg: https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=17367&highlight=knutsholstind Advarslane mot steinsprang i innlegget er nok noko som har vært like aktuelt før raset som etter.
  21. Avhengig av korleis/kvifor du har vondt går det an å teipe opp foten med sportsteip. Den avstivninga kan ta bort enkelte typer smerte men om det er rett medisin i ditt tilfelle må du sjølv avgjøre. Ellers så har nok Kjell Gunnar beste universalrådet . Ei god flaske Lagavulin fjerner det meste av smerte og hjelper ikkje det har du ikkje drukket nok...
  22. Vart ein gong sparka av ei simle som stod i ein sameleir. Simla gjekk opp på bakføttene og slo med framføttene da eg klappa kalven. Tror nok tamrein er potensielt farlegare enn villrein. Villrein vil nok, som Tassemark påpeker ty til flukt. Unntak kan kanskje være bukker gale av brunst?
  23. Takk for svara. Jepp, rå topp. Men den ser enda finere ut frå toppen...
  24. Hadde gleden av å besøke Dønttinden (1676) tidlegare i sumar og på den turen fekk eg eit par småting å lure på. Spørsmål ein: I nordenden av tjern 960 i Remmemdalen fant eg ei lita røys. Er dette ei kommunegrenserøys siden grensa tek ein knekk der ifølge kartet? Spørsmål to: Frå toppen var det ei fenomenal utsikt. Langt i vest kunne eg skimte eit fjell eg antok var Jakta. Stemmer dette eller er eg heilt på villspor?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.