Gå til innhold
  • Bli medlem

Gal Krokfot

Aktiv medlem
  • Innlegg

    1 067
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    8

Alt skrevet av Gal Krokfot

  1. Omogleg å svare på, det kjem an på vær, føre, skiferdigheter, terreng, om du følger løype eller ikkje, seighet, vekt på sekk, et cetera, et cetera. Alt mellom tre og veldig mange timer...
  2. Eg har ei ANNA oppfattning om kva foto er. Stor forskjell. At eg er unnskyldt derimot tek eg gjerne med meg videre. Sliter forøvrigt ein del med den problematikken du nevner, skarp/uskarp forgrunn i forhold til bakgrunn i tillegg til lys/mørk forgrunn i forhold til bakgrunn (tidlegare diskutert her: https://www.fjellforum.no/oldLinkConverter.php?oldPid=130223&highlight=#130223 ) og synes dette er innafor grensane for kva som kan justerast, men klipp og lim utgår for meg.
  3. I den grad eg er tunglært finn eg det betryggande å sjå at vi er fleire som har litt vondt for det, kryk... Om du gidd å skumme gjennom svara mine tidlegare i tråden vil du sjå at det eg kritiserer er folk som forandrer på bilete i forhold til motivet. Eg har ikkje sagt noko om at all etterbehandling er fy fy men at etterbehandlinga bør etterstrebe å få bileta til å sjå mest mogleg ut som motivet i skuddaugenblinken. Eg har også sagt at eg har forståelse for at folk har andre syn på dette men da bør dei i det minste presisere at bilete er endra når dei legg det ut. Dette er forøvrigt ikkje berre mitt amatørsyn men har også vært tema på www.foto.no der stilling av kontraster på eit foto innlevert til ein konkurranse har ført til diskusjon og spørsmål om også rawfilen bør sendast inn for å kontrollere at det ikkje er endra for mykje. Ein kjent amerikansk fotograf i New York Times mista jobben da han endra eit bilete av ein irakisk gutt og ein amerikansk soldat for å betre dramaturgien i eit bilete. Enkelte i tråden meiner det er greit å fjerne fluer og måker på bilete for å betre det. Kor går grensa? Men for all del, om du vil fortsette å mase om plommer mens eg forsøker å diskutere tomater så værsågod. Spørsmåla dine finn eg irrelevante i forhold til kva eg prøver å få fram men her har du svara på dei: 1. Kan du kanskje forsøke å redegjøre for hvordan en ubehandlet bildefil ville sett ut? Nei, har ikkje peiling. 2. Om du tar et bilde ferdig komprimert til jpg-fil fra et kamera og viser det på en skjerm, så er det like mye behandlet som om du produserer jpg-filen manuelt i et spesialprogram. Hvordan i hele tatt kan du si at det ene er mere "riktig" enn det andre? Det eg kritiserer er når bilete vert forandra så det ikkje gjenspeiler virkelegheta. Etterbehandling er heilt greit så lenge det ikkje forandrer virkelegheta. Når det går utover dei grensane bør det presiserast, uavhengig om det er digitalt eller film. 3. Er du liksom alltid fornøyd med kameraets valg av innstillingene når du ser på et bilde du har tatt??? Tek ein del bilete. Nokre gonger vert det brukbart, som oftast ikkje. Trur ALDRI eg har opplevd at bilete vert betre enn virkelegheta, så nei, eg er ikkje alltid "liksom" like fornøgd med kameraet. Men det har vel ofte like så mykje med fotografen å gjere...
  4. Anbefalest! Har vurdert samme turen sjølv men da frå Lesjasida og med overnatting på Bergebua. Vil anta at Gråhøa er relativt trygg med tanke på ras men det må jo alltid vurderes.
  5. Strengt tatt, att det vart juksa vilt og hemningslaust i mørkerommet rettferdiggjer ikkje juks med digitalfoto i dag. Greit nok, enkelte er meire interessert i å lage kunst enn å gjenskape augneblinken men da bør det presiserast.
  6. Det er dette eg har forsøkt å sette lys på. Eg kan godt fotoshoppe meg sjølv inn på toppen av Mount Everest men det vil være å juge på meg. Når ein legg til eller fjerner moment frå motivet vil også dette være jug, om enn i litt mindre skala enn meg på Mount Everest... Og for å dra igang ein digresjon på denne tråden også: Det er ikkje rart ungdommen får problem med sjølvtilliten når enkelte meiner fotoshop er bra på desse: http://www.hemmy.net/2007/05/25/celebrities-before-and-after-photoshop/ Photoshop for å sprite opp virkelegheta er å seie at virkelegheta ikkje er bra nok. Stakkars dei som må strekke seg etter dei overvirkelege eksempla. Ikkje rart dei får problem når måle er omoglege. Edit: tyrkleif
  7. Tja... Om eg skal prøve å synse vilt her vil eg anta det er like mykje eller meire snø i Hurrungane som i Tafjordfjella. Etter webkamera på Turtagrø å dømme vil eg seie like mykje. http://www.turtagro.no/cat_page.asp?cat=28&PageType=M&documentID=297 Bjorli som vanlegvis er velsigna med mykje snø har lite i år. Lenger sør i Gudbrandsdalen er det derimot meire. Hurrungane får vel snø på samme værdrag som Sør Gudbrandsdalen mens det er nordvesten som gje Bjorli og Tafjordfjella snø. Snøen kom i to doser, ei rett før jul og ei i romjula. Siden har det vært konstant kaldt. Under er det eit hardt skarelag oppå eit tynt lag med sukkersnø frå dei fyrste snøfalla i oktober/november. Sjølv om det ikkje er noko tjukt lag med pudder har kulden bevart laginndelinga. Av det lille eg har lest meg til om skred er ikkje dette ideelle forhold for aktiviteter i skrått terreng. Korriger meg gjerne om eg tek feil? Dog, om eg satt på Turtagrø no ville eg ikkje valgt å sitte inne. Sjølv om det er kaldt er lyset og forholda heilt eksepsjonelle på denne tida. Kulda gjer det enda finare. Det er berre å velge rute/mål etter forholda og skredkunnskaper.
  8. Kan føye til at sjølv om det var lite snø så drønna det godt i den enkelte stader når eg var i Tafjordfjella i helga. Sjølv om det er nokre mil imellom Tafjordfjella og Hurrungane trur eg ikkje forholda er så forskjellige no for tida.
  9. Får gjenta meg sjølv: dette vil være subjektivt og eg forstår at folk har forskjellige tilnærmingsmetoder til foto. Om ein tukler med bilete for å gjenskape eit lysaspekt som kamera ikkje fanga opp er vel ikkje det nokon forfalskning av virkelegheta? Foreslår at vi starter ein eiga tråd på dette om vi skal fortsette diskusjonen. Å løpe barbeint rundt med klubber er forøvrigt svært undervurdert.
  10. Langvarige kuldeperioder gjer ikkje forholda betre heller.
  11. Yr har tre målestasjoner henholdsvis 28, 32 og 39 kilometer unna. Den på 28 mangler data men den ligg berre fire kilometer unna den på 32 så målingane er relativt like der. Har prata med folk i det området og tempraturen der ligg no på oppunder 30. På storm.no står det oppført ein observasjon på 25 grader cirka ei mil frå her.
  12. Dette vil være subjektivt men eg synes Springsteen har eit poeng. For meg skal eit foto "fange" ein augneblink. Om ein legg til eller fjerner element i eit foto er ikkje dette lenger "korrekt" gjengivelse av virkelegheta. Forstår likevel at folk har andre tilnærmingsmetoder til foto. Dette er på generelt grunnlag og har ikkje noko med trådstarters bilete å gjere, som eg forøvrigt likte svært godt, etterbehandla eller ei.
  13. Når feilen strekker seg over ti til femten mils avstand synes eg ikkje "lokale kuldegroper" er nokon fullgod forklaring. Yr.no har forøvrigt retta seg litt no å bommer berre med tretten grader. Graderstokken her viser 35, målestasjonane til yr.no viser 26 og 27 og ifølge yr skal det no være 22 her... Storm meiner det skal være 16 her. På observasonsstasjonen til storm er det no 25...
  14. Du treng ikkje nokon turrapport når bileta er så bra.
  15. Dei lokale variasjonane her i området er nok ikkje så store. Varierer mellom 25 og 35 over ei strekkning på mange mil.
  16. Bumper oppatt denne. Ifølge yr og storm skal det være henholdsvis 14 og 13 minusgrader her no. Graderstokken viser 30.... Ikkje mykje inversjon å skulde på heller no....
  17. Brukte mellom sju og åtte timer men da med betydeleg handikap. Turen kan tas mykje raskare ved gode forhold. Det går ei skiløype inn til Kabben så du vil nok slippe å trakke spor inn dit men videre kan det være meire usikkert. Det kom noko snø i natt så spora mine er nok borte att. Det er mogleg det er raskare å gå over Tungesnyten og Rundhaugen? Eg fulgte Puttbudalen. Uansett: god tur, det er verdt slitet!
  18. Bifalles. Det er forøvrigt eit par stykker som er inne på samme tanken i denne tråden her: https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=18225 sjølv om dei kanskje har litt andre formål med møtet...
  19. På grunn av mangel på betre ting på tapeten nyttårsaften fant eg ut eg skulle ta ein tur inn til Puttbu og gjere eit forsøk på Puttegga. Puttegga har stått på ønskjelista mi lengje og eg hadde også planer om å ta nyttårsfeiring der i fjor men oppga det på grunn av elendigt vær. Påska 2009 måtte eg returnere med uforetta sak frå cirka 1700 meters høgde før toppen i stiv kuling, lavt skydekke og bitande kulde. Så denne gongen var det rendez-vous mellom gamle kjente. Puttegga (eller Pyttegga) ellers treng vel ingen nærmere presentasjon. Fylkestopp i Møre & Romsdal, kommunetopp i Norddal og Rauma og er ellers mest kjent for Arne Randers Heen's forsøk på å bygge på dei fattige 80 centimetrane som mangler på den magiske 2K grensa. Forsøket vart avvist og Puttegga står fortsatt registrert som 1999 meter. Planen var å stikke inn 30. Desember og ta toppen nyttårsaften, men av forskjellige årsaker vart eg eit døgn forsinka. Noko som skulle vise seg å være like greit da sikta var svært begrensa i høgda nyttårsaften. Klokka åtte om morgon nyttårsaften stod eg klar ved Brøste. Turen gjekk raskt inn til Tunga da eg kunne følge ferdigtråkka spor. Ved Tunga var det på med feller og igang med sporbrøyting. Kulda tok imidlertid knekken på fellelimet på eine skia relativt fort så da var det berre å fortsette utan felle på eine skia. Skiføret var så som så. Cirka 20 til 30 centimeter med pudder rett ned på lyng, kvist, brask og stein. Det gjekk tungt innover. Litt over ein kilometer før Puttbua falt også andre fella av og eg kunne konstatere at skibinninga hadde løsna. Tok meg inn til Puttbua og starta sprengfyringa for å få litt varme i hytta og kroppen. Etter ein liten dupp over ovnen under oppfyringa starta eg litt utstyrstørking og fant raskt forklaringa på kvifor eg hadde blitt våt og kald på venstrefoten. Framfor stortåa hadde det gått hull på skiskoen mellom sålen og læret. Bortsett frå at det stinker død og fordervelse av dei ser skoa relativt ubrukte ut så eg skuldar det på dårleg Garmontkvalitet. Etterpå ordne eg meg ein skikkeleg nyttårsmiddag med real tørrmat storfegryte. Varme tanker vart sendt til XXL som har sponsa meg med rimeleg turmat til langt ut i det nye året (https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=16760&highlight=xxl+storfegryte). Desserten besto av bamsemums og Ardbeg, eit herremåltid utan like. God og varm i kroppen gjekk eg ut ein tur og tente eit par stjerneskudd mens eg lytta til rakettdrønna frå nede i bygda(???). Ei grei avsluttning på 2009. 2010 starta med blå himmel og plenty med kuldegrader. Etter litt rask mat og ei kjapp ompakking la eg i veg oppover mot Puttegga. Skibinninga måtte etterstrammes med jamne mellomrom og skoen fekk berre være som den var, Puttegga skulle til pers. Oppe på ryggen til Putteggenden kom eg opp i ein infernalsk vind som tiltok opp mot toppen. Sikta var derimot formidabel og eg kunne nyte synet av Karitinden, Høgstolen, Høgtunga og eit stort antall andre prektige topper nært og fjernt. At sola strødde gull overalt den kom til gjorde ikkje synet mindre spektakulært. Turen videre opp til toppen gjekk raskt sjølv om det på avstand såg litt utsatt ut siste stykke opp mot toppen. Men dette løste seg greit og på toppen levde Puttegga definitivt opp til namnet sitt. Tida på toppen måtte difor begrenses men det vart tid til ein kjapp fotoseanse før kamera tok kvelden, trynet vart følelseslaust, auga fraus att og fingrane nekta å lystre lengre. Trass i all smerta var utsikta vel verdt det. Puttegga kan by på vel så bra utsikt som mange 2K topper eg har vært oppom, det ein av dei verkeleg finare topper eg har vitja så Randers Heen's forsøk var nok bortkasta tid og energi. Puttegga står godt på eiga hand. Når eg kom litt ned i sida att varta naturen opp med ein kraftig blå/rosa himmel i nord mens sola satte fyr på himmelranden i sørvest. Eit syn eg seint vil gløyme. Dessverre hadde kamera teke kvelden i kulda og fingrane var heller ikkje operative lengre... Stoppa imidlertid lengre nede på ryggen ein gong og fekk liv i kameraet att men da var det forseint. Turen nedatt til Puttbu gjekk raskt og det vart fort varme i den gode gamle Jøtulovnen. Litt Ardbeg i magen, skyfri himmel og tilnærma fullmåne satte prikken over i'en på den dagen. 2. Nyttårsdag fortsette som den 1. men med meire vind. Satte til livs ei solid havreblanding til frokost, pakka utstyret, rydda opp i hytta og la i veg nedatt med lovnad om å returnere for heile hesteskoen ein gong når dagane er lengre. Spesielt Karitinden må være vel verdt eit besøk siden den skal ha enda betre utsikt enn Puttegga men eg har også sett meg ut nokre andre topper i området. Turen utatt gjekk på godt under fire timer mot over sju timer inn. Det er "merkeleg" kor mykje raskare det går med nedoverbakke, oppgåtte spor og ingen bakglatte skiproblematikk...
  20. Det er forskjell på folk og i kor stor grad dei toler kulde så gjer det som føles behageleg for deg og drit i kva andre meiner. Når eg var i militære var det forbud mot fysisk fostring under femten blå. Har tidlegare gått skiløp i tjugetre blå og det kjennest i lungane lenge etterpå, anbefales ikkje.
  21. Litt om sprengkulde: http://www.gd.no/nyheter/article4780658.ece
  22. Synes det er relativt edrugelige råd å få på fjellforum.net. Men når ein stiller spørsmål på verdsveven må ein alltid være litt kritisk til svara. Eg tykkjer ikkje det er så mykje betre råd å få andre stader i samfunnet heller. Har gått i fella med å stole på butikkselgere fleire gonger og bekjentskaper kan også gje dårlege råd. Eksempel på "inkompetansens høgborg" kunne kanskje vært oppklarande for å forstå kva trådstarter hisser seg så opp over?
  23. For å få godkjent kjøttet for salg må slaktinga foregå på godkjent slakteplass. Difor trengs traktor for å dra ut heile dyret. Det er med andre ord regler pålagt elgjegerane frå mattilsynet som gjer traktor/ATV nødvendigt. I tillegg foregår elgjakta som regel i skogen og ikkje på snaufjellet. Vanleg skogsdrift sett nok meire spor i desse skogane enn elgjegerane gjer (ikkje dermed sagt at eg vil forby skogsdrift...).
  24. Kjente og kjære motiv der. Storebjørn og Smørstabbtindane. Sett frå ein av Høgvageltindane?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.