-
Innlegg
1 067 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
8
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Gal Krokfot
-
PTG på forumet her har lagd ein isførar for Gudbrandsdalen, inkludert litt i Rondane. Du finn den på: http://www.tklm.no/ under isklatring.
-
http://www.svalbardmuseum.no/nyindex.php?id=21&kategori=3&underkategori=12 Godkjent?
- 1 234 svar
-
- 1
-
- natur
- naturødeleggelser
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Har heller ikkje påstått det men skreiv at Svalbardreinen nesten er som tamrein å rekne KVA REAKSJONSMØNSTER ANGÅR.
- 1 234 svar
-
- natur
- naturødeleggelser
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Veit ikkje med resten av dyrelivet på Svalbard, men reinsdyra der er vel nesten som tamrein å rekne kva reaksjonsmønster angår. Med andre ord lite relevant å samanlikne med.
- 1 234 svar
-
- natur
- naturødeleggelser
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Mange årsaker til røyser og varder, håpar dei som riv dei held tunga beint i munnen i forhold til kva som er nytt og kva som er kulturminner. Denne er frå Jett-tjernet, rett ved sidan av vegen på tur opp til Jetta: Kari Jakobsdotter Kirstihagen døde på denne staden på nordsida av Jett-tjernet den 1. mai 1863. Ho vart 70 år gammal og vart gravlagt på kyrkjegarden i Vågå den 7. mai 1863. Kari tente til livets opphald gjennom å spinne for folk rundt om på gardane, og ho var på tur frå Dovre over til Vågå for å besøke dattera si da ho døde her denne maidagen i 1863. Kari var født den 3.12.1793 på Øvre Hågåvolden på Dovre og døypt i Lesja den 8.12. same året. Ho vart gift den 29.12.1821 med Johannes Iversen Nedre Kirstihagen, og dei tok over plassen Kirstihågån på Lesja. Dei hadde tre barn. Etter kvart utvikla det seg ein skikk med å leggje ein stein på denne plassen når ein gjekk forbi på tur til og frå Jettsetra. Dette har etter kvart vorte denne minnerøysa etter Kari Jakobsdotter Kirstihagen. (Tekst på minneplakett)
- 7 svar
-
- 4
-
Ifølge denne artikkelen: http://www.aftenposten.no/fakta/innsikt/Gjorde-ulven-til-hund-for-a-beskytte-seg-mot-bjorn-7378833.html vart ulven tam etter gradvis tilnærming til folk. Akkurat som ulven i trådstartars artikkel som også nærmar seg folk. Så berre vent, snart ruslar bonde og ulv hand i pote nedover Karl Johan. Personleg har eg meir trua på at menneske slo i hel alfaparet og oppdro ulvekvalpane.
-
Eventuelt er dei so innstilte på å ta konkurrenten at det gløymer naturleg skyheit. Det er sikkert fleire enn meg her som har sett det gamle Ut i Naturenklippet med dei to tiurane som kjempar da ei ørn slår ned på den eine. Dyr er ikkje alltid like rasjonelle. Unge ulver er også meir nyskjerrige enn eldre.
-
No var vel joggaren i denne saka ute i "rovdyras" rike og det er også jegere med hund. Da bør vel både joggar og jeger oppføre seg deretter og ta naturlege forhandsreglar? Ser litt ironi i at vi etter å ha bygd ned so mykje av villmarka må skote ned alt av rovdyr som forvillar seg inn på "våre" områder samtidig som vi veit kor arealkrevande rovvilt er. Minnar ein god del om 1800-tallets indianarpolitikk i USA... Og ja, ulv ER farleg og kan i verste fall drepa folk. Få nektar på det, men likevel har ulven sin plass i naturen. Bevegar eg meg ut i naturen aksepterar eg at det er ein risiko på same måte som eg aksepterar risikoen med bilkøyring. Sjansen for å bli skada/drepe av ulv er så astronomisk liten at eg ikkje ser nokon grunn til å ta hensyn til dei som har ei irrasjonell frykt for den (når sjansen er so liten er frykta irrasjonell, veps, elg, tobakk, bikkje, ku, hoggorm, bil, ektefelle og moskus er mange gonger farlegare).
- 172 svar
-
- 3
-
Opptur Jotunheimen og Norske isbreer på bokkilden.no til 49 kroner per stykk. Bør jo være ein overkommeleg pris det. http://www.bokkilden.no/SamboWeb/produkt.do?produktId=4701020&rom=MP http://www.bokkilden.no/SamboWeb/produkt.do?produktId=4199704&rom=MP
-
Og korleis vil du ta opp kampen mot folk som har eit produkt å selje og dermed står fritt til å sette prisen sjølve? Sjølv om det nok vil slå attende på seljaren til slutt da det pressar ut tradisjonsjegeren til fordel for børsmeglaren som berre er ute etter eit trofe. Dette kan ha andre årsaker enn dårlege jegere. Rein er trekkdyr og enkelte år er jaktområda tome for dyr.
-
Med fare for å spore tråden din rett til skogs: Innkjøp av dyre hogstmaskinar førar til at dei må gå døgnet rundt gjennom heile året for å tene seg inn. Noko som førar til hogst utover seinsumaren og hausten når trea er fulle av næringsstoff. Dette gje større sjanse for sopp og insektangrep da det er ei god næringskjelde. Snauhogst = hurtigveksande skog = dårleg kvalitet. Hogstmaskiner er svært brutale med trea (og terrenget) og sorteringa vert svært grov. Slipprosenten er formidabel... Eg gje ein god Dag i effektivitetargumenta til skogindustrien.
-
Tja, er det egentleg so effektivt når produktet vert ubrukeleg til det meste?
- 4 svar
-
- 1
-
Og mens Dag G og Elisabeth-81 krangler om glaset er halvfult eller halvtomt vil eg påpeike at lemenåret ikkje er so omfattande som det kan framstå. Ein del av spora er nok musespor da det truleg også er musår i år.
- 20 svar
-
- 1
-
Dette "kronedekket" kjem i granskog og tildels furuskog uavhengig om det er planta skog eller ikkje. For materialeigenskapane er snauhogst øydeleggjande. Treet har godt av å "slite" litt i ungdomsåra i skuggen av større tre, For mykje ljos i ungdomsåra gje rasktveksande tre med tilhøyrande dårleg kvalitet. Problemet er at sitkagrana spreiar seg og veks raskare enn andre "innfødte" treslag og dermed fortrenger dei. Sitkagran er på mange måtar ei katastrofe men naturen vil tilpasse seg. Det er dog ikkje nødvendigvis sikkert at dei endringane vil gavne menneske. I dagens situasjon har vel sitkagran få eller ingen positive eigenskaper for folk. Mogleg unntak er Co2 binding? Planting av sitkagran vart byrja for å hjelpe trevareindustrien. Mogleg gamlekara som viste at sakteveksande tre var eit must forstod at sitkagran ikkje egna seg, men dei vart i såfall overkøyrt av industrien som såg for seg raske penger på store volum. Sitkagran er ubrukeleg som byggningsmaterialer.
-
Våpen, pest og stål tek for seg "sivilisasjonens" utvikling dei siste 13.000 åra og forsøker å forklare kvifor Europa/Eurasia enda på topp og ikkje for eksempel Afrika eller Australia. Hovudårsaken er at vi hadde tilgang på planter som kunne kultiverast, dyr å domestisere og geografi som tillot det. Forfattaren skriv godt og underbyggjar påstandane sine med solid kunnskap. Etter å ha lest boka sitt eg att med eit inntrykk av at boka er ein god del meir enn litt luftig ideologi. Rådar deg til å lese boka før du dømmer den.
-
Denne testen er nokre år gamal, men: http://www.klikk.no/helse/dinkropp/friluft/article397712.ece Sjølv har eg Ingstad (NATO/Combat versjonen) i dag men ville nok vurdert Storetind ved neste krossveg.
-
Rart dei ikkje annonserar med moglegheita til å sjå Julenissen i tillegg?
- 6 svar
-
- 2
-
Sidan eg er enig med Ida Sollie i denne saken er vel også eg ein typisk bekymra person. Men sidan eg er vokst opp på (og bur på) bygda har eg vel kanskje litt større rett til å synse om saken enn ho med dei urbane haldningane? Min erfaring er at scootermiljøet er prega av mange yngre gutter som gjerne har eit litt meir avslappa til lovar og reglar enn gjennomsnittet. Din samanlikning med bil som gjer 215 km/t er difor ikkje relevant da ein bil er tvunget til å følgje vegen mens ein scooter står fritt i vegvalg. Dagens lovlege konsesjonskøyring i Gudbrandsdalen er allereie strekt relativt langt. Ytterlegare frislepp vil garantert medføre at enda fleire strekk strikken lengre. Du samanliknar med hytter, motorsag og agregat. Mislikar for så vidt hytteutbygginga, men hyttefelta har eg moglegheita til å unngå på tur. Rekkevidda til ein scooter som gjer 200 km/t kan eg ikkje unngå. Motorsag og agregat er også til ein viss grad nødvendigheitar i motsetning til scooter og det er ikkje nokon automatikk i at ein må godkjenne alt anna galt da noko allereie er akseptert. Synas også at dei lokalt ikkje er "egna" til å ta desse avgjerelsane da det ofte er påverknad frå naboar og bekjente som gjer det vanskeleg å avslå søknader. Som tidlegare poengtert av andre, scooterfolket er flinke til å rope høgt...
- 1 234 svar
-
- 7
-
- natur
- naturødeleggelser
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Så no har den brave jegar ordna kjøtt til vinters? Edit: Tyrkleif
-
Etter to dager i Rondane er statusen eit kull (fem fugl) sett og ingen skudd høyrt. Hagla mi vert ståande i skapet enda eit år...
-
Kven har rett til å uttale seg da? Legestanden som fornekter borreliose eller alternativsida som vil køyre på med antibiotika. Overdreven bruk av antibiotika har konsekvenser for oss alle og difor har vi også rett til å uttale oss. Du veit heller ikkje kva ballast vi har til å uttale oss. Det er sikkert fleire her som kjenner/er i slekt med eller til og med har/har hatt borreliose. Istaden for å irritere deg over debatten bør du sjå det som ein moglegheit til å auke kunnskapsnivået. Mykje interessant informasjon her. Alternativsida har nokre poeng i at vitenskapen kan ha tendensar til å henge att i gamle sannheitar men i debatten framstår alternativsida enda mindre tillitsvekkande. Inntil videre sett eg min lit til legestanden og deira argumentasjon. Men den dagen vitenskapeleg veldokumenterte forsøk tilseiar at alternativsida har rett og vitenskapen/legestanden har benekta og motarbeida dette på grunn av stoltheit skal eg stille meg fyrst i toget for å henge ut/krossfeste dei ansvarlege. Udokumenterbare enkelthistorier er ikkje nok til å vende meg mot vitenskapen. Og ja, med det meinar eg blant anna LM. Ta eit søk på noceboeffekt.
- 58 svar
-
- 5
-
Det er ein drug tur men fullt mogleg sjølv om ein må gå frå Bøverdalen/Galdesanden. Men ski er nok eit betre valg enn snøbrett og truger. Vegen inn til Spiterstulen opnar i februar/mars. http://www.spiterstulen.no/
-
Har berre vitja Steinflytinden på vinterstid men da var steinblokka knotate for meg på 180 også...
-
Veit ikkje kva du legg i turvant 10-åring men Blåhøa er ikkje noko krevande tur på anna måte enn at den er litt lang. Og ei lita elvepassering da, men den er nok berre krydder.
- 5 svar
-
- trollheimen
- barn
-
(og 2 andre)
Merket med: